Presidenten :
Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden
blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter
til medlemmer av regjeringen.
Videre vil presidenten foreslå at
det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til replikkordskifte på
inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen.
Videre blir det foreslått at de
som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får en taletid på inntil 3 minutter.
– Det anses vedtatt.
Knut Storberget (A) [13:00:59 ] (ordfører for saken): Dette
er mitt trumfkort overfor alle dem som argumenterer med at Arbeiderpartiet
liksom har satt seg på Senterpartiets fang i jordbrukspolitikken.
Her har vi et flertall – med unntak av Senterpartiet og SV – som
går inn for å gi regjeringa samtykke til inngåelse av avtale mellom
EU og Norge når det gjelder handel med landbruksvarer – forhandlinger
etter EØS-avtalens artikkel 19.
Jeg skal ikke gå i dybden av dette.
Det har fulgt et tradisjonelt spor. Vi ser at noen av kvoteøkningene
faktisk er mindre enn det vi opplevde ved siste forhandlingsrunde.
Det er bra. Men jeg iler til med en gang og sier at det er en utfordring
for oss når disse kvotene legges oppå hverandre og vi drar dem med,
at kvotene blir så store – særlig for melkeproduksjon, men også
for blomster og kjøtt. Flertallet har også understreket at når det
gjelder disse tollfrie kvotene, bidrar det til å se på virkemidler som
kompenserende tiltak.
Fra Arbeiderpartiets side ser vi
dette i sammenheng med det som skjer med eksportmulighetene, og
særlig det som har skjedd rundt Jarlsberg-ost. Det ser ikke særlig
lyst ut for mulighetene for å kunne drive det i framtida – i hvert
fall ikke med de samme rammebetingelsene – når eksportstøtten fjernes.
Det er behov for å ha en grundig gjennomgang, grundigere enn den
regjeringa har vist, av mulige kompenserende tiltak. Det gleder meg
at et flertall ser ut til å samle seg om et forslag om at dette
må regjeringen komme tilbake til i budsjettet for 2018.
Ove Trellevik (H) [13:03:28 ] : Etter EØS-avtalens artikkel
19 skal me vera med og gjennomgå vilkåra for handel med basis i
landbruksvarer med sikte på å få ein auke i handelen med EU.
For Høgre er det viktig at ein i
forhandlingane søkjer å finna gode løysingar som legg til rette
for handel, samtidig som landbruksinteressene våre vert godt varetekne.
Høgre meiner at regjeringa har lykkast
svært bra, når ein òg tek inn over seg intensjonen i EØS-avtalen
om at ein skal ha ei «gradvis liberalisering», sjølv om me kanskje
kan meina at skritta mot liberalisering går seint.
Før forhandlingane vart norske offensive
interesser overfor EU kartlagde hos eit breitt utval av norske bedrifter
med sikte på å auka norsk eksport. For Høgre er det viktig at me
utnyttar dei eksportmoglegheitene me har, for dei er gode.
På grunnlag av innspel frå aktørane
fremja Noreg krav om eksport på varer der aktørane vurderer eksportmoglegheitene
som svært gode. Forhandlingsresultatet inneber at Noreg har fått
betre marknadstilgang til EU på ei rekkje produkt. Alt i alt er
det oppretta åtte nye kvotar for eksport frå Noreg til EU. Det er
svært flott, både for Noreg og for dei bedriftene som får auka eksport.
I byte har me gjeve EU kvoteauke
på område der me alt importerer. Samtidig opnar den nye avtalen
for noko meir import av matspesialitetar, som også kjem forbrukarane
til gode. Avtalen har eit smalare omfang enn den førre artikkel
19-avtalen, som vart ferdigforhandla under den førre regjeringa.
For ost vert den tollfrie importkvoten
auka med 1 200 tonn til over 8 400 tonn. Importen av ost frå EU
var i 2016 på over 11 400 tonn, dvs. at det er ein stor import av
ost som det vert betalt ordinær toll for, utanom desse tollfrie
kvotane. Dette er på ein måte eit produkt som den norske marknaden
ønskjer. I førre artikkel 19-avtale, som vart inngått av Stoltenberg
II-regjeringa, vart kvoten for importert ost auka med 2 700 tonn.
