Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Representantforslag om auka fokus på og nye løysingar for rassikring av infrastruktur

Dokument 8:91 S (2021-2022), Innst. 225 S (2021-2022)

Vedtak 466

Stortinget ber regjeringa følgje opp arbeidet som vert utført av Statens vegvesen i samband med skredfaktormodellen, og at alle relevante prosjekt vert vurderte basert på to sikringsnivå med tilhøyrande tiltak og kostnadsanalysar. Vidare ber Stortinget regjeringa syte for at fylkeskommunane vert godt involverte i arbeidet.

Vedtak 467

Stortinget ber regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram for skredsikring. Programmet bør støtte alternative løysingar og nivå innan skredsikring, på både fylkes- og riksvegar, og femne om alt frå enkel skredovervaking til tunge infrastrukturtiltak.

Vedtak 468

Stortinget ber regjeringa vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er optimale med tanke på tidleg involvering, og opne nok slik at ein kan ta i bruk innovative løysingar. Det bør i denne samanhengen vurderast om det kan vera formålstenleg med auka bruk av insentivordningar som del av driftskontraktane.

Vedtak 469

Stortinget ber regjeringen opprette en insentivordning for utredning, installering og drift av forebyggende skredkontrollanlegg og varslingssystemer.

Vedtak 470

Stortinget ber regjeringa sette fortgang i arbeidet med å få utarbeidd heilskaplege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnettet og for fylkesvegnettet. Planane skal vera ferdige før utgangen av 2023.