Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget har behandla forslag frå representantar frå Høgre om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur. Stortinget vedtok å be regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilheitlege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnett og for fylkesvegnett. Planen skal være ferdig før utgangen av 2023. Vidare ba Stortinget regjeringa opprette ei insentivordning for utgreiing, installering og drift av førebyggjande skredkontrollanlegg og varslingssystem. Stortinget vedtok også å be regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram for skredsikring og vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er optimale med tanke på tidleg involvering og opne nok slik at ein kan ta i bruk innovative løysingar. Stortinget ba også regjeringa fylgje opp arbeidet som blir utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen.
Innstilling avgitt 29.03.2022
Debattert i Stortinget 05.04.2022
Votert i Stortinget 05.04.2022