Stortinget - Møte onsdag den 13. juni 2018

Dato: 13.06.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 309 S (2017–2018), jf. Dokument 4:1 (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 6 [15:34:52]

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Melding for året 2017 fra Sivilombudsmannen om forebygging av tortur og annen grusom, umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff ved frihetsberøvelse (Innst. 309 S (2017–2018), jf. Dokument 4:1 (2017–2018))

Talere

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [] (ordførar for sakene nr. 5 og 6): Stortingets ombodsmann for forvaltninga – eller Sivilombodsmannen, som vi ofte omtaler institusjonen som – er den aller viktigaste institusjonen Stortinget har sett ned, nettopp fordi han er oppretta for å ta vare på enkeltmennesket i møte med det offentlege systemet.

Vi skal ikkje gløyme at dette er ei oppgåve som eigentleg ligg til Stortinget og stortingsrepresentantane. Det er vi som skal passe på at folk blir behandla skikkeleg og etter lover og reglar. Vi er alle ombodsmenn og -kvinner for innbyggjarane i Noreg. Men fordi det er såpass komplekst og omfattande, har vi utstyrt oss med eksperthjelp med mandat, ein eigen ombodsmann som skal hjelpe oss i dette viktige arbeidet. Derfor er det spesielt viktig at vi følgjer arbeidet skikkeleg opp.

Sidan etableringa i 1962 har Sivilombodsmannen hatt eit breitt mandat. Institusjonen kan undersøkje dei fleste typar saker og forhold som offentlege myndigheiter har behandla eller avgjort, og kan ta til behandling saker både etter klage og på eige initiativ.

Ombodsmannen har rett til å krevje utlevert alle typar opplysningar. Saksbehandlinga kan ende med at Sivilombodsmannen kjem med ei fråsegn, f.eks. om forvaltninga har brote lovverket, om det bør ytast erstatning, osv.

Som Stortingets forlengde arm og tillitsperson for Stortinget, er ikkje Sivilombodsmannen ein del av forvaltninga sjølv, dermed er ikkje fråsegnene frå Sivilombodsmannen automatisk juridisk bindande. Men Stortinget føreset at forvaltninga skal rette seg etter fråsegnene frå Sivilombodsmannen, noko som tilnærma alltid har blitt gjort. I dei tilfella der forvaltninga ikkje følgjer opp fråsegnene frå Sivilombodsmannen, går det direkte på Stortingets autoritet. Det blir følgt éin til éin.

Rolla til Sivilombodsmannen har ikkje blitt mindre viktig. Eg vil seie at fleire forhold viser at ho blir stadig viktigare. For folk flest blir det jo ikkje enklare å orientere seg i lover og reglar, verken som privatperson, yrkesutøvar, pårørande eller engasjert samfunnsmenneske.

Sidan etableringa av Ombodsmannen har talet på forskrifter meir enn dobla seg, ifølgje tal frå Lovdata. Det mest påfallande med utviklinga er likevel ikkje mengda av forskrifter og reglar, men omfanget, kompleksiteten og språket.

Sidan1877 har staten gitt ut Norsk Lovtidend, som inneheld alle offisielle kunngjeringar av grunnlovsføresegner, lover, forskrifter osv. Her ser vi ei klar utvikling berre dei siste 30 åra. Omfanget av Norsk Lovtidend viser eit hopp på ca. 70 pst. i 1992, og det held seg på dette høge nivået fram til 1996. Fram til 2003 auka omfanget kraftig og har halde seg på det same høge nivået vidare til vår tid. Det er ikkje først og fremst talet på lover som har auka, for gamle lover utgår jo når nye blir vedtatt, men sidetalet i Norsk Lovtidend har auka markant.

Lover og reglar i dette samfunnet blir altså stadig meir komplekse og omfattande. Jan Fridthjof Bernt har tidlegare uttalt at auken i omfanget av lover og reglar – både i mengde og kompleksitet – er i ferd med å bli eit alvorleg samfunnsproblem. Han uttalte i 2013:

«Mengden av forskrifter gjør at det blir stadig vanskeligere å holde oversikten og ta vare på sammenhengen i systemet – både for borgerne og for forvaltningen selv.»

