Stortinget - Møte torsdag den 6. januar 2022

Dato: 06.01.2022
President: Kari Henriksen
Dokumenter: (Innst. 89 S (2021–2022), jf. Dokument 8:20 S (2021–2022))

Søk

Innhold

Sak nr. 6 [14:06:08]

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sylvi Listhaug og Frank Edvard Sve om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset (Innst. 89 S (2021–2022), jf. Dokument 8:20 S (2021–2022))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Birgit Oline Kjerstad (SV) [] (ordførar for saka): Det er mi fyrste saksordføraroppgåve, og eg skal presentere innstillinga frå energi- og miljøkomiteen til Dokument 8:20, fremja av representantane Sylvi Listhaug og Frank Edvard Sve. Det er eit tredelt forslag der representantane ber Stortinget gjere vedtak om at regjeringa skal kome attende til Stortinget med ein plan for drenering av høgrisikoområdet for skred ved Åkneset i Stranda kommune, og at regjeringa skal sørgje for at NVE blir tilført nødvendige midlar, slik at drenering av fjellskredområdet ved Åkneset kan gjennomførast.

Eg vil takke komiteen for konstruktivt samarbeid om denne innstillinga i saka. Samtalane vi har hatt, understreker at alle skjøner at skredførebygging er ei viktig og alvorleg sak, og at samfunnssikkerheit er eit stort politisk ansvar.

Til grunn for arbeidet med innstillinga ligg, forutan representantforslaget, Meld. St. 33 for 2012–2013 om klimatilpassing i Noreg og Meld. St. 29 for 2011–2012 om samfunnssikkerheit og beredskap. NVE har òg laga to rapportar som omhandlar skred i Noreg, rapport nr. 77 og rapport nr. 22. Dette er soleis ikkje ei sak som er ny, og det er ei av fleire saker som NVE allereie har stort fokus på og er godt i gang med. Førebygging og rassikring er svært viktig for å vareta samfunnssikkerheita i Noreg.

Det er ikkje eit spørsmål om raset ved Åkneset i Stranda kommune kjem til å gå, men når. Kor stor tsunamien blir når fjellmassane rasar ned i fjorden, er avhengig av om alt rasar på ein gong, eller om det skjer litt etter litt. Her er det gjort utrekningar og prognosar, og det er planlagt både evakuering og tiltak for å beskytte samfunnet mot skadane raset vil påføre.

Fjellsprekkar over dei 54 millionar kubikkmeter fjell som kan rase, blei oppdaga i 1983, og måleinstrument syner at denne sprekken utvidar seg fire–ti cm i året. Raset vil gjelde ti kommunar i Storfjord-regionen, og minst 5 000 menneske kan bli råka av tsunamien, i tillegg til dei materielle skadane.

Denne tilrådinga vi kjem med, er fyrst og fremst ei politisk støtte til å prøve ut ein ny metode, ikkje eit forsøk på å gå inn og overprøve NVE sine prioriteringar i dette arbeidet. Tilrådinga frå komiteen er fremja av medlemmane frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti. (Presidenten klubbar).

Presidenten: Taletiden er ute.

Jeg regner med at representanten vil ta opp forslag?

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Ja, det vil eg.

Presidenten: Da har representanten Birgit Oline Kjerstad tatt opp forslaget fra SV, Fremskrittspartiet, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti.

Linda Monsen Merkesdal (A) []: Førebygging er ei av dei viktigaste oppgåvene når det gjeld å handtera naturfarar og hendingar som truar samfunn, liv, helse og verdiar. Åkneset i Møre og Romsdal har eit fjellparti som har krav på alle desse faktorane. NVE sine rapportar i 2016 og 2021 slår fast at Åkneset i Stranda kommune er klassifisert som eit høgrisikoobjekt for fjellskred med eit stort skadepotensial.

Det er belastande for eit samfunn å leva i eit særs rasutsett område. Det positive i NVE sin rapport frå 2021 er at det truleg kan vera mogleg å bremsa utglidingane i fjellmassane ved å drenera bort vatn frå fjellet. Dette gjer ein etappevis over fleire år.

Det finst gode eksempel frå andre land der slike dreneringstiltak har ført til eit redusert tempo i utgliding av fjell. NVE skisserer ei trinnvis gjennomføring med kontinuerleg evaluering av tiltaka. Forundersøkingane som NVE har gjort, viser så langt gode resultat, og dreneringa blir vurdert å ha svært god nytte for samfunnet samanlikna med kostnadene. Dersom ein startar opp med første fase i 2024–2025, vil kostnadene til oppstart liggja på omkring 30–40 mill. kr.

Allereie no i 2022 aukar midlane til førebygging av flom- og skredfare med 120 mill. kr samanlikna med 2021. Den samla løyvinga til NVEs flomarbeid og skredførebyggjande tiltak vil i 2022 vera på over 720 mill. kr.

Det er NVE som prioriterer skredførebyggjande tiltak i den årlege prioriteringa av skredsikringsprosjekt, basert på forsking, undersøkingar og observasjonar. Arbeidarpartiet har tillit til NVE som fagdirektorat og til prioriteringane NVE kjem med.

Eg vil koma med ei stemmeforklaring. Senterpartiet og Arbeidarpartiet kjem òg til å støtta framlegg til dette.

Ole André Myhrvold (Sp) []: Norge har dramatisk natur og mye vær, om vi kan si det på en sånn måte. Klimaendringene gjør at vi trolig kan vente oss et klima som er både våtere, varmere og villere. Det vil også påvirke naturen ved at vi oftere vil oppleve tilstander som f.eks. flom og tørke, og ikke minst ras.

En av de fremste oppgavene staten har, er å beskytte egne innbyggere. Derfor bruker Norge mye ressurser på bl.a. rassikring og klimaforebygging. I framtiden kommer vi til å bruke mer ressurser på det.

De siste årene har befolkningen fått flere påminnelser om hvor ustabil naturen kan være, først gjennom de årlige minutt for minutt-sendingene fra fjellpartiet Mannen i Rauma, og ikke minst med det tragiske kvikkleireskredet ved Gjerdrum for ett år siden.

Filmbransjen har også satt saken på dagsordenen gjennom katastrofefilmen «Bølgen», en film som nettopp tar utgangspunkt i et ras fra Åkneset, som denne saken handler om. Åkneset har på grunn av sin risikograd blitt fulgt opp gjennom mange år av eksperter og ulike typer måleutstyr, ikke minst av det nye seismiske måleutstyret som jordskjelvforskere fra NORSAR har fått på plass – alt dette for å sikre en så god overvåking som mulig, for på den måten å kunne sørge for innbyggernes trygghet.

Senterpartiet har gjennom mange år slåss for å styrke bevilgningene til flom- og skredforebygging, og vi er glade for at regjeringen i statsbudsjettet fulgte opp det med en kraftfull styrking av posten. Det er Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, som fagdirektorat som prioriterer hvilke sikringsprosjekter som skal gjennomføres gjennom årlige føringer. Ved Åkneset er man godt i gang med et prosjekt for å lede vann bort fra fjellet, med godt resultat, for å forsinke utglidningene i fjellmassivet. NVE skisserer en trinnvis gjennomføring med løpende evaluering av tiltakene.

Det er ingen tvil om at dette er en alvorlig sak, ikke minst for dem som bor i de omkringliggende områdene, og det vil ha enorme konsekvenser den dagen fjellet kommer. Derfor er dette også klassifisert som et høyrisiko objekt, og NVE gir allerede området stor oppmerksomhet. Deres arbeid bygger på faglige vurderinger, og de tiltak man gjennomfører, har et klart mål, nemlig å beskytte folk og samfunn.

Bård Ludvig Thorheim (H) []: Arbeidet knyttet til Åkneset er høyt prioritert. Det handler om å sikre liv, helse og andre samfunnsverdier.

Arbeidet med flom og skred er blitt høyt prioritert under Solberg-regjeringen, med en høyere bevilgning for hvert år siden 2013. Nå er det iverksatt veldig gode tiltak for å overvåke bevegelsene ved Åkneset, og man har gode beredskapsplaner. For Høyre er det også viktig at dette arbeidet følges opp, og at planene for det pionerarbeidet som skal gjøres med drenering, får fortsette som planlagt og innenfor det tidsløpet som er tenkt. Vi antar også at regjeringen kommer til å følge opp det på en god måte.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Åknes/Tafjord-prosjektet kom i stand i 2003, etter at det kom ei bekymringsmelding frå dåverande beredskapsleiar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal til ordførarane i kommunane som ligg rundt fjellskredområdet på Åkneset. Allereie i 1996 – og i åra før det – kom det varsku frå befolkninga som budde der. Det var ei sprekke som vart større og større. Tidlegare kunne ein hoppe over ho, men til slutt kunne ein ikkje hoppe over sprekka, og det vart så breitt at dei ikkje kunne kome seg over. Då varsla dei kommunane, Fylkesmannen tok fatt i det, og kommunane sette i gang Åknes/Tafjord-prosjektet.

