Stortinget - Møte tirsdag den 12. mars 2019

Dato: 12.03.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Sak nr. 7 [14:47:44]

Interpellasjon fra representanten Ingrid Heggø til justis- og innvandringsministeren: «Det har vore mange saker i media i den siste tida om høge inkassosatsar og om i kva grad god inkassoskikk vert overhalden når eit småkrav på ein hundrelapp kan verte nesten fire tusen kroner på kort tid. Talet på inkassosaker veks med rekordfart, og norske satsar er mykje høgre enn i nabolanda. Ein samla justiskomité hadde merknader om dei høge satsane i Innst. 6 S (2018–2019) og bad regjeringa om å sette i verk naudsynte tiltak for at nivået på satsar innan inkassobransjen vert regulerte ned. Regjeringa sitt svar var å la inkassosalæret stå uendra på 700 kroner, altså ikkje å auke det med 30 kroner, og å sette ned eit utval som skal kome attende med tiltak i 2020. I mellomtida opplever stadig fleire at problemet berre aukar. Mandatet i inkassolova omfattar heller ikkje problematikken kring småkrav som vert sende til namsmannen. Er statsråden nøgd med at Noreg er på inkassotoppen, eller vil statsråden iverksette strakstiltak slik Stortinget ba om»?

Talere

Ingrid Heggø (A) []: Denne interpellasjonen handlar om kva god inkassoskikk er, om kvifor Noreg er på inkassotoppen, om at talet på inkassosaker veks i rekordfart, og om kvifor Noreg har så høge gebyr i forhold til nabolanda våre.

Det har vore eit sterkt fokus i media, og eksempel på heilt urimelege ekstrakostnader på småkrav har florert. Eg nemner nokre: Småkrav på nokre hundrelappar kan koma opp i 4 000 kr på relativt kort tid. Personar har fått lønstrekk utan at dei visste at dei hadde ubetalte krav. Hovudkravet har vore betalt, men likevel har inkassoselskapet sendt kravet til namsmannen for å driva inn inkassosalær og skrivegebyr. Inkassokrav har vorte sende medan ein framleis er innlagd på sjukehus. Vidare kan eg nemna legerekninga som gjekk til inkasso og tvangsinndriving av di ein var sjuk og ikkje hugsa på å betala etter konsultasjonen, og ein hadde flytta til ny adresse, og legar som ikkje sjølve hadde godteke at manglande betaling frå pasientar skulle sendast til inkasso og tvangsinndriving, men oppdaga at det låg ei generell fullmakt i botn. Det er som å setja bukken til å passa havresekken når dei som leverer betalingsautomatane innan helse, også tek inkassoinnkrevjinga. Er dette verkeleg i tråd med god inkassoskikk?

Sjølv tilbake i den gamle romarretten såg ein på det som inhumant å gjera folk til slavar for bagatellar. I Noreg kan eit småkrav på ein femtilapp enda opp på 4 000 kr. Dette handlar ikkje om at ein ikkje skal gjera opp for seg, for det skal ein. Men det handlar om eit system der meirkostnadene utgjer det mangedobbelte av det opphavlege beløpet, og meirkostnadene er så store at det vippar økonomien. Det er korkje rettferdig eller riktig.

Forsvarleg utlånspraksis og kredittgjeving er viktige og nødvendige brikker i samfunnet, og hovudregelen er at folk gjer opp for seg. Eit moderne samfunn treng eit velfungerande inkassosystem der ein kan festa lit til inngåtte avtaler, der ein kan ta kredittrisiko, og ein treng eit effektivt inkassosystem som bidreg til at skyldnarar gjer opp for seg.

Kvifor kostar det 700 kr pluss moms i Noreg, 180 kr i Sverige og om lag 140 kr i Finland? Og kvifor har Noreg fleire inkassosaker enn våre naboar i Sverige, og dette sjølv om Sverige har dobbelt så mange innbyggjarar? Det høyrer med til historia at norske bedrifter er raskast i Europa til å involvera inkassobyrå ved uteståande fakturaer, og at gjeldsgraden er atskilleg høgare i Noreg enn i våre naboland.

Noreg er altså på toppen av gjeldsstatistikken, på toppen i inkassogjeld, på toppen i talet på inkassosaker og på toppen i inkassosalær. Desse topplaseringane er det ingen grunn til å jubla for. Vi var einige på Stortinget: Noko må gjerast; det må handlast no. Ein samla justiskomité bad regjeringa om «å sette i verk de tiltak som er nødvendige for å sørge for at nivået på satser i inkassobransjen reguleres ned». Dette var uvanleg klår tale frå Stortinget. Svaret frå regjeringa var å frysa inkassosalæret på 700 kr, altså ikkje auka det med 30 kr. Men når det gjeld dei andre satsane, er skrivegebyret til inkassoselskapa auka med 20 kr til 1 150 kr, og gebyret for utleggskrav som går til namsmannen, auka med 34 kr til 1 955 kr. Slik vart det isolert sett likevel ein auke for skuldnaren.