Han påpeikte vidare at språket òg er eit vesentleg problem – at stammespråk, tekniske fagtermar og eit spesialistspråk tilpassa spesialiserte byråkratar pregar regelverket vanlege folk skal rette seg etter.

Ifølgje Lovdata er det ingen teikn til at denne utviklinga har blitt bremsa dei seinare åra – det er snarare motsett, ho fortset med uforminska styrke og kraft. Om vi hadde sett oss ned og sett på kor mange lover og forskrifter ein kystfiskar i dag må rette seg etter for å halde verksemda si under lova, for å unngå bøter og til og med utestenging, ville vi blitt forferda.

Sivilombodsmannen er til for enkeltmenneske i møte med dette stadig større havet av lover, forskrifter og reglar. Kravet til kompetanse og kapasitet hos Ombodsmannen har derfor auka enormt sidan etableringa for over 56 år sidan – kompetanse til å trengje inn i villniset av regelverk, kapasitet til faktisk å ta enkeltmennesket på alvor og ikkje minst drive oppsøkjande verksemd og ta eigne initiativ. Det er i eit slikt perspektiv vi les årsmeldinga frå Sivilombodsmannen for i fjor.

Talet på klagar til Ombodsmannen auka med 16 pst. frå 2016 til 2017 – frå ca. 3 000 til 3 600 klagar. Auken ser vi på fleire felt, men spesielt innanfor psykisk helsevern, utlendingssaker, trygdesaker og innsynssaker.

Av alle klagane blei meir enn halvparten avviste. Halvparten av alle avvisingane kom av at sakene framleis var til behandling i forvaltninga. Vanlege avvisingsgrunnar var at saka var ueigna eller ikkje hadde tilstrekkeleg klagegrunn, eller at saka var forelda eller send som ei orientering.

Av dei realitetsbehandla sakene blei 136 saker avslutta med kritikk eller med ei oppmoding til forvaltninga om å sjå på saka på nytt. Det utgjer 9 pst. av dei realitetsbehandla sakene.

For mange av sakene blir utfallet likevel ofte positivt for den som klagar, ved at saka løyser seg gjennom f.eks. ein telefonsamtale eller eit brev til det aktuelle forvaltningsorganet. Dette var tilfellet i nesten 390 saker, eller om lag 26 pst.

Inntrykket er at forvaltninga gjennomgåande behandlar fråsegnene frå Ombodsmannen skikkeleg og gir informasjon når Ombodsmannen ber om det. Det er fundamentalt for Stortinget. Dersom Sivilombodsmannen ikkje blir mottatt på ein skikkeleg måte, betyr det at Stortinget ikkje blir mottatt på ein skikkeleg måte. Det er viktig for oss på Stortinget, og vi seier oss tilfredse med det.

Samtidig vil eg påpeike at ein på nokre område har enkelte gjengangarar som har vanskar med å følgje påtalar eller oppmodingar frå Sivilombodsmannen.

Eit kjenneteikn ved fleire av sakene Ombodsmannen har trekt fram i årsmeldinga, er at dei ofte handlar om trongsynet hos forvaltninga, kan vi kanskje seie – for å vere litt upresist presis. Den løpande ueinigheita frå 2007, f.eks., mellom Sivilombodsmannen og lovavdelinga i Justisdepartementet om forvaltningslova § 36, er eit eksempel på det. Det har ført til at nokre delar av forvaltninga følgjer fråsegnene frå Ombodsmannen, medan andre følgjer lovavdelinga sitt syn. Det fører til ulike rettar for folk, avhengig av kva saksområde saka høyrer til, eller kva organ som behandlar sakene. Tolkinga til lovavdelinga opnar dessutan for vanskelegare forhold for folks heilt legitime krav om å få dekt kostnader ved klage, f.eks. når forvaltninga etter klagar endrar visse føresetnader og sender klagaren tilbake til start.

Det same gjeld ei utheva sak i årsmeldinga, om bustadregistrering, der foreldra etter eit samlivsbrot hadde kome fram til ei samværsform som dei heldt for å vere til det beste for barnet, men som skattekontoret ikkje aksepterte. Skattekontoret viste til at samværet med barna ikkje var «sporadisk» nok til at det fall inn under forskrift av 9. november 2007 nr. 1268 om folkeregistrering. Denne typen trongsyntheit meiner eg det er veldig viktig at Sivilombodsmannen tar seg av. I den store mengda forskrifter og reglar som finst der ute, er det viktig at ein har nokon som folk kan klage til, som kan kome inn med eit vakse blikk.

På generell basis vil eg understreke at det er fråsegnene frå Sivilombodsmannen som skal leggjast til grunn i forvaltninga. Lovavdelinga eller andre delar av forvaltninga kan vere ueinige, men til sjuande og sist er det fråsegnene frå Sivilombodsmannen, Stortingets tillitsperson, som skal følgjast.

Eg vil elles vise til merknadene frå komiteen og flytte merksemda over til ei særskild sak frå Sivilombodsmannen som vi har til behandling i dag, som ein del av denne behandlinga.

FNs torturkonvensjon slår fast at tortur og umenneskeleg behandling er absolutt forbode, og at dette forbodet aldri kan fråvikast.

Noreg har slutta seg til konvensjonen og er forplikta til å forby, førebyggje og straffeforfølgje all bruk av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Land som er tilslutta tilleggsprotokollen, er forplikta til å etablere nasjonale førebyggingsorgan som gir anbefalingar i arbeidet for å forhindre tortur og umenneskeleg behandling.

Komiteen meiner det er veldig positivt at det er nettopp Sivilombodsmannen som har fått denne rolla i Noreg, og at det er veldig viktig at førebyggingsarbeidet skjer i eit organ som er uavhengig av forvaltninga, og som ikkje minst har tilstrekkelege ressursar og kompetanse til å gjere jobben.

I 2017 har førebyggingseininga hos Sivilombodsmannen fokusert særleg på innsette med psykiske lidingar som oppheld seg i isolasjon på restriktive avdelingar i fengsel. Dette er ei gruppe som ofte blir send fram og tilbake mellom fengselet og spesialisthelsetenesta, og som ofte sit i langvarig isolasjon når dei er i fengsel. Komiteen er samstemd i at oppfølginga for denne gruppa må styrkast, spesielt når fengsla sjølve omtaler forholda dei lever under, som umenneskelege, noko som er ganske sterk kost frå fengsla sjølve. Vi er heilt einige med vurderinga til Sivilombodsmannen, at dei innsette må få eit behandlingstilbod, og at isolasjonen må avbrytast.

Det er spesielt urovekkjande at førebyggingseininga har avdekt ein praksis der isolasjon ofte blir brukt i tilfelle der det er avdekt sjølvmordsfare for den innsette. Årsaka er ofte mangelfull bemanning og eit for svakt helsetilbod i fengsla. Desse funna dokumenterer eit behov for auka bemanning i fengsla og betre tilgang til helsehjelp for dei innsette.

Eit anna tema er forhold rundt ECT, elektrosjokk. Det er spesielt at Sivilombodsmannen har avdekt bruk av elektrosjokk utan samtykke frå pasienten i 2017, og ofte utan å finne noka som helst form for lovheimel. Det er alvorleg. Funna viser ein praksis der pasientar blir utsette for ein høg risiko for umenneskeleg og nedverdigande behandling.

Omfanget i bruk av elektrosjokk er stort – mykje større enn i alle fall eg var klar over. I fleire av tilfella førebyggingseininga undersøkte, var det ikkje klart om dei strenge vilkåra for bruk av nødrett var oppfylte.

Komiteen ønskjer derfor å understreke, som Sivilombodsmannen, at nødrett aldri er eit tilstrekkeleg rettsgrunnlag for å etablere eit behandlingsopplegg som strekkjer seg ut over det som er nødvendig for å avverje ein akutt fare for helsa til pasienten.

Vi meiner derfor at funna gir grunnlag for å få på plass ei kartlegging av bruken av ECT på nødrett i sjukehusa og ein ny gjennomgang av lovverket for å få slutt på ein situasjon der praksis ikkje ser ut til å vere i tråd med føringane lova gir.