Det kom i gang i 2003, og regjeringa vart innlemma i det i 2004/2005. I åra framover vart det brukt over 200 mill. kr på monitorering i fjellet. Det er kanskje det området i verda som har mest utstyr i fjellet. Det er instrumenter som geofonar, laser, radar og totalstasjonar som skannar heile fjellsida. Det er borehol 100 meter ned i fjellet, med datamaskiner i hola som måler rørsle heilt ned til 100 meter. Dette fjellpartiet, som er 54 mill. kubikkmeter, 1,3 km langt og 700 meter breitt, er 100 meter djupt og glipene nedover er 100 meter djup, 60 meter djup og 33 meter djup, for å vere heilt nøyaktig.

Utgangspunktet er at det er så formidabelt stort at det er vanskeleg å sjå for seg kva som er realiteten. Det er heilt rett, som saksordføraren sa, at det ikkje er snakk om om raset går – raset er eigentleg, per definisjon, i gang. Det glir litt kvart år, men det skal kollapse før ein får eit fysisk ras i fjorden.

I 1934 gjekk det eit ras i Tafjord, litt lengre inn i fjorden, på 1 mill. kubikkmeter, som vart til 3 mill. kubikkmeter som gjekk i fjorden. Det var 75 meter høge bølger innover i fjorden, og 40 innbyggjarar omkom i den rasulykka. Ein kunne merke bølgjer ut av fjorden og inn i andre fjordar. I Ørsta vart båtane skylte på land. Det var 3 mill. kubikkmeter – her snakkar vi om 54 mill. kubikkmeter, og kanskje tek raset med seg meir masse også.

Kvart år vert det i det nasjonale risikobildet lagt fram som eitt av dei fem største scenarioa for ei gedigen katastrofe. Det einaste som har vore over dette, er pandemi – og vi har sett kva det fører til.

Så eg er veldig glad for at det ser ut til at Stortinget kan vere samla i ei slik sak. Kommunane, fylket og Fylkesmannen har heile tida jobba for at det ikkje skal vere ei politisk sak. Det skal vere ei sak som dei viktige forvaltningsnivåa tek på alvor, og då er det veldig viktig at Stortinget gjev ei tydeleg bestilling. Vi håpar at regjeringa tek imot den bestillinga. Det oppfattar eg at dei vil gjere, og det er underteikna veldig glad for.

Presidenten: Presidenten vil anta at representanten Sve vil ta opp Fremskrittspartiets forslag i saken.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Vi sluttar oss heller til det framlegget som vart tilrådinga frå komiteen til slutt. Det er eit framlegg som har støtte frå alle, også oss.

Presidenten: Det er helt i orden – takk for avklaringen.

Ola Elvestuen (V) []: Først vil jeg takke forslagsstillerne for å ha fremmet forslaget. Åkneset er en viktig sak, og det er en sak som Venstre har vært opptatt av gjennom flere år. Gjennom denne saksbehandlingen får vi både en viktig oppdatering av hvordan det nå ligger an, og en mulighet for at Stortinget i fellesskap får være med på å dytte prosessen videre.

Fra Venstres side har dette vært en diskusjon helt siden vi i budsjettet for 2015 forhandlet inn at staten skulle overta alle kostnadene ved overvåkningen av Åkneset, som var viktig. Tidligere var det kommunene som igangsatte og finansierte det, i hvert fall hoveddelen. Da var det viktig for oss, i samarbeid med den daværende regjeringen med Høyre og Fremskrittspartiet, at staten tok ansvaret.

For budsjettåret 2017 var det også forhandlinger her på Stortinget hvor vi fikk inn midler til å igangsette den undersøkelsen som NVE nå har gjennomført, om muligheten for og effekten av en mulig drenering av Åkneset. Som en oppfølging av det, synes jeg det er veldig bra at – så vidt jeg kan se – et enstemmig storting sier at vi skal gå videre også med den prosessen, og at vi må få utarbeidet en plan for hvordan drenering kan gjøres. NVE må selvfølgelig være med og foreta de prioriteringene som må gjøres, når det eventuelt er behov for at det gjennomføres.

