Stortinget - Møte tirsdag den 12. mars 2019

Dato: 12.03.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Sak nr. 11 [17:09:26]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helseministeren: «Dei siste 5-6 åra har det blitt tydeleg at musikkterapeutar – som har ei femårig utdanning på universitetsnivå – har ein profesjonskompetanse som brukarane finn relevant, og som helse- og omsorgstenestene har behov for. Eldrehelse, rus og psykisk helse er tre felt der dette er særleg tydeleg. Internasjonal forsking, norske brukarundersøkingar og tilrådingar i nasjonale faglege retningslinjer tilseier at musikkterapi bør vere ein naturleg del av norske helse- og omsorgstenester. Likevel er det førebels ingen systematikk i oppretting av musikkterapistillingar dei fleste stader, og store delar av landet er utan musikkterapitenester i det heile. Kva tiltak vil statsråden ta i bruk for å sikre likeverd i musikkterapitilbod nasjonalt, der den musikkterapeutiske kompetansen blir ein integrert del av tenestene i større grad enn i dag»?

Talere

Kjersti Toppe (Sp) []: Musikk er ein viktig del av livet for dei fleste av oss, men det er framleis ganske nytt å tenkja på at musikk òg er ein nyttig helseressurs. Forsking og praksis i musikkterapi viser at her er det eit potensial som samfunnet kan dra nytte av, og i mykje større grad enn i dag.

Musikkterapiforskarar har vist at musikkterapi kan motivera og ha positiv effekt på både emosjonell og sosial funksjon, også for pasientar som elles er lite motiverte for meir etablerte behandlingsmetodar. Hjerneforskarar har vist at musikken motiverer og engasjerer menneske på ein heilt spesiell måte, m.a. av di musikk stimulerer lystopplevingar og emosjonar, og at musikalske minne i stor grad vert bevarte i hjernen også når språk og andre funksjonar er trua av f.eks. demensutvikling. Med andre ord har det vitskaplege grunnlaget for å ta i bruk musikkterapi som ein ressurs vorte vesentleg styrkt dei siste åra. Vi er biologisk disponerte for å engasjera oss i kommunikasjon gjennom rytme og lyd, og musikk vert òg ein viktig del av både livshistorie, identitet og fellesskap for dei fleste av oss.

Det er difor kanskje ikkje så overraskande at musikkterapi kan vera ein viktig helseressurs i alle fasar av livet. Forskingsmiljøa i Noreg har eigentleg forska på alt frå musikkterapi blant for tidleg fødde spedbarn til musikkterapi for eldre menneske med demens. Da er det rimeleg å venta at musikkterapi i framtida vil vera ein viktig ressurs på mange tenesteområde, men da må vi òg spørja oss om samsvaret mellom denne kunnskapen og situasjonen i helsetenestene på den andre sida. Eg vil utdjupa dette ved å fokusera på musikkterapi og psykisk helse.

I nasjonal fagleg retningslinje for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar står det:

«Musikkterapi fremmer tilfriskning, og behandlingen bør starte i en så tidlig fase som mulig med henblikk på å redusere negative symptomer. Behandlingen må utføres av terapeuter med godkjent utdanning innen musikkterapi.»

Helsedirektoratet har gitt denne tilrådinga gradering A og understrekar at tilrådinga er like relevant for kommunar som for spesialisthelsetenesta. Denne tilrådinga har fått auka relevans, noko som følgjande utvikling viser tydeleg.

Regjeringa gav i 2015 dei regionale helseføretaka pålegg om å utvikla medikamentfrie behandlingstilbod i psykisk helsevern. Helsedirektoratet framheva da kognitiv åtferdsterapi, musikkterapi, fysisk aktivitet og familiesamarbeid som relevante behandlingsalternativ. Det er etablert ein eigen prosedyrekode for musikkterapi. Det er innført pakkeforløp for rus og psykisk helse, der psykoseforløpet vart gjeldande frå 15. februar 2019. Dette forløpet byggjer altså på psykoseretningslinja, der ein har ei sterk tilråding om bruk av musikkterapi. I 2018 vart det òg utarbeidd ein nasjonal behandlingstekst for musikkterapi i psykisk helsevern.