Sivilombodsmannen har også funne at fleire sjukehus innan psykisk helsevern hadde ein omfattande bruk av skjerming av pasientane sine. Dette var skjermingstiltak som blir gjennomførte med så avgrensa menneskeleg kontakt at det i realiteten utgjer isolasjon, og det utgjer ein høg risiko for umenneskeleg og nedverdigande behandling. Dette er veldig urovekkjande, og det blir ytterlegare urovekkjande når Sivilombodsmannen fann grunngivinga for skjerming som gjennomgåande mangelfull i veldig mange tilfelle. Her er derfor komiteen klar på at det må gjennomførast tiltak for å sørgje for ein praksis som i størst mogleg grad førebyggjer risikoen for umenneskeleg og nedverdigande behandling.

Eg vil elles takke komiteen for godt samarbeid, og vise til at merknadene i saka er einstemmige.

Dag Terje Andersen (A) []: Takk til saksordføreren for en god presentasjon og grundig gjennomgang av en enstemmig innstilling. Jeg vil understreke det saksordføreren sa om den viktige rollen Sivilombudsmannen har i det norske demokratiet. Norske innbyggere skal, hvis de møter urimelig eller feil saksbehandling, ha mulighet til å klage og få tatt sin sak opp på en skikkelig måte. Det er viktig enten det er snakk om dekning av partskostnader, skattespørsmål, som er omtalt i rapporten, eller byggesaker – det skal være riktig behandling og likebehandling i det norske samfunnet.

Jeg vil knytte noen få kommentarer til den andre delen av rapporten og ansvaret for å følge opp våre forpliktelser med tanke på tortur og annen grusom, umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff ved frihetsberøvelse. Saksordføreren var også inne på dette. Jeg vil bruke to eksempler. Det ene er innsatte med psykiske lidelser og de alvorlige – synes jeg – funnene Sivilombudsmannen har pekt på, og som saksordføreren allerede har vært inne på. Hensikten med at vi får denne rapporten og behandler denne saken, er selvfølgelig at det må gjøre en forskjell. I det tilfellet har vi gitt klart uttrykk for at når det gjelder fengselsomsorgen, må vi ha flere ansatte og flere ressurser hvis vi ikke skal ende i en situasjon der det med rette kan påpekes at vi har kritikkverdige forhold i behandlingen av folk i norske fengsler. Det gjelder både ansatte og helsehjelp.

Dette er det viktig at også fagkomiteene følger opp når vi har den årlige budsjettbehandlingen. Vi har i noen år diskutert effektiviseringskravene som har vært pålagt kriminalomsorgen – og for så vidt også andre samfunnsområder – og påpekt at det i hverdagen i realiteten blir kutt som går ut over kvaliteten på rehabiliteringen av de innsatte. Så her venter vi oss en endring på bakgrunn av det som sies, både fra Sivilombudsmannen og i innstillingen.

En annen sak jeg synes er skremmende og alvorlig, er – som saksordføreren også var inne på – bruken av ECT, altså elektrosjokkbehandling. Stortinget har hatt en klar intensjon med lovgivingen, nemlig at den typen behandling bare skal skje med samtykke, men det kan se ut som om noen har funnet en omvei ved å kalle det «nødrett» og da allikevel foretatt den typen behandling. Det første og viktigste man bør diskutere, er sannsynligvis ikke om loven er god nok. Nei, her handler det om at helseministeren, overfor de forskjellige underliggende sykehusene og helseinstitusjonene, sørger for at dagens lov blir fulgt. Deretter får man eventuelt diskutere om det er grunn til å diskutere loven på et annet grunnlag. Men i utgangspunktet skal den vedtatte loven følges. Det er klart at en så dramatisk behandling som dette innebærer, ikke kan være gjenstand for individuell og lokal tilpassing av den intensjonen Stortinget har slått fast gjennom lov.

Det er grunn til å takke Sivilombudsmannen for et grundig arbeid. Vi setter pris på det bidraget det gir for å ivareta en av våre flotte tradisjoner, nemlig at heller ikke fra statens side skal innbyggere i Norge lide overlast.