Nordmenn ønskjer meir av desse produkta, og det er godt at me klarar
å leggja vilkåra til rette for at me får dette til på ein god måte.
I merknadene frå opposisjonen vert
den skeive utviklinga i handelen med landbruksvarer frå EU poengtert,
noko som vart nemnt av saksordføraren. Men det er det som er kjernen
i det å utvikla internasjonal handel. Land spesialiserer seg på
produkt som dei har gode føresetnader for å produsera og er konkurransedyktige
på, i byte med andre produkt frå andre land, som dei ønskjer å tilby
og er gode på.
Dei siste åra er toll på import
av storfekjøt sett ned i lange periodar på grunn av underskot i
den norske marknaden. Kvoteauken er difor avgrensa samanlikna med
eksisterande import og forventa import dei neste åra. Det er i tillegg
gjeve ein avgrensa auke i eksisterande importkvotar for nokre produkt.
Samla sett vert importkvotane for kjøtprodukt auka med over 2 500
tonn. Auken i kvotar for kjøtprodukt var på 3 100 tonn i den førre avtalen,
inngått under Stoltenberg II. Det er slik som saksordføraren seier,
og han var bekymra over at kvotane vert lagde oppå kvarandre. Men
eg meiner det er i tråd med EØS-avtalen at ein skal ha ei auka liberalisering.
Eg synest òg at avtalen er god.
Han tek omsyn til ønska frå forbrukarane om eit breitt og godt utval
av matvarer, og varetek også behovet til det norske jordbruket for
eit godt importvern.
Ifølgje EØS-avtalen kan me ikkje
kopla fisk og landbruksforhandlingar. Mi oppfatning er at dette
burde me teke initiativ til å diskutere med EU og sett om me kunne oppnådd
noko meir, men berre når det gjeld handel. Eg ønskjer ikkje å utfordra
fiskeripolitikken. Men eg ønskjer å utfordra handelspolitikken og
få større marknadstilgang for foredla norsk fisk, spesielt laks,
inn til EU mot at me kanskje kunne ha kjøpt litt meir av det våre
gode forbrukarar ønskjer importert frå EU.
Line Henriette Hjemdal (KrF) [13:08:15 ] : «Norge er et land
i verden», sa Kristelig Folkepartis statsminister Lars Korvald fra
denne talerstolen i 1972. Noen ganger må det opplagte sies. Det
gjelder også for EØS-avtalen. Det er den viktigste handelsavtalen
for norsk næringsliv og utgjør fundamentet for et bredt og omfattende samarbeid
mellom Norge og EU.
EØS-avtalen er et nasjonalt kompromiss
og har mange av kompromissets egenskaper. Den som vil lete etter svakheter,
trenger ikke å lete lenge. På den annen side er det ingen som har
kommet opp med troverdige eller ønskelige alternativer. Det er mye
skrik og lite ull, for å holde meg til landbrukets terminologi.
Som ungdomspolitiker på 1990-tallet jobbet jeg mye for at EØS-avtalen skulle
bli en realitet, fordi jeg mente det var den beste tilknytningen
Norge kan ha til Europa. Det mener jeg den dag i dag, dog med mer
livserfaring og kunnskap.
Artikkel 19 presiserer at økt handel
skal skje på gjensidig fordelaktig basis. Jeg finner det oppsiktsvekkende at
flertallet i innstillingen ikke kan støtte en ambisjon om at det
i de kommende rundene må sikres bedre balanse i utviklingen av handelen
av landbruksvarer. Det får da være måte på å gå stille i dørene.
Artikkel 19-avtalen, som er til
behandling i dag, føyer seg inn i en rekke avtaler som etterlater
seg et inntrykk av ubalanse. Den er muligens ikke så dårlig som
den avtalen den rød-grønne regjeringen presenterte for Stortinget
i 2011, men det er ikke dermed noen grunn til å rope hurra. Men
i stedet for å gråte over spilt melk eller ost vil jeg peke på noen
viktige føringer for framtidige forhandlinger.
For det første må det legges mer
langsiktige perspektiver til grunn når en vurderer tollfrie kvoter.
Det er ikke nok å bygge vurderingene på dagens markedssituasjon. Slike
kvoter innebærer varige, irreversible tap av norske produksjonsmuligheter,
og er det noe Kristelig Folkeparti har respekt for – og kompetanse
om også, vil jeg si – så er det spørsmål om evighetens perspektiv.
For det andre er det stor forskjell
på verdien av tollfrie kvoter. Grovfôrbaserte husdyrprodukter fra
storfe og småfe har større verdiskaping og en viktigere rolle i
sysselsetting og drift av landets jordbruksarealer enn andre husdyrprodukter.
Dette må vektlegges mer i forhandlinger.
For det tredje er jeg bekymret for
at hagedøra for import av potteplante- og hagebruksprodukter nå
er blitt åpnet så mye at det spøker for viktig verdiskaping i norsk
hagebruk. Den store importen av levende plantemateriale utgjør videre
en stor risiko for at det kommer inn nye skadegjørere og plantesykdommer.
Det hviler et stort ansvar på både myndigheter og importører for
å sikre betydelig kontroll av importert plantemateriale.
Avslutningsvis vil jeg peke på komitéflertallets
bestilling til regjeringen om å fremme forslag til kompenserende
tiltak for de produktene som blir særlig rammet av denne avtalen.
Jeg venter i spenning på å se og høre hva dette er.
Geir Pollestad (Sp) [13:11:40 ] (leiar i komiteen): Denne
saka har stor betydning for norsk landbruk og norsk matproduksjon.
Utviklinga har vore at EU sel stadig meir mat til Noreg, stadig
fleire jordbruksvarer til Noreg – ein kraftig vekst. Difor burde
ikkje denne liberaliseringa som det no vert lagt opp til, vera nødvendig. Ho
kjem jo på toppen av dei innrømmingane som er gjevne tidlegare.
Me er altså i den situasjonen at
importen av jordbruksvarer frå EU er stigande. Det utfordrar den
nasjonale produksjonen vår, og det er òg to føresetnader i artikkel
19 i EØS-avtalen som eg meiner ikkje er oppfylte. Det eine er at
det skal skje innanfor ramma av jordbrukspolitikken til partane.
Det andre er at det skal skje på gjensidig fordelaktig basis. Senterpartiet
meiner at ingen av desse vilkåra er oppfylte, og kan difor ikkje
slutta seg til utvidinga.
Når det gjeld dei fleirtalsmerknadene
som Senterpartiet er med på, meiner eg at representanten Hjemdal gjorde
godt greie for dei.
Der hadde eg tenkt å slutta, men
så gjekk talspersonen til Høgre – frå regjeringspartiet Høgre –
på talarstolen og tok til orde for at me no skal kopla fisk og landbruk
tydelegare, at me skal gje større innrømmingar på fiskefeltet, at
me skal ofra jordbruket og jordbruksinteressene for det. Det er
eit linjeskifte, det meiner eg er svært beklageleg, og det er veldig
oppsiktsvekkjande at den utsegna kom i dag. Eg vil tru at representanten
Trellevik ikkje er privatpraktiserande Høgre-politikar, men talsperson
for regjeringspartiet Høgre, og at han dermed òg gjev uttrykk for
det synet regjeringa har. Eg vil be statsråd Bakke-Jensen avklara
det seinare i debatten viss det ikkje er tilfellet.
For det er jo sånn at Høgre-folk
i Noreg er veldig ivrige etter å snakka om koplinga mellom fisk
og landbruk – viss me berre gjev opp tollvernet på jordbruk, vil
me få fritt sal av fisken. Eg trur ikkje det er rett, for viss ein
ser på talet på måltid som norske innbyggjarar et, samanlikna med
talet på måltid som EU-borgarane et, altså dei marknadene ein byter
mot kvarandre, og dei produksjonsmoglegheitene me har innanfor fisk
og oppdrett, trur eg ikkje at EU vil seia: OK, det er greitt – de
fjernar tollvernet på jordbruksvarer, då får de selja fisken tollfritt.
Så enkelt er det ikkje. EU-forhandlingane i 1994 viste at så enkelt
var det ikkje. For skulle me ha meir marknadstilgang, kva var det
då EU skulle ha? Jo, dei skulle ikkje berre ha tollfridom, dei skulle
ha tilgang til våre ressursar, til våre fiskeriressursar.