Etter fleire møte med namsmenn veit eg at det er stor skilnad på inkassoselskap, og det er ikkje slik at dei store er betre enn dei små. Her er det store variasjonar. Det ironiske er at dei som sender flest saker til namsmannen, tener mest, faktisk over det dobbelte i gebyrinntekter. Det er grunn til å spørja: Kvifor vart ikkje dei andre gebyra fryste? Eit skrivesalær på 1 150 kr kan umogleg avspegla faktiske utgifter i vår digitaliserte verd. Berre i 2018 representerte skrivegebyret åleine i overkant av 502 mill. kr i inntekter til inkassoselskap.

Det er vanskeleg å sjå at Stortingets vilje om å få ned kostnadene er følgd opp med handling. Rett nok er det også sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på og eventuelt føreslå endringar i:

  • reglane om organisering av og ansvar for inkassoverksemda

  • inkassolova og inkassoforskrifta, deriblant salæra og god inkassoskikk

  • reglane om dekning av kostnader ved utanrettsleg inndriving i inkassoloven og inkassoforskrifta

Gruppa skal levera innstilling i 2020. Då vert det iverksetjing tidlegast i 2021. Og ikkje eit einaste tiltak er sett i verk som bremsar iveren etter å ta kortaste veg frå forfalne, ubetalte krav til inndriving hjå namsmannen. Tvert om: Når inkassogebyret står i ro, medan oversending til namsmannen løner seg endå meir, då vel sannsynlegvis fleire denne vegen.

Men det viktigaste spørsmålet å stilla er: Er det verkeleg rett å senda småkrav til namsmannen? Etter mitt syn er det misbruk av ressursane til fellesskapet, og det set tilliten til politiet under press. Vanlege folk ser at vinningsbrotsverk og valdsbrotsverk vert lagde bort, samtidig som politiet skal bruka ressursar på å driva inn ein femtilapp. Dette er også påpeika av bl.a. Forbrukarrådet.

Det må ei presisering til, eventuelt ei utviding av mandatet, slik at arbeidsgruppa handsamar akkurat dette temaet eksplisitt. Eit anna viktig poeng er: Tek arbeidsgruppa tak i dei bakanforliggjande årsakene til at inkassosakene veks i rekordfart? Har det skjedd noko med betalingsviljen, er kreditt vanlegare enn før, eller er det for lett å få lån og kreditt eller kjøpa på avbetaling? Vi bestiller også stadig meir på nettet. Elektronisk signering har nok kome for å verta, men kva gjer det at ein ikkje treng å bestilla time, venta litt, gå til banken og sjå nokon i auga for å få ny kreditt eller lån? Gjeldsregisteret var gryteklart i 2013 frå oss raud-grøne, men vart ikkje innført av ideologiske grunnar. Det skulle vera i privat regi. Dette medførte at det kjem først no, langt på overtid. Gjeldsregisteret hadde vore eit godt verktøy for å bremsa gjeldsutviklinga.

Vi veit også at å mista arbeidet, skilsmisse og fysisk eller psykisk sjukdom er dei vanlegaste årsakene til at vi havnar i gjeldskrise. Eksempel på at ein framleis er innlagd på sjukehus når rekninga går til inkasso, får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg. Kva for eit samfunn har vi fått? Spørsmål som reiser seg, er: Er det i det heile riktig å senda manglande betaling for legebesøk eller sjukdomsutgifter som kjem av manglande betalingsevne, til rettsleg inndriving? Burde ein ikkje heller ha fått ei føremålstenleg nedbetaling? Kan ein finna gode idear hjå nabolanda våre? Sverige har køordning for trekk i løn. I Finland har gjeld eldre enn 15 år vorte sletta. Kanskje eit hurtigspor med lønstrekk for småbeløp utan å gå via namsmannen hadde vore ein farbar veg?

Det er viktig å sikra at folk med lønstrekk likevel har att til livsopphald. Kanskje vil prosenttrekk i staden for kronetrekk vera løysinga, slik bl.a. Luksusfellen har føreslått. Vert ein trekt for mykje, har ein klagerett, men det tek fire veker før ein får svar. Det er uakseptabelt lenge å ikkje ha nok til livsopphald for familien sin. Her må det handlast.

Vi har ei inkassolov som er laga for ei anna tid, då postvesenet var einaste leveringsveg. I dag har inkassoselskapa oppfylt kravet sitt berre dei sender kravet i posten til den adressa du ein gong har oppgjeve. Lova tek ikkje omsyn til mindre frekvens i postombering og eit folk som byter bustad mykje oftare i livet. Postkassen er lite i bruk, medan mobiltelefonen er allemannseige. Og Altinn fungerer jo godt for skatt i alle fall.

Det er også vanskeleg å forstå kvifor ikkje totalkostnadene ved ikkje å betala ved forfall kan verta oppgjevne. Og bør det ikkje koma på plass incentiv for at bedriftene skal velja det inkassoselskapet som tek minst gebyr?