Vi har mange områder som er utsatt for ras i Norge. Dette gir også et kunnskapsgrunnlag for Stortinget. Dersom man havner i en situasjon hvor NVE mener det er behov for tiltak, og at det trengs å gjennomføres nå, men det er behov for midler til å kunne gjøre det, har vi det kunnskapsgrunnlaget vi trenger for å kunne tre inn der også, når vi skal behandle f.eks. budsjetter framover.

Statsråd Marte Mjøs Persen []: Jeg forstår veldig godt at det er stor interesse for denne saken, og det var fint å høre på representanten Sves kunnskapsrike innlegg.

Et tiltak som kan redusere faren for et så stort fjellskred, vil ha stor betydning å få til. Det vil ha betydning lokalt og regionalt, og det vil ha betydning for menneskene som bor i området. Det er mye velferd i forebygging og rassikring.

NVE har undersøkt mulighetene for å drenere fjellpartiet Åkneset i Møre og Romsdal og på den måten redusere bevegelsen i fjellet. Så langt viser heldigvis undersøkelsene lovende resultater, og dette er verdifull kunnskap om et nytt risikoreduserende tiltak mot fjellskred.

Det er viktig at vi som bor i et land med så vill natur, får mer kunnskap og kompetanse om hvordan vi kan forebygge framtidige hendelser. Samtidig må vi også ha med oss at drenering er et helt nytt og krevende tiltak. Det er aldri blitt gjort i Norge før, og derfor er det også viktig at vi lytter til fagfolkenes vurderinger.

NVE anbefaler at et slikt tiltak først må planlegges og prosjekteres og deretter gjennomføres etappevis, over flere år. Det må gjøres grundige målinger og evalueringer underveis for å vurdere om effekten er god nok til å fortsette. Jeg vil selvsagt be NVE utarbeide en plan for drenering, men utover det legger jeg til grunn at framdriften må være basert på NVEs løpende faglige vurderinger og prioriteringer.

Befolkningens liv, helse og trygghet er en høyt prioritert oppgave for regjeringen. Det er derfor viktig for meg å få fram at NVE har et omfattende system med døgnkontinuerlig overvåking og varsling. Dette er etablert for alle fjell i landet som er såkalte høyrisikoobjekter, også ved Åkneset. Overvåkingssystemet gjør det mulig å varsle bevegelser i fjellet i god tid, slik at folk kan evakueres dersom et skred er under utvikling. Dette ivaretar sikkerheten for liv og helse. Men dersom et tiltak kan bidra til at vi unngår de omfattende skader som et fjellskred gir, er det selvsagt veldig interessant.

Regjeringen er opptatt av å øke tempoet i arbeidet med forebygging av alle typer flom- og skredskader. For 2022 er midlene til forebygging av flom- og skredskader økt med 120 mill. kr sammenlignet med 2021, og den samlede bevilgningen til NVEs arbeid på dette området vil være på over 720 mill. kr i 2022. NVE prioriterer sin bistand til kommuner etter risiko. Målet er at vi skal få mest mulig igjen i form av redusert risiko for tap av liv og for skader. Dette er de vanlige prinsippene for bruk av midler til flom- og skredforebygging, og det sikrer at gode, faglige vurderinger ligger til grunn.

Avslutningsvis vil jeg gjerne understreke at disse prinsippene bør vi holde fast på også i denne saken, særlig når det er snakk om et helt nytt og krevende tiltak der det er nødvendig å vinne erfaringer underveis.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Eg vil eigentleg takke statsråden for innlegget. Det er ei viktig sak, og eg synest det er veldig flott at statsråden engasjerer seg så godt i denne saka.

Åkneset har hatt besøk av ganske mange statsministrar og ikkje minst olje- og energiministrar. Eg veit ikkje om det er heilt vanleg, men eg har lyst til å invitere ministeren på besøk, til å verte floge ut. NVE, med senter på Stranda, stiller heilt sikkert opp og får statsråden ut på Åkneset. Eg trur det kan vere ein veldig nyttig informasjon, også for statsråden. Så hjarteleg velkommen til Stranda. Det er mi heimbygd. Viss det var litt spesielt – det var ein invitasjon.

Presidenten: Det er lov.

