Stortinget - Møte tirsdag den 12. mars 2019

Dato: 12.03.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Innhold

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Då er me klare til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Lise Christoffersen på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 2, frå Per Olaf Lundteigen på vegner av Senterpartiet

Forslag nr. 2 lyder:

«I

I lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser gjøres følgende endring:

§ 24 nr. 1 tredje ledd skal lyde:

Dersom tjenestepensjonen tas ut etter fylte 67 år, benyttes forholdstallet på uttakstidspunktet. Dette gjelder også dersom det er tatt ut hel eller delvis alderspensjon fra folketrygden på et tidligere tidspunkt. Det skal likevel ikke benyttes lavere forholdstall enn 1,000 ved beregning av samordningsfradragene.

II

Endringen trer i kraft straks med virkning fra 1. januar 2011».

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen. Raudt har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:46 L (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Per Olaf Lundteigen, Sigbjørn Gjelsvik og Kjersti Toppe om endring av lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Senterpartiet vart tilrådinga vedteken med 86 mot 14 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 17.57.39)

Presidenten: Det vert så votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med lovsak om ny offentlig tjenestepensjon komme tilbake med vurderinger av hvordan en kan styrke arbeidslinjen for offentlig ansatte født i årene 1944–1962».

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget. Senterpartiet har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 52 mot 50 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 17.58.03)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er forslaga nr. 1 og 2, frå Arild Grande på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Det vert votert over forslag nr. 2. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre kollektiv søksmålsrett for fagforening som har medlemmer i en virksomhet som har leid inn arbeidstaker fra bemanningsforetak, jf. § 14-12, at fagforeningen kan reise søksmål i eget navn om lovligheten av slik innleie».

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 52 mot 49 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 17.58.44)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:57 L (2018–2019) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Per Olaf Lundteigen, Kjersti Toppe, Sigbjørn Gjelsvik og Nils T. Bjørke om ei endring av arbeidsmiljølova slik at Arbeidstilsynet får heimel til å handheva lovføresegner om innleige frå bemanningsføretak – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«I

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) vert det gjort følgjande endring:

§ 18-6 første ledd første punktum skal lyde:

Arbeidstilsynet gir de pålegg og treffer de enkeltvedtak ellers som er nødvendig for gjennomføringen av bestemmelsene i og i medhold av § 1-7, kapittel 2 til kapittel 11 samt §§ 14-1 a, 14-5 til 14-8, 14-9 andre ledd bokstav f andre punktum og andre ledd siste punktum, 14-12, 14-12 a, 14-15 femte ledd, 15-2 og 15-15.

II

Lova tek til å gjelde straks».

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 52 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 17.59.28)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fem forslag. Det er

  • forslaga nr. 1–4, frå Solfrid Lerbrekk på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 5, frå Solfrid Lerbrekk på vegner av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kunnskap om seksuell trakassering inngår i opplæringen av verneombud, og i opplæring av alle med personalansvar i offentlig sektor.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen undersøke om usikre tilknytningsformer til arbeidslivet som midlertidige ansettelser og innleie øker faren for å bli utsatt for seksuell trakassering og overgrep, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen foreslå endringer i arbeidsmiljøloven slik at arbeidsgivers ansvar for å forebygge og forhindre seksuell trakassering på arbeidsplassen fremgår tydeligere av arbeidsmiljøloven § 4-3.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede lovfesting av erstatningsansvar for arbeidsgivere ved brudd på vernebestemmelsen i likestillings- og diskrimineringsloven § 13 sjette ledd.»

Det vert votert alternativt mellom desse forslaga og tilrådinga frå komiteen. Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:56 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om tiltak mot seksuell trakassering i arbeidslivet – vedtas ikkje.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 52 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.00.29)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 5, frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i arbeidsmiljøloven med tilhørende forskrifter slik at arbeidsgivers ansvar for å forebygge og forhindre seksuell trakassering på arbeidsplassen blir presisert.»

Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 53 mot 48 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.00.50)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt sju forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Eigil Knutsen på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 2, frå Eigil Knutsen på vegner av Arbeidarpartiet

  • forslag nr. 3, frå Per Olaf Lundteigen på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 4, frå Per Olaf Lundteigen på vegner av Senterpartiet

  • forslaga nr. 5–7, frå Solfrid Lerbrekk på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å øke fribeløpet for uføre i forbindelse med forslaget til statsbudsjett for 2020 og i tillegg legge frem en vurdering av hvordan dagens avkortning fungerer, ut fra en målsetting om å gi flere mulighet til å jobbe mer, inkludert en vurdering av hvordan lavere avkortningsgrad kan bidra.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å heve inntektsgrensen før avkortning av barnetillegg inntrer, og innrette inntektsgrensene slik at nedtrapping skjer mer gradvis.»

