13.1 Sammendrag
Frå og med inntektsåret
2017 vart det innført ein finansskatt på løn og overskot i finansiell
sektor. Den viktigaste grunnen for innføringa av ein finansskatt er
at finansielle tenester er unnateke frå meirverdiavgift, sjå grundigare
omtale i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 kapittel
6.
Eitt av elementa
i finansskatten er at skatten på alminneleg inntekt vert halden
fast på 2016-nivå. Det vil seie at skattesatsen på overskot i finansføretak
i 2017 er 25 pst., medan satsen for andre føretak er 24 pst. Som
varsla i Prop. 1 LS (2016–2017) foreslår departementet ei endring
av konsernbidragsreglane for å motverke tilpassingar i form av flytting
av overskot frå finansføretak til andre konsernselskap.
Som utgangspunkt
er alle føretak som har tilsette og som utfører finansielle aktivitetar,
finansskattepliktige. Føretak med høg grad av meirverdiavgiftspliktig,
finansiell aktivitet er unnateke frå finansskatteplikta. Departementet
foreslår ei mindre justering av dette unntaket, som inneber at det
vert betre samsvar mellom finansskatteplikta og meirverdiavgiftsunntaket
for finansielle tenester.
Departementet legg
til grunn at framlegga ikkje får provenyverknader i 2017.
I tillegg til desse
regelendringane vil departementet fram mot budsjettet for 2018 vurdere
moglege endringar i regelverket for å motverke verknadene av uheldige
tilpassingar til finansskatten ved bruk av reglane om fellesregistrering
i merverdiavgiftsloven.
Departementet viser
til framlegg om endring i skatteloven § 10-2 fyrste ledd fyrste
punktum og nytt andre punktum og § 10-3 fyrste ledd nytt andre punktum.
Departementet viser vidare til framlegg om endring i Stortingets
vedtak om finansskatt på løn for 2017 § 2 tredje ledd. Departementet
foreslår at endringane i skatteloven tek til å gjelde straks med verknad
frå og med inntektsåret 2017, og at endringa i Stortingets vedtak
om finansskatt på løn for 2017 tek til å gjelde straks med verknad
for inntektsåret 2017.