Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Nærings- og handelsdepartementet

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2009 i samsvar med pkt. 2 nedanfor.

Norsk Akkreditering sine utgifter i 2009 vil bli høgare enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett, noko som kjem av større auke i Norsk Akkreditering si verksemd enn venta. Akkrediteringsverksemda blir finansiert gjennom gebyr.

Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om auke av driftsutgiftene under kap. 903 post 1 på 5 mill. kroner, frå 25,32 til 30,32 mill. kroner, jf. tilsvarande framlegg under kap. 3903 post 1.

Brønnøysundregistra har fullmakt til å utføre eksterne oppdrag. Som følgje av større etterspørsel etter tenester, og generelt meir aktivitet, har utgiftene og inntektene blitt høgare enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om auke av driftsutgiftene under kap. 904 post 1 med 17,2 mill. kroner, frå 243,3 til 260,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3904 post 2.

Utviklingskostnadene har blitt 22 mill. kroner høgare i 2009 enn det overslaget som låg til grunn ved inngåing av avtalane.

I samband med at det blei inngått nye kontrakter for Altinn II 1. november 2008, blei rutinane for tenesteeigarane si betaling for bruk av Altinn endra. I det nye avtaleregimet blir Brønnøysundregistra fakturert for alle kostnadene ved pålogging. Brønnøysundregistra får i ettertid refusjon frå kvar tenesteeigar som blir inntektsført under kap. 3904 post 3. Dei samla kostnadene for pålogging i Altinn som Brønnøysundregistra får refusjon for, er om lag 40 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 904 post 22 med til saman 62 mill. kroner, frå 247,2 til 309,2 mill. kroner.

Det har blitt bestilt vesentleg færre nybygg og ombygging av skip ved norske verft i 2009 enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett 2009. Dette inneber at Sjøfartsdirektoratet har fått redusert aktivitet med tilsyn og kontroll av nybygg/byggeprosjekt. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 907 post 1 med 3,5 mill. kroner, frå 302,7 til 299,2 mill. kroner.

Ordinær løyving gjennom saldert budsjett 2009 var 1 750 mill. kroner. På grunnlag av utrekningar og prognose etter utbetalingane for 4. til 6. termin 2008 (frå juli til og med desember) blei løyvinga auka med 60 mill. kroner, til 1 810 mill. kroner.

Tilskotsordninga er regelstyrt. Særleg talet på sjøfolk som er omfatta av ordningane, er avgjerande for storleiken på refusjonsutbetalingane. Vidare er lønsnivået for dei aktuelle sjøfolka utslagsgivande. Reduksjonen i tilskotsutbetalingane i høve til anslaget i St.prp. nr. 67 (2008–2009) skuldast hovudsakeleg at taket på 198 000 kroner i refusjonsutbetaling per sysselsett har gitt større effekt enn tidlegare berekna. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 909 post 73 med 80 mill. kroner, frå 1 810 til 1 730 mill. kroner.

Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det òg vore justering i kontigentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Som følgje av dette blei løyvinga auka med 11,1 mill. kroner ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008–2009). Etter ytterlegare justering gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 922 post 70 med 1,1 mill. kroner, frå 137,5 til 138,6 mill. kroner.

Valutakursane på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2009. Løyvinga blei auka med 20,7 mill. kroner i St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008–2009). Som følgje av ein ytterlegare justering gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 922 post 71 med 4,9 mill. kroner, frå 278,3 til 283,2 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer vidare framlegg om å auke løyvinga under kap. 922, post 73 Galileo med 0,4 mill kroner, frå 19 til 19,4 mill. kroner.

Dei samla utgiftene for 2009 vil venteleg bli om lag 43,5 mill. kroner. Når ein tek omsyn til 8,0 mill. kroner som er overført frå 2008, er det behov for ei tilleggsløyving på om lag 24,8 mill. kroner for 2009. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 950 post 21 med 24,8 mill. kroner, frå kr 10,7 til kr 35,5 mill. kroner.

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008–2009) blei det løyvd 1 mrd. kroner i ansvarleg lån til Entra Eiendom AS. I tillegg ga staten avkall på utbyte frå selskapet for rekneskapsåret 2008. Bakgrunnen for dette var den internasjonale finanskrisa som førte til store verdinedskrivingar for eigedom i 2008 og første halvår 2009. Den positive utviklinga har ført til at Entra Eiendom AS no vurderer situasjonen slik at det ikkje lenger er nødvendig for selskapet å gjere nytte av det ansvarlege lånet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 950 post 90 med 1 mrd. kroner, frå 1 mrd. kroner til kr 0.

