Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Val av medlemer til Nobelkomiteen

Alfred Nobels testamente legg det til det norske storting å oppnemna ein komité som skal dela ut Nobels fredspris. Til den norske Nobelkomite, ofte kalla Nobelkomiteen, skal Stortinget velja fem medlemer med funksjonstid på seks år. I tillegg skal det veljast tre varamedlemer.

Alfred Nobel. Foto: The Nobel Foundation.

Vala skjer kvart tredje år, og ein vel høvesvis to og tre medlemer. Varamedlemene vert valde kvart tredje år.

Nettsida til den norske Nobelkomite.

25. november 2020 kom valkomiteen med innstilling om val av medlemer og varamedlemer til Nobelkomiteen. Tilrådninga fra valkomiteen var at Jørgen Watne Frydnes, Kristin Clemet og Anne Enger vert valt til medlem av Nobelkomiteen for tidsrommet 1. januar 2021–31. desember 2026.

I tilrådinga er òg Geir Flikke, Inger Skjelsbæk og Laila Dåvøy føreslegne til å veljast til varamedlemer for tidsrommet 1. januar 2021–31. desember 2026.

Innstillinga vart vedteken i møte i Stortinget 7. desember 2020.

Det er Stortingets valkomité som innstiller nye medlemer og normalt vert plassane fordelte etter partistyrken i Stortinget. Innstillinga må deretter handsamast av Stortinget i plenum og voterast over der. 

Nobelkomiteen vel sjølv leiar og nestleiar.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:29
: