Innstilling frå næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Nærings- og fiskeridepartementet
Dette dokument
- Innst. 96 S (2014–2015)
- Kildedok: Prop. 29 S (2014–2015), unntatt kap. 926
- Dato: 04.12.2014
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 9
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 1.1 Endringsforslag
- Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
- Kap. 904 Brønnøysundregistra
- Kap. 911 Konkurransetilsynet
- Kap. 919 Ymse fiskeriformål
- Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
- Kap. 922 Romverksemd
- Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
- Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
- Kap. 960 Raufoss ASA
- Kap. 2421 Innovasjon Noreg
- Kap. 2426 Siva SF
- Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS
- Kap. 3902 Justervesenet
- Kap. 3904 Brønnøysundregistra
- Kap. 3911 Konkurransetilsynet
- Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap
- Kap. 5325 Innovasjon Noreg
- Kap. 5326 Siva SF
- Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS
- Kap. 5613 Renter frå Siva SF
- Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg
- Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvalting
- 1.1 Endringsforslag
- 2. Merknader frå komiteen
- 3. Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
I denne proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2014.
Nærings- og fiskeridepartementet gjør framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 336,856 til 334,156 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 911 post 1.
Tildeling av oppdraget med opprydding er blitt utsett. Som følgje av utsetjinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner i 2014 mot å løyve same beløp i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner, frå 20,5 til 1,3 mill. kroner.
Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) har på vegne av offentlege verksemder inngått ein avtale om leveranse av sikker eID. Avtalen gjer at Brønnøysundregistra må overføre vel 1,1 mill. kroner til DIFI.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,105 mill. kroner, frå 324,550 til 323,445 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 540 post 22.
Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter og inntekter som følgje av fleire tenesteeigarar, fleire applikasjonar og oppdrag frå Skattedirektoratet i samband med nye versjonar av Altinn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 235,2 til 250,2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 3904 post 3.
Konkurransetilsynet har i 2014 ein pressa budsjett- og ressurssituasjon. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 88,965 til 91,665 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 900 post 1.
I 2013 vart det lyst ut 45 nye grøne oppdrettsløyve. Dei samla inntektane frå tildelinga av konsesjonar vart i revidert budsjett 2014 berekna til 1 204,2 mill. kroner. Innbetalingane knytt til tildelingsrunden er førebels begrensa til dei 15 løyva som vart tildelte i lukka budrunde. Samla vederlag for desse utgjer 904,2 mill. kroner. Det gjenstår å tildele inntil 30 løyve. Klagebehandlinga for desse løyva vil ikkje vere avslutta før 2015. Innbetaling av vederlag for desse løyva og fordeling av kommunane sin del vil ikkje kunne gjerast før i 2015. Som følgje av dette må løyvinga i 2014 på kap. 919 post 60 reduserast med 321,1 mill. kroner og kap. 3917 post 13 må reduserast med 300 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag om tilsvarande auking av løyvingane i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 321,108 mill. kroner, frå 481,662 til 160,554 mill. kroner.
Det visast til nærare omtale av saken under kap. 919, post 60.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 1 204,155 til 904,155 mill. kroner.
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) vart det gitt ei tilleggsløyving på 17,4 mill. kroner for å kompensere for styrka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for høgt, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 4,6 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner, frå 164,9 til 160,3 mill. kroner.
Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro og amerikanske dollar. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) vart det gitt ei tilleggsløyving på 34,6 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist seg at anslaga var for høge, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 2,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner, frå 344,3 til 341,5 mill. kroner.
Noreg har hatt innbetalingar til EU til andre valutakursar enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014. Endringane utgjer ei auke på 34,4 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga frå EU, som utgjer ei auke på 4,3 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 38,7 mill kroner, frå 258,5 til 297,2 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore lågare enn forventa. Samstundes har eurokursen vore høgare enn føresett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner, frå 54,9 til 49,5 mill. kroner.
I Saldert budsjett 2014 er det løyvd 25,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Dei samla utgiftene for 2014 er anslått til vel 98 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 72,6 mill. kroner, frå 25,7 til 98,3 mill. kroner.
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 8,3 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til vel 4 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner, frå 8,3 til 4,4 mill. kroner.