Bente Stein Mathisen (H) []: Jeg vil også takke saksordføreren for et grundig arbeid med denne saken. Det er en enstemmig komité som har levert sin innstilling. Men jeg har også lyst til å komme med noen kommentarer.

Sivilombudsmannen har en viktig funksjon i samfunnet vårt, både for den enkelte borger og for samfunnet som helhet. Gjennom Sivilombudsmannen får den enkelte innbygger en mulighet til å få kontrollert gyldigheten og lovligheten av et forvaltningsvedtak av en nøytral og uavhengig instans. Sivilombudsmannen gjør et viktig arbeid når det gjelder å overvåke og kontrollere at forvaltningen respekterer og sikrer menneskerettighetene. I den forbindelse vil jeg understreke verdien av åpenhet i forvaltningen og at offentlighetsloven forvaltes riktig. Sivilombudsmannen har en viktig rolle i denne sammenheng.

I 2014 ble det hos Sivilombudsmannen opprettet en forebyggingsenhet mot tortur og umenneskelig behandling ved frihetsberøvelse. Dette kom som en følge av at Norge vedtok å slutte seg til tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon i mai 2013. Norge har ved dette forpliktet seg til å forby, forebygge og straffeforfølge all bruk av tortur og annen grusom, umenneskelig og nedverdigende behandling eller straff. Sivilombudsmannen med sin uavhengige rolle er et egnet organ til å påse at Norge følger opp det vi har forpliktet oss til med hensyn til menneskerettigheter og frihetsberøvelse.

Sivilombudsmannens forebyggende funksjon er veldig viktig. Gjennom behandling av enkeltsaker bidrar Sivilombudsmannen til holdningsendringer og ny praksis på veldig mange samfunnsområder. Jeg har lyst til å nevne et par eksempler innenfor psykiatrien som er nevnt i rapporten. Det er nevnt av flere her.

Sivilombudsmannens forebyggingsenhet har siden 2017 fokusert særlig på innsatte med psykiske lidelser som oppholder seg i isolasjon på restriktive avdelinger i fengsler. Dette er personer som ofte blir kasteballer mellom fengslet og spesialisthelsetjenesten, og som ofte er i langvarig isolasjon i fengsel.

Sivilombudsmannens vurdering er at syke innsatte må få bedre behandlingstilbud, og at unødig isolasjon må avbrytes. Forholdene som disse menneskene lever under, er ofte umenneskelige og bryter med konvensjoner som vi har forpliktet oss til. Komiteen mener derfor det er viktig å styrke oppfølgingen av psykisk syke fanger med kompetent helsepersonell.

I rapporten vises det til bruk av elektrosjokkbehandling, eller ECT, uten pasientens samtykke – en behandlingsform hvor pasienter utsettes for en høy risiko for umenneskelig eller nedverdigende behandling. Det er et stort omfang av bruk av ECT med begrunnelse i nødrett, og forebyggingsenheten avdekket flere tilfeller hvor det var uklart om de strenge kriteriene for bruk av nødrett var oppfylt. Derfor mener komiteen at disse funnene bør gi grunnlag for å få på plass en kartlegging av sykehusenes bruk av ECT-behandling på nødrett, og at lovverket må gjennomgås for å få en slutt på en situasjon hvor praksisen ikke ser ut til å være i tråd med lovens føringer.

Omfattende bruk av skjerming eller isolasjon, som skjerming ofte er, og bruk av tvang på flere sykehus, er også omtalt i rapporten. Skjermingstiltak som gjennomføres med begrenset menneskelig kontakt, kan oppleves som frihetsberøvelse og utgjør en høy risiko for umenneskelig og nedverdigende behandling. Det er bekymringsfullt at gjennomgående mange funn vedrørende vedtak om skjerming var mangelfullt begrunnet, og at personalet i varierende grad var sammen med pasientene i sånne situasjoner. I komitémerknadene er vi opptatt av at vedtak om skjerming må gjennomføres i tråd med regelverket, og at det må sørges for en praksis som i størst mulig grad forebygger risikoen for umenneskelig og nedverdigende behandling.