Med så klare nasjonale føringar skulle ein tru at musikkterapi vart gjord langt meir tilgjengeleg for brukarar enn det som var tilfellet da psykoseretningslinja kom i 2013, men dette ser ikkje ut til å vera tilfelle. Den 16. november i år publiserte Hans Petter Solli, som er forskar ved Noregs musikkhøgskole og musikkterapeut ved Lovisenberg distriktspsykiatriske senter, ein kronikk i Dagens Medisin. Solli refererer til den sterke tilrådinga om musikkterapi i psykoseretningslinja og skriv:

«Man skulle tro at en slik anbefaling ville resultere i at flere pasienter fikk tilgang til musikkterapi. I dag, fem år etter anbefalingene ble gitt, er det fortsatt bare rundt 30 musikkterapistillinger i psykisk helsefeltet i Norge. Om lag ti av dem har kommet etter at retningslinjene så dagens lys.»

Etter det eg kjenner til, er mange av dei ti stillingane som Solli her viser til, etablerte i Helse Bergen sitt opptaksområde. Dette viser i og for seg at implementering er mogleg, men det peikar òg i retning av at det er behov for ei nasjonal kunnskaps- og kompetanseteneste, for i Helse Bergen har ein med POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi, koordinert av Universitetet i Bergen, oppnådd noko. I samband med utvikling av psykoseforløp og medikamentfri behandling har helseføretaket, i samarbeid med kunnskapsklynga, gjort eit prinsippvedtak om at det skal vera musikkterapeutar ved alle klinikkar i psykisk helsevern.

Dette vart gjennomført i 2017, og fleire av dei aktuelle klinikkane har utvida musikkterapitilbodet i 2018 ut frå dei erfaringane som er gjorde. Brukarane ønskjer tilbodet, og ein ser at musikkterapi fremjar brukarorienterte og ressursorienterte tenester. Bergen kommune følgjer no opp. Frå 1. januar 2019 tok dei over ansvaret for eit oppfølgingstilbod for pasientar som har hatt musikkterapi som behandling på DPS. Tilbodet er ressursorientert og skal m.a. bidra til auka kulturdeltaking.

Prinsipielt og på sikt er det sjølvsagt sånn at tenestene sjølve må finansiera musikkterapiteneste innanfor dei budsjettrammene som til kvar tid gjeld. Eksempelet frå Helse Bergen viser at det lar seg gjera, men at dette der har skjedd innanfor eit tett fagleg klyngesamarbeid som ikkje er etablert i andre delar av landet. Det er altså ei kjensgjerning at implementering av musikkterapi i andre delar av landet har gått seint og vore tilfeldig, slik at det enno ikkje er etablert ein slags kritisk masse der yrkeskompetansen til musikkterapeutar er kjend og etablert i tenestene på eit minimumsnivå.

Når vi som politikarar skal vurdera om noko kan og bør gjerast med denne situasjonen, meiner eg det er viktig at ein ikkje vert handlingslamma av at psykoseretningslinja inneheld fleire titals tilrådingar, for det kan jo vera grunnar til å følgja opp musikkterapi spesielt. Ser vi nærmare på den reelle situasjonen som ofte er der ute, vil ikkje ein pasient i psykoseforløp ha fleire titals tilrådingar å velja mellom. Forløp og samvalsverktøy vil vera organiserte slik at det vert nokre få hovudval, og da er musikkterapi ein svært aktuell kandidat, noko m.a. erfaringane frå Helse Bergen viser. Men så er altså dette tilbodet fråverande i tenestene i store delar av landet.

I eit notat utarbeidd til helse- og omsorgskomiteen i samband med statsbudsjettet for 2019 skriv Norsk Forening For Musikkterapi at implementering av musikkterapi på landsbasis foreløpig er flekkvis og tilfeldig, og at det i dag er f.eks. 20–30 musikkterapistillingar innan psykisk helse, kommunalt og i spesialisthelsetenesta, mens det burde ha vore 200–300 for at tilbodet skulle vore nokolunde likt fordelt utover i landet.

Foreininga føreslår to tiltak. Det eine er ei tilskotsordning til kommunar og helseføretak i ein overgangsperiode. Det andre er ein nasjonal kunnskaps- og kompetansefunksjon, t.d. ved at Universitetet i Bergen, i samarbeid med Noregs musikkhøgskole, får rammer til å samarbeida med tenestene nasjonalt om kunnskapsformidling, kvalitetsutvikling og praksisnær forsking, slik kunnskapsklynga POLYFON har arbeidd i Bergens-regionen. Eit anna aktuelt tiltak som vert dratt fram, er å skriva inn forventningar om kunnskapsbasert implementering av musikkterapi i oppdragsdokumenta til dei regionale helseføretaka.

Her har eg altså konkretisert behovet for å synleggjera situasjonen når det gjeld musikkterapi og psykisk helse, men musikkterapi er også relevant i mange andre viktige tenesteområde, f.eks. i rusomsorga og i eldreomsorga. Spørsmålet mitt er kva tiltak statsråden vil ta i bruk for å sikra likeverd i musikkterapitilbodet nasjonalt, der den musikkterapeutiske profesjonskompetansen vert ein integrert del av tenestene i større grad enn det som er tilfellet i dag.

Statsråd Bent Høie []: Effekten av musikkterapi er godt dokumentert. Både forskning og erfaring fra pasientarbeid viser at mange har god nytte av slik terapi. Det kan være i demensomsorgen, innen psykisk helsearbeid, ved behandling av rusavhengighet og for mange andre pasientgrupper. Jeg deler derfor representanten Toppes intensjon om å legge til rette for bruk av musikkterapi på landsbasis.

I Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med psykoselidelser står det:

«Musikkterapi fremmer tilfriskning, og behandlingen bør starte i en så tidlig fase som mulig med henblikk på å redusere negative symptomer. Behandlingen må utføres av terapeuter med godkjent utdanning innen musikkterapi.»

Helsedirektoratet viser til at det er god dokumentasjon for at musikkterapi har effekt, og de anbefaler sterkt å ta i bruk ulike former for musikkterapi.

Det er gjort flere undersøkelser som viser at musikkterapi er særlig effektivt for å redusere negative symptomer, og det er studier som viser at virkningen er merkbar et halvt år etter avsluttet behandling. Musikkterapi oppgis å være like effektivt enten det brukes poliklinisk, for pasienter som er innlagt på sykehus, eller som tilbud til pasienter i kommunene.

Musikkterapi er anbefalt i nasjonal faglig retningslinje for rusbehandling, for avrusing og for palliasjon til barn og unge. I retningslinjen for avrusing vises det til at vi Norge foreløpig har svært lite forskning på musikkterapi i rusbehandling. Men effekten antas å være god også for denne gruppen, og det anbefales å bruke musikkterapi til pasienter som ønsker dette.

Vi har ingen statistikk som viser antall musikkterapeuter lokalt eller nasjonalt i Norge, men Norsk pasientregisters oversikt over registrerte tiltak kan gi en pekepinn på utviklingen. Fra 2016 til 2017 økte antall registreringer for bruk av musikkterapi fra 2 300 til 2 700, og antall pasienter som får musikkterapi, økte fra 498 til 536.

Norges musikkhøgskole og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen har etablert musikkterapiutdanning på mastergradsnivå, de har tilbud om etter- og videreutdanning, forskeropplæring på doktorgradsnivå, og de har etablert aktive forskningssentre.

I tillegg tilbyr Nord universitet mastermodul i musikkbasert miljøbehandling. Temaet inngår i bachelor sykepleie ved universitetet. Den nye videreutdanningen Kunst og kultur i helse og omsorg er ett av flere tilbud i Nasjonalt opplæringsprogram i miljøbehandling med integrert bruk av musikk, sang og bevegelse.

