Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Om saker frå regjeringa

Dei aller fleste sakene som Stortinget handsamar, kjem frå regjeringa. Før dei vert sende Stortinget, er dei vortne handsama i eit departement.

Sakene frå regjeringa vert lagde fram som proposisjonar til Stortinget (då skal Stortinget fatta vedtak), eller meldingar til Stortinget (då ynskjer regjeringa å informera om ei sak eller få ei sak drøfta i Stortinget). Lovsaker vert fremja som proposisjonar til Stortinget.

Dei aller fleste saker vert handsama av ein av dei faste fagkomiteane i Stortinget. Innstillinga frå komiteen vert debattert i stortingssalen, og deretter vert det votering. Les meir om komitéarbeidet, og om dei ymse publikasjonane (dokumenta) på Stortinget.

Sakene vert til i departementa

Ei sak frå regjeringa vert til i eit av departementa, som oftast i det departementet som har ansvaret for området saka fell inn under (ei sak om til dømes helse vert til i Helse- og omsorgsdepartementet).

Er det ei komplisert sak, set departementet ofte saman eit arbeidsutval eller ein komité der det sit fagfolk med spesiell kompetanse på området. Målet er å avdekkja alle moglege konsekvensar av saka.

Når departementet inviterer til høyringar, vert interessegrupper og fagfolk i samfunnet bedne om å uttala seg om ein saksprosess departementet er i gang med. Når alle innspela er høyrde og vurderte, utformar departementet saksframlegget.

Kvar fredag klokka 11.00 møter normalt heile regjeringa i statsråd hjå kongen. Regjeringa legg her fram viktige saker som krev underskrift frå kongen. Dette gjeld blant anna meldingar og proposisjonar til Stortinget. Etter handsaminga i statsråd går saka vidare til Stortinget.

Arbeidet med framlegg til statsbudsjett

Overleveringa av statsbudsjettet, den fyrste veka i oktober, er slutten på eit omfattande og langvarig arbeid i regjeringa. Alt føre statsbudsjettet er vedteke, byrjar arbeidet med neste budsjett. Regjeringa startar budsjettarbeidet for alvor på den årlege «rammekonferansen» i mars.

Regjeringa får mellom anna tal frå Finansdepartementet for den venta økonomiske utviklinga, og startar arbeidet med å prioritera mellom ulike satsingsområde. Ein dryg månad før budsjettet vart lagt fram for Stortinget i oktober, fastset regjeringa dei viktigaste delane av budsjettet.

Fordi Stortinget fritt kan auka eller redusera budsjettframlegget frå regjeringa, er statsbudsjettet viktig for påverknad på og kontroll med regjeringa. Stortingets maktutøving gjennom budsjetthandsaminga er spesielt sterk når vi har mindretalsregjeringar. Når regjeringa ikkje har eit fast fleirtal i Stortinget, må budsjettframlegget ha støtte frå nokon av dei andre partia på Stortinget for at det skal verta vedteke.

Sist oppdatert: 23.09.2022 15:20
: