Svar
på spm frå næringskomiteen - Dokument 8:135 S (2016-2017) – Representantforslag
frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om merkeordningar på matvarer
om dyrevelferd, grovfôrandel og antibiotikabruk
Eg viser til oversending frå næringskomiteen
datert 04.05.17 vedlagt representantforslag Dokument 8:135 S (2016-2017)
frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om merkeordningar på matvarar
om antibiotikabruk, dyrevelferd og grovfôrandel.
Det vert fremma 3 konkrete forslag:
-
Stortinget ber regjeringen
sørge for at alle animalske produkter som selges i Norge, uavhengig av
produksjonsland, merkes på lettforståelig vis slik at unødvendig
eller uheldig bruk av antibiotika synliggjøres.
-
Stortinget ber regjeringen
sørge for at det etableres et nasjonalt dyrevelferdsmerke med nærmere angitte
kvalitetskriterier, som kan brukes på produkter med særskilt høy
dyrevelferd.
-
Stortinget ber regjeringen
sørge for at mat produsert i Norge på lettforståelig vis merkes
slik at det blir synlig hvor stor grad av fôrressursene i produksjonen
som er lokale.
Eg er oppteken av at forbrukerane
har muligheit til å gjere val basert på best mogeleg informasjon. Dersom
ein faktisk skal sette forbrukaren i stand til det, føreset det
også at ein avgrensar merkeordningar slik at det ikkje vert eit
utal ordningar som forbrukaren går seg vill i.
Noreg er forplikta til å følgje internasjonalt
regelverk når det gjeld merking av mat og fôr, og kan i utgangspunktet
ikkje ha strengare obligatoriske merkekrav enn det som følgjer av
dette. For næringsmiddel gjeld dette særleg EU si matinformasjonsforordning, som
er ein del av EØS-avtalen. Merking av fôrvarer følgjer også av EU-regelverk.
Det er rett slik som det blir vist
til i forslaget, at i matinformasjonsforskrifta § 3 er eitt av dei
overordna måla å sikre at forbrukarane får eit godt grunnlag for
å gjere sine val, og då særleg ut i frå kva som er bra for helse
og miljø, men òg ut i frå økonomiske, sosiale og etiske omsyn. Denne
regelen gjeld allmenne mål med forordninga, og gjev ingen konkrete
plikter. Dei konkrete krava finst i andre reglar i forordninga eller
dei følgjer av anna regelverk gjeve med heimel i dette. Det er ikkje
fritt fram å etablere fleire krav til obligatorisk merking enn det
som EU har fastsett som harmonisert regelverk for heile EØS-området.
Dette ville skape ulike konkurransevilkår for næringa i strid med
EØS-retten.
Det vil difor være vanskeleg for Noreg
å innføre nasjonale tilleggskrav om obligatorisk merking på mat
og fôr. Vi har ikkje moglegheit til å nekte omsetnad i Noreg av
varer som oppfyller krava i det harmoniserte EØS-regelverket. Og
vi kan ikkje krevje at varer som er produsert i andre EØS-statar,
skal ha slik tilleggsmerking.
Sjølv om EU-regelverket ikkje gjer
rom for obligatorisk merking utover dei harmoniserte krava, er det
ikkje til hinder for at ein kan innføre meir frivillig merking.
Næringa har moglegheit til å etablere frivillige merkeordningar
dersom dei ønskjer å gje forbrukarane meir informasjon om sine produkt.
Merking
av antibiotikabruk
Antimikrobiell resistens er å rekne
som eit av de største globale trugsmåla mot folkehelsa. Norske styresmakter
arbeider aktivt internasjonalt for å forsøke å bidra med å snu denne
utviklinga. Viktige globale tiltak er å auke merksemda og kunnskapen
om føremålstenleg bruk av antibiotika. Det vert mellom anna arbeidd
for å få gjennomslag for at utskriving av antibiotika ikkje må være
motivert av økonomisk vinning, samt at nokre kategoriar antibiotika
berre må bli brukt til behandling av menneske.
EU har så langt ikkje fastsett regelverk
som pålegg merking på mat om antibiotikabruk. Noreg er forplikta
til å følgje det harmoniserte EU-regelverket. Vi har ikkje handlingsrom
til å pålegge slik merking utan at det kjem i strid med EØS-retten.
Viss det ikkje hadde vore rettslege
hindringar for å etablere ei slik merkeordning, er det uansett slik
at det ikkje finst noko registreringssystem for legemiddelbruk som
gjer det mogleg å etablere ei merkeordning som ville kunne synliggjere
unødig eller uheldig bruk av antibiotika. Ei slik merkeordning er
difor per i dag ikkje mogleg.
Merking av dyrevelferd
Først vi eg seie meg einig i at norske
dyr på generell basis har det godt. Det betyr at norske dyreprodukt
i all hovudsak kjem frå dyr med god dyrevelferd.
Eg vil vidare nytte høvet til å minne
om at det offentlege regelverket for økologisk produksjon mellom
anna inneheld krav som legg til rette for at desse dyra har enda
høgare dyrevelferd. Til dømes er det generelt større arealkrav og
strengare krav til lufting.
EU-regelverket stenger ikkje for
å innføre frivillig merking på dette området. Men eg vil vise til
at vi gjennom økologiforskrifta allereie har eit offentleg regelverk
og ei merkeordning som gjeld ei rekke sider av matproduksjonen,
til dømes ekstra krav knytt til dyrevelferd.
Etablering av nytt regelverk og nye
merkeordningar i offentleg regi ville føre med seg meir byråkrati
og auka kostnader. Eg meiner ei slik merkeordning er særs lite hensiktsmessig
ettersom det alt vesentlege av norsk husdyrproduksjon ville oppfylt krava
til ei slik ordning.
Merking av lokal grovfôrandel/bruk
av lokale fôrressursar
Først vil eg vise til at regjeringa
meiner at betre utnytting av grovfôrarealet og betre kvalitet på
grovfôret er viktig, både for å auke produksjonen på norske ressursar
og av omsyn til klima. Grovfôrproduksjonen kan auka og vi forsøker
å stimulere bruken av utmarksressursane og auke kornproduksjonen
på areal som er eigna til dette, mellom anna i årets tilbod i jordbruksoppgjeret.
Merking av fôrvarer er regulert av
EØS-regelverk. Utgangspunktet er at vi ikkje kan ha strengare obligatoriske
merkekrav enn det som følgjer av dette. Men det er rom for å innføre
frivillige merkeordningar.
Som nemnt i svaret til forslaget
om merking av dyrevelferd, har vi gjennom økologiregelverket allereie
eit offentleg regelverk og ei merkeordning som gjeld ei rekke tilleggskrav
mellom anna knytt til dyrevelferd og miljøkrav knytt til fôr.
Oppretting av nytt regelverk og nye
merkeordningar i offentleg regi ville føre med seg meir byråkrati
og auka kostnader. Det finst heller ikkje noko registreringssystem
for bruk av lokale fôrressursar i fôring av dyr, som gjer det mogleg
å etablere ei merkeordning som ville kunne synliggjere kor stor
del av fôrressursane i produksjonen som er lokale. Ei slik merkeordning
er difor per i dag ikkje mogleg.