Kredittkortgjeld veks i rekordfart. Ifølgje Gjeldsoffer-Alliansen gjeld dei sakene som veks mest, nettopp kredittkortgjeld, og ein tek opp ny kredittkortgjeld for å betala ned gamal. Det er ein dårleg og farleg spiral. Det har heller ikkje vorte innført eit ris bak spegelen for bankar eller kredittføretak som har sjekka betalingsevna med harelabb. Aggressiv marknadsføring fortset òg som før. Berre ved å jobba med denne saka har eg i desse dagane fått så mange tilbod om lån som eg aldri før har fått. Eg ser fram til å høyra statsråden sitt syn på saka.

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Alt tyder på at inkassobransjens kostnader har sunket mye med årene, noe som ikke minst skyldes effektivisering som følge av digitalisering. Særlig for små krav kan inkassosalærene fremdeles framstå som uforholdsmessige. Dette var en av årsakene til at Justis- og beredskapsdepartementet i oktober i fjor – og før dette ble et tema i mediene – satte ned en egen arbeidsgruppe for å gjennomgå inkassoregelverket. Spørsmålet om salærene inngår i dette arbeidet, men det er ikke det eneste temaet.

Det var også en samlet justiskomité som 10. desember 2018 ba regjeringen om å sette i verk de tiltak som er nødvendige for å sørge for at nivået på satsene i inkassobransjen reguleres ned. For ordens skyld vil jeg presisere at justiskomiteen ikke ba om strakstiltak. Endringen i inkassoregelverket har like fullt høy prioritet i departementet.

Jeg kan bekrefte at regjeringen ønsker å endre regelverket slik at inkassosalærene blir satt ned. Arbeidsgruppen har frist til 1. januar med å sluttføre sitt arbeid. I lys av vanlige fristlengder for lovutredninger ellers og arbeidsgruppens omfattende mandat må fristen på et drøyt år kunne kategoriseres som kort. Jeg synes for øvrig det er positivt at både Forbrukerrådet, Finanstilsynet, Finans Norge og Virke har stilt opp med medlemmer til arbeidsgruppen.

I statsråd den 20. desember 2018 ble det ved en endring i inkassoforskriften besluttet å fryse inkassosatsen. Frysingen av inkassosatsen var et midlertidig tiltak som det var mulig å gjennomføre raskt, i påvente av en mer omfattende lov- og forskriftsendring. Det kan være fristende å foreslå raske endringer på bakgrunn av medieoppslag. Jeg mener likevel det er viktig at også en næring har forutsigbarhet, og at endringer som gjøres, skal skje på bakgrunn av helhetlig innsikt i og kunnskap om de følgene som kommer. Derfor har jeg ikke ønsket å ty til kjappe løsninger, men har samtidig signalisert til bransjen at det vil komme endringer.

Det er behov for en grundig utredning av hvordan reguleringen av inkassosalærene bør være framover, der endringer i reguleringen av inkassosalærene ses i sammenheng med andre mulige lov- og forskriftsendringer. På det nåværende tidspunkt, før arbeidsgruppen har ferdigstilt sin rapport og rapporten har vært på høring, er det ikke naturlig at jeg gir uttrykk for mer konkrete synspunkter om hvordan reguleringen av inkassosalærene bør være.

Når det gjelder det inkassoselskapene hyppig oversender til namsmannen, kan jeg opplyse om at arbeidsgruppens mandat ble utvidet i januar, slik at arbeidsgruppen ser på gebyrene som tilfaller inkassoselskapene, i forbindelse med oversendelse av saker til namsmannen. En reduksjon i disse gebyrene vil gjøre det mindre lønnsomt å oversende sakene til namsmannen.

Spørsmålet om kravet til god inkassoskikk bør presiseres nærmere og har vært en omfattende del av arbeidsgruppens mandat siden arbeidsgruppen ble nedsatt i oktober. For øvrig skal arbeidsgruppen etter mandatutvidelse også vurdere om det bør gis hjemmel i inkassoloven for å ilegge andre typer administrative sanksjoner enn i dag. En hjemmel for å ilegge administrative sanksjoner som f.eks. overtredelsesgebyr vil kunne forebygge at inkassovirksomheten drives i strid med lov og forskrift, og gjøre at Finanstilsynets kontroll blir mer effektiv og legger til rette for mer treffende sanksjoner enn i dag.

Til slutt vil jeg understreke at regelverket for inkasso og annen inndriving av pengekrav er viktig for både skyldnere som ikke har betalt innen forfall, for kreditorer og for næringslivet og norsk økonomi generelt. Det er svært viktig at betydningsfulle endringer i inkassoregelverket er forsvarlig utredet, og krav til forsvarlig utredning følger også av utredningsinstruksen. Som tidligere nevnt må endringer i salærene ses i sammenheng med andre mulige regelendringer som også vil kunne ha stor betydning.

Jeg er enig i at regelverket bør endres, men det må gjøres på bakgrunn av vanlig og forsvarlig lovarbeid.

Morten Wold hadde her overtatt presidentplassen.

Ingrid Heggø (A) []: Eg er einig i at langsiktige rammevilkår er viktig, men intensjonen frå justiskomiteen var nok ikkje at ein skulle venta i mange år før det kom ei endring på plass.