I statsbudsjettet for 2015 har regjeringa gjort framlegg om å auke einskilde landsdekkande verkemiddel i Innovasjon Noreg, mellom anna etablerartilskot- og miljøteknologiordningane. Det er samstundes gjort framlegg om å redusere midla til Innovasjon Noreg sine bransjespesifikke verkemiddel over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet for 2015, som er retta mot marin og maritim sektor og reiselivsnæringa. Vidare har regjeringa foreslått ein reduksjon i løyvinga til administrasjon av selskapet for å auke effektiviteten. Samla tyder dette at Innovasjon Noreg i 2015 må omstille si verksemd og redusere antal tilsette med mellom 40 og 55 årsverk. Løyvinga skal dekke lønskostnader fram til ny organisasjon er på plass og i oppseiingsperioden, kostnader knytt til juridisk bistand, karriererettleiing m.m.
Selskapet har ikkje eigenkapital til å dekkje omstillingskostnader, og i tråd med Lov om Innovasjon Noreg framgår det at eigarane må dekkje forpliktingane til selskapet. Middel til omstilling må setjast av i selskapet sin rekneskap det året avgjerda blir gjort.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 43,5 mill. kroner, frå 356,65 til 400,15 mill. kroner.
For å kunne overføre den delen av tilskotet som ikkje blir utbetalt i 2014 til 2015, foreslår Nærings- og fiskeridepartementet at løyvinga blir gjort overførbar. Programmet er ikkje vidareført i regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir tilføyd stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Innlåna har blitt auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2014. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325 post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,75 mrd. kroner, frå 41,75 til 45,5 mrd. kroner.
Ved saldering av budsjettet for 2014 la ein til grunn at Siva SF ville refinansiere lån på til saman 100 mill. kroner. Siva SF har tatt opp mindre lån enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 100 til 70 mill. kroner.
Ein ny gjennomgang av økonomien i selskapet syner at tilskotet for 2014 kan reduserast med 4,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner, frå 105 til 100,5 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 0,2 mill. kroner til 0.
Ein ny gjennomgang av faktiske og forventa låneutbetalingar frå Eksportkreditt Noreg AS, viser at samla utbetalingar kan bli om lag 26,9 mrd. kroner i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,4 mrd. kroner, frå 19,5 til 26,9 mrd. kroner.
Grunna redusert gebyrinntekt i høve til gjeldande løyving, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,9 mill. kroner, frå 70,8 til 62,9 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 11,2 til 13,7 mill. kroner.
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2014. Dette gjeld særleg Lausøyreregisteret og Føretaksregisteret.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 25 mill. kroner, frå 525 til 550 mill. kroner.
Løyvinga foreslås auka med 15 mill. kroner, frå 57 til 72 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22, jf. omtale under kap. 904 post 22.
Ved ein inkurie vart det ikkje oppretta ein post for gebyr for lovbrot i statsbudsjettet for 2014. Hittil i 2014 er lovbrotsgebyr førebels postert på kap. 3911, post 1 Klagegebyr og vil bli ompostert til ny post 2. For 2014 er det berekna at Konkurransetilsynet vil motta 26 mill. kroner i lovbrotsgebyr.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 2 på 26 mill. kroner.
Ved ein inkurie vart det ikkje oppretta ein post for lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar i statsbudsjettet for 2014. Hittil i 2014 er lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar førebels postert på kap. 3911 post 1 og vil bli ompostert til ny post 3. For 2014 er det berekna at summen for gebyr ved ulovlege direkte anskaffingar blir om lag 21 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 3 på 21 mill. kroner.
I saldert budsjett 2014 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal.
Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med det føremålet å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt.
Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2013 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.
Generalforsamlinga i Telenor ASA gav i mai 2013 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 46 millioner eigne aksjar, tilsvarande om lag 3 pst. av selskapet sin aksjekapital. Fram til våren 2014 kjøpte selskapet 6 981 748 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane og 8 184 493 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2014. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 1 047,6 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.
Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2013 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapets aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til november 2013 kjøpte selskapet 1 450 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane og 823 135 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2014. Etter at kapitalnedsettinga var sett i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 211,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.
Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget 13. desember 2013, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 8 S (2013–2014), aksepterte staten v/Nærings- og fiskeridepartementet 20. oktober 2014 eit frivilleg tilbod frå eit dotterselskap av japanske Mitsubishi Corporation om kjøp av samtlige aksjar i Cermaq ASA. Staten solgte 54 731 604 aksjar for 5 254,2 mill. kroner. Staten sin eigardel i Cermaq ASA ble dermed redusert frå 59,17 pst. til null.
Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget 13. desember 2013, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 8 S (2013–2014), solgte Nærings- og fiskeridepartementet 38,9 mill. aksjar i Entra ASA i oktober 2014 i samband med børsnotering og delprivatisering av selskapet. Salsummen utgjorde 2 530,4 mill. kroner.
I samband med salet lånte staten ut om lag 12 mill. aksjar som ledd i ein stabiliseringsmekanisme for kursen. Av desse vart vel 11,6 mill. aksjar selde for til saman 753,7 mill. kroner. Staten sin eigardel i Entra ASA ble dermed redusert frå 100 pst. til 49,9 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på post 96 sal av aksjer med 9 772,3 mill. kroner, frå 25 til 9 797,3 mill. kroner.
Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2014, er det behov for å auke løyvinga.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 42,2 til 45,0 mrd. kroner.
Siva SF har innbetalt eit lån på 70 mill. kroner i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 100 til 70 mill. kroner.
Nytt overslag på gebyrinntekter under ordninga er 55 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 40 til 55 mill. kroner.
Nytt overslag tyder på at avdragsinnbetalingane under ordninga aukar til 14,25 mrd. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,9 mrd. kroner, frå 6,35 til 14,25 mrd. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner, frå 21,9 til 23,1 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 265 til 235 mill. kroner.
I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 12 067,253 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2014, er innbetalt utbyte frå selskapa 180 mill. kroner høgare. Dette skuldast at det var lagt til grunn eit utbyte på 169,7 mill. kroner frå Flytoget AS. Faktisk utdelt utbyte frå selskapet utgjorde 399,7 mill. kroner. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS 50 mill. kroner lågare enn opphaveleg lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 180 mill. kroner, frå 12 067,253 til 12 247,253 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Harald Eivind Bakke, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser til Prop. 29 S (2014–2015).
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet har merka seg at regjeringa ber om ei løyving på 43,5 mill. kroner for å nedbemanna Innovasjon Noreg. Slik desse medlemene ser det, er dette penger som skal brukes i 2015, og derfor hører de til i budsjettet for 2015, og ikke salderingen for 2014.
Desse medlemene viser til at regjeringa Solberg forskutterer handsaminga av statsbudsjettet for 2015 i si grunngjeving.
Desse medlemene viser til at regjeringa Stoltenberg II la fram ei eiga stortingsmelding om Innovasjon Noreg (Meld. St. 22 (2011–2012) og Innst. 365 S (2011–2012)).
Trass i at regjeringa Solberg er ei mindretalsregjering, legg ein opp til ei massiv omlegging av både Innovasjon Noreg og verkemidla utan ei slik forankring i Stortinget. Det er uklårt kva regjeringa vil med Innovasjon Noreg og om dei prosessane er i tråd med måla som er sett for selskapet.
Desse medlemene kan ikkje akseptere dette og går difor mot løyvinga på kap. 2421 post 70. Desse medlemene viser til at det nå foregår en omfattende høring om organiseringen av Innovasjon Noreg. Stortinget bør få fremlagt ei sak om dette før bevilgningen vedtas.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at budsjettavtalen for 2015 mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre innebærer en styrking av bevilgningen til Innovasjon Norge på 225,6 mill. kroner over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett. I tillegg kommer midler satt av til nye såkornfond.
Disse medlemmene viser til at etablerertilskuddsordningen og miljøteknologiordningen, som forvaltes av Innovasjon Norge, er styrket betydelig i budsjettavtalen for 2015. Disse virkemidlene har høy innovasjonseffekt og er godt kjent i næringslivet.
Den samlede bevilgningen til Innovasjon Norge gir en netto økning for selskapet, men disse medlemmene understreker at budsjettforslaget innebærer en reduksjon i selskapets administrasjonsbevilgning. Disse medlemmene understreker at disse midlene går til økning i poster og virkemidler som i stor grad vil gå direkte til Innovasjon Norges kunder.
