Odd Harald Hovland (A) [14:12:19 ] (ordførar for sakene):
Først vil eg takke justiskomiteen for godt samarbeid. Me behandlar
i dag to proposisjonar som gjeld Schengen informasjonssystem, forkorta
SIS, og det er ein samla komité som legg fram innstilling i begge
sakene.
SIS er eit stort
informasjonssystem som understøttar samarbeidet mellom politi og
grenskontrollmyndigheiter i deira arbeid. Systemet er ein føresetnad
for Schengen-deltaking, og Noreg har vore ein del av systemet sidan
me gjekk inn i Schengen i 2001. I november 2018 vart det vedteke
tre nye rettsaktar om SIS, og desse vert behandla i Prop. 230 S for
2020–2021, med Innst. 132 S for 2021–2022.
Nødvendige lovendringar
som følgje av forordningane vert behandla i Prop. 226 L for 2020–2021,
med Innst. 52 L for 2021–2022, som me no behandlar samtidig.
Rettsaktene inneber
i det vesentlege ei vidareføring av allereie gjeldande rett, men
bruksområdet for systemet vert utvida, og det vert opna for at det
kan leggjast fleire opplysningar inn i systemet enn det som er mogleg
i dag. Vedtak om retur av tredjestatsborgarar utan lovleg opphald
skal i framtida registrerast i SIS. Dette inneber eit nytt bruksområde
for systemet.
I dag kan personar
verte etterlyste for å bringe på det reine kor dei oppheld seg,
eller for å vareta dei av omsyn til eigen sikkerheit. Dette vert
no utvida til at òg enkelte personar som ikkje er sakna, kan verte
registrerte. Barn som risikerer å verte bortførte eller å verte
offer for menneskehandel, tvangsekteskap eller kjønnslemlesting,
kan verte registrerte for å forhindre utreise. Det same gjeld barn
som risikerer å verte involverte eller å verte offer for terrorrelaterte
aktivitetar, verte rekrutterte til væpna grupper eller verte involverte
i kamphandlingar. Sårbare personar som har ein risiko for å verte
utsette for menneskehandel eller kjønnsbasert vald, skal i framtida
òg kunne registrerast med sikte på å hindre utreise, føresett at
nasjonale reglar tillèt slike tiltak.
Grensekryssande
tjuveri og falskneri skal kjempast imot meir effektivt ved at det
vert opna for å registrere fleire stolne eller forfalska gjenstandar
enn det som er mogleg i dag.
Rettsaktene gjev
òg skjerpa krav til medlemsstatane ved at det heretter skal leggjast
inn melding i SIS på personar som har innreiseforbod. Dette har
til no ikkje vore obligatorisk. Det vert òg opna for at fleire opplysningar
om personar skal kunne registrerast til nærmare angjevne formål,
bl.a. avtrykk av handflater, DNA og ansiktsbiometri. Fingeravtrykk
av ukjente personar skal kunne leggast inn med sikte på identifisering,
f.eks. fingeravtrykk frå ein åstad som ein antek tilhøyrer ein antatt
gjerningsmann.
Gjennomføringa
av rettsaktene krev lovendringar og inneber økonomiske konsekvensar
både for investeringar og drift. Godtaking av forordningane vert
også vurdert å vere ei sak av særleg stor viktigheit. Stortingets
samtykke til godtaking av rettsaktene er difor nødvendig etter Grunnloven
§ 26 annet ledd.
Gjennomføring
av forordningane nødvendiggjer endringar i lov av 16. juli 1999
om Schengen informasjonssystem. Det er òg behov for enkelte endringar
i politiregisterloven og i utlendingsloven. Endringsforslaga som
følgje av forordningane er som nemnt omtalt i Prop. 226 L.
Komiteen viser
til at SIS er ein sentral del av Schengen-samarbeidet og antakeleg
det viktigaste internasjonale informasjonssystemet som politiet
har. Dei nye rettsaktene vidareutviklar samarbeidet på område som
dreier seg om grensekontroll, politi og retur og vil kunne gje eit
viktig bidrag til å styrkje kampen mot grensekryssande kriminalitet,
beskytte sårbare personar samt å motverke illegal migrasjon.
Komiteen legg
då fram og tilrår altså godtaking av forordningane. Det skal òg
nemnast at komiteens innstilling er send utanriks- og forsvarskomiteen.
Utanriks- og forsvarskomiteen har slutta seg til justiskomiteens
utkast til innstilling, og elles hadde komiteen ingen merknadar.
Når det gjeld
Prop. 226 L og innstillinga om endringar i SIS-loven mv., inneber
dette at dagens ordning, der SIS-loven gjev ei uttømmande regulering
av alle forhold knytt til den norske delen av SIS, ikkje vert føreslått
vidareført. Ein føreslår i staden at rettsaktene vert inkorporerte
i SIS-loven ved at dei vert gjevne status som lov, samtidig som
den grunnleggjande oppbygginga i SIS-loven vert behalden. I tillegg
vert det gjort mindre endringar i utlendingsloven og i politiregisterloven.
Komiteen tilrår
at lovendringane vert gjorde, og det er ein samla komité som tilrår
det til Stortinget.