Inkassobransjen har eit nokså frynsete rykte. «Cowboy-bransje» er noko vi ofte høyrer, men vi skal ikkje skjera alle over éin kam. Eg har hatt fleire møte med forskjellige inkassoselskap og med forskjellige namsmenn, og det er store variasjonar både i form og i innhald. Eg har fått gode eksempel på inkassoselskap som opptrer ryddig og får til gode ordningar, og så er det andre som tek den kjappaste vegen til namsmannen. Det er heller ikkje slik at dei store har eit betre rykte enn dei små. Eg må nesten seia tvert om.

Når det gjeld å fylgja god inkassoskikk, må det takast grep. Det kan vi einast om. Det må presiserast kor mange kontaktar det skal vera – for mykje og for lite, det duger ikkje, som ei klok dame sa ein gong, og eg er heilt samd. Det kan heller ikkje vera slik at ein ringjer éin gong per krav. Viss ein har mange saker i same selskap, må desse samordnast, og det må opplysast om det mest alvorlege fyrst.

Kravet om å senda eit brev til ei adresse som ein ein gong hadde, er ikkje nok. Det er ikkje godt nok. Postomberinga er i full endring. Postgangen er ikkje som han ein gong var. Og har du gløymt å endra adressa når du har flytta, ligg du tynt an sidan inkassoselskapa har fylgt opp pliktene sine ved berre å senda brevet. Då kan ein få slike situasjonar som at det går til lønstrekk utan at du visste at det var eit ubetalt krav. Eg trur vi kan einast om at slik vil vi heller ikkje ha det.

Eg vil fokusera litt på korleis inkassoselskap nedbetalar det som vert betalt inn, for her er det mykje kreativitet ute og går. Ved store krav, f.eks. eit forbrukslån på 200 000 kr, som går til inkasso, vert ein tilbydt nedbetaling i fire avdrag og må betala 1 000 kr ekstra for å signera eit gjeldsbrev. Dette kan då umogleg vera innanfor god inkassoskikk og -rett. Ein må jo få tilbod om avdrag som er tilpassa betalingsevna. Og når ein betalar inn gebyret fyrst og ikkje hovudstol, vil kravet fortsetja å veksa. Det må krystallklare reglar på plass for at hovudstol vert nedbetalt fyrst.

Avslutningsvis vil eg innom dette med «pay back»: Ei tilbakebetaling til kreditoren mot at inkassobyrået får oppdraget, bør ganske enkelt verta forbode. Eg ser fram til den vidare debatten.

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg synes representanten viser et stort engasjement og en stor innsikt i de utfordringene som er der. Representanten fortjener all honnør for det og for å gi gode beskrivelser av mange av de utfordringene som er der. Mitt utgangspunkt er ikke at jeg er uenig, verken i beskrivelsene eller i antydningene om hvor man går, men at man må gjøre dette på en skikkelig og ordentlig måte.

Det ble trukket fram av representanten i hennes innlegg at det var mange andre forhold som spiller inn på dette – veksten i forbrukslån, kredittkortbruk, osv. Det er nettopp disse tingene som gjør at det er nødvendig å utrede ting skikkelig. Det er også andre forslag som er på gang, og andre utredninger, bl.a. når det gjelder finansavtaleloven. Det kommer også andre forslag som knytter dette sammen i en helhet.

Så jeg vil igjen gi representanten honnør for beskrivelser og engasjement. Jeg vil ikke på noen måte si at jeg er uenig i det. Men utgangspunktet her er rett og slett å gjøre jobben skikkelig og ordentlig, slik den skal gjøres. Det er tross alt ting som er viktig for norsk økonomi, og det er viktig for næringslivet, som skal få inndrevet krav. Det er for så vidt også viktig for alle de arbeidsplassene som er tilknyttet inkassobransjen, at man behandler dette seriøst og skikkelig.

Kari Henriksen (A) []: Først vil jeg takke representanten Heggø, som tar opp denne viktige saken.

Gjør din plikt, krev din rett – det er et slagord arbeiderbevegelsen er stolt av. Blant pliktene er å gjøre opp for seg, både materielt og immaterielt. Jeg kan ennå huske min bestemors fortørnelse hvis jeg hadde lånt noe – det kunne være en bok eller en bakebolle – og ikke levert det tilbake til riktig tid. Det skulle vi – punktum.

Og selvfølgelig skal vi betale tilbake det vi skylder, og vi skal betale det vi kjøper. Det er det ingen tvil om. Likevel må vi stille oss spørsmålet om vi likebehandler folk som ikke kan likebehandles. Jeg har derfor tre spørsmål som jeg håper statsråden vil vurdere og eventuelt kommentere i sin oppsummering:

Det ene er om han vil vurdere å innskjerpe helse- og sosialpersonells plikt til faglig vurdering av betalingsevnen til personer som får nødvendig behandling ved sykehus, hos fastlege osv. Det andre er å vurdere å endre inkassoreglene slik at småbeløp, f.eks. under 700 kr, ikke kan sendes videre til namsmannen. Og det tredje er å vurdere å endre reglene for når et varsel anses å være forkynt for skyldneren, og det var jo også representanten Heggø innom.

