Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Representantforslag om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur

Dokument 8:91 S (2021-2022), Innst. 225 S (2021-2022)

Status: Stortinget har behandla saka ferdig.

Forslag frå Aleksander Stokkebø, Helge Orten, Liv Kari Eskeland, Olve GrotleSaka er behandla i transport- og kommunikasjonskomiteenForslag fra (H)Tilråding levert 29.03.2022Innst. 225 S (2021-2022)

Saksgang

Status

  • Vedtak i kortversjon

    Stortinget har behandla forslag frå representantar frå Høgre om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur. Stortinget vedtok å be regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilheitlege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnett og for fylkesvegnett. Planen skal være ferdig før utgangen av 2023. Vidare ba Stortinget regjeringa opprette ei insentivordning for utgreiing, installering og drift av førebyggjande skredkontrollanlegg og varslingssystem. Stortinget vedtok også å be regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram for skredsikring og vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er optimale med tanke på tidleg involvering og opne nok slik at ein kan ta i bruk innovative løysingar. Stortinget ba også regjeringa fylgje opp arbeidet som blir utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen.

  • Behandling og vedtak

    Saka er ferdigbehandla

    Vedtak i samsvar med innstillingen med avvik/tillegg

    Vedtak og oppmodingar

  • Slik stemte representantene

  • Behandling og tilråding

    Tilråding levert 29.03.2022

    Debattert i Stortinget 05.04.2022
    Votert i Stortinget 05.04.2022