Eg håper debatten kan avklara at
dette var noko som bobla over, at det var eit snakke-uhell. Viss
dette er uttrykk for eit linjeskifte frå Høgre og ei ny linje i
Noregs forhold til handelspolitikken med EU, er det viktig å få det
avklart, for det er ein stor debatt.
Pål Farstad (V) [13:15:21 ] : Når vi i dag behandler ny avtale
med EU om utvidet handel med landbruksvarer, støtter Venstre forslagene
slik de foreligger.
Det er verd å merke seg at den nye
avtalen gir konsesjoner for varer som det allerede er import på,
men tollfrie kvoter kan ha negative konsekvenser for norsk produksjon
av disse varene. Ved framtidige forhandlinger knyttet til artikkel 19
bør det tas hensyn til at slike konsesjoner kan få negative konsekvenser
for norske primærprodusenter.
Sett i sammenheng med Stortingets
vedtak om å fase ut eksportsubsidier innen 2020 kan økte kvoter
slik det legges opp til her, gi utfordringer for norske melkeprodusenter.
Venstre er opptatt av å gi gode vilkår for norsk landbruk og ønsker
at man skal støtte opp om norske produksjonsmuligheter. I en situasjon
med økt prispress på det norske melkemarkedet er det viktig å stimulere
forbruket av norsk melk. For høy målpris på melk kan redusere det
norske forbruket.
I april behandlet vi jordbruksmeldingen.
I en flertallsmerknad la Venstre vekt på at den statlige andelen av
kvotesalg holdes tilbake inntil det er balanse i markedet.
Venstre mener at EØS-avtalen er
av avgjørende betydning for en god utvikling av norsk næringsliv
– virkelig – i sum også for norske landbruksinteresser. Likevel er
det viktig at vilkårene for handel med landbruksvarer er til gjensidig
fordel, slik artikkel 19 slår fast. Det bør være mulig å oppnå økt
handel uten å la det gå ut over norsk produksjon. Det er det Venstre
ønsker: økt handel og samarbeid innad i EU, som gagner både Norge
og resten av Europa.
Helt til slutt vil jeg gjerne takke
saksordfører Storberget for vel utført arbeid med saken.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [13:17:50 ] : Denne saka handlar
om rammene for norsk matproduksjon. Vi er eit land med høge fjell,
djupe dalar og eit røft klima, og vi produserer mat i nesten alle
kommunar. Vi har eit politisk mål om å produsere mat over heile
landet, og vi meiner at dei som produserer maten vår, skal ha ei
anstendig inntekt. Difor er spørsmål om toll og import viktige.
Vi må ha ein politikk som legg til rette for at det er mogleg å
leve av å produsere mat i Noreg. Vi treng rett og slett eit skikkeleg
importvern.
Vi i SV støttar ikkje denne avtala.
Nationen kallar det å støtte denne avtala å svekkje norsk landbruk
med opne auge. Det er ei vurdering eg deler. Det er eit paradoks
at vi aukar importen av mat samtidig som vi seier at vi ønskjer
å auke matproduksjonen med utgangspunkt i norske arealressursar.
– Få det til å henge på greip.
Denne avtala er basert på at Noreg
har gitt og gitt, utan å få noko tilbake, og avtala har ikkje tatt
inn over seg at Storbritannia er i ein utmeldingsprosess frå EU.
No har vi fått ei avtale som set
det norske hagebruket i spel, fordi det kan importerast såpass mykje
potteplanteprodukt og hagebruksprodukt. Ifølgje Norsk Gartnerforbund
kan dette redusere omsetninga for norske gartneri med så mykje som
100 mill. kr i året. Det er eit stort tap for norsk landbruk.
Her blir det òg gambla med plantevern,
for det er stor risiko knytt til å importere store mengder levande
plantemateriale. Det er veldig viktig at denne auka importen blir
møtt med gode kontrollar av plantene som kjem inn, og at importørar
som påfører skadar, har eit tydeleg erstatningsansvar.