Jeg tror at dette ville ha vært viktige grep, fordi noen mennesker har lidelser eller sykdommer som gjør at de ikke evner å husholdere livet sitt i kortere eller lengre tid. Det kan være mennesker som har andre ting som fyller hverdagen, som avhengigheten av rusmidler eller psykisk sykdom som gjør daglig forståelse av verden om til noe helt annet, noe uforståelig og smertefullt. Eller det er vedvarende fattige, syke eller uføre som har mange huller å tette med for få midler, og som lever med vedvarende levekårsstress. Mange av disse havner i økonomisk uføre, enten fordi de ikke betaler egenandelene på sykehus, husleia til kommunen eller strømmen til strømleverandøren.

Jeg har møtt mange av dem i mitt arbeid med rusavhengige og psykisk syke. Noen vokste opp i hjem med levekårsstress som en vedvarende tåke over hverdagen, der de som barn tappert sa at «det gjør ingenting» når foreldrene fortalte at de ikke kunne gi kameraten sin gaver i bursdagen, feire bursdag selv, reise på ferie eller gå i dyreparken.

I dag øker andelen barn som vokser opp i fattigdom. Med regjeringas politikk øker forskjellene mellom folk, de rike blir stadig rikere, og de fattige blir fattigere. Er det ikke da på tide å vurdere praksisen rundt inkasso? De som skal betale, skal betale, men vi bør få ordninger for dem som ikke evner å betale på grunn av sykdom eller fattigdom.

På sykehuset der jeg jobbet, sendte jeg spørsmål til klinisk etisk komité og ba om en vurdering av om det var faglig-etisk riktig å sende krav om inkasso til pasienter med alvorlig avhengighet eller psykisk sykdom som påvirket husholderingsevnen. Svaret fra klinisk etisk komité var klart – det stred mot den faglige medisinske etikk og sykehusets verdigrunnlag å ha en generell ordning for inkassoinnkreving.

Nå ser vi altså en vekst i andelen fattige og vedvarende lavinntektsfamilier og en økning i inkassokravene. Så jeg gjentar mine tre spørsmål, og jeg håper at ministeren kan reflektere rundt disse spørsmålene, som faktisk handler om etikk og moral i den offentlige forvaltning, og om dem som ikke har evnen til å betale det fellesskapet sier de skal.

Kan statsråden vurdere å innskjerpe helse- og sosialpersonells plikt til faglig vurdering av betalingsevne for personer som får nødvendig behandling ved sykehus eller av fastlege, og som er alvorlig syke?

Vil statsråden vurdere å endre inkassoreglene slik at småbeløp, f.eks. under 700 kr, ikke kan sendes videre til namsmannen for innkreving og resultere i beløp som, slik representanten Heggø sa, kan være på flere tusen kroner?

Og kan statsråden reflektere over om det er mulig å endre reglene for når et varsel anses å være forkynt for skyldneren?

Vi trenger også å ha forvaltningsordninger som kan skille mellom dem som kan betale, og dem som ikke kan betale.

Karin Andersen (SV) []: Ved møtets start i dag fremmet jeg et representantforslag om mer rettferdig inkasso og ulike tiltak for å hindre at flere havner i gjeldsfeller. Denne interpellasjonsdebatten handler om det, og interpellanten og de andre som har hatt innlegg, har vært inne på mange av punktene. Det handler altså om at færre skal ta opp gjeld de ikke kan betale, og et mål om å sikre at de som tar opp gjeld, faktisk skal ha mulighet til å nedbetale den gjelden de har pådratt seg. Systemet vi har i dag, er slik at man kaster lån etter folk som aldri skulle hatt det og ikke har råd til det, og innkrevingen gjør at gjelden øker så voldsomt at det for mange vil være helt umulig å betale den, i tillegg til, som representanten Henriksen snakket om, de helt åpenbare helseproblemene som noen har, som gjør at dette går helt i ball.

Vi har også sett på inntjeningen som nå er i inkassobransjen. Den 20. januar kunne Aftenposten melde at seks av inkassoselskapene har en gjennomsnittlig avkastning på egenkapital på 40–75 pst. årlig etter skatt. Det er i realiteten heller ingen konkurransesituasjon siden satsene er regulert. Dette er altså en bransje som nå har en helt urimelig avkastning, og selvfølgelig derfor tiltrekker seg flere investorer som ønsker å tjene penger. Dette kommer til å fortsette hvis vi ikke griper inn i det politisk. Inkassobransjen har, som flere har sagt, nytt godt av effektiviseringsgevinstene som følger av digitalisering, så her er det virkelig grunn til å sette satsene ned, for det er helt urimelig at noen skal tjene slike penger på folks gjeld. Det gjør også at skyldneren får en kostnad som både er urimelig og umulig å betale. Da skades både personen og samfunnet.

Flere har også nevnt det at namsmennene får stadig flere saker. Det har vært en økning på 25 pst. de to siste årene, og de fleste av de kravene som kommer inn, er altså veldig små. Spørsmålet er da om det er rimelig at dette skal kunne gå til inkasso.