Statsråd Marte Mjøs Persen []: Det er veldig hyggelig å bli invitert, ikke minst til stortingsrepresentanters hjembygder, og ras- og skredsikring er et felt som engasjerer meg veldig. Jeg tror at det kanskje er noe med oss vestlendinger, som har det litt iboende i oss at vi vet hvor stor fare det er i det som handler om ras- og skredsikring, og hvor viktig det er for oss mennesker å være trygge. Det er, som jeg sa i hovedinnlegget mitt, mye velferd i forebygging av ras og skred. Så dette er et prosjekt jeg gjerne vil følge tett, og jeg forstår hvor viktig det er. Selvsagt vil jeg gjerne, når anledningen byr seg, komme og se fjellet og mulighetene for skredsikring på Åkneset. Så takk for det.

Presidenten: Presidenten kan underskrive på at vestlendinger har et spesielt forhold til dette temaet.

Replikkordskiftet er over.

De talere som heretter får ordet, har også en taletid på 3 minutter.

Geir Inge Lien (Sp) []: Ja, nok ein vestlending, også frå Møre og Romsdal – frå nabokommunen til Stranda, kan ein få lov til å seie når ein er her i Oslo, det er i alle fall ikkje langt unna.

Eg legg til grunn informasjonen frå dei to NVE-rapportane nr. 77 frå 2016 og nr. 22 frå 2021, som slår fast for det første at Åkneset i Stranda kommune er klassifisert som eit høgrisikoobjekt for fjellskred med eit stort skadepotensial, og for det andre at det truleg kan vere mogleg å bremse denne utglidinga av fjellmassane – det viser òg delar av rapportane – så det er viktig no å få drenert bort vatn i fjellmassane.

Drenering av fjellpartiet Åkneset er eit lovande, men samtidig nytt og krevjande prosjekt. Forundersøkingar viser så langt gode resultat, og dreneringa vert vurdert til å ha svært god nytte for samfunnet samanlikna med kostnadene.

Vi ser at det vert anslege at den første anleggsfasen med boreleiting og drenering av vatn i dei øvre fjellpartia vil kunne gjennomførast i 2024 og 2025. Kostnadene til denne fasen er førebels estimert til omtrent 30–40 mill. kr. Det er då veldig kjekt for meg som representant frå Møre og Romsdal å kunne få lov til å støtte eit slikt forslag og det gode arbeidet som har vore gjort tverrpolitisk, og ikkje minst det som representanten Frank Edvard Sve har vore med på å bidra til, både gjennom vervet sitt som ordførar og også som fylkespolitikar. Då er det kjekt at vi kan stå samla her i dag, og at vi no ber regjeringa sikre at det raskt blir utarbeidd ein plan for drenering av høgrisikoområdet for det store fjellskredet ved Åkneset i Stranda kommune, og vi høyrer òg at regjeringa vil det.

Ingrid Fiskaa hadde her teke over presidentplassen.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Det er eit litt unikt augeblikk at vi er så einige, og det set eg veldig stor pris på i denne saka. Det er NVE si oppgåve å prioritere, greie ut og finne ut kva som må gjerast. Vår oppgåve i Stortinget er først og fremst å løyve midlar og prioritere innanfor det som er viktigast. Budsjettavtalen står vi bak, og der er det løyvd meir pengar til rasførebyggjande tiltak og flaumsikring.

SV har også eit alternativt budsjett der vi har prioritert dette endå høgare. Det trur eg er viktig framover, for klimaendringane og det som skjer rundt oss med det, vil berre forsterke behovet for å førebyggje. Det som stortingsmeldingane understrekar, og det som dokumentarfilmar på tv understrekar rundt desse spørsmåla, er at å førebyggje er meir lønsamt enn å reparere etterpå.

Eg vil berre avslutte med å seie at eg set veldig stor pris på Stortinget si haldning til denne saka og på at vi kan gå vidare og få gjort meir – forhåpentlegvis meir. Vi veit ikkje om dette vil utsetje dette raset så veldig lenge, men direktoratet får i alle fall ei veldig tydelig politisk støtte til å prøve noko heilt nytt, som kanskje kan gje oss både kunnskap og ny innsikt i også andre saker framover.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 6.

Den neste saka er referat, i tråd med dei endringane som blei gjorde i dagsordenen tidligare i dag.

Votering, se voteringskapittel

Svein Harberg hadde her overtatt presidentplassen.