Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Utanriksdepartementet
Dette dokument
- Innst. 85 S (2009–2010)
- Kildedok: Prop. 46 S (2009–2010)
- Dato: 03.12.2009
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Programområde 2 Utanriksforvaltning
- Programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp
- Forslag til løyvingar
- Programområde 2 Utanriksforvaltning
- Programområde 3 Internasjonal bistand
- Kap. 140 Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa
- Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)
- Kap. 161 Næringsutvikling
- Kap. 164 Fred, forsoning og demokratitiltak
- Kap. 166 Miljø og bærekraftig utvikling m.m.
- Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
- Kap. 170 FN- organisasjonar m.m.
- Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
- Merknader frå komiteen
- Tilråding frå komiteen
- Vedlegg
Til Stortinget
Innanfor programområde 2 blir det gjort framlegg om å auke ulike postar med til saman 80,5 mill. kroner og redusere andre postar med 142,5 mill. kroner. Endringane har i hovudsak samanheng med endra tilskot til internasjonale organisasjonar (m.a. FN og EFTA), endringar i utbetalingane under EØS-finansieringsordningane og mindre endringar i departementet sine administrasjonsutgifter, jf. omtale nedanfor.
Innanfor budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 3 blir det gjort framlegg om auka løyvingar på enkelte postar med til saman 356,622 mill. kroner og reduksjonar på andre postar med til saman 191,622 mill. kroner. Samla budsjettramme for utviklingshjelp i 2009 blir etter dette foreslått auka med 165 mill. kroner, av dette 65 mill. kroner i tilleggsløyving til donasjon av vaksiner til utviklingsland og 100 mill. kroner i tilleggsløyving til dekking av auka flyktningutgifter i Noreg (ODA).
Av 266,6 mill. kroner i auka flyktningutgifter (ODA) blir 166,6 mill. kroner foreslått finansiert ved omfordeling frå andre postar på budsjettet, jf. omtale nedanfor. Andre forslag til omfordeling omfattar mindre endringar pga. endra valutakurs og lønsoppgjeret 2009.
65 mill. kroner i donasjon av pandemivaksine til utviklingsland er nærare omtalt i Prop. 2 S (2009–2010) frå Helse- og omsorgsdepartementet og under kap. 170 post 76 nedanfor.
Det er etablert ei stilling som næringslivsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk for styrking av det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord, jf. St.prp. nr. 59 (2007–2008). I samband med dette blir det foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå kap. 118, post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til kap. 100, post 1 Driftsutgifter.
Løyvinga blir foreslått auka med 5,621 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga grunna FNs generalsekretær Ban Ki-moon sitt besøk til Noreg sommaren 2009 og tildelinga av Nobels fredspris til USAs president Barack Obama.
Løyvinga blir foreslått auka med 2,5 mill. kroner.
Utgiftene til kongefamilien sine reiser til utlandet i 2009 blir noko mindre enn tidlegare budsjettert.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1,5 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått redusert med 63 mill. kroner.
Forslaget har i hovudsak samanheng med meir- eller mindreutgifter i pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar, i hovudsak til FNs fredsbevarande operasjonar, EFTA og EFTA-organ og justering av enkelte bidrag til internasjonale organisasjonar pga. endra valutakurs.
Det er behov for mindre budsjettmidlar på grunn av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått redusert med 40 mill. kroner.
Det er behov for mindre budsjettmidlar på grunn av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått redusert med 37 mill. kroner.
Det har vore raskare framdrift og utbetalingstakt i prosjekt under denne ordninga enn tidlegare planlagt.
Løyvinga blir foreslått auka med 77 mill. kroner.
Det blir foreslått omdisponert 1 mill. kroner frå denne posten til finansiering av stilling som næringsutsending ved generalkonsulatet i Murmansk, jf. og omtale under kap. 100 post 1 ovanfor.
Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner.
Det blir foreslått løyvd 3,3 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret 2009.
Det blir foreslått løyvd 1,1 mill. kroner som kompensasjon for lønsoppgjeret 2009.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 77 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Dette er det funne rom for pga. forseinka utbetalingstakt for enkelte avtalar.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 25 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er ledige midler på posten pga. av forseinka framdrift i enkelte prosjekt. Omfordelinga får ikkje konsekvensar for fortløpande prosjekt og program.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er ledige midler på posten pga. at enkelte prosjekt ikkje har kome i gang. Omfordelinga får ikkje konsekvensar for løpande prosjekt.