Både eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen og jeg er opptatt av at alle mennesker skal kunne delta og oppleve mestring, også når helsen svikter. Musikkbasert miljøbehandling er derfor løftet fram i kvalitetsreformen Leve hele livet, som kommunene er i full gang med å innføre.

Musikk er en helseressurs i hverdagslivet. Systematisk bruk av musikk og sang i miljøbehandling kan øke mestring og velvære og dempe angst og uro. Musikk kan både være en del av miljøterapeutenes arbeidsområde og gis som et tilbud som krever spesialisert musikkterapikompetanse. Ved å bruke musikk i behandlingen blir menneskers egne ressurser mer aktivert, og vi vet at mange pasienter kan redusere medisinbruken. Det er også dokumentert redusert bruk av tvang.

Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse har laget opplæringsprogrammet ABC Musikkbasert miljøbehandling. Programmet, som bl.a. er basert på Demensplan 2020, er rettet inn mot ansatte i helse- og omsorgstjenesten. Helsepersonell og miljøarbeidere lærer hvordan de kan bruke sang og bevegelse i eldre- og demensomsorgen og integrere musikk og sang i miljøbehandlingen.

Det er satt i gang en interessant studie ved sykehjem i Oslo og Trondheim blant personer med demens og beboere som får smertebehandling. Studien skal se på om musikkbasert miljøbehandling kan redusere smerte og bedre aktivitet og livskvalitet hos pasientene. Det blir spennende å se om musikkterapi kan bidra til et bedre liv for disse pasientene.

Musikk og sang har stor betydning i miljøbehandling. Det har vi flere eksempler på. Ved Feviktun bo- og omsorgssenter i Grimstad kommune ble sang og musikk tatt systematisk i bruk for noen år siden. Tiltaket har ført til større oppmerksomhet på beboernes egne ressurser, og arbeidsdagen er blitt mer interessant og variert for de ansatte. En av beboerne har fått fjernet tvangsvedtak etter at musikkbasert miljøbehandling ble tatt inn i den daglige omsorgen. Det er blitt betydelig mindre uro og aggresjon og dermed mindre bruk av tvang.

Helseforetakene og kommunene har ansvaret for planlegging og drift av tjenestene på hvert sitt nivå. Når det gjelder vurdering og valg av terapiform, er det ansvarlig behandler som beslutter dette i samråd med pasientene. Som helseminister finner jeg det ikke riktig å gå inn i spørsmålet om valg av behandlingsform. Gjennom Helsedirektoratets anbefalinger har tjenestene et godt faglig grunnlag for å velge musikkterapi og legge godt til rette for bruk av musikkterapi i tjenesten.

Kjersti Toppe (Sp) []: Eg vil takka statsråden for innlegget. Det er positivt at statsråden deler intensjonen bak interpellasjonen om å leggja meir til rette for musikkterapi i heile landet. Eg òg tok opp i mitt innlegg at det no er godt dokumentert – musikkterapi er med i fleire faglege retningslinjer, og det representerer ei anna form for behandling, som kan ha større effekt enn tradisjonell behandling.

Så lytta eg etter det statsråden meiner er svaret på korleis ein skal få musikkterapi tilgjengeleg i heile helsetenesta, og ikkje berre på enkelte område. Det svaret kunne eg ikkje høyra. Det har rett nok vore ein liten auke, og det skulle berre mangla, men mi uro er at dette er eit tilbod som er fråverande i mange delar av helsetenesta, òg sett ut frå geografi. Ein er avhengig av lokale eldsjeler, at det er system og kunnskapsklynger lokalt, og det er mange område som bør ta dette i bruk, som ikkje har tatt det i bruk, f.eks. innan demens, palliasjon og rus. Der er det eit enormt stort behov, men det har ikkje enno vorte ein kultur for å prioritera slike stillingar.

