lov
om endringer i yrkestransportloven mv. (drosjetilbud, internkontroll,
kontrollutrustning og tilknytning til sentral)
I
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport
med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:
§ 9 andre ledd skal lyde:
(2) Den som har løyve etter denne føresegna,
skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar kan ikkje vere
knytt til meir enn ein sentral. Løyvehavar skal rapportere
dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å oppfylle
pliktene etter §§ 9 d til 9 e i
denne lova. Løyvehavaren skal sikre at betaling for all løyvepliktig
drosjetransport vert registrert i ei godkjend kontrollutrusting hos
ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til. Bestilling
av og betaling for bestilt drosjetransport skal registrerast automatisk
i kontrollutrustinga. Kontrollutrustinga skal ha fast tilknyting
til motorvogna gjennom fysisk kopling eller på anna sikkert vis
når det går fram av forskrift fastsett av departementet. Løyvestyresmakta kan
gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare
fastsett av departementet i forskrift.
§ 9 a skal lyde:
§ 9 a. Drosjetilbod i enkeltturmarknaden
(1) Fylkeskommunen skal vurdere om
det er eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i
fylket som del av eit heilskapleg transporttilbod.
(2) Fylkeskommunen kan sette i verk
tiltak for å sikre omfang, kvalitet og pris på drosjetenestene i
enkeltturmarknaden dersom det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande
transporttilbod.
(3) Når fylkeskommunen og andre offentlege
innkjøparar inngår kontrakt om drosjetenester, skal dei vurdere
og ta omsyn til dei verknadene kontrakten vil ha på andre delar
av drosjetilbodet og andre delar av transporttilbodet. Før kontrakt
vert lyst ut, skal andre offentlege innkjøparar i dei områda kontrakten
gjeld, høyrast.
§ 9 b skal lyde:
§ 9 b. Einerettar for drosjetransport
(1) Fylkeskommunen kan tildele godtgjersle
eller einerett for å tilby drosjetenester når det er nødvendig for
å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden
i heile eller delar av fylket. Godtgjersle og einerett kan kombinerast.
Fylkeskommunen fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift.
(2) Fylkeskommunen skal avgrense godtgjersla
eller eineretten til eit fast definert område.
(3) Departementet kan, ut frå innbyggjartal
og innbyggjartettleik, i forskrift fastsette område der fylkeskommunen
kan tildele einerett.
(4) Tildeling av einerett eller godtgjersle
som kompensasjon for plikt til offentleg teneste skal skje etter
opne og etterprøvbare prosessar basert på objektive og transpararente
kriterium.
(5) Fylkeskommunen kan tildele einerett
for ein periode på inntil fem år.
(6) Fylkeskommunen kan gjere einerett
gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden.
(7) Drosjeløyvehavarar som har einerett,
kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad i eller
utanfor einerettsområdet.
(8) Drosjeløyvehavarar som ikkje har
einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor område der fylkeskommunen
har tildelt einerett. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett,
kan likevel transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Han
kan og transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein
stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.
(9) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak
eller forskrift gje andre enn den som har einerett, rett til å køyre
i einerettsområdet.
(10) Departementet kan i forskrift
fastsetje nærare reglar om einerettar.
Nåværende §§ 9 b og 9 c blir §§ 9 c og 9
d.
§ 9 d første ledd bokstav d skal lyde:
Nåværende § 9 d blir § 9 e, og overskriften
skal lyde:
§ 9 e. Klageordning og
tilbod til personar med nedsett funksjonsevne mv.
§ 9 f skal lyde:
§ 9 f. Internkontroll og tilsyn
(1) Drosjesentralen skal sørge for
at det vert innført og utøvd internkontroll i eiga verksemd og i
verksemda til løyvehavarane som er knytte til sentralen. Internkontrollen
skal gjennomførast i samarbeid med tilknytte løyvehavarar, arbeidstakarar
og representantane deira.
(2) Internkontrollen skal sikre at
aktivitetane til løyvehavarane og sentralane vert planlagde, organiserte,
utførte og vedlikehaldne i samsvar med krav fastsett i eller i medhald
av gjeldande regelverk for løyvehavarar, sentralar og deira tilsette.
(3) Fylkeskommunen fører nødvendig
tilsyn med at føresegnene om internkontroll, fastsette i eller i
medhald av denne lova, vert etterlevde. Fylkeskommunen kan treffe
vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav
eller etterlever pliktene som følgjer av denne føresegna eller forskrift
om internkontroll i drosjeverksemd. Det skal setjast ein frist for
retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Nåværende § 9 e blir § 9 g og skal lyde:
§ 9 g. Unnatak frå sentralane sine
plikter
Løyvestyresmakta kan gje sentralane unnatak
frå pliktene etter §§ 9 d og 9 e.
Nåværende § 9 f blir ny § 9 h og skal lyde:
§ 9 h. Pålegg om retting
Løyvestyresmakta kan treffe vedtak med pålegg
om retting der sentralen ikkje oppfyller krav og etterlever plikter
som følgjer av §§ 9 c, 9 d og
9 e. Det skal setjast ein frist for retting.
Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Nåværende § 9 g blir ny § 9 i.
§ 12 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve etter §§ 9 og 9 c vert
gjevne av fylkeskommunen.
§ 27 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve etter § 9 c gjeld
utan avgrensing i tid.
II
I lov 26. mai 1995 nr. 25 om gjennomføring
av fellesregler om innenlands transport i EØS-avtalen gjøres følgende
endringer:
§ 2 andre ledd skal lyde:
Når saker som gjelder bestemmelsene i EØS-avtalen nevnt
i første ledd behandles av Europakommisjonen, gjelder § 2 annet,
tredje og fjerde ledd i EØS-konkurranseloven tilsvarende. Dersom
slike saker bringes inn for Underretten ved Den europeiske
unions domstol eller Den europeiske unions domstol til
overprøving, gjelder § 2 første og annet ledd i den nevnte loven.
§ 3 første ledd skal lyde:
Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer
artikkel 5 nr. 2 eller artikkel 6 i EØS-avtalen vedlegg XIII punkt
6 (rådsforordning nr. 11 av 27 juni 1960), eller unnlater å etterkomme
en anmodning etter avtalen artikkel 11 eller 131 om å gi opplysninger
til norske myndigheter, straffes som fastsatt i konkurranseloven
§ 32.
III
Presidenten: Raudt har varsla støtte
til tilrådinga.
Høgre, Framstegspartiet, Venstre, Miljøpartiet
Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.
Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 57
mot 43 røyster.
(Voteringsutskrift kl. 13.55.32)
Presidenten: Det vert votert over overskrifta
til lova og lova i det heile.
Høgre, Framstegspartiet, Venstre, Miljøpartiet
Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.
Votering:
Overskrifta til lova og lova i det heile vart
vedtekne med 59 mot 42 røyster.
(Voteringsutskrift kl. 13.55.52)
Presidenten: Lovvedtaket vil verte
sett opp til andre gongs handsaming i eit seinare møte i Stortinget.