15.1 Sammendrag
Utgifter som frittståande
vidaregåande skular har til opplæringa av vaksne elevar utan rett
til vidaregåande opplæring er ikkje omfatta av den generelle ordninga
med meirverdiavgiftskompensasjon for kommunesektoren. I revidert
nasjonalbudsjett 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016), uttala fleirtalet
i finanskomiteen at dei føreset at:
«[…]samtlige skoler
får kompensert for den tapte merverdiavgiftskompensasjonen som følge
av praktiseringen av eksisterende regelverk. Kompensasjonen skal
også gjelde for de krav og avkortninger som fremsettes inntil nytt
regelverk er kommet på plass, og det forutsettes at et slikt nytt
regelverk gjøres gjeldende fra 1. januar 2017.»
I statsbudsjettet
for 2017 vart føresetnadene til Stortinget fylgde opp ved at frittståande
skular fekk auka statstilskot for vaksne elevar utan rett til vidaregåande
opplæring. Samstundes fekk dei frittståande skulane òg rett til
kompensasjon for meirverdiavgiftsutgifter for oppføring og drift
av internatdelen til skulane. Av administrative omsyn vert det gjeve kompensasjon
for elevar med og utan rett til vidaregåande opplæring for internatdelen.
I behandlinga av
statsbudsjettet for 2017 fatta Stortinget eit oppmodingsvedtak (forslag
nr. 14 til Prop. 1 LS (2016–2017) og Innst. 3 S (2016–2017)):
«Stortinget ber
regjeringen sørge for at dekningen av friskolers merverdiavgiftsutgifter
for voksne elever som ikke har rettskrav på videregående opplæring
blir fullt ut kompensert gjennom forhøyet tilskuddssats fra 1. januar
2017.»
Den auka tilskotssatsen
for dei frittståande skulane skulle dekkje meirverdiavgiftsutgiftene
for drift av skulen knytte til elevar utan rett til vidaregåande opplæring.
Meirverdiavgiftsutgifter for investeringar vert i dag ikkje dekte.
For å dekkje dei fulle meirverdiavgiftsutgiftene i samband med både
drift og investeringar for dei frittståande skulane, foreslår departementet
å utvide ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon til òg å omfatte
opplæringa av elevar utan rett til vidaregåande opplæring ved frittståande
skular. Administrative omsyn taler òg for ei slik utviding av ordninga
for meirverdiavgiftskompensasjon. Samstundes foreslår regjeringa
å reversere auken i tilskotssatsen.
Det er intensjonen
til Stortinget at dei frittståande skulane skal få dekte meirverdiavgiftsutgiftene
frå 1. januar 2017. Regjeringa foreslår difor at utvidinga av ordninga
for meirverdiavgiftskompensasjon får verknad frå 1. januar 2017.
Dei som har rett til kompensasjon etter utvidinga kan søkje om å
få dekte meirverdiavgiftsutgifter frå den fyrste halvdelen av 2017
i påfølgjande skattemeldingar for meirverdiavgiftskompensasjon.
Det er anteke at
framlegget om utviding av merverdiavgiftskompensasjonsloven medfører
ein auke i kompensasjonsutbetalingar på til saman 12 mill. kroner
påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2017. Utvidinga vert dekt gjennom
reduksjonar på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, jf. Prop.
129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet
2017.
Departementet viser
til framlegg om endring av merverdiavgiftskompensasjonsloven § 2
fyrste ledd bokstav f og framlegg om ny bokstav g. Departementet
foreslår at endringa tek til å gjelde straks, med verknad frå og
med 1. januar 2017.