Stortinget - Møte torsdag den 9. desember 2021

Dato: 09.12.2021
President: Nils T. Bjørke

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Bjørn Unneland

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Den 5. desember 2020 gjekk tidlegare stortingsrepresentant Bjørn Unneberg frå Akershus bort. Juristen Unneberg var frå Stokke i Vestfold, men han og familien sette bu på garden Brudalen i Ullensaker. Det var i lokalpolitikken på Romerike han fyrst tok til å arbeida politisk, fyrst som kommunestyrerepresentant i Ullensaker i tre periodar frå 1959 og seinare som medlem av fylkestinget i Akershus frå 1967 til 1977.

Han hadde ein skarp hjerne og ein god penn og inspirerte mange – særleg dei unge og progressive i Senterpartiet som hadde ein visjon om eit Senterparti som var eit alternativ ikkje berre til venstresida i politikken, men òg til høgresida. At han mobiliserte kraftig rundt seg, er det fleire døme på. Det talar sitt tydelege språk at han før stortingsvalet i 1969 vann nominasjonsstriden i Akershus Senterparti mot sjølve Hans Borgen.

Bjørn Unneberg kom på Stortinget i 1969, og han vart sitjande i to periodar. Den fyrste perioden sat han i kommunalkomiteen, som halvvegs i perioden fekk utvida sitt saksfelt til òg å dekkja miljøvern. Det norske Miljøverndepartementet vart som kjent oppretta i 1972 som det fyrste i verda. I den andre perioden var Unneberg leiar av justiskomiteen.

Unneberg gjorde ein framifrå innsats som stortingsrepresentant, men det er ikkje det han fyrst og fremst vert hugsa for i Senterpartiet. Den intellektuelle internasjonalisten Unneberg var som nemnt òg eit skrivande menneske, særs aktiv i krinsen rundt partiforlaget Cultura, det ideologiske tidsskriftet Senit og Senterpartiet sitt studieforbund, der han var landsstudieleiar.

I 1971 gav Cultura ut Unneberg si bok, «Grønn sosialisme for utkantproletarer», med undertittelen «Noen folkelige grunntanker om frihet, likhet og brorskap i vår tid». Dette var året før folkeavrøystinga om EF i 1972, og det ulma av ny radikalisme, grasrotengasjement og aktivisme langt ut i distrikta og langt inn i Senterpartiet.

Samstundes var det samarbeidet med Høgre som hadde ført Senterpartiet til regjeringsmakt under Lyng i 1963 og Borten i 1965. Men Høgre var ingen alliansepartnar i EF-striden, like lite som leiinga i Arbeidarpartiet var det. Om ein distanserte seg frå Høgre, var det òg lite truleg at dei borgarlege partia ville vinna kampen om regjeringsmakta med Arbeidarpartiet. Alt dette gjorde debatten om Senterpartiet si samarbeidslinje frisk, og debatten kom til å gå gjennom heile 1970-talet med til dels harde interne dragkampar.

Dei som har lese boka, skjønar at Unneberg ikkje var sosialist, men han var heller ikkje begeistra for ein reindyrka kapitalisme. Unneberg aksepterte ikkje at sosialistane skulle ha monopol på solidaritetsomgrepet, og demonstrerte til fulle at også senterpartistar hadde internasjonal orientering. Han var kan henda ein populist i beste meining av ordet. Her må me vel – i denne sal – minna om at det fyrst er dei seinare åra at dette omgrepet har tendert til å verta eit skjellsord.

Unneberg tapte kampen om fyrsteplassen på Senterparti-lista i Akershus i 1977, og han var deretter ein respektert sorenskrivar i Eidsvoll til han vart pensjonist.

Det ville likevel vera heilt feil å seia at Unneberg og det politiske prosjektet han stod for, lei nederlag. Brotet med Høgre i 1990, sentrumsregjeringa etter valet i 1997 og regjeringssamarbeidet med Arbeiderpartiet etter vala i 2005 og 2021 syner at det grodde godt der Unneberg pløgde og sådde. Han vil difor alltid ha ein viktig plass i soga om Senterpartiet si historie.

Me lyser fred over Bjørn Unneberg sitt minne.

Representantane høyrde ståande på minnetalen til presidenten.

Statsråd Emilie Mehl la fram 1 kgl. proposisjon (sjå under Referat).

Presidenten: Representanten Sofie Marhaug vil leggja fram eit representantforslag.

Sofie Marhaug (R) []: På vegne av Bjørnar Moxnes, Marie Sneve Martinussen og meg selv vil jeg legge fram et representantforslag om tilbakebetaling av statens økte strøminntekter for å sikre strømhjelp til alle før jul.

Vi ber om at forslaget hastebehandles etter forretningsordens § 39 andre ledd bokstav c.

Presidenten: Forslaget vil verta handsama etter reglementet.

Presidenten vil gjera merksam på at sak nr. 1 på møtekartet ikkje har vore offentleg i dei 48 timane reglementet krev, jf. § 46 i forretningsordenen. Presidenten vil likevel gjera framlegg om at saka vert teken opp til handsaming.

Ingen innvendingar er komne mot det. – Presidenten ser det som vedteke.

Vidare vil presidenten opplysa om at sak nr. 4, Referat, vil verta handsama før sak nr. 1, og presidenten ber difor representantane om å verta sitjande til referatet er ferdig handsama.