Disponibel løyving på posten blir foreslått redusert med 4,622 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Bruken av midlane på denne posten er nærare omtala i St.prp. nr. 1 (2008–2009) under kap. 166 post 70.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 9 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er ledige midlar grunna forseinka framdrift i prosjekt knytta til frihandelsavtalar.
Løyvinga på posten blir foreslått redusert med 5 mill. kroner for inndekking av auka utgifter på andre postar under programområde 3. Det er funne rom for dette pga. av forseinka framdrift i enkelte prosjekt.
Dei ODA-godkjende utgiftene til flyktningar i Noreg har auka i 2009. Dette er omtalt under respektive proposisjonar om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Kap./post 3653/1, 3690/3 og 3690/4), Kunnskapsdepartementet (Kap./post 3225/4) og Barne og likestillingsdepartementet (Kap./post 3854/4 og 3856/4) som administrerer tiltaka for flyktningar i Noreg.
Det er rekna med at 266,6 mill. kroner av dei auka flyktningutgiftene kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp, jf. OECD sitt regelverk. Løyvinga på denne posten blir foreslått auka med 266,6 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 65 mill. kroner for donasjon av inntil 10 pst. av Noreg sine pandemivaksiner til utviklingsland gjennom Verdens helseorganisasjon (WHO). Denne løyvinga vil bli refundert Helse- og omsorgsdepartementet som inngår avtale om donasjon med WHO, jf. Prop. 2 S (2009–2010).
I tillegg blir det gjort framlegg om å omdisponere 4 mill. kroner av løyvinga på posten til dekking av auka utgifter på andre postar.
Det blir gjort framlegg om ei netto tilleggsløyving på posten på 61 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 8,6 mill. kroner grunna meirutgifter som følgje av endra valutakurs.
Løyvinga blir foreslått auka med 16,022 mill. kroner grunna meirutgifter som følgje av endra valutakurs.
Det er gitt tilsegn om 150 mill. kroner til Verdensbankens klimafond "Scaling up renewable energy for low-income countries" (SREP) over perioden 2009–2011. Fondet er førebels ikkje operativt og noko av innbetalinga vil først skje i 2010.
Løyvinga blir foreslått redusert med 66 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Janne Fardal Kristoffersen og leiaren Ine M. Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Rannveig Kvifte Andresen, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og frå Kristeleg Folkeparti, Dagfinn Høybråten, viser til den fremlagte proposisjonen og til vedlagt brev fra departementet av 18. november 2009, angående retting til Prop. 46 S (2009–2010).
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Kristelig Folkeparti, har for øvrig ingen ytterligere merknader.
Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det er anskaffet et betydelig større antall vaksinedoser enn behovet i den norske befolkningen. Dette flertallet ber om at departementet vurderer om det er grunnlag for å donere en større andel enn det som er foreslått i denne saken, og eventuelt komme tilbake til Stortinget med forslag om dette.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
100 | Utanriksdepartementet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 1 561 166 000 til kr 1 562 166 000 | |||
103 | Regjeringas fellesløyving for representasjon | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 2 500 000 | |
frå kr 25 035 000 til kr 27 535 000 | |||
104 | Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 1 500 000 | |
frå kr 8 248 000 til kr 6 748 000 | |||
116 | Deltaking i internasjonale organisasjonar | ||
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med | 63 000 000 | |
frå kr 1 137 533 000 til kr 1 074 533 000 | |||
72 | EØS-finansieringsordninga, kan overførast,blir redusert med | 40 000 000 | |
frå kr 986 000 000 til kr 946 000 000 | |||
73 | Den norske finansieringsordninga, kan overførast,blir redusert med | 37 000 000 | |
frå kr 968 000 000 til kr 931 000 000 | |||
74 | Bilaterale samarbeidsprogram med Bulgaria og Romania, kan overførast,blir auka med | 77 000 000 | |
frå kr 115 000 000 til kr 192 000 000 | |||