På statsbudsjettet for 2009 blei det sett av 25 mill. kroner til bygging av nytt kraftverk i Ny-Ålesund. Styret i Kings Bay AS informerte departementet i brev av 20. april 2009 om at bygginga av kraftverket mellombels var utsett. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 953 post 70 med 24,3 mill. kroner, frå 40 til 15,7 mill. kroner.

Fram til oktober 2009 hadde departementet refundert om lag 8,3 mill. kroner for kostnader knytt til pålagte, utførte miljøtiltak i 2009. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare om lag 3,3 mill. kroner til utbetalingar i 2009. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 11,6 mill. kroner under kap. 960 post 71 til refusjonar for 2009.

Gjennom Regjeringa sine tiltakspakker og St.prp. nr. 67 (2008–2009) er rammene til Innovasjon Norge auka vesentleg.

Nærings- og handelsdepartementet vurderer det no slik at det vil vere meir føremålstenleg å endre forholdet mellom ramma for innovasjonslån og ramma for landsdekkande garantiar. På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om å auke ramma for innovasjonslån med 70 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i ramma for landsdekkande garantiar. Det er allereie løyvt midlar til tapsavsettingar for garantiane over kap. 2421 post 50. Framlegget krev såleis inga ny løyving til tapsavsettingar. Tapsavsettingar til innovasjonslån og landsdekkande garantiar har same føremål, jf. Forslag til vedtak III og IV.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å gjere løyvinga overførbar slik at midla òg kan nyttast i seinare år, jf. Forslag til vedtak II.

Innlån og avdrag har blitt auka i 2009 fordi Innovasjon Norge sine lånerammer er auka og utbetaling av lån med tilhøyrande refinansiering har vore høgare enn det som låg til grunn ved revidering av budsjettet i vår. Dette inneber òg at avdraga blir auka. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2421 post 90 med 6,4 mrd. kroner, frå 35,6 til 42,0 mrd. kroner.

Eksportfinans hadde hausten 2008 problem med å få tilgang til langsiktig finansiering. For å sikre norske verksemder tilbod om finansiering av eksportkontrakter, gjorde Regjeringa framlegg om at staten skulle tilby Eksportfinans lån på marknadsvilkår.

Løyvinga for 2009 er på 30 mrd. kroner. Eksportfinans har pr. 1. november 2009 ikkje nytta høvet til å ta opp lån. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga under kap. 2428 post 90 på 30 mrd. kroner blir sett til 0.

Stortinget utvida i juni 2009 trekkfullmakta for garantiordninga for byggelån med 200 mill. kroner, frå 400 til 600 mill. kroner. Årsaka var at verftsnæringa møtte store utfordringar og uvisse knytt til fleire engasjement GIEK er involvert i. GIEK tok i mai 2009 opp eit lån i statskassa på 104 mill. kroner for å dekke erstatningsansvaret knytt til eit verft som gjekk konkurs i 2009. Lånet skal tilbakebetalast når fordringane som følgje av erstatning heilt eller delvis er dekt inn og eventuelt gjennom premieinntekter frå garantiordninga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving under kap. 2460 ny post 91 på 104 mill. kroner.

Det har vore større auke i Norsk Akkreditering si verksemd i 2009 enn venta.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3903 post 1 med 5 mill. kroner, frå 19,3 til 24,3 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 903 post 1.

Etter ein periode med nedgang fekk Brønnøysundregistra i 2. kvartal auka aktivitet i mellom anna Lausøyreregisteret. Gebyrinntektene i Brønnøysundregistra vil derfor bli høgare enn anslaga som låg til grunn for løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904 post 1 med 35 mill. kroner, frå 326,3 til 361,3 mill. kroner.

Det er venta at oppdragsinntektene vil auke med 17,2 mill. kroner. Oppdragsinntektene er knytt mot driftsutgiftene under kap. 904 post 1. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904 post 2 med 17,2 mill. kroner, frå 17,8 til 35 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904 post 1.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3904 post 3 med 40 mill. kroner, frå 0,1 til 40,1 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904 post 22.

På grunnlag av innbetalte gebyr hittil i år og prognose for innbetaling i resten av året reknar Sjøfartsdirektoratet med at det blir ein svikt i gebyrinntekta under posten på om lag 3,5 mill. kroner på årsbasis. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga under kap. 3907 post 1 med 3,5 mill. kroner, frå 134,3 til 130,8 mill. kroner.