Det er flott at forebyggingsenheten har utført så mange grundige besøk rundt om i landet. Besøkene bidrar til viktig forebyggende arbeid når det gjelder håndhevelse av menneskerettigheter i forhold til det Norge har forpliktet seg til. Det er veldig godt å få høre at anbefalingene generelt blir fulgt opp på en grundig og god måte.

Helt til slutt har jeg lyst til å si at jeg synes det er veldig bra at vi har en helseminister som så tydelig og så mange ganger har tatt til orde for å få redusert tvangsbruk og skjerming i helsevesenet. Skjerming og bruk av tvang er en form for frihetsberøvelse som kan oppleves som veldig nedverdigende. Noen ganger er det nødvendig for den enkeltes sikkerhet eller andres sikkerhet. Men det må kun brukes når det ikke er en annen mulighet. Jeg vil i den forbindelse vise til at regjeringen har oppnevnt et utvalg under ledelse av jusprofessor Bjørn Henning Østenstad som skal foreslå en modernisering av tvangsregelverket. Utvalget skal legge frem sitt forslag i løpet av dette året.

Nils T. Bjørke (Sp) []: Eg vil starta med å takka saksordføraren. Eg er heilt einig i framstillinga hans av rapporten, eg vil berre leggja til nokre punkt sjølv.

Byråkratiet veks med denne regjeringa. Trass i at regjeringa har innført ei såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, fortel tala at det motsette skjer. I statleg sektor har det vorte 10 000 fleire tilsette dei fire siste åra under denne regjeringa. Med stadig større byråkrati og meir utfordrande utforming av regelverket er det ei utfordring for innbyggjarane å hengja med. Difor er Stortingets ombodsmann for forvaltninga viktig som institusjon her i landet. Men enno er det ikkje slik at Sivilombodsmannen er langt framme i tankane hjå folk som ynskjer å gje uttrykk for misnøye med forvaltninga. Difor er eg litt usikker på om ein skal ta det som eit positivt eller negativt teikn at talet på klagar aukar. Ein kunne jo håpa at det ikkje var grobotn for klagar i forvaltninga vår, men det er det tydelegvis.

Sivilombodsmannen nyt stor respekt i forvaltninga – og slik skal det vera. Gjennom det siste arbeidsåret har Sivilombodsmannen kome med klare døme på retningslinjer forvaltninga har å retta seg etter i ulike saker. Me treng ein institusjon som heilt fritt og ugildt kan gå inn i saker for å sjå om innbyggjarane har fått det dei har krav på.

Eg vil i årsmeldinga særleg peika på det arbeidet Sivilombodsmannen har gjort når det gjeld vedtak utan namn på sakshandsamaren. Det er viktige moment å peika på, og eg meiner det i rettstryggleikens namn er viktig at forvaltninga i hovudsak har namnet til sakshandsamaren på avgjerder som er tekne i forvaltninga. Me ser fram til det arbeidet Justisdepartementet no går i gang med på dette området innanfor forvaltningslova.

Pengar er til bekymring for fattig og for rik, song Vidar Sandbeck i Pengegaloppen. Sivilombodsmannen har hatt eit arbeid knytt til skatte- og avgiftssaker. Eg er glad for at sivilombodsmannen så klart i årsmeldinga seier at han er særleg aktsam overfor urett som rammar mannen i gata i møte med skatteetaten og ekspertane deira. Skattespørsmål er krevjande for einskilde som ikkje sjølv kan stilla med advokatar som krev høge honorar. Difor har Sivilombodsmannen ei viktig rolle å spela her.

Sivilombodsmannen har initiativrett til å dykka ned i saker dei vil sjå nærare på når det er viktig. Gjennom klagene dei får på sitt bord, kan dei danna seg inntrykk av kva slags saker innbyggjarane våre er misnøgde med. Førarkort og retten til å ha eller ikkje ha førarkort er ei av dei sakene me som stortingsrepresentantar stadig vekk møter når me treffer folk.

Den uroa Sivilombodsmannen gjev uttrykk for, er noko me i Stortinget må ta med oss i det vidare arbeidet for å sikra ei trygg forvaltning av desse sakene.

