Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innhold
I meldinga konkluderer regjeringa med at kringkastingsavgifta skal avviklast frå 1. januar 2020, og at NRK frå det same tidspunktet skal finansierast gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Inndekkinga på skattesida vil skje ved at ein reduserer personfrådraget, og at den berekna inntekta ved innføringstidspunktet blir øyremerkt NRK.
For den enkelte skattebetalaren vil modellen ha dei same fordelingseigenskapane som i skattesystemet elles. For skattytarar som i dag betaler kringkastingsavgift, inneber avviklinga av kringkastingsavgifta ei forenkling ved at dei ikkje lenger treng å betale fakturaer frå NRK to gonger i året. Hushald med éin skattytar som i dag betaler kringkastingsavgift, vil få redusert dei samla utgiftene sine med inntil om lag 1 400 kroner, avhengig av om dei i dag får utnytta personfrådraget fullt ut eller ikkje.
Samtidig som kringkastingsavgifta blir avvikla, må det etablerast ei ordning som kompenserer for inngåande meirverdiavgift for NRK. Ordninga vil ikkje innebere nokon netto utgiftsauke for staten samanlikna med situasjonen i dag.
Konsekvensane av omlegginga for kommunane sine skatteinntekter blir teke omsyn til gjennom fastsettinga av dei kommunale skattøyrane i budsjetta for 2020 og seinare år.
NRK sine samla kostnader knytte til innkrevjingssystemet for lisensavgift var 138 mill. kroner i 2018. Regjeringa vil at delar av innsparinga ved nedlegging av lisenskontoret til NRK skal nyttast til å utvide Nasjonalbiblioteket si verksemd i Mo i Rana, noko som vil gi nye arbeidsplassar. Regjeringa vil komme tilbake med eit overslag for kor mange stillingar som kan skapast ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Konkrete planar for satsinga vil departementet komme tilbake til i budsjettet for 2020.
Regjeringa konkluderer med at det skal etablerast faste, langsiktige økonomiske rammer for mediestøtta gjennom eit system med styringssignal. Det vil skje ved at Kulturdepartementet året etter stortingsval legg fram ein budsjettproposisjon om dei økonomiske rammene for høvesvis NRK og den direkte mediestøtta med forslag til fireårige styringssignal. På grunnlag av budsjettproposisjonen vil regjeringa foreslå at Stortinget fattar romartalsvedtak for dei årlege økonomiske rammene til høvesvis NRK og den direkte mediestøtta for desse fire åra. Dersom Stortinget fattar eit slikt vedtak, vil det ha som konsekvens at Stortinget forpliktar seg ut over det enkelte budsjettår. Dette vil styrkje uavhengigheita og føreseielegheita for mottakarane. Innføringa av eit fireårig styringssignal for den samla mediestøtta vil ikkje i seg sjølv ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
Opprettinga av Mediestøtterådet og sekretariatsfunksjonen til Medietilsynet skal dekkjast innanfor budsjettrammene til Kulturdepartementet.
Departementet har bedt Medietilsynet om å kartleggje rammevilkåra for lokalradiodrift og vurdere i kva grad det er grunnlag for å forlengje FM-konsesjonar etter 2021. Dette tiltaket skal dekkjast innanfor budsjettrammene til Medietilsynet.
NRK si økonomiske ramme for åra 2020 til 2022 skal justerast kvart år i takt med pris- og lønnsveksten, minus eit effektiviseringskrav på 0,5 pst. Den økonomiske ramma blir fastsett med utgangspunkt i eit anslag for NRKs inntekter frå kringkastingsavgift i 2019. Endringa av NRK-plakaten ved å ta inn eit punkt om at NRK skal ha eit særleg ansvar for å dekkje tematiske og geografiske blindsoner, vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.
I ein overgangsperiode vil delar av innsparinga NRK har ved den nye finansieringsordninga brukast til å lette omstillingane i mediestøtteordningane. Regjeringa kjem tilbake til bruk av dette i budsjettproposisjonen for 2020. Kva slags økonomiske konsekvensar dette vil ha for dei som får tilskot under den direkte mediestøtta, vil vere avhengig av korleis støtteordningane blir innretta, og korleis Mediestøtterådet fordeler midlane mellom tilskotsordningane.
Komiteen har merket seg omtalen i meldingen av økonomiske og administrative konsekvenser.