Stortinget - Møte torsdag den 15. mars 2018

Dato: 15.03.2018
President: Magne Rommetveit

Innhald

Formalia

President: Magne Rommetveit

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant og statsråd Kjell Opseth

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Den 3. desember 2017 døydde tidlegare stortingsrepresentant Kjell Opseth frå Førde, 81 år gamal.

Han representerte Arbeidarpartiet og Sogn og Fjordane i fem periodar, frå 1981 til 2001. I løpet av denne tida var han m.a. medlem av energi- og industrikomiteen, sekretær for samferdselskomiteen og sekretær for næringskomiteen. I perioden 1990 til 1997 tente han seks år som samferdselsminister i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og eit år som kommunal- og arbeidsminister i regjeringa Jagland.

Det er svært få som får oppleva å verta omtala som ei legende i si eiga levetid. Men Kjell Opseth var ein av desse. Han vart eit symbol på politisk handlekraft. Han var ikkje den som briljerte på talarstolen med store visjonar og blømande formuleringar. I staden vart han mannen som gjennomførte, der andre prata. Av det han sa, hugsar me best dei korte, underfundige kommentarane, som berre styrkte biletet av det engelskmennene kallar «no-nonsense» – ikkje noko tull.

Det manglar ikkje på fysiske monument etter Opseth sitt politiske virke. Han var den som skar gjennom og skaffa fleirtal i dei tilsynelatande evige stridssakene om hovudflyplass på Austlandet og stamveg Oslo–Bergen. Oslo lufthavn Gardermoen ligg der no, som ein av verdas flottaste og mest velfungerande flyplassar, og Gardermobanen likeins, med sin effektive transport av passasjerar inn og ut av hovudstaden. Og i hans kjære heimfylke ligg Lærdalstunnelen – framleis verdas lengste – og vekkjer respekt, takksemd og nokre milde smil, òg blant dei som aldri har køyrt han, men minnest Opseth og det politiske handverket.

Eit anna monument er mindre påakta, men vel så stort: eventyret Telenor. Med Opseth vart det gamle Televerket omgjort til det som har vorte eit lokomotiv i norsk næringsliv og teknologiutvikling, ein betydeleg bidragsytar til vår felles velferd, ein av verdas ti største mobiloperatørar.

Bak inntrykket han gav, og bakgrunnen han kom frå, har den moderniserande, nasjonale samfunnsbyggjaren kanskje kome litt i skuggen. For det var det Kjell Opseth var – ein nasjonal samfunnsbyggjar.

Bak dei særmerkte eigenskapane som resultatorientert, løysingsorientert og pragmatisk kan òg noko anna ha kome i skuggen: Hans engasjement og djupare, sosialdemokratiske rettferdsforståing av kva det handla om, å byggja eit land til beste for komande generasjonar, å byggja eit heilt land, syta for næringsgrunnlag, arbeidsplassar og framtidstru i alle delar av landet, og så binda desse delane saman til eit heile – til det fellesskapet me er og skal vera.

Me lyser fred over Kjell Opseths minne.

Representantane høyrde ståande på minnetalen frå presidenten.

Olemic Thommessen overtok her presidentplassen.

Presidenten: Representantene Svein Harberg, Kristian Tonning Riise, Eirik Sivertsen, Margunn Ebbesen, Willfred Nordlund, Terje Aasland og Kårstein Eidem Løvaas, som har vært permittert, har igjen tatt sete.

Den innkalte vararepresentanten for Vest-Agder fylke, Odd Omland, tar nå sete.

Det foreligger tre permisjonssøknader:

  • fra Senterpartiets stortingsgruppe om sykepermisjon for representanten Jenny Klinge fra og med 15. mars og inntil videre

  • fra Senterpartiets stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten Geir Adelsten Iversen fra og med 15. mars og inntil videre

  • fra Høyres stortingsgruppe om omsorgspermisjon for representanten Kent Gudmundsen i tiden fra og med 15. mars til og med 22. mars

Etter forslag fra presidenten ble enstemmig besluttet:

  1. Søknadene behandles straks og innvilges.

  2. Følgende vararepresentanter innkalles for å møte i permisjonstiden:

    • For Finnmark fylke: Nancy P. Anti

    • For Møre og Romsdal fylke: Geir Inge Lien

    • For Troms fylke: Regina Alexandrova

Presidenten:Nancy P. Anti, Geir Inge Lien og Regina Alexandrova er til stede og vil ta sete.

Representanten Arne Nævra vil fremsette et representantforslag.

Arne Nævra (SV) []: Da skal jeg legge fram et forslag som jeg tror alle har ventet på – presselosjen, osv. Det er fra representantene Torgeir Knag Fylkesnes, Lars Haltbrekken, Nicholas Wilkinson, Freddy André Øvstegård, Kari Elisabeth Kaski og meg selv om tiltak for å få torsken tilbake til Oslofjorden.

Presidenten: Representanten Bjørnar Moxnes vil fremsette et representantforslag.

Bjørnar Moxnes (R) []: Jeg vil på vegne av Rødt legge fram forslag om at justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug ikke har Stortingets tillit. Med bakgrunn i forretningsordenens § 39 c anmodes Stortinget om å behandle forslaget i møte den 20. mars.

Presidenten: Representanten Terje Aasland vil fremsette et representantforslag.

Terje Aasland (A) []: Jeg vil på vegne av stortingsrepresentantene Anette Trettebergstuen, Ingvild Kjerkol og meg selv fremme et representantforslag om balansert makt i verdikjeden for mat og dagligvarer.

Presidenten: Forslagene vil bli behandlet på reglementsmessig måte.

Valg av settepresident

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det velges en settepresident for Stortingets møter i dag og i morgen – og anser det som vedtatt.

Presidenten vil foreslå Svein Roald Hansen. – Andre forslag foreligger ikke, og Svein Roald Hansen anses enstemmig valgt som settepresident for dagens og morgendagens møter.

Før sakene på dagens kart tas opp til behandling, vil presidenten opplyse om at møtet fortsetter utover kl. 16 til dagens kart er ferdigbehandlet.