Så nokre ord om psykiatri og bruk av uturvande tvang, ikkje minst i fengselsvesenet. Ein kan stilla spørsmålet om stadig større fokus på større fengsel, der det vert billigare for kvar enkelt plass, i staden for dei små, spesialtilpassa soningsforholda, som Ulvsnesøy kan vera eit døme på, er med på å gjera at ein bruker tvang. Det vert meir bruk av tvang som kanskje ikkje hadde vore turvande dersom ein hadde meir spesialtilpassa soningsforhold.

Hans Fredrik Grøvan (KrF) []: Ombudsmannens oppgave er å bidra til å sikre at det ikke øves urett fra den offentlige forvaltning mot den enkelte borger. Ombudsmannen har også en viktig oppgave i form av en forebyggende funksjon, for nettopp gjennom sin behandling av enkeltsaker blir ombudsmannens rolle også av holdningsskapende og praksisskapende karakter.

Saksordføreren har på en god måte gjort rede for komiteens innstilling, så jeg skal ikke gå inn på detaljene i den. Jeg vil bare understreke noen få forhold.

Jeg konstaterer at antall saker de senere år har ligget noenlunde stabilt. Det var en liten økende tendens, fra 2 987 i 2013 til 3 128 i 2016. For 2017 har det faktisk vært en økning på hele 16 pst. Økningen har i hovedsak vært på saker innenfor ombudsmannens kjerneområder.

Det er gledelig at det også i år har vært en nedgang i ombudsmannens saksbehandlingstid. Det er det grunn til å merke seg, med et klart positivt fortegn.

Sivilombudsmannen som institusjon gjør et aktivt arbeid også for å bli bedre kjent i befolkningen. Det synes vi er bra, og arbeidet ser også ut til å bære frukter. Jeg vil samtidig gi skryt for at årsmeldingen i seg selv er et godt pedagogisk stykke arbeid som viser virksomhetens arbeid på en god og klargjørende måte. Allerede i den innledende presentasjonen ser vi med all tydelighet Sivilombudsmannens viktighet og relevans.

Årsmeldingen viser at Sivilombudsmannen blir respektert, også av forvaltningen. Det er bra. I all hovedsak blir ombudsmannens vedtak lojalt fulgt opp av forvaltningsorganene. Det er viktig og av stor verdi for dem som dette angår direkte, men – jeg vil føye til – også for samfunnet som helhet.

Tortur og umenneskelig behandling hører ikke hjemme i et sivilisert samfunn. Sivilombudsmannen har her en viktig rolle. Gjennom bl.a. vår tilslutning til FNs torturkonvensjon er vi forpliktet til å forby, forebygge og straffeforfølge all bruk av tortur og annen grusom, umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff. Vi er forpliktet til å etablere et nasjonalt forebyggingsorgan som gir anbefalinger i arbeidet for å forhindre tortur og umenneskelig behandling.

Det at Sivilombudsmannen har denne rollen i Norge, oppleves som viktig og positivt. Det er bra at forebyggingsarbeidet skjer i et uavhengig organ som det Sivilombudsmannen representerer. I rapporten ser vi at det har blitt jobbet med flere viktige saker innenfor helt sentrale temaer, slik som isolasjon av innsatte med psykiske lidelser i norske fengsler, som flere har vært inne på, bruk av ECT, eller elektrosjokk på folkemunne, og bruk av skjerming av pasienter innenfor psykisk helsevern. Dette er ofte svært komplekse temaer som krever høy kompetanse, og hvor det må gjøres krevende vurderinger.

Ikke minst når det gjelder det Sivilombudsmannen tar opp knyttet til isolasjonspreget skjerming innen psykisk helsevern, møter vi noen problemstillinger som krever innsikt og forståelse for de dilemmaer personalet står i. Det er mitt inntrykk når jeg leser Dokument 4:1 at Sivilombudsmannen har gjort kloke og viktige vurderinger i denne saken.

I Sivilombudsmannen har vi en uavhengig og kompetent aktør som sørger for at den enkelte borger ikke utsettes for urett fra forvaltningen. Det er en viktig funksjon å ivareta i et demokrati, og begge rapportene som Stortinget nå har fått seg forelagt, viser at funksjonen forvaltes og ivaretas på en god måte.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sakene nr. 5 og 6.