Derfor handler de forslagene vi har fremmet i dag, om hvordan man kan senke inkassogebyrene. Det handler om hvordan man kan regulere nivået på maksimalsatser som drives inn i forbindelse med inkassovirksomhet. Og det handler om å utrede en nedre grense for krav som kan tvangsinndrives gjennom tvangssalg av fast eiendom eller borettslagsandel. Et av problemene er også at hvis man f.eks. ikke har klart å betale legeregningen, kan man ende opp med å miste boligen i en situasjon der man er svært syk. Hva som kan drives inn gjennom tvangssalg av bolig og slike nødvendige eiendeler, bør derfor absolutt vurderes – at det ikke er småsummer som ender opp slik.

Vi ønsker også å pålegge egeninkasso for usikret gjeld som gis etter en forenklet kredittvurdering. Altså: Hvis man låner ut penger til folk som man ikke har sjekket har råd til å betale eller har mye gjeld fra før, må man bære den risikoen selv ved å drive egeninkasso. Da er gebyrene lavere, og kanskje flere da tenker seg om før de kaster lån etter folk som aldri skulle hatt det. I tillegg ber vi om å få utredet forbud mot salg av fordringer av usikret gjeld gitt etter en slik forenklet vurdering, å endre reglene for tvangsinndrivelse, slik at det åpnes for at namsmannen kan avvise bagatellmessige krav, en beløpsgrense for hva som kan tvangsinndrives, og å åpne for at små krav mot en person kan samles opp for å nå en beløpsgrense – i hvert fall før man gjør noe.

Videre foreligger det en utredning om regler for kredittmarkedsføring – den kom i 2016. Der handler det om å forby lokkefordeler ved å ta opp kreditt. Altså: Bruk dette kredittkortet og handle det du ikke har råd til – og så får man en lokkerabatt, men man har ikke råd til å betale det. Det bør ikke være mulig.

Til slutt ber vi om at egenandeler i helsevesenet må kunne håndteres som egeninkasso, og at slike misligholdte gjeldsposter ikke skal føre til tvangssalg av bolig.

Justiskomiteen får gode muligheter til å diskutere disse tingene og gi en retning på det – for det trengs.

Lene Vågslid (A) []: Eg vil òg takke interpellanten Ingrid Heggø for å reise ein viktig interpellasjon. Eg synest alle innlegga her i dag har vore veldig gode. Til det siste som Karin Andersen viser til, og som òg Kari Henriksen var inne på: Dette er eit spørsmål me behandlar i justiskomiteen, men det er òg innom veldig mange andre fagkomitear sine område, så det er veldig viktig å få ei slik breidde i denne debatten.

Justiskomiteen var, kanskje litt overraskande, samrøystes i si budsjettinnstilling før jul. Eg meiner det absolutt er veldig positivt at justisministeren er så tydeleg på at regelverket bør endrast, og så kan me kanskje vere litt ueinige i tempo osv. Det er ikkje heilt uvanleg, når regjeringa set ned anten utval eller arbeidsgrupper litt ettersom kva prioritet det har, at ein f.eks. lèt ei gruppe eller eit utval arbeide med delinnstillingar. Det kunne vere ein måte å gjere noko av dette raskare på. Det justiskomiteen skreiv i budsjettinnstillinga, var bl.a. at

«det er viktig at inkassoreguleringen gjør at man kan feste lit til inngåtte avtaler, at man kan ta kredittrisiko, og at den bidrar til at skyldnere gjør opp for seg. Likevel mener komiteen at dagens satser i den norske inkassobransjen er for høye.»

Det er me einige om. Samanlikna med andre land i Norden ligg me betydeleg høgare, slik interpellanten òg nemner. Difor bad komiteen

«regjeringen om å sette i verk de tiltak som er nødvendige for å sørge for at nivået på satser i inkassobransjen reguleres ned.»

Slik sett er me einige, og det føreset eg då at justisministeren følgjer opp.

Eg er òg heilt einig med interpellanten i at det er heilt ulogisk med eit så høgt skrivesalær i dag i og med at den digitale tida for lengst har kome, og eg vil òg gje full støtte til alle dei som seier at me må sjå særleg på dei små krava, som blir urimeleg store. Slik sett meiner eg det er viktig å kunne justere det mandatet som denne arbeidsgruppa har fått. Som justispolitikar bør ein òg stille spørsmål ved ressursbruken, akkurat slik interpellanten er inne på – om det er rett at politiet skal bruke tid på å hente inn så små krav.