Når denne avtala først får fleirtal,
er det viktig at regjeringa kjem tilbake med tiltak som kompenserer.
Da tenkjer eg spesielt på mjølkeprodusentar.
I dag gir vi ikkje berre frå oss
eit kaotisk jordbruksoppgjer, vi godtar også ei dårleg forhandla
avtale som svekkjer måla for matproduksjonen. Det er ein trist dag for
alle som vil at det skal produserast meir mat med utgangspunkt i
norske ressursar.
Statsråd Frank Bakke-Jensen [13:20:27 ] : Norge er en handelsnasjon,
og handel og investeringer over landegrensene bidrar til å øke vår
levestandard, det former vår næringsstruktur, og det sikrer vår
verdiskaping. EØS-avtalen er en avtale som sikrer markedsadgang
til EU på viktige områder, og det er den viktigste handelspolitiske
avtalen for norsk næringsliv.
Landbruksvarer er i hovedsak unntatt
denne avtalen, men etter avtalens artikkel 19 skal Norge og EU annethvert
år gå igjennom vilkårene for handel med basislandbruksvarer, med
sikte på en gradvis liberalisering av handelen.
Artikkel 19-forhandlingene reguleres
i en egen bestemmelse i EØS-avtalen, uten kobling til andre spørsmål,
som f.eks. sjømat. Og her må jeg bare få lov å skyte inn at representanten
Trellevik kan regne seg som slaktet av sin egen statsråd når det
gjelder akkurat funderingene om kobling av sjømat og landbruk. Det
var så langt fra det som er uttalt politikk fra Høyre, som det går
an å komme. Da håper jeg vi har lagt den død. Vi kan godt bruke
tid på det, det går fint. (Munterhet i salen.)
Avtaleformen er noe som norske landbruksinteresser
bør være veldig godt fornøyd med, for den rammer inn et konkurranseutsatt
landbruk – hvis vi ser det i en europeisk sammenheng – på en veldig
bra måte. Alternativet ville vært et rammeverk hvor vi ikke hadde
noen føringer, ingen skjerminger. Det ville satt norsk landbruk
i en helt annen posisjon og utsatt norsk landbruk for en helt annen
risiko.
Dette er den tredje avtalen som
er inngått i samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen. Den forrige
avtalen ble iverksatt 1. januar 2012. I forhandlingene har regjeringens
utgangspunkt vært å finne løsninger som legger til rette for handel
samtidig som vi ivaretar viktige norske landbruksinteresser. Vi
har lagt vekt på den generelle markedssituasjonen i norsk landbruk
og videre Stortingets vedtak om å fase ut eksportsubsidiene for
landbruksvarer innen utgangen av 2020. Avtalen balanserer etter
regjeringens syn hensynet til norsk landbruk og landbruksproduksjonen
på den ene siden og hensynet til norske forbrukere og mangfoldet
i det norske matmarkedet på den andre siden. Resultatet av artikkel 19-forhandlingene
er godt forankret i norsk landbrukspolitikk.
Jeg merker meg at komiteens flertall,
unntatt Høyre og Fremskrittspartiet, påpeker viktigheten av grovfôrbasert
melke- og kjøttproduksjon for verdiskaping, sysselsetting og utnytting
av arealressursene over hele landet. I avtalen økes kvoten for ost
med 1 200 tonn. Kvoten for kjøttprodukter økes med 2 550 tonn. Vi
har ikke gitt EU konsesjoner for kjøtt av sau og lam.
Vi har altså en avtale som er betydelig
mindre verdifull for EU enn den avtalen som vi forhandlet fram sist. Denne
er smalere og mindre i omfang enn den forrige avtalen.
Det gis konsesjoner for landbruksvarer
der det allerede er import til ordinær toll, eller der det eksisterer
et mer langsiktig importbehov. Videre er det gitt konsesjoner på
enkelte varer som kan bidra til å styrke mangfoldet i det norske
matmarkedet, samtidig som hensynet til avsetningen av norske landbruksvarer
er ivaretatt.
