Søk

Innhold

2. Finansdepartementet

2.1 Viktige oppgaver i 2022

Sammendrag fra Prop. 1 S (2021–2022) Finansdepartementet

Nokre av dei viktigaste oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2022, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken, er å arbeide med:

  • Koronapandemien

  • Statens pensjonsfond

  • Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

  • Fornye, forenkle og forbetre.

Ein viser til kap. 2 i proposisjonen for nærare omtale.

Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.

2.2 Oppfølging av anmodningsvedtak

Sammendrag fra Prop. 1 S (2021–2022) Finansdepartementet

Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021 og alle vedtak frå tidlegere sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2020–2021) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 580 S (2020–2021) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2019–2020 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det samstundes med rapporteringa her gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022 eller i Meld. St. 1 (2021–2022). I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst i desse dokumenta.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Oversikt over oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering vert avslutta (Ja/Nei)

2020–2021

23

Statens obligasjonsfond – moglegheit for auka fleksibilitet

Ja

2020–2021

104

Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten

Nei

2020–2021

146

Vindkraft – vurdere endringar i skattlegginga

Ja

2020–2021

147

Vindkraft – vurdere lokal kompensasjon

Ja

2020–2021

163

Vurdering av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar

Ja

2020–2021

173

Endringar i regelverket om godkjenning av campingbilar

Ja

2020–2021

176

Forslag til ei ordning med differensiert tvangsmulkt

Nei

2020–2021

190

Mellombels ordning for utsatte skatteinnbetalingar

Ja

2020–2021

233

Sikring av inntektsgrunnlaget for hestesporten i Noreg

Ja

2020–2021

329

Vurdering av grensehandel

Ja

2020–2021

547

Tilskot ved avbroten permittering

Ja

2020–2021

555

Mellombels ordning for utsatte skatteinnbetalingar

Ja

2020–2021

580

Vurdering av grensehandel

Ja

2020–2021

621

Innføring av pensjon frå fyrste krone

Ja

2020–2021

658

Tiltak som kan avhjelpe situasjonen med ekstraordinært høge strømutgifter

Ja

2020–2021

761

Tilskot ved avbroten permittering

Ja

2020–2021

791

Klimaavgift på norsk kjøttproduksjon

Ja

2020–2021

795

Avgift på avfallsforbrenning

Ja

2020–2021

849

Endring av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar

Ja

2020–2021

1141

Skattlegging av internasjonale selskap

Ja

2020–2021

1174

Utval om kontantane si rolle i samfunnet

Nei

2020–2021

1176

Samarbeidsløysingar for sparebankar

Nei

2020–2021

1177

Kapitalkrav for norske sparebankar

Nei

2020–2021

1250

Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader

Nei

2019–2020

554

Fiskal avgift på fiskeria

Ja

2019–2020

692

Konkret forslag om kontonummerportabilitet

Ja

2019–2020

693

Vurdering av digitale sentralbankpengar

Ja

2019–2020

694

Utrede om Finansklagenemnda kan få utvida mandat

Ja

2019–2020

707

Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø

Nei

2019–2020

784

Reiarlagskatteordninga

Nei

2019–2020

785

Endringar i regelverket for campingbilar

Ja

2018–2019

45

Solidarisk alkoholpolitikk

Nei

2018–2019

404

Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar

Ja

2018–2019

424

Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning

Ja

2017–2018

868

Finansskatt – omlegging der finansskatt på løn vert fjerna

Ja

2016–2017

48

Land-for-land rapportering

Nei

2016–2017

1040

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Nei

Komiteens merknader

Komiteen viser til oversikten ovenfor, som viser hvilke anmodningsvedtak som gjelder Finansdepartementets fagområde. Det vises videre til omtalene av de ulike anmodningsforslagene i proposisjonen. Det vises til kontroll- og konstitusjonskomiteens behandling av Meld. St. 4 (2021–2022) for behandlingen av oppfølgingen av anmodningsvedtak.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til regjeringens rapportering på ulike anmodningsvedtak i budsjettproposisjonen. Flertallet tar i denne innstillingen ikke stilling til realiteten i de enkelte forslagene eller regjeringen Solbergs konklusjon om videre rapportering eller ikke. Det vil bli gjort ved behandling av Meld. St. 4 (2021–2021).