Me har òg fått ein del innspel frå Forbrukarrådet. Arbeidarpartiet er eit forbrukarparti. Me møter mange representantar frå forbrukarsida veldig ofte. Eit innspel som dei har kome med, har eg lyst til å nemne. Det handlar om noko ein kallar «pay back». Forbrukarrådet seier at arbeidsgruppa som er sett ned, bør få i oppgåve å vurdere tiltak på bakgrunn av Finanstilsynets tematilsyn på det som dei kallar «pay back». Tilsynet blei initiert i oktober 2018, og det kjem ein rapport nærmare sommaren om det. «Pay back» blir av Forbrukarrådet beskrive som tilbakebetaling frå inkassobyråa til kreditor mot at inkassobyrået får inkassooppdraget. Tilbakebetalinga er ein avtalt sum, som f.eks. kan vere dei utgiftene kreditor har hatt med eigne forsøk på å drive inn uteståande krav. Ifølgje Forbrukarrådet blir det anteke at «pay back» førekjem i både offentleg og privat sektor, sjølv om offentleg sektor har kemnerkontor som kunne utført denne inndrivinga. Dei viser til at ein i Sverige har avdekt tilfelle der inkassobyrå har 250 kr i såkalla «pay back». Kva som er status i Noreg, er ifølgje Forbrukarrådet førebels ikkje kjent, men eg meiner òg at det er noko som denne arbeidsgruppa absolutt bør sjå på, og det bør strengt teke ikkje vere tillate.

Elles meiner eg at poenga som Ingrid Heggø trekkjer opp når det gjeld marknadsføring av kreditt, er veldig viktig. Wara viser til arbeidet med finansavtalelova – det har me òg eit auge på. Det er ei kjensgjerning at det ein blir utsett for i dag av aggressiv marknadsføring når det gjeld kreditt, er eit kjempeproblem. Eg vil òg meine, sjølv om eg ikkje er imot at denne arbeidsgruppa arbeider, at det går an å sjå på enkeltelement av desse utfordringane, f.eks. delvis, slik at ein ikkje må vente i fleire år før ein får bukt med ein del av desse problema, som er alvorlege for veldig mange.

Åsunn Lyngedal (A) []: Det er et urovekkende høyt gjeldsnivå i Norge, og det virker inn på inkassobransjen. I går kom det nye tall for lønnsomhet for bankene fra Finanstilsynet, og også over gjeldsutviklingen. Heldigvis tar private opp mindre lån, men det vi ikke tar opp mindre av, er forbrukslån. Også i 2018 økte det med 10 pst., og det bekymrer. Forbrukslån har en funksjon i samfunnet vårt, men Arbeiderpartiet ser med uro på mangelen på den gode kredittvurderingen som skal gis før en gir ut et lån – det gode håndverket som veldig mange er flinke til i bankvesenet vårt, men der mange nå svikter.

Jeg er veldig enig med representanten Karin Andersen når hun snakker om dem som ikke burde fått lån. En undersøkelse fra juni i fjor, gjort av Finanstilsynet, viste at 36 pst. av alle forbrukslån som ble gitt, ble gitt uten en tilstrekkelig og god kredittvurdering. Det setter folk i store problemer. De som får gjeld de ikke kan klare å betale tilbake, rapporterer tilbake om mye psykiske problemer og også fysiske helseplager som øker på. Dermed har vi et samfunnsmessig problem.

Det er håpløst at vi har ventet så lenge på et register over uregistrert gjeld, forbrukslån. Vi håper det kan komme i drift fra sommeren. Vi var på tur til å etablere det før vi fikk et regjeringsskifte i 2013. Vi er veldig glad for forskriften som kom 12. februar, og det er viktig at man tar tak i dem som fortsetter å bryte reglene for en god kredittvurdering.

Det de nye tallene fra i går også viste, er at misligholdet av forbrukslån øker, det er på over 7 pst. Misligholdte krav på forbrukslån vil ofte være kredittkortgjeld, 45 pst. av forbrukslånene er det, og de vil bli sendt til inkasso. Der betaler man standardiserte krav, men det er veldig stor variasjon i den tjenesten inkassoselskapene gir. Det er krav til personlig kontakt, men det varierer mellom gode, flinke inkassoselskap som opptrer ryddig, og som får til gode ordninger for skylderne, og andre som tar raskeste vei ut for samme betaling. Veldig mange av de kravene vil havne hos namsmannen. Her fungerer ikke markedet. Det er ikke sånn at de flinkeste inkassoselskapene tjener mest penger. Da må det reguleres sånn at det samfunnsmessig økonomiske også blir det bedriftsøkonomisk lønnsomme.

For å sikre at man ikke går til inkasso for tidlig, kan man pålegge kreditor noe av ansvaret for inkassobyråets gebyrer; nå ligger jo alt på skyldner.

Utviklingen i utgiftene samfunnet har til inkasso, er bekymringsfull. Det er ikke sånn at det er de opprinnelige kreditorene som får mer penger, det er inkassobyråene som har økt sin fortjeneste, og det er veldig mange skjebner bak sakene. Det er viktig at vi beholder tilliten til inkassosystemet vårt, og at vi derfor lar besparelsen som digitalisering har gitt, også komme til uttrykk i de salærene vi gir anledning til å ta. Det er vi som politikere som fastsetter disse satsene, og som har vært med på å lage et marked som nå ikke fungerer. Det bør bli lønnsomt å jobbe godt innen inkasso, sånn at man også kan spare politiet for å bruke tid på inndriving. De har veldig mange viktigere oppgaver å ta seg av, og det er også viktig for tilliten til politiet vårt.

