14.1 Sammendrag
Departementet gjer
framlegg om unntak frå plikta til å justere kompensert meirverdiavgift
etter merverdiavgiftskompensasjonsloven ved overdraging av bygg,
anlegg eller annan fast eigedom i samband med kommunesamanslåingar
og -delingar.
Regjeringa har starta
ei reform av kommunestrukturen i Noreg. Eit sentralt prinsipp i
reforma er at samanslåingar og -delingar ikkje skal utløyse utgifter
eller prosedyrekrav for kommunane.
Merverdiavgiftskompensasjonsloven
inneheld reglar om rett og plikt til å justere kompensert meirverdiavgift
på anskaffingar til bygg, anlegg og annan fast eigedom, sjå lova
§ 16. Formålet med justeringsreglane er at bruken av bygget m.m.
skal spegle tilknytinga til den kompensasjonsretta verksemda over ein
lenger periode, og ikkje berre på tidspunktet for anskaffinga. Merverdiavgiftskompensasjonsloven sine
reglar om justering inneber at det ved ei bruksendring
eller anna disponering (justeringshending) over bygg, anlegg eller
annan fast eigedom skal skje ein auke eller reduksjon i tidlegare
kompensert meirverdiavgift. Plikta til å justere gjeld i ti år frå
tidspunktet for ferdigstillinga av bygget eller byggetiltaket m.m.
(justeringsperioden).
Overdraging utløyser
som utgangspunkt ei plikt for kommunane til å tilbakebetale (justere)
tidlegare kompensert meirverdiavgift. Justering kan unnlatast dersom
justeringsplikta vert overført til kjøparen av bygget. Eit vilkår
for å kunne overføre justeringsplikta er at det vert laga ein justeringsavtale
med tilhøyrande dokumentasjon av ei rekkje opplysningar. Dette kan
vere administrativt krevjande.
Departementet foreslår
av omsyn til kommunane at det vert fastsett i merverdiavgiftskompensasjonsloven
at overdragingar av bygg m.m. ved kommunesamanslåing og -deling
ikkje er ei justeringshending. Framlegget inneber at fylke og kommunar
som vert slåtte saman eller delte med heimel i inndelingslova §§ 4
og 5, ikkje må justere tidlegare kompensert meirverdiavgift når
kommunen sine bygg, anlegg og faste eigedomar vert overførte til
den nye kommunen eller dei nye kommunane. Framlegget omfattar òg dei
tilfella der bygget m.m. vert overteke av ei avgiftsregistrert eining
i den overtakande kommunen. Endringane medfører at kommunane slepp
å utarbeide justeringsavtalar for å overføre plikta og retten til justering.
Pliktene og rettane etter justeringsregelverket, som til dømes rett
og plikt til å justere ved bruksendringar og overdragingar,
vil etter ei overføring av eigedomane liggje til den eller dei nye
kommunane som har overteke eigedomen. Departementet sitt framlegg
inneber ingen endringar i reglane om justering etter merverdiavgiftsloven.
Departementet viser
til framlegg om endringar i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 16.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks og får
verknad for kommunesamanslåingar under gjeldande reform, som vil
seie med verknad frå og med 1. januar 2017.