Tilrådinga frå komiteen
I og II vert lagt fram av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti.
Tilrådinga frå komiteen
III vert lagt fram av ein samla komité.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget ber regjeringa
gje fiskarane i Måsøy full adgang til fisket etter kongekrabbe frå
og med kvoteåret 2017.
II
Stortinget ber regjeringa
komme attende til Stortinget med ei sak vedrørande konsekvensar
av endring i aktivitetskravet og eventuell utviding av adgangen
til kongekrabbefiske.
III
Dokument 8:7 S (2016–2017)
– Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frank Bakke-Jensen
og Oskar J. Grimstad om å utvide områdeadgangen i det kvoteregulerte
fisket etter kongekrabbe – vert å leggje ved møteboka.