Ingrid Heggø (A) []: Eg vil takka for ein god debatt, mange gode innlegg og gode forslag som har kome. Det er litt trist at ikkje regjeringspartia har delteke i debatten. Eg vil òg takka statsråden for gode ord og god intensjon – og så er vi framleis litt ueinige om farten.

Eg vil oppsummera kva eg forventar at arbeidsgruppa skal jobba med framover. Det første er at mandatet må utvidast slik at ein får sett ein stoppar for at småkrav kan sendast til namsmannen for innkrevjing. Og vi må få eigne inkassoreglar for sjukdom, f.eks. ubetalte legebesøk.

Klagetida ved for høge lønnstrekk må gjerast noko med, ho må kortast ned vesentleg. Skrivesalæret må kuttast vesentleg og bør avspegla faktiske kostnader. Dette har vel alle her vore innom i dag. Totalkostnadene ved ikkje å betala til forfall bør koma fram ved eit inkassovarsel. Og så må ein få incentiv til at bedriftene vel det inkassoselskapet som har minst gebyr, f.eks. ved skulddeling mellom bedrift og skuldnar – og ikkje minst det representanten Lyngedal var innom: ris bak spegelen dersom lån, kreditt, vert gjeve utan at betalingsevna er tilstrekkeleg undersøkt.

Eg var ikkje så mykje innom det i innlegget mitt, men ei nedre grense og vilkår om samhøve ved tvangssal av hus og heim synest eg er ein veldig god idé å ta med inn i denne gruppa.

Det representanten Vågslid sa om «pay back», som eg òg nemnde, håpar eg verkeleg statsråden tek med seg og får gjort noko med, for det bør det verta ein slutt på.

Eg vonar at representanten Henriksen også får svar på dei tre spørsmåla som vart stilte. Som representanten Vågslid òg viste til, er det mogleg å koma med ei delinnstilling frå ei arbeidsgruppe, og det er grep som kan takast undervegs. No vil eg hevda at forkorta klagetid alt kunne vore ordna, og det bør gjerast noko med straks. Skrivesalæret burde òg vore redusert straks; det hadde vore strakstiltak som hadde gjort ein skilnad.

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg må si at jeg synes det har vært en veldig god og interessant debatt. Den har vært nyttig, det har vært stort engasjement, med representanter som har vist innsikt og engasjement når det gjelder å gå inn i detaljene på dette.

Så er det selvfølgelig sånn at jeg skulle ønske at jeg kunne svare på alle spørsmålene nå, men jeg vil nøye meg med å si at jeg på dette tidspunktet ikke vil avvise noen av dem. Vi har nå nedsatt et utvalg som utreder dette, og det er ikke et utvalg som skal jobbe lenge.

En del av debatten reiser problemstillinger som utvalget ikke skal vurdere, bare så det er sagt. Det gjelder f.eks. en generell debatt om vekst i forbrukslån, kredittkortbruk – de tingene vil vi vurdere helt uavhengig, og før vi venter på utvalget. Her er vurderingene i gang. Det skjer litt i ulike departementer. Noe har finansministeren ansvar for gjennom sin regulering – og Finanstilsynet. Noe vil komme i finansavtaleloven. Til tross for at vi ønsker å få en ordentlig utredning når det gjelder inkassobransjen, er det mange andre spørsmål som har sammenheng med dette, som vi jobber videre med, og Stortinget vil få løpende orienteringer om hvordan vi ser på det.

Til slutt: Jeg tenker også at det i denne kritikken av inkassoselskaper er viktig å understreke at vi må passe på ikke å ta alle inkassoselskaper under ett, det er mange som gjør en god jobb. Inkassoselskapene har en jobb på vegne av kreditorer, og det kan være mange gode grunner til at kreditorene bør få inndrevet kravet sitt. Det jobber mange mennesker i inkassoselskapene, og det er sånn at disse litt overordnede tingene handler om den betalingsmoralen som vi forventer. Det er derfor det er nødvendig å utrede og se disse tingene i en større sammenheng, selv om jeg også forstår enkelthistoriene – av og til virker det på meg helt urimelig hvordan småbeløp blir enormt store. Jeg har ikke noen vanskeligheter med å se det, og jeg har ikke vanskelig for å skjønne utfordringene som helsepersonell står overfor osv. Men det er altså mer enn enkeltepisoder man som ansvarlig statsråd og ansvarlig regjering må ta stilling til. Man er nødt til – jeg holdt på å si – å gjøre den jobben ordentlig, ta utredningsinstruksen på alvor, lage en lovutredning og komme tilbake, fordi det tross alt er mange mennesker som jobber i bransjen, og det er mange mennesker som har problemer med å betale tilbake. Vi må sørge for at vi tar de riktige grepene som gir god effekt med tanke på det vi ønsker å oppnå.

Presidenten: Debatten i sak nr. 7 er dermed avsluttet.

Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten foreslå at sakene nr. 8 og 9 behandles under ett. – Det anses vedtatt.