Disse medlemmene viser til at de foreslåtte omstillingskostnadene i Nærings- og fiskeridepartementet skal sikre at selskapet kan gjennomføre en forsvarlig omstillingsprosess. Det er estimert at omstillingen vil kreve en nedbemanning på mellom 40 og 55 årsverk, til en kostnad av 43,5 mill. kroner.
Disse medlemmene viser til at budsjettavtalen som er inngått med Kristelig Folkeparti og Venstre innebærer en styrking av blant annet miljøteknologiordningen, noe som fører til at det beregnede behovet for omstillingskostnader reduseres til 41,5 mill. kroner.
Komiteen har elles ingen merknader.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til at regjeringa i 2014 legg opp til å nytte kring 100 mill. kroner til utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvaltning. Ein stor del av desse er knytt til regjeringa sitt nedsal i bedrifter. Desse medlemene er kritisk til det storstilte nedsalet som regjeringa legg opp til og at transaksjonskostnadane er betydelege. Dette er pengar som kunne vore nytta til auka verdiskaping i Noreg.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke at for å kunne ivareta statens interesser på en forsvarlig måte i transaksjoner er det nødvendig å hente inn uavhengige profesjonelle rådgivere. Enhver selger må sikre seg at informasjon som gis ved et slikt salg er riktig både for å sikre sine verdier, men også for å sikre at man ikke feilinformerer kjøper. Kostnadene i 2014 har vært særlig store grunnet børsnoteringen av Entra i oktober. Disse medlemmer vil bemerke at dette er en privatisering det har vært bred enighet i Stortinget om å gjennomføre. Alle honorarer departementet har hatt i forbindelse med privatiseringsprosessen vurderes å være på markedsmessige vilkår og f.eks. lavere enn ved børsnoteringene av Telenor (2001) og Cermaq (2005). Disse medlemmer viser for øvrig til Eierskapsmeldingen (Meld. St. 27 (2013–2014) Et mangfoldig og verdiskapende eierskap), som ligger til behandling i komiteen, og mener videre at et redusert statlig eierskap i selskaper der Stortinget har vedtatt nedsalg, legger til rette for å styrke konkurransekraften i norsk næringsliv, fordi det bidrar til et mer mangfoldig og verdiskapende eierskap. Gjennom det mener disse medlemmer at man bidrar til økt verdiskapning i norsk næringsliv i stedet for å bevilge midler over statsbudsjettet.
Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til at det av næringskomiteens innstilling til behandling av Prop. 1 S (2014–2015), jf. Innst. 8 S (2014–2015), fremgår at komiteen legger opp til å utsette behandlingen av forslag om fullmakter til endring av statens eierandel i forskjellige selskaper til Stortinget har behandlet Eierskapsmeldingen. Flertallet forutsetter at det ikke omfatter allerede gitte fullmakter, som ble vedtatt i forbindelse med statsbudsjettet 2014, og legger til grunn at de videreføres.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil vurdere salgsfullmaktene for Mesta AS og Entra AS i forbindelse med behandling av Eierskapsmeldingen.
Komiteen har elles ingen merknader.
