Søk

Innhold

4. Skattelette til pensjonister

4.1 Sammendrag

Regjeringa ynskjer at pensjonistar skal ha ei god inntekt å leve av. Regjeringa har auka grunnpensjonen til gifte og sambuande og auka minstepensjonen for einslege. Auka grunnpensjon til gifte og sambuande og auka minstepensjon for einslege bidreg til at minstepensjonistane får ei årleg auking i alderspensjon i 2017 som er høgare enn anslått prisvekst. Pensjonistane har i tillegg fått ei skattelette på om lag 2,5 mrd. kroner under denne regjeringa. Skatteletta utgjer om lag 3 000 kroner i gjennomsnitt per person. Om lag 80 pst. av dette er letter i formuesskatten. No ynskjer regjeringa å gje ei lette i inntektsskatten for alderspensjonistar. Regjeringa foreslår å auke satsen i minstefrådraget for pensjon med 2 prosenteiningar (frå 29 pst. til 31 pst.) og å auke øvre grense frå 75 000 kroner til 81 200 kroner. Skatteletta vil betre inntektsutviklinga for pensjonistar, ei utvikling som har vore god sett over ein lenger periode, sjølv om einskilde av pensjonistane, som mange andre grupper, har fått ein nedgang i realinntekta dei siste åra.

Departementet anslår at provenytapet ved å auke minstefrådraget er om lag 840 mill. kroner påløpt og 170 mill. kroner bokført i 2017.

Departementet viser til endringar i skatteloven § 6-32 fyrste ledd bokstav b og Stortingets skattevedtak for 2017 § 6-1 andre ledd, og foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at forslag om endring i Stortingets skattevedtak behandles i Innst. 401 S (2016–2017) punkt 3.2.1.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg her til regjeringens forslag om endring i skatteloven § 6-32 første ledd bokstav b.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti peiker på at den verkeleg store utfordringa for framtidas pensjonistar er den store ulikskapen i pensjonssystemet. Særlig gjeld dette pensjonen for lågtlønte i privat sektor, men også mange andre vil kunne få det økonomisk vanskeleg når dei blir gamle. Denne medlemen meiner at svaret på dette må vere å gjere dei kollektive pensjonsordningane betre, og ha eit arbeidsliv der folk får anstendige pensjonsavtalar. Med dette forslaget om skattefrådrag for individuell sparing til pensjon forsøker regjeringa å gi inntrykk av at dei gjer noko med pensjonssystemet, mens dei i røynda berre gjer det litt rimelegare å spare til pensjon for dei som har råd til det.

Denne medlemen viser til at regjeringa i tre år på rad har sytt for at pensjonistane taper kjøpekraft, trass i høglydte løfte om det motsette. I tillegg har regjeringspartia blokkert for at trygdeoppgjeret skal behandlast i Stortinget, og på den måten forsøkt å unngå ein ordentlig debatt om denne saka. Særleg har Framstegspartiet drive eit spel, der dei skylder på alle andre sjølv om dei har alle moglegheiter til å rette opp i urettferdigheten om dei ønskjer det. Denne medlemen viser til Sosialistisk Venstreparti sitt alternative statsbudsjett for 2017, der vi foreslo å auke minstefrådraget i pensjonsinntekt til 38 pst. og auke i øvre grense til 77 000 kroner, i kombinasjon med auka ytingar til dei pensjonistane som har minst. Denne medlemen viser til at regjeringa sitt forslag til auka minstefrådrag ikkje vil komme dei med minst pensjon til gode. Det er derfor naudsynt å gjere endringar, slik at dei som har minst kommer betre ut. Denne medlemen går på denne bakgrunnen i mot regjeringa sitt forslag, og viser til egne forslag og merknader i Innst. 401 S (2016–2017).