Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Grunnlova

Grunnlova er den høgste rettskjelda i Noreg. Dersom andre lover er i strid med lova, må dei vika. 

Oscar A. Wergelands måleri «Eidsvold 1814». © Stortingsarkivet/Foto: Teigens fotoatelier as.

Grunnlova inneheld mellom anna reglar om statsforma, om menneskerettar og om fordelinga av makt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Ho er ein slags kontrakt mellom folket og dei som styrer, med prinsippet om folkesuverenitet som grunnlag.

Stortinget er det høgste folkevalde organet i landet. Grunnlova slår fast at det er folket som legitimerer makta, og at dei som styrer, må vera folkevalde. § 49 byrjar såleis: «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget ...» 

§§ 49–85 i Grunnlova inneheld reglar om den lovgjevande makta. Paragrafane omtalar mellom anna lovhandsaminga og reglar for stortingsval og røysterett. Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er definerte i § 75 i Grunnlova.

Grunnlovsendringar

Reglane for endring av Grunnlova er slegne fast i § 112. Det er stortingsrepresentantane som legg fram framlegg til grunnlovsendringar, men grunnlaget for framlegget kan koma frå andre. Framlegga må leggjast fram i eitt av dei tre fyrste åra i ein stortingsperiode. Framlegga vert deretter handsama i fyrste, andre eller tredje storting i neste periode. Endringar i Grunnlova skal handsamast i kontroll- og konstitusjonskomiteen og vedtakast i Stortinget i plenum. Grunnlovsendringane må vedtakast med eit 2/3 fleirtal, og 2/3 av representantane må vera til stades når vedtaket vert gjort. Grunnlovsframlegga vert lagde fram som eit dokument for Stortinget (Dokument nr. 12).

Den 20. februar 2007 vart det innført omfattande endringar av Grunnlova, dei mest omfattande endringane sidan Grunnlova vart laga. Parlamentarismen, som hadde vore ein sedvanerett i over 100 år, vart teken inn i Grunnlova, og ordninga med riksrett vart endra. Frå 1. oktober 2009 vart òg lovhandsaminga endra (inndelinga i odelsting og lagting vart oppheva). 

Grunnlovskonservatisme

6. mai 2014 vart det vedteke ein full språkleg revisjon av Grunnlova på bokmål og ein likestilt versjon på nynorsk. Språket og rettskrivinga i Grunnlova før det stamma frå ei forsiktig normalisering som vart gjord i 1903. Det vart gjort gradvise endringar der nye grunnlovsendringar vart formulerte i same språkform som resten av Grunnlova.

Somme meiner at heile Grunnlova bør reviderast, ikkje berre språkleg, men òg politisk. Andre ynskjer å ha lova i størst mogleg grad slik ho er. Konservatismen kjem i stor grad av ei frykt for at ein fullstendig revisjon vil føra til altfor mange vanskelege diskusjonar og problem med å verta samde.   

13. mai 2014 skal òg ein større grunnlovsrevisjon handsamast, med framlegg om å gjeva menneskerettane ein større plass i Grunnlova.

Grunnlova frå 1814

Den fyrste grunnlova i Noreg vart vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll den 16. mai 1814 og datert den 17. mai 1814. Lova var moderne og framsynt for si tid, og ho var inspirert av mellom anna sjølvstendefråsegna i USA i 1776 og den franske revolusjonen i 1789.

Dei viktigaste prinsippa i Grunnlova frå 1814 var:

  • Folkesuverenitet (folket sin rett til å styra gjennom folkevalde representantar)
  • Maktfordeling (maktbalanse mellom lovgjevande, dømande og utøvande makt)
  • Menneskerettar (rettstryggleik, tale- og ytringsfridom)

Noregs grunnlov av 4. november 1814:

Bilde av Grunnloven av 4. november 1814

Grunnlova frå 1814 vart skriven av menn som ville lausriva Noreg frå det danske eineveldet. Storpolitikken ville det annleis, og Noreg vart tvinga i union med Sverige seinare det same året. Grunnlova vart behalden, men ho vart noko endra for å tilpassa henne til den nye unionen med Sverige. Dei viktigaste prinsippa i Grunnlova vart ståande og la grunnlaget for det norske sjølvstendet i 1905 og utviklinga av det norske demokratiet.

Sist oppdatert: 23.05.2023 12:57
: