2.1 Sammendrag
For å kunne finansiere
eit høgt velferdsnivå i åra framover er det heilt naudsynt å gjere
det lønsamt å starte og utvikle nye verksemder. Det er menneske som
torer å ta sjansar og satse på eigne evner, idear og ressursar som
vil skape arbeidsplassar i framtida. Difor trengst det fleire gründerar
som startar nye og lønsame verksemder. Regjeringa er positiv til
tiltak som fremjar etablering og utvikling av nye verksemder.
Målet med ei skatteinsentivordning
med frådrag for langsiktige investeringar er å auke tilgangen på privat
risikofinansiering for selskap i startfasen ved å gjere det meir
attraktivt å investere i oppstartsselskap.
I si behandling
av budsjettet for 2017 vedtok Stortinget samrøystes å be regjeringa
om å utgreie modellar for skatteinsentiv for langsiktige investeringar
i oppstartsselskap, og å leggje det fram i samband med revidert
nasjonalbudsjett for 2017, jf. Innst. 3 S (2016–2017). Eit liknande
oppmodingsvedtak (nr. 88 (2015–2016)) vart fatta på grunnlag av
Innst. 2 S (2015–2016).
Departementet foreslår
ei skatteinsentivordning som inneber at personlege skattytarar som
investerer direkte eller indirekte i aksjeselskap som er seks år eller
yngre og under ein viss storleik, får rett til frådrag
i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege investeringar.
Det er eit vilkår
at investor held aksjane i minst tre år for å få rett til frådraget.
Minste investeringsbeløp er 30 000 kroner. Selskap må ha færre enn
25 tilsette, berekna ut frå årsverk, og verken driftsinntekter eller
balansesum kan overstige 40 mill. kroner. For å motverke skattetilpassing
vert det stilt krav om eit årleg lønsgrunnlag på minst 400 000 kroner
i selskapet, og selskap må dessutan hovudsakleg drive aktivitet
som ikkje er passiv kapitalforvalting. Eit selskap kan ta imot inntil
1,5 mill. kroner i investeringar årleg gjennom ordninga.
Ordninga er utforma
innanfor rammene av det alminnelege gruppeunntaket i EØS-avtalen
sitt regelverk om statsstøtte. Dette inneber at det ikkje er naudsynt
å notifisere EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før ordninga tek til
å gjelde.
Departementet anslår
på svært usikkert grunnlag at frådraget vil gje eit påløpt provenytap
på om lag 330 mill. kroner i 2017. Departementet legg til grunn at
heile provenytapet vert bokført i 2018.
Departementet viser
til framlegg om ny § 6-53 i skatteloven.
Departementet foreslår
at ordninga tek til å gjelde straks med verknad frå og med 1. juli
2017.