I den debatten som var da vi hadde eit representantforslag i 2017 om å implementera musikkterapien i helseføretaka, viste òg statsråden til miljøbasert behandling. Eg er jo positiv til ei satsing på å læra opp eksisterande helseprofesjonar i bruk av musikk, men musikkbasert miljøbehandling er noko anna enn å utvida ordninga med musikkterapeutar. Det er ikkje anten eller – vi treng begge delar. Parallelt med at ein kan få til musikkbasert miljøbehandling ute må ein ha ei ordentleg satsing på spesialisert kunnskapsbasert bruk av musikk som ein helseressurs. Det svarte ikkje statsråden på i svaret sitt. Eg håpar at statsråden kan komma inn på kva regjeringa vil gjera for musikkterapi som eit likeverdig tilbod.

Statsråd Bent Høie []: Jeg oppfatter at vi er enige om målet. Jeg mener også at dokumentasjonen viser at musikkterapi er viktig for flere pasienter, og at det er en del av de nasjonale faglige retningslinjene.

Det er mange ulike former for terapi og behandling som er en del av de nasjonale faglige retningslinjene, uten at vi i Helse- og omsorgsdepartementet og politisk ledelse går inn og har egne planer for de ulike formene for terapi. Det vi har gjort, som skapte til dels sterke negative reaksjoner fra fagmiljøet, er å stille et absolutt krav om at det skal være et medikamentfritt behandlingstilbud innen psykisk helse i alle regionene. Det tror jeg bl.a. har vært med på å fremme musikkterapi for den gruppen pasienter som representanten var opptatt av.

Jeg opplever også at innen behandlingstilbudet til rusavhengige i spesialisert tverrfaglig rusbehandling – ved en rekke av de private/ideelle institusjonene som tilbyr det – er musikkterapeuter ansatt, og musikkterapi er en del av behandlingen. Men jeg opplever nok at det er riktig at det er de som har ansvaret for den faglige delen av behandlingen, som vurderer hvilken type kompetanse og terapi som skal tilbys pasientene, selvfølgelig basert på det som er nasjonale faglige retningslinjer, der også musikkterapi for enkelte pasienter er anbefalt.

Nils T. Bjørke hadde her teke over presidentplassen.

Karin Andersen (SV) []: Takk til interpellanten for å ta opp dette temaet.

Jeg merker meg at statsråden er ganske klar på at musikkterapi gir god nytte, og at han antar at det også kan gi god nytte sjøl der det ikke er forskningsmessig belegg for det. Sjøl har jeg mest erfaring med det fra eldreomsorgen, og da ikke som terapi, men som det statsråden var inne på, nemlig bruk av sang og musikk i hverdagen. Det er bra, men noe litt annet, eller noe som i så fall må komme i tillegg.

Statsråden nevner at det er mange typer behandling og pålegg i de nasjonale faglige retningslinjene, og det er riktig. Men akkurat på dette området tror jeg det fremdeles er slik som interpellanten Kjersti Toppe sier, at dette ikke er godt faglig forankret og kjent i alle fagmiljøene, og at det derfor kan være viktig om man fra statlig hold går ut med mer informasjon, ikke minst til pasientene, om denne muligheten. Jeg er ganske sikker på at det er veldig mange pasienter som ikke vet at dette er en mulighet.

Statsråden nevnte også den motstanden som til dels har vært mot de medikamentfrie tilbudene som er vedtatt i tverrfaglig rusbehandling, og jeg kjenner til det. Jeg kjenner også til at pasienter der har ønsket dette, men ikke fått det. Det synes jeg er ganske alvorlig, for jeg har – som statsråden sikkert også vet – tatt opp flere interpellasjoner knyttet til alvorlige skader og bivirkninger av medikamenter, både av vanlige terapeutiske doser og av at man medisinerer bivirkninger i stedet for å se hva det er som egentlig fører til symptomene. Det kan være de medisinene man får.