Det er ventet at import gjennom
de nye kvotene i det vesentlige vil erstatte eksisterende import
til full eller nedadministrert toll og ikke erstatte det norske
produksjonsvolumet. Regjeringen forventer derfor ikke større konsekvenser
for arbeidsplasser i landbruket og næringsmiddelindustrien. Erfaringene
fra artikkel 19-avtalen fra 2012, hvor det ble gitt betydelig større
innrømmelser enn i denne avtalen, støtter denne konklusjonen.
I Innst. 336 S for 2016–2017 samtykker
Stortinget til inngåelse av den framforhandlede avtalen. Regjeringen merker
seg samtidig at Stortinget ber om at vi i forslag til statsbudsjett
for 2018 fremmer kompenserende tiltak for tap som produsentene har
ved bortfall av markedsandeler som følge av artikkel 19-avtalen
og utfasingen av eksportsubsidier. Innstillingen peker her særlig på
melkesektoren. For melkesektoren vil jeg understreke at regjeringen
løpende vurderer tiltak og tilpassing i produksjonsvolumet for melk
i takt med oppdatert kunnskap om utviklingen i behov. Dette gjøres
bl.a. i forbindelse med de årlige jordbruksoppgjørene og administreringen
av kvoteordningen for melk. Tilsvarende følger regjeringen markedsutviklingen
nøye også i andre deler av landbruket.
Regjeringen vil selvfølgelig komme
tilbake til dette spørsmålet ved framleggelse av forslag til statsbudsjett for
2018.
Jeg må få lov til å skyte inn at
vi her snakker om forhandlinger og rammer for forhandlinger, og
en forståelse i EU – når vi neste gang skal komme til forhandlingsbordet
– av at eventuelle tap for norsk landbruk automatisk vil kompenseres
i statsbudsjettet, gir oss litt dårligere kort når vi kommer til
forhandlingsbordet, enn om vi hadde gjort som vi vanligvis gjør,
og sagt at dette er noe som tas internt i landbruksoppgjøret.
Presidenten: Presidenten
håper at statsråden ikke har tenkt å gjøre det til en vane å slakte
stortingsrepresentanter.
Statsråd Frank Bakke-Jensen [13:25:22 ] : Nei, det kan jeg
love. Det var et engangstilfelle. Men det gjorde godt.
Presidenten: Det
har presidenten forstått.
De talere som heretter får ordet,
har en taletid på inntil 3 minutter.
Ove Trellevik (H) [13:25:55 ] : Trass i slakt har eg enno litt
taleevne igjen. (Latter i salen.) Men eg var ganske tydeleg på at
det var mi oppfatning eg presenterte, og det var altså slik i den
førre debatten at Lundteigen og Pollestad presenterte ulike syn.
Det at ein kan ha ein liten debatt om ulike syn, forfriskar eigentleg
berre debatten, tenkjer eg.
EU er ein utruleg viktig marknad
for norsk fisk – 80 pst. av fisken vår er avhengig av EU. Vi forhandlar kvotar
inn til EU-marknaden på fisk òg i andre samanhengar. Poenget mitt
er nettopp det eg opplever kvar gong eg er med EØS-komiteen i Brussel
og møter kollegaene mine der nede, då er det eit gnag om at dei
ønskjer marknadsåtgang til Noreg, og at dei kan tilby marknadsåtgang
om me berre vil gje dei det. Det som er poenget mitt, er at me må
prøva å sjå etter gode moglegheiter og gode løysingar, nettopp for
at me skal få betre marknadsåtgang inn til EU for all den eksporten
som me ønskjer å få til. Det er Høgres gode politikk. Me ønskjer marknadsåtgang,
og me jobbar sjølvsagt med dette. Men å gå på akkord med artikkel 19
er aldeles ikkje verken min eller Høgre sin politikk.
Gunnar Gundersen (H) [13:27:33 ] : Jeg vil bare ta ordet til
noen kommentarer, for jeg tror faktisk vi skal gratulere statsråden
med en meget moderat avtale. Det mener jeg. Jeg tror, som i og for
seg representanten Trellevik er litt inne på, at vi kunne møtt atskillig
tøffere krav fra EU. Vi ville da blitt stilt i en litt vanskeligere
situasjon. Det står faktisk i EØS-avtalen at det skal være en gradvis
liberalisering og tilpasning mellom landene, og at det skal være
til gjensidig nytte. Man kan jo observere at vi får ikke alltid
alt som vi vil, hvis det skal være til gjensidig nytte. Jeg leste
en bok av Madeleine Albright en gang, og hun sa: «What you see depends
on where you sit» da hun flyttet fra Kongressen over i administrasjonen.
