3.1 Sammendrag
Kapittelet tek for
seg dei økonomiske verkemidla på mediefeltet i dag og korleis dei
har utvikla seg over tid. Kapittelet gjer òg greie for korleis ulike
land har innretta mediestøtta si, og for rammevilkåra for allmennkringkastinga
og korleis denne blir finansiert.
Mediepolitiske verkemiddel
har sidan innføringa av pressestøtta vore forankra i eit ønske om
å bevare eit mangfald av medium som ein føresetnad for ytringsfridom
og demokrati. Hovudmålet er å fremje god nyheitsproduksjon og ein
open offentleg samtale og å bevare eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium. Mediestøtta
er forankra i Grunnlova § 100 sjette ledd, som slår fast at «[d]ei
statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst
offentleg ordskifte».
Dei økonomiske verkemidla
til staten omfattar både indirekte verkemiddel som fritak for meirverdiavgift
og direkte verkemiddel som produksjonstilskotet til nyheits- og
aktualitetsmedium. Direkte mediestøtte er i større grad målretta
mot medium som har behov for tilskot, og blir tildelt ut frå kriterium
som skal sikre mangfald. Tilskot blir løyvd over statsbudsjettet.
Indirekte verkemiddel er ordningar som har eit generelt formål, og
som omfattar eit fleirtal av nyheits- og aktualitetsmedia. Den økonomiske
fordelen blir gitt gjennom reduserte avgifter. Til dømes har fritak
for meirverdiavgift for aviser og elektroniske nyheitstenester ein
samla verdi berekna til 2,2 mrd. kroner i 2018.
Allmennkringkasting
er eit eige statleg verkemiddel. Målet er å sikre innhaldsmangfaldet
i kringkastingstilbodet. Som verkemiddel inneber allmennkringkasting
økonomiske fordelar/privilegium til kringkastingsselskap, som til
gjengjeld tek på seg visse plikter med omsyn til innhald.
Tilskotsordninga
for lokale lyd- og biletmedium blei etablert i 1994 og er forvalta
av Medietilsynet. Ordninga omfattar lokalkringkastingskonsesjonærar
og registrerte kringkastarar som tilbyr innhald som i hovudsak rettar
seg mot eit lokalt publikum, nasjonale samanslutningar for lokale
lyd- og biletmedium og anleggskonsesjonærar for lokalkringkasting.
Ulike land har valt
ulike modellar for støtte til pressa og finansiering av allmennkringkasting,
men dei fleste landa i Europa har reduserte satsar på meirverdiavgift for
trykte nyheitsmedium. I tillegg har fleire land ei form for direkte
støtteordningar for pressa.