Når det gjelder mange av de pasientene som er i langvarige behandlingsløp, enten det er somatikk, psykiatri eller rusbehandling, er veldig mange av dem kjennetegnet ved et veldig høyt medikamentforbruk. Da blir det en sjølstendig begrunnelse å få ned medikamentbruken, og hvis vi vet at dette er en type behandling og terapi som kan bidra til det, kan det virkelig være en vinn-vinn-situasjon. Jeg gjentar at skadene av feilbruk, men også skadene av vanlig medikamentbruk og ikke minst den skadelige medisineringen av bivirkninger som vi ser, er større enn vi vet om, og det er noe vi har anerkjent.

Jeg ser at dette kan være en mulig måte å redusere medikamentbruken på som kan ha dobbel helseeffekt, så jeg vil spørre statsråden: Kan han i sitt sluttinnlegg si noe om hvordan pasientene sjøl skal kunne vite om at dette er en behandlingsmulighet som de kan vurdere at de kan ha nytte av, og hvordan de skal kunne etterspørre den – særlig hvis det er motstand i fagmiljøene mot å prioritere dette eller å prioritere medikamentfrie behandlinger?

Geir Sigbjørn Toskedal (KrF) []: Dette er en interpellasjon som jeg setter stor pris på, så jeg vil takke interpellanten. Jeg vil også takke statsråden for det som er kommet fram til nå.

Når det gjelder musikkterapi ute i kommunene, er det – ved siden av en budsjettkamp, der det blir stadig mer krevende innen helse- og omsorgstilbudet – et par andre forhold som jeg opplever. Det kan være mangel på kunnskap om hva musikkterapi består i. Så jeg forutsetter at det kommer inn i den statlige informasjonen rundt om til kommunene.

Det andre er at jeg også har opplevd en viss profesjonskamp, om musikkterapi kan være nødvendig, for en ser ofte på musikk som underholdning. En ser på det som noe unyttig eller som en luksus, litt etter smak og behag. Men musikkterapi er en profesjon der musikken inngår som en instrumentell bruk av musikk, og det er noe ganske annet enn å spille et instrument eller å lage lyd. Det krever faglig kunnskap, spesialisert for de målgruppene en har foran seg. Jeg kjenner til den faglige bakgrunnen for musikkterapi innen dette fagområdet, både på Sandane og i Oslo.

Det kan brukes til eldrehelse. Det kan brukes innen rus og psykisk helse. Jeg kjenner også til det fra fengsler. Det kan brukes innen skole og PP-tjeneste, og det kan settes inn i mer allment kulturarbeid. Der kan en gi behandling til barn som trenger det, til funksjonshemmede, til syke og til eldre. Derfor er dette litt grenseoverskridende – mellom oppvekst, kultur og skole og helse og omsorg. Jeg håper at kommuner som strever med å skaffe hele stillinger, kan greie å utnytte dette på en god måte.

Musikkterapi skal ikke være et fritidstilbud, det skal være et behandlingstilbud. Jeg har selv hatt gleden av å ansette og å jobbe med musikkterapeuter i 15–20 år i musikkskolen og kulturskolen på Karmøy. Vi har hatt bred erfaring i å se hvilke resultater det gir. Det skaper livsglede, det gir høydepunkt i en vanskelig tilværelse for mange. Det er en ufarlig tilnærming til pasienter eller til elever som har spesielle behov, og det styrker den mentale helsen. En opplevelse hos en musikkterapeut kan sitte i ganske lenge etter den opplevelsen en har skapt sammen.

Et annet forhold som kan være viktig i vår tid, er at musikkterapeuten også kan ivareta viktige deler av vår kulturarv i sitt repertoar. Det kan være vuggesanger, folkesanger, viser, sanger og salmer, som en ikke minst i behandlingen av demente ser hvordan en kan lokke fram igjen og skape en ny tilværelse for folk som ellers kan være passivisert. Jeg har sett effekter, resultater og den livsglede dette kan gi, i tillegg til at en gir vitaminer, medisiner og annen god behandling.

Jeg vil avslutte med å tilrå at musikkterapi kommer sterkere inn i bildet videre framover. Og ja, jeg ser endog for meg at det kunne kommet på resept.

Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til dei som tok ordet. Det å kunna få musikkterapeutar på resept er kanskje det som må til for at vi skal få fleire av dei.

Eg høyrer statsråden i sitt andre innlegg visa til at det er mange forskjellige former for behandling, musikkbehandling, og det er forskjellige former for terapi. No handlar denne interpellasjonen om musikkterapi, og det er definert kva det er. Eg vil òg understreka at i nasjonal fagleg retningslinje for psykosebehandling står det presisert at dette handlar om ei behandling som vert utført av terapeutar med godkjend utdanning innan musikkterapi. I den prosedyrekoden for musikkterapi som er utarbeidd, vert det òg presisert at da snakkar vi om musikkterapeut med godkjend femårig høgare utdanning i musikkterapi. Dette er jo ikkje det same som musikkbasert miljøbehandling. Begge delar er viktig, men eg opplever no igjen at når vi politisk snakkar om å få inn fleire musikkterapeutar i helsetenesta som ein ressurs, svarer ein politisk med at vi skal ha musikkbasert miljøbehandling. Det synest eg at vi skal slutta med, vi skal ha begge delar.

I 2017 var det 300 musikkterapeutar, 20–30 innan psykisk helse. Dersom vi skal følgja dei nasjonale faglege retningslinjene, krev det minst 300 berre der. I tillegg kjem behovet for musikkterapi innan rusbehandling, avrusing osv., som det var snakk om her, og det er eit stort behov innan demensomsorg. Ein treng det òg innanfor andre område enn helsetenester – eg tenkjer på i barnevern, kriminalomsorg og enkelte tilfelle innanfor rehabilitering. Nevrorehabilitering er eit slikt område.

Alle er jo for musikkterapi, og å ha musikkbasert miljøbehandling er òg alle for – ingen er imot. Det er òg det som er dilemmaet, for vi har eit tilbod som no verkar etter å verta implementert ute, til pasientane sitt beste, men eg opplever nok at ein framleis manglar den politiske viljen til å setja i gang tiltak som gjer at det vert lettare å få desse stillingane ut i heile landet.

Statsråd Bent Høie []: Jeg er helt enig med interpellanten i at det ikke er noe motsetningsforhold mellom musikkterapi utført av musikkterapeuter på den ene siden, som en helt egen type behandling som ikke minst er anbefalt i spesialisthelsetjenesten innenfor psykosebehandling, og det å tilby musikkbasert miljøbehandling f.eks. i pleie- og omsorgstjenesten. Det er ikke det samme, men likevel synes jeg det er nødvendig å snakke om begge deler når vi tar opp dette temaet, fordi det også er noen som prøver å skape et inntrykk av at musikkbasert miljøbehandling er at sykepleiere og andre underholder og synger. Det er det ikke. Det er systematisk, kunnskapsbasert bruk av musikk i miljøbehandlingen.

Jeg er opptatt av at musikkterapi skal være et tilbud for pasientene. Representanten Andersen tok nettopp opp betydningen av at pasientene er klar over denne muligheten. Jeg mener at et av tiltakene som nå innføres som følge av pakkeforløp innen psykisk helse og rus, nettopp vil kunne bidra til dette gjennom at det nå blir sånn at pasientene gir systematisk tilbakemelding på den behandlingen de tilbys. Hvis denne behandlingen ikke har effekt, skal helsetjenesten snakke med pasientene om alternative behandlingsformer som er anbefalt i de nasjonale retningslinjene. I de nasjonale retningslinjene ligger bl.a. musikkterapi som en del av anbefalingene. Jeg håper at det vil bidra til at både behandlerne, behandlingsinstitusjonene og også pasientene blir mer oppmerksomme på dette behandlingsalternativet, som for enkelte pasientgrupper er veldokumentert, mens vi for andre pasienter har mange positive erfaringer som pasientene selv har delt med oss.

Presidenten: Då er debatten i sak nr. 11 avslutta.