Forslag nr. 7 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at Nav skal måtte følge opp unge med uføretrygd bedre, blant annet gjennom å gi unge uføre rett til arbeidsmarkedstiltak på lik linje med mottakere av arbeidsavklaringspenger.»

Det vert votert alternativt mellom desse forslaga og tilrådinga frå komiteen. Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:51 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kari Elisabeth Kaski, Solfrid Lerbrekk, Arne Nævra og Karin Andersen om å legge til rette for at uføre får de beste muligheter til å ha en tilknytning til arbeidslivet – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 90 mot 10 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.02.00)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket med mål om å bedre oppfølgingen av ungdom som står i fare for å bli eller er blitt uføretrygdet.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 52 mot 49 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.02.30)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 3, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fjerne 95-prosenttaket for summen av uføretrygd og det behovsprøvde barnetillegget.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 78 mot 22 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.02.50)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å øke fribeløpet for uføre i forbindelse med forslaget til statsbudsjett for 2020.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Sosialistisk Venstreparti har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 80 mot 21 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.03.11)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Arbeidarpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om inkludering av uføretrygdede i arbeidslivet, som blant annet skal inneholde en vurdering av

  • – hvordan dagens avkortingsregler påvirker uføretrygdedes arbeidsdeltakelse.

  • – hvordan unge uføretrygdede kan følges bedre opp av Nav gjennom tiltaksapparatet.

  • – hvordan innstrammingene i barnetillegget har slått ut for ulike grupper av mottakere basert på inntektsnivå.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Sosialistisk Venstreparti har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet vart med 64 mot 37 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.03.34)

Presidenten: Sak nr. 5 var interpellasjon.

Votering i sak nr. 6

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fire forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Lene Vågslid på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 2, frå Geir Inge Lien på vegner av Senterpartiet

  • forslaga nr. 3 og 4, frå Petter Eide på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å opprette dedikerte grupper i flere politidistrikt med oppgave å arbeide mot hatkriminalitet, med mål om å dekke hele landet. Hver gruppe skal ha spesialkompetanse på feltet, arbeide systematisk mot hatkriminalitet, sørge for å heve kompetansen om hatkriminalitet blant de ansatte i politiet i sitt distrikt og rapportere om arbeidet som gjøres.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å opprette en nasjonal enhet med koordinerings- og fagansvar for hatkriminalitet.»

Det vert votert alternativt mellom desse forslaga og tilrådinga frå komiteen. Miljøpartiet Dei grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:27 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Petter Eide, Karin Andersen, Solfrid Lerbrekk og Freddy André Øvstegård om å sikre landsdekkende tiltak mot hatkriminalitet – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 92 mot 9 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.04.34)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen vurdere om den eksisterende hatkrimgruppen i Oslo bør få mandat og ressurser til å inneha en mer formalisert rådgivende funksjon for de andre politidistriktene.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget. Sosialistisk Venstreparti har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 78 mot 22 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.04.58)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det gjennomføres systematisk og obligatorisk opplæring om hatkriminalitet i alle politidistrikt.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 64 mot 37 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.05.18)

Presidenten: Sak nr. 7 var interpellasjon.

Votering i sak nr. 8

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt tre forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Åsmund Aukrust på vegner av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Sandra Borch på vegner av Senterpartiet

Det vert votert over forslag nr. 2, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

Ǥ 2 nytt fjerde ledd skal lyde:

Kongen kan gi forskrift om mindre innskrenkende grensejusteringer av grensen der den går gjennom boligeiendommer, eller den av andre grunner medfører større praktiske ulemper for forvaltningen av en eiendom, og justeringen ikke er til nevneverdig skade for friluftsliv, idrett, landbruksinteresser eller naturopplevelse.»»

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 89 mot 12 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.05.57)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Forslaget lyder:

Ǥ 10 nytt sjette ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om adgang til bruk av elsykler i utmark i marka og om bruken av slike sykler. Det åpnes for bruk av elsykler på turveier med grus eller fast dekke, men ikke på stier.

Markakommunene kan vedta forbud på gitte steder eller tider, og maksimal fart skal være 25 km/t».