På bakgrunn av føresegn i skipssikkerheitslova, jf. Ot.prp. nr. 87 (2005–2006), har Sjøfartsdirektoratet innført gebyr for brot på lova. Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn eit gjennomsnittleg gebyr på kr 100 000 for føretakssaker og kr 25 000 for personlege sertifikat og at det samla vil bli innbetalt om lag 3 mill. kroner i gebyr i 2009. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei inntektsløyving på 3 mill. kroner under kap. 3907 ny post 6.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 3950 post 70 med 7,75 mill kroner, frå 7,75 til 15,5 mill. kroner.

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa, jf. omtale av opplegget for innlån under kap. 2421 post 90. Som følgje av høgare lånerammer og høgare utbetalingstakt av lån enn lagt til grunn for budsjetteringa i samband med St.prp. nr. 67 (2008–2009), er det behov for å auke løyvinga vesentleg. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5325 post 90 med 4,2 mrd. kroner, frå 35,1 til 39,3 mrd. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving under nytt kap. 5614 post 80 på 1,255 mill. kroner.

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognoser for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga ned på grunn av lågare rentesatsar enn lagt til grunn for løyvinga i St.prp. nr. 67 (2008–2009). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga under kap. 5625 post 80 blir redusert med 45 mill. kroner, frå 360 til 315 mill. kroner.

Ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 67 og Innst. S. nr. 355 (2008–2009) blei løyvinga under denne posten sett ned til 10 983,7 mill. kroner i samla aksjeutbyte frå selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting.

I høve til inneliggjande overslag for utbyte er innbetalt utbyte frå selskapa 3 mill. kroner lågare. Dette skuldast hovudsakeleg endringar i utbyte frå Aker Holding AS og Secora AS. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5656 post 85 med 3 mill. kroner, frå 10 983,7 til 10 980,7 mill. kroner.

Oppgjeret av buet har tatt lengre tid og saka kan først fremmast for Stortinget i revidert budsjett 2010.

ESA har konkludert med at Mesta AS blei overkompensert på overgangskontraktene for drift og vedlikehald av veg med 66,4 mill. kroner. I tillegg har ESA avgjort at enkelte restruktureringskostnader, og vedtaket om å frita Mesta AS for dokument- og tinglysingsavgift, er i strid med statsstønadsregelverket. Kravet om tilbakebetaling for desse fordelane må reknast ut av staten.

Regjeringa må innan 7. desember 2009 avgjere om staten skal akseptere vedtaket eller bringe saka inn for EFTA-domstolen.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Svein Flåtten, Frank Bakke Jensen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Prop. 48 S (2009–2010) om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Nærings- og handelsdepartementet, der de fleste endringsforslagene er av teknisk karakter.

Komiteen har merket seg at utviklingskostnadene vedrørende Altinn har blitt 22 mill. kroner høyere i 2009 enn det overslaget som lå til grunn ved inngåelsen av avtalene. Komiteen har også merket seg at bygging av nytt kraftverk i Ny Ålesund er utsatt, da en gjennomgang av kostnadene viser at budsjettet ville bli overskredet og at også drifts- og vedlikeholdskostnadene ville bli høyere enn opprinnelig vurdert.

Komiteen har merket seg at EFTA sitt overvåkningsorgan (ESA) har konkludert med at Mesta AS mottok ulovlig statsstøtte i forbindelse med etableringen i 2003, og at Regjeringen innen 7. desember 2009 må avgjøre om vedtaket skal aksepteres eller bringes inn for EFTA-domstolen.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at Regjeringen gjennom sine tiltakspakker har økt rammene til Innovasjon Norge vesentlig, for å dempe virkningene av den internasjonale finanskrisen på norsk økonomi. Økte rammer til Innovasjon Norge har vært spesielt viktig i en periode med stor usikkerhet i de internasjonale finansmarkedene. Flertallet har merket seg at NHD nå vurderer det som mer hensiktsmessig å endre forholdet mellom rammene for innovasjonslån og landsdekkende garantier, og støtter forslaget om at rammen for innovasjonslån økes med 70 mill. kroner, mot en tilsvarende reduksjon i rammen for landsdekkende garantier.

