Stortinget - Møte fredag den 6. februar 2004 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Sak nr. 3
Interpellasjon fra representanten Olav Akselsen til nærings- og handelsministeren:
"Den kraftforedlande industrien i Noreg har utvikla seg til å vera ei av dei viktigaste næringane i landet. Denne industrien sysselset i dag om lag 22 000 menneske, og er ei svært viktig næring for distrikta og for mange underleverandørar i Noreg. Tilgang på nok kraft til konkurransedyktige prisar har vore avgjerande for denne utviklinga. Dei gamle kraftkontraktane vert no gradvis fasa ut, og industrien må kjøpa kraft til ein marknadspris som er vesentleg høgare enn for dei ein konkurrerer med ute i verda. Prisauken i den norske kraftmarknaden kan føra til at kraftprisane blir meir enn dobla - for nokre verksemder tredobla, til dømes for Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) og verksemder i Mo i Rana. Alt tyder på at denne industrien er inne i ei krevjande tid, med stadig hardare konkurranse og uvisse knytt til uavklara miljøkrav.
Kva vil statsråden gjera for å unngå nedbygging av den kraftforedlande industrien i Noreg framover?"
Talere
- Hovedinnlegg
- Hovedinnlegg