Komiteens tilråding fremmes av ein samla komité, bortsett fra kap. 2421 post 70, som fremmes av komiteens medlemmer frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte følgjande
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
900 | Nærings- og fiskeridepartementet | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 2 700 000 | |
frå kr 336 856 000 til kr 334 156 000 | |||
30 | Miljøtiltak Søve, kan overførast, blir redusert med | 19 200 000 | |
frå kr 20 500 000 til kr 1 300 000 | |||
904 | Brønnøysundregistra | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 1 105 000 | |
frå kr 324 550 000 til kr 323 445 000 | |||
22 | Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast, | ||
blir auka med | 15 000 000 | ||
frå kr 235 200 000 til kr 250 200 000 | |||
911 | Konkurransetilsynet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 2 700 000 | |
frå kr 88 965 000 til kr 91 665 000 | |||
919 | Ymse fiskeriformål | ||
60 | Tilskot til kommunar, kan overførast,blir redusert med | 321 108 000 | |
frå kr 481 662 000 til kr 160 554 000 | |||
922 | Romverksemd | ||
70 | Kontingent i European Space Agency (ESA), | ||
blir redusert med | 4 600 000 | ||
frå kr 164 900 000 til kr 160 300 000 | |||
71 | Internasjonal romverksemd, blir redusert med | 2 800 000 | |
frå kr 344 300 000 til kr 341 500 000 | |||
73 | EU sine romprogram, blir auka med | 38 700 000 | |
frå kr 258 500 000 til kr 297 200 000 | |||
924 | Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram | ||
70 | Tilskot, blir redusert med | 5 400 000 | |
frå kr 54 900 000 til kr 49 500 000 | |||
950 | Forvalting av statleg eigarskap | ||
21 | Særskilde driftsutgifter, blir auka med | 72 600 000 | |
frå kr 25 700 000 til kr 98 300 000 | |||
960 | Raufoss ASA | ||
71 | Refusjon for miljøtiltak, blir redusert med | 3 900 000 | |
frå kr 8 300 000 til kr 4 400 000 | |||
2421 | Innovasjon Noreg | ||
70 | Bedriftsutvikling og administrasjon, blir auka med | 43 500 000 | |
frå kr 356 650 000 til kr 400 150 000 | |||
90 | Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, | ||
blir auka med | 3 750 000 000 | ||
frå kr 41 750 000 000 til kr 45 500 000 000 | |||
2426 | Siva SF | ||
90 | Lån, overslagsløyving, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 70 000 000 | |||
2429 | Eksportkreditt Noreg AS | ||
70 | Tilskot, blir redusert med | 4 500 000 | |
frå kr 105 000 000 til kr 100 500 000 | |||
71 | Vidarefakturerte utgifter, blir redusert med | 200 000 | |
frå kr 200 000 til 0 | |||
90 | Utlån, blir auka med | 7 400 000 000 | |
frå kr 19 500 000 000 til kr 26 900 000 000 | |||
Inntekter | |||
3902 | Justervesenet | ||
1 | Gebyrinntekter, blir redusert med | 7 900 000 | |
frå kr 70 800 000 til kr 62 900 000 | |||
3 | Inntekter frå sal av tenester, blir auka med | 2 500 000 | |
frå kr 11 200 000 til kr 13 700 000 | |||
3904 | Brønnøysundregistra | ||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 25 000 000 | |
frå kr 525 000 000 til kr 550 000 000 | |||
3 | Refusjonar og inntekter knytt til forvalting av | ||
Altinn-løysinga, blir auka med | 15 000 000 | ||
frå kr 57 000 000 til kr 72 000 000 | |||
3911 | Konkurransetilsynet | ||
2 (Ny) | Lovbrotsgebyr, blir løyvd med | 26 000 000 | |
3 (Ny) | Ymse inntekter, blir løyvd med | 21 000 000 | |
3917 | Fiskeridirektoratet | ||
13 | Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar, blir redusert med | 300 000 000 | |
frå kr 1 204 155 000 til kr 904 155 000 | |||
3950 | Forvalting av statleg eigarskap | ||
96 | Sal av aksjar, blir auka med | 9 772 300 000 | |
frå kr 25 000 000 til kr 9 797 300 000 | |||
5325 | Innovasjon Noreg | ||
90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med | 2 800 000 000 | |
frå kr 42 200 000 000 til kr 45 000 000 000 | |||
5326 | Siva SF | ||
90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 70 000 000 | |||
5329 | Eksportkreditt Noreg AS | ||
70 | Gebyr m.m., blir auka med | 15 000 000 | |
frå kr 40 000 000 til kr 55 000 000 | |||
90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med | 7 900 000 000 | |
frå kr 6 350 000 000 til kr 14 250 000 000 | |||
5613 | Renter frå Siva SF | ||
80 | Renter, blir auka med | 1 200 000 | |
frå kr 21 900 000 til kr 23 100 000 | |||
5625 | Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg | ||
80 | Renter på lån frå statskassa, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 265 000 000 til kr 235 000 000 | |||
5656 | Aksjar i selskap under NFD si forvalting | ||
85 | Utbyte, blir auka med | 180 000 000 | |
frå kr 12 067 253 000 til kr 12 247 253 000 |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at det for løyvinga i statsbudsjettet for 2014 under kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 75 Marint verdiskapingsprogram, blir lagt til stikkordet «kan overførast».
Oslo, i næringskomiteen, den 4. desember 2014
Geir Pollestad |
leiar og ordførar |