Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Utanriksdepartementet

Innhold

Til Stortinget

I proposisjonen blir det foreslått endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2008.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar på til samen 8,2 mill. kroner under kap. 100 Utanriksdepartementet, kap. 103 Regjeringas fellesløyving for representasjon og kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet. Under kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar blir det gjort framlegg om ein auke på 8 mill. kroner til tilskot til internasjonale organisasjonar. Det blir vidare gjort framlegg om ein reduksjon på 151 mill. kroner til EØS-finansieringsordninga og Den norske finansieringsordninga, som begge kan overførast, på grunn av forseinkingar i prosjektgjennomføring og innsending av betalingskrav.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 blir det gjort framlegg om omfordeling av 29,2 mill. kroner. Det blir òg gjort framlegg om ein reduksjon av bistandsramma med 21,5 mill. kroner som følgje av at overslaget over utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp, blir redusert.

Komiteen sluttar seg til dei foreslåtte endringane. Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

100

Utanriksdepartementet

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 700 000

frå kr 1 511 863 000 til kr 1 514 563 000

103

Regjeringas fellesløyving for representasjon

1

Driftsutgifter, blir redusert med

2 000 000

frå kr 17 522 000 til kr 15 522 000

104

Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

3 500 000

frå kr 9 232 000 til kr 5 732 000

116

Deltaking i internasjonale organisasjonar

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med

8 000 000

frå kr 1 063 281 000 til kr 1 071 281 000

72

EØS-finansieringsordninga, kan overførast, blir redusert med

31 000 000

frå kr 500 000 000 til kr 469 000 000

73

Den norske finansieringsordninga, kan overførast, blir redusert med

120 000 000

frå kr 650 000 000 til kr 530 000 000

140

Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa

1

Driftsutgifter, blir redusert med

2 384 000

frå kr 893 322 000 til kr 890 938 000

141

Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 300 000

frå kr 171 920 000 til kr 173 220 000

160

Sivilt samfunn og demokratiutvikling

1

Driftsutgifter, blir redusert med

2 500 000

frå kr 33 500 000 til kr 31 000 000

161

Næringsutvikling

70

Næringsutvikling, kan overførast, blir redusert med

15 000 000

frå kr 277 500 000 til kr 262 500 000

163

Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

70

Naturkatastrofar, kan overførast, blir auka med

7 000 000

frå kr 335 000 000 til kr 342 000 000

71

Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast, blir auka med

16 366 000

frå kr 2 175 534 000 til kr 2 191 900 000

166

Tilskot til ymse tiltak

70

Ymse tiltak, kan overførast, blir redusert med

2 116 000

frå kr 2 116 000 til kr 0

72

Internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling, kan overførast, blir auka med

4 500 000

frå kr 461 000 000 til kr 465 500 000

167

Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp

21

Særskilde driftsutgifter, blir redusert med

21 483 000

frå kr 827 476 000 til kr 805 993 000

170

FN-organisasjonar mv.

78

Bidrag andre FN-organisasjonar mv., kan overførast, blir redusert med

7 200 000

frå kr 168 220 000 til kr 161 020 000

Oslo, i utanrikskomiteen, den 3. desember 2008

Olav Akselsen

leiar og ordførar