18.1.2 Komiteens merknader
Komiteen viser til
Dokument 1 (2023–2024) kapittel 18 om Nærings- og fiskeridepartementet.
Komiteen merkar
seg at statsrekneskapen for Nærings- og fiskeridepartementet i det
vesentlege er riktig avlagt og presentert. Komiteen registrerer
at auken i driftsutgifter og nybygg og anlegg for 2022 i hovudsak
kjem av at forvaltninga av Statens direkte økonomiske engasjement
(SDØE) vart overført frå Olje- og energidepartementet til Nærings-
og fiskeridepartementet i 2022. Komiteen registrerer
at inntektspostane til Nærings- og fiskeridepartementet for 2022
er betydeleg høgare enn utgiftspostane. Driftsinntekter omfattar
inntektsføring av driftsresultatet på 528,7 mrd. kroner frå Statens
direkte økonomiske engasjement (SDØE). Dette er inntekter som inngår
i netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, og som vert overført til
Statens pensjonsfond utland.
Komiteen tek til
etterretning at Nærings- og fiskeridepartementet har gjeve tilfredsstillande
forklaringar på alle postar der rekneskapen avvik vesentleg frå løyvinga.
Det største avviket mellom budsjett og rekneskap på departementet
sitt område i 2022 var utlån. Innovasjon Norge har lånt ut 4 mrd.
kroner mindre enn budsjettert, Eksportkredittordninga 1,4 mrd. kroner mindre
og Eksportfinansiering Norge 0,4 mrd. kroner mindre.
Komiteen tek til
etterretning at ubrukte midlar frå 2022 på departementet sitt ansvarsområde
vart overførte i samsvar med løyvingsreglementet sine føresegner.
Komiteen merkar
seg at Riksrevisjonen har gjennomført revisjon av 45 årsrekneskap
på departementet sitt ansvarsområde. Alle årsrekneskapane for departementet
og underliggjande verksemder er riktig avlagt med unntak av rekneskapen
frå Brønnøysundregistra, der 113,6 mill. kroner i tilbakebetalt
overkompensasjon frå to kompensasjonsordningar for verksemder som
er økonomisk ramma av koronatiltak, er feilaktig godskrivne tilskotskapittelet
og difor gjev feil klassifisering i løyvingsrekneskapen.
Komiteen viser til
omtalen av Stortingets føresetnader for gebyrfinansiering av offentlege
tenester i kapittel 1.5 om tverrgåande saker i denne innstillinga.