Da endrer verden seg bare der, og det må man akseptere.
Det jeg synes vi skal anerkjenne
i denne debatten, er at handel er selve fundamentet for norsk velferd.
Hvis vi ikke er villige til å gå inn i diskusjonene rundt hvilke
avveininger som må tas for å utvikle vårt handelsgrunnlag, kommer
vi også til å skade vår framtidige velferdsutvikling. Det synes
jeg ikke debatten her egentlig bærer preg av. Man bør løfte den
opp på det nivået. Da tror jeg vi skal anerkjenne at land må spesialisere
seg. Land må utvikle konkurransedyktighet. Og det er de næringene som
klarer det, som overlever på lang sikt, og som gjør det godt på
lang sikt. Det er nettopp derfor vi også i jordbrukssammenheng har
fokusert på at man må utvikle konkurransekraft ut fra vår situasjon
og våre premisser.
Så litt til det med handel med grønne
potteplanter, for det er ganske typisk for slike handelsdiskusjoner.
De som får en liten ulempe mot seg, overdriver konsekvensene av
belastningene voldsomt. For grønne potteplanter ble kvoten utvidet
fra 3 mill. kr til 7 mill. kr. Bransjen selv sier at norsk produksjon
av grønne potteplanter har økt jamt og stabilt over lang tid. Det
er altså ingen tegn til at det rammer spesielt hardt. For blomstrende
potteplanter gikk kvoten opp med 12 mill. kr til 20 mill. kr. Der
får jeg opplyst at den totale norske blomsterproduksjonen er på
1,3 mrd. kr. Kvoten dreier seg altså om 1 pst. av den totale norske
produksjonen. Det er helt typisk – man overdramatiserer skadevirkningene
voldsomt i slike debatter. Jeg tror ikke det har skadevirkninger
i det hele tatt. Jeg tror det tvert imot er en sunn tilpasning,
og man får et korrektiv i det norske markedet på hvordan bransjen
skal være konkurransedyktig.
Svein Roald Hansen hadde
her overtatt presidentplassen.
Statsråd Jon Georg Dale [13:30:46 ] : Desse artikkel 19-forhandlingane
er utleia av den førre regjeringas arbeid med den såkalla ostetollen,
som gjorde at ein starta opp nye forhandlingar for å få betre balanse mellom
dei norske og dei europeiske posisjonane. Eg er veldig glad for
at fleire av dei partia som var kritiske til forhandlingane undervegs,
i dag sluttar seg til avtalen.
Det er viktig, men det viser òg
eit anna viktig poeng. Når ein gjer det, er det i erkjenning av
at EØS-avtalens artikkel 19, som eit solid fleirtal på dette huset
er for, faktisk medfører gradvis liberalisering av handel med jordbruksvarer.
Det betyr at alle som sit i dette rommet, veit at det kjem til å
kome gradvis i åra framover – aukande handel òg med jordbruksvarer.
Då har vi berre éin måte å handtere dette godt på. Det er ved å
ha ein landbrukspolitikk som faktisk gjer oss meir konkurransedyktige,
for konkurransen vil kome. Difor har denne regjeringa ført ein landbrukspolitikk
som har handla om det. Eg veit at kostnadseffektivitet har vore
eit skjellsord i landbruksdebatten det siste året, men det er av
betydning for konkurransekrafta. Det å utvikle særtrekka sine, slik
at ein kan konkurrere på anna enn berre pris og volum, er eit anna
viktig element. Dette viser at Stortinget tek ansvar for at Noreg
er eit føreseieleg samarbeidsland for EU-landa fordi vi har gjensidig
nytte av handel mellom våre land. Då treng vi òg at dei same partia
som no innser det og stemmer for avtaleforslaget, tenkjer over det
òg i andre landbrukspolitiske diskusjonar.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.
Presidenten vil foreslå at sakene
nr. 5 og 6 behandles under ett. – Det anses vedtatt.