Flertallet er kjent med at Eksportfinans er en sentral tilbyder av konkurransedyktig finansiering til norsk eksportindustri. Flertallet er tilfreds med at Regjeringen høsten 2008 la til rette for at staten skulle kunne tilby Eksportfinans lån på markedsvilkår, jf. St.prp. nr. 32 (2008–2009), for å sikre at norske bedrifter fortsatt skulle gis tilbud om finansiering selv om Eksportfinans hadde problemer med å få tilgang til langsiktig finansiering. Flertallet har merket seg at Eksportfinans pr. 1. november 2009 ikke har utnyttet denne låneordningen, og støtter derfor Regjeringens forslag om at bevilgningen på kap. 2428 post 90 settes til kr 0 i 2009. Flertallet har videre merket seg at Regjeringen foreslår at bevilgningen på kap. 2428 post 90 settes til 20 mrd. kroner på neste års budsjett.

Flertallet viser til at det har vært variasjon i ressursbruken knyttet til eierskapsforvaltningen de siste årene. Flertallet har merket seg at det er store verdier som forvaltes. Når det gjelder kostnader knyttet til ekstern rådgivning, har det samlede omfanget variert sterkt fra år til år. Høyest var kostnadene i 2003, på 45,9 mill. kroner. Kostnadene har vært noe lavere de siste fire årene enn i fireårsperioden 2002–2005. Flertallet mener at disse kostnadene naturlig vil kunne variere fra år til år som følge av at sakene staten som eier må håndtere, varierer. Flertallet mener det er naturlig å være varsom med bruken av eksterne konsulenter, men vil allikevel understreke at det må være tilstrekkelig fleksibilitet for å håndtere de sakene som kommer opp, på en profesjonell måte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det er bevilget 10,7 mill. kroner til å dekke utgifter og faglig bistand i forbindelse med forvaltningen av det statlige eierskapet mens utgiftene er forventet å bli 43,5 mill. kroner. Disse medlemmer reagerer på den stadig økende konsulentbruken mens det samtidig gjennomføres økede bevilgninger til personlige ressurser i departementet. Disse medlemmer mener det er forståelig at det kan være behov for profesjonell bistand i krevende eierskapsspørsmål, men disse medlemmer mener at man da burde sørget for en mer nøysom ressursbruk internt i departementet.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at budsjettet for 2009 er dramatisk overskredet ved at de samlede utgiftene for 2009 nå anslås til om lag 43,5 mill. kroner mot en budsjettert bevilgning på 10,7 mill. kroner. Disse medlemmer viser til at dette er en mangel på budsjettdisiplin som er uakseptabel og som må forbedres. Disse medlemmer mener at ikke alle saker er av en så komplisert natur at det er nødvendig å leie inn landets dyreste rådgivere hver gang det oppstår eierskapssaker, og mener videre at det er naturlig at en del slike saker må kunne løses og fremstilles av tilgjengelig kompetanse i departementet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre registrerer den positive utviklingen i Entra Eiendom A/S som gjør at selskapet vurderer å ikke lenger ha bruk for det ansvarlige lånet Stortinget tidligere har bevilget, en bevilgning Høyre for øvrig var imot.

Disse medlemmer er imidlertid overrasket over at selskapet med støtte fra eier nå selger bygg av en type som var grunnlaget for at selskapet ble dannet. Disse medlemmer viser til næringsministerens brev til komiteen av 26. november 2009 (vedlagt) hvor det klart fremgår at staten som eier har oppfordret Entra til å selge såkalte "formålsbygg" tilbake til Statsbygg. Disse medlemmer viser til at det i samme brev henvises til at selskapet arbeider med en strategiprosess i tråd med eiers oppfordringer på generalforsamlingen i 2009, men disse medlemmer vil påpeke at arbeidet synes å gå svært langsomt siden det ikke foreligger nyheter om dette arbeidet det siste halve året.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at Høyre i eierskapsmeldingen mente at selskapet burde selges ut fra staten, da det vesentlige av virksomheten er konkurranseutsatt, drives på forretningsmessige vilkår og minst like godt kan ivaretas av private selskaper, særlig når kjernevirksomheten nå synes å bli tonet ned.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremmer følgende forslag:

"Stortinget gir Regjeringen fullmakt til et nedsalg av statens eierinteresser i Entra Eiendom A/S til 0 pst."

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at det nå er klarlagt at budsjettet for bygging av nytt kraftverk i Ny-Ålesund inneholdt sviktende forutsetninger, særlig når det gjelder drifts- og vedlikeholdskostnadene, og