Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Prop. 27 S (2018–2019) om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Utanriksdepartementet, og Prop. 28 S (2018–2019), kap. 480, om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Justis- og beredskapsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 113 S (2018–2019)
- Kildedok: Prop. 27 S (2018–2019) og Prop. 28 S (2018–2019), kap. 480
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
1. Sammendrag
Samandrag – Prop. 27 S (2018–2019)
Under programområde 2 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å redusere løyvingane med 517 mill. kroner. Av dette gjeld 62 mill. kroner lågare kontingentutgifter til internasjonale organisasjonar (kap. 116) og 455 mill. kroner gjeld mindreutgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117).
Under programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om å auke enkelte postar med til saman 232,2 mill. kroner og redusere andre postar tilsvarande. Nye overslag viser at ODA-godkjende flyktningutgifter i Noreg blir 200,2 mill. kroner lågare enn budsjettert for 2018. Mindreutgiftene blir i denne proposisjonen foreslått omdisponerte til m.a. næringslivstiltak, humanitær hjelp, hjelp til sårbare statar og regionar, og tiltak for fred, helse og klima.
I tillegg blir det gjort framlegg om at Noreg deltek i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken.
Programområde 2 Utanriksforvaltning
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 62 mill. kroner. Den delen av kontingentane som er klassifisert som utviklingshjelp (ODA) etter OECD sine retningslinjer blir løyvd under kap. 170 post 78.
Kap. 117 EØS-finansieringsordningane
Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast og Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 med 225 mill. kroner og post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021 med 230 mill. kroner.
Programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp
Kap.161 Næringsutvikling
Post 70 Næringsutvikling, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 100 mill. kroner.
Kap. 162 post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar
Post 70 Overgangshjelp/sårbare statar og regionar, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner, fordelt som følgjer:
-
Sahel-regionen gjennom FNs fredsbyggingsfond – 20 mill. kroner
-
International Organization for Migration (IOM) – 5 mill. kroner
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner slik at kjernebidraget til IOM i 2018 blir totalt 15 mill. kroner.
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 34,1 mill. kroner.
Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati
Post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast og Post 74 Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på post 73 Andre ODA-godkjende OSSE-land med 12 mill. kroner og redusere løyvinga på 74 Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar med 12 mill. kroner.
Kap.166 Klima, miljø og fornybar energi
Post 72 Klima og miljø, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner, fordelt som følgjer:
-
FNs organ for katastrofeførebygging (UNISDR) – 10 mill. kroner
-
Verdsbankens globale fasilitet for katastrofeførebygging og gjenreising (GFDRR) – 10 mill. kroner
Løyvinga til GFDRR for 2018 er på 13 mill. kroner. Det blir foreslått å auke bidraget med 10 mill. kroner som vil inngå i årets addendum til den eksisterande avtalen.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 200,2 mill. kroner.
Kap. 169 Global helse og utdanning
Post 70 Global helse, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 14 mill. kroner.
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 76 FN og globale utfordringar, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 25 mill. kroner.
Post 78 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 20 mill. kroner.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner.
Andre saker
Afrikabanken – reallokering av aksjar og forslag om norsk deltaking
Som følgje av at enkelte ikkje-regionale medlemsland ikkje har oppretthalde krava til betaling av årlege kapitalinnskot, gjer Afrikabanken (AfDB) ei reallokering av tildelte aksjar.
Forslag til romartalsvedtak:
Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken mellom ikkje-regionale medlemer, basert på ein pro-rata fordeling. Det inneber forplikting til å innbetale UA 90 000 i 2019 og ein auke i den norske garantiramma til AfDB med UA 1 400 000. UA tilsvarer kursen for SDR (Special Drawing Rights). 1 SDR = 11,71 kroner per 20. november 2018.
Samandrag – Prop. 28 S (2018–2019), kap. 480
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
Post 50 Tilskot
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 vart løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot auka med 53 mill. kroner. Løyvinga vart ved ein inkurie ikkje fordelt internt på Svalbardbudsjettet.
Departementet foreslår derfor desse endringane på Svalbardbudsjettet:
Kap. 3, post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre blir foreslått auka med 27 mill. kroner. Kap. 7 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak blir foreslått auka med 26 mill. kroner. Det blir foreslått at kap. 7 post 30 blir påført stikkordet «kan overførast», sidan dei planlagde tiltaka vil bli sluttførte i 2019.