118 | Nordområdetiltak m.m. | ||
70 | Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast,blir redusert med | 1 000 000 | |
frå kr 280 127 000 til kr 279 127 000 | |||
140 | Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 3 300 000 | |
frå kr 975 761 000 til kr 979 061 000 | |||
141 | Direktoratet for utviklingshjelp (Norad) | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 1 100 000 | |
frå kr 185 836 000 til kr 186 936 000 | |||
161 | Næringsutvikling | ||
70 | Næringsutvikling, kan overførast,blir redusert med | 77 000 000 | |
frå kr 305 962 000 til kr 228 962 000 | |||
164 | Fred, forsoning og demokratitiltak | ||
71 | ODA-godkjende land på Balkan kan overførast,blir redusert med | 25 000 000 | |
frå kr 561 400 000 til kr 536 400 000 | |||
73 | Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast,blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 356 000 000 til kr 351 000 000 | |||
166 | Tilskot til ymse tiltak, | ||
70 | Ymse tiltak, kan overførast,blir redusert med | 4 595 000 | |
frå kr 4 595 000 til kr 0 | |||
71 | Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast, blir redusert med | 9 000 000 | |
frå kr 33 800 000 til kr 24 800 000 | |||
72 | Internasjonale miljøprosessar og bærekraftig utvikling, kan overførast, blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 234 000 000 til kr 229 000 000 | |||
167 | Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, blir auka med | 266 600 000 | |
frå kr 2 266 244 000 til kr 2 532 844 000 | |||
170 | FN organisasjonar m.m. | ||
76 | Tilleggsmidlar via FN-systemet m.m., kan overførast,blir auka med | 61 000 000 | |
frå kr 1 494 200 000 til kr 1 555 200 000 | |||
78 | Bidrag til andre FN-organisasjonar, kan overførast,blir auka med | 8 600 000 | |
frå kr 168 220 000 til kr 176 820 000 | |||
171 | Multilaterale finansinstitusjonar | ||
71 | Regionale bankar og fond, kan overførast,blir auka med | 16 022 000 | |
frå kr 763 300 000 til kr 779 322 000 | |||
72 | Samfinansiering via finansinstitusjonar, kan overførast,blir redusert med | 66 000 000 | |
frå kr 496 500 000 til kr 430 500 000 |
Eg viser til Prop. 46 S (2009-2010) frå Utanriksdepartementet, og vil med dette orientere om at forslaget til vedtak under kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, delvis er oppført med feil beløp.
I Prop. 46 S (2009-2010) er det foreslått følgjande:
"Kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, blir auka med kr 5 621 000, frå kr 1 556 545 000 til kr 1 562 166 000."
Forslaget til samla løyving på posten er rett, men talet som viser løyving hittil i år og talet som viser forslag til auking er feil.
Bakgrunnen for dette er at kr 4 621 000 som kompensasjon for lønsoppgjeret i 2009 er tatt med i forslaget til løyving. Dette beløpet er alt løyvd, og skal ikkje løyvast på nytt no.
Eg viser i denne samanhengen til Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 88 (2008-2009) Om lønnsregulering for arbeidstakere i dei statlige tariffområdet 2009, jf. Innst. S. nr. 350 (2008-2009). Stortinget har gitt Finansdepartementet fullmakt til å fordele løyvinga på 510 mill. kroner under kap. 2315 Lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei av postane i statsbudsjettet som har lønsløyving. Ved brev frå Finansdepartementet til Utanriksdepartementet av 21. september 2009 vart denne fullmakta nytta til å fordele kr 4 621 000 til kap. 100, post 01. Det er difor ikkje naudsynt å løyve midlane på nytt.
Det rette forslaget til vedtak skal derfor vere utforma slik:
"Kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter, blir auka med kr 1 000 000, frå kr 1 561 166 000 til kr 1 562 166 000."
Av same årsak som nemnt over er det også to feil i proposisjonsteksten:
Samla forslag til auke under programområde 02 Utanriksforvaltning skal vere 80,5 mill. kroner, ikkje 85,121 mill. kroner, som det går fram av proposisjonen.
Følgjande setning skal utgå: "Det blir i tillegg foreslått løyvd 4,621 mill. kroner som kompensasjon for lønnsoppgjøret 2009."
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 3. desember 2009
Ine M. Eriksen Søreide |
leder og ordfører |