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart med 64 mot 37 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.06.16)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 3, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

Ǥ 10 nytt sjette ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om adgang til bruk av elsykler i utmark i Marka. Kommunen har myndighet til i forskrift å bestemme at bruk av elektriske sykler ikke er tillatt i bestemte områder eller på nærmere angitte strekninger eller traseer».

Arbeidarpartiet har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 63 mot 37 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.06.43)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande vedtak til

lov

om endringer i markaloven (justeringer av markagrensen m.m.)

I

I lov 5. juni 2009 nr. 35 om naturområder i Oslo og nærliggende kommuner gjøres følgende endringer:

§ 2. Geografisk avgrensning skal lyde:

Lovens geografiske virkeområde (Marka) består av følgende områder: Kjekstadmarka, Vardåsmarka, Vestmarka, Krokskogen, Bærumsmarka, Nordmarka, Lillomarka, Romeriksåsene, Gjelleråsmarka, Østmarka og Sørmarka. Virkeområdet er nærmere avgrenset som det fremgår av Klima- og miljødepartementets digitale kart «Markagrensen».

Kongen kan gi forskrift om at loven skal gjelde for nærliggende områder som har, eller gjennom tilrettelegging eller skjøtsel kan få, tilsvarende verdi for friluftslivet.

Kongen kan gi forskrift om innskrenkende justeringer av markagrensen dersom vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. Arealmangel som følge av utbyggingspress i regionen, utgjør ikke en vesentlig samfunnsinteresse.

Kongen kan gi forskrift om mindre innskrenkende justeringer av grensen der den går gjennom boligeiendommer, eller den av andre grunner medfører større praktiske ulemper for forvaltningen av en eiendom, og justeringen ikke er til nevneverdig skade for friluftsliv, idrett eller naturopplevelse.

I vurderingen av om grensen skal justeres etter tredje eller fjerde ledd kan det legges vekt på om det legges nye egnede områder til Marka til erstatning for området som tas ut.

§ 10 nytt sjette ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om adgang til bruk av elsykler i utmark i Marka og om bruken av slike sykler.

II

Ikrafttredelse

Loven trer i kraft straks.

Presidenten: Det vert votert over § 10 nytt sjette ledd.

Senterpartiet har varsla subsidiær støtte til tilrådinga.

Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet De Grønne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 66 mot 35 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.07.17)

Presidenten: Det vert votert over § 2 andre og nytt fjerde ledd.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 52 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.07.40)

Presidenten: Det vert votert over § 2 nytt tredje og femte ledd.

Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 62 mot 38 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.08.05)

Presidenten: Det vert votert over dei resterande paragrafane og romartala.

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Voteringstavlene viste at 88 representantar hadde røysta for tilrådinga og 2 representantar imot. (Voteringsutskrift kl. 18.08.26)

Presidenten: – Systemet registrerte tydelegvis ikkje alle røystene, så me tek voteringa ein gong til. Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har altså varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 99 mot 2 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.09.09)

Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Overskrifta til lova og lova i det heile vart vedtekne med 90 mot 2 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.09.31)

Presidenten: Lovvedtaket vil verta ført opp til andre gongs behandling i eit seinare møte i Stortinget.

Votering i sak nr. 9

Presidenten: Under debatten har Lars Haltbrekken sett fram eit forslag på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen utforme forslag til en egen lov for å ta vare på Bymarka i Trondheim etter mal fra markaloven.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen. Raudt har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:38 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken, Jon Gunnes og Une Bastholm om egen bymarklov for Bymarka i Trondheim – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart tilrådinga vedteken med 92 mot 9 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 18.10.20)

Votering i sak nr. 10

Presidenten: Under debatten har Lars Haltbrekken sett fram eit forslag på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede vern av følgende vassdrag og komme tilbake til Stortinget med forslag om varig vern av Gjengedalsvassdraget, Skurvedalsåna, Messingåga, Nundalselvi, Tvinna, Vinda og Hovda.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart med 91 mot 10 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 18.10.54)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget vedtek at følgjande vassdrag blir tatt inn i Verneplan for vassdrag:

Objekt

Fylke

Vassdrag

052/3

Hordaland

Øystesevassdraget

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Sak nr. 11 var interpellasjon.

Votering i sak nr. 12

Presidenten: Sak nr. 12 er andre gongs behandling av lovsak og gjeld lovvedtak 43.

Det ligg ikkje føre noko forslag til merknad. Stortingets lovvedtak er dermed godteke ved andre gongs behandling og vert å senda Kongen i samsvar med Grunnlova.