2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, lederen Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Hans Andreas Limi og Christian Tybring-Gjedde, fra Senterpartiet, Steinar Ness, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, fra Venstre, Solveig Schytz, og fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet 2018 for Utenriksdepartementet, jf. Prop. 27 S (2018–2019).
Komiteen viser videre til endringene foreslått under kap. 480 Svalbardbudsjettet i Prop. 28 S (2018–2019).
3. Komiteens tilråding
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonene og rår Stortinget til å gjøre følgende
I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter |
|||
116 |
|
Deltaking i internasjonale organisasjonar |
|
|
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, vert redusert med |
62 000 000 |
|
|
frå kr 1 349 500 000 til kr 1 287 500 000 |
|
117 |
|
EØS-finansieringsordningane |
|
|
77 |
EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast, vert redusert med |
225 000 000 |
|
|
frå kr 787 554 000 til kr 562 554 000 |
|
|
78 |
Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast, vert redusert med |
230 000 000 |
|
|
frå kr 659 155 000 000 til kr 429 155 000 |
|
161 |
|
Næringsutvikling |
|
|
70 |
Næringsutvikling, kan overførast, vert auka med |
100 000 000 |
|
|
frå kr 385 300 000 til kr 485 300 000 |
|
162 |
|
Overgangshjelp/sårbare statar og regionar |
|
|
70 |
Overgangshjelp/sårbare statar og regionar, kan overførast, vert auka med |
25 000 000 |
|
|
frå kr 350 000 000 til kr 375 000 000 |
|
163 |
|
Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar |
|
|
70 |
Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast, vert auka med |
34 078 000 |
|
|
frå kr 4 677 202 000 til kr 4 711 280 000 |
|
164 |
|
Fred, forsoning og demokrati |
|
|
73 |
Andre ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast, vert auka med |
12 000 000 |
|
|
frå kr 405 500 000 til kr 417 500 000 |
|
|
74 |
Sikkerheitssektorreform (SSR) og fredsoperasjonar, kan overførast, vert redusert med |
12 000 000 |
|
|
frå kr 87 700 000 til kr 75 700 000 |
|
166 |
|
Klima, miljø og fornybar energi |
|
|
72 |
Klima og miljø, kan overførast, vert auka med |
20 000 000 |
|
|
frå kr 1 050 200 000 til kr 1 070 200 000. |
|
167 |
|
Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA) |
|
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, vert redusert med |
200 244 000 |
|
|
frå kr 1 027 675 000 til kr 827 431 000 |
|
169 |
|
Global helse og utdanning |
|
|
70 |
Global helse, kan overførast, vert auka med |
14 002 000 |
|
|
frå kr 3 233 916 000 til kr 3 247 918 000 |
|
170 |
|
FN-organisasjonar m.m. |
|
|
76 |
FN og globale utfordringar, kan overførast, vert auka med |
25 000 000 |
|
|
frå kr 222 300 000 til kr 247 300 000 |
|
|
78 |
Pliktige bidrag til FN-organisasjonar mv., kan overførast, vert redusert med |
20 000 000 |
|
|
frå kr 235 000 000 til kr 215 000 000 |
|
171 |
|
Multilaterale finansinstitusjonar |
|
|
71 |
Regionale bankar og fond, kan overførast, vert auka med |
2 164 000 |
|
|
frå kr 837 000 000 til kr 839 164 000 |
|
Stortinget samtykkjer i at Noreg deltek, basert på ein pro-rata lott, i ei reallokering av aksjar i Den afrikanske utviklingsbanken mellom ikkje-regionale medlemer. For Noregs del inneber dette forplikting i form av ein innbetalt lott på til saman UA 90 000, som blir utbetalt som to like innskot i 2019. I tillegg inneber det ein auke i den norske garantiramma til AfDB med UA 1 400 000.
Stortinget sluttar seg til følgjande endringar i Svalbardbudsjettet for 2018: Kap. 3, post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre blir auka med 27 mill. kroner. Kap. 7 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak blir auka med 26 mill. kroner, kap. 7 post 30 blir påført stikkordet «kan overførast».
Anniken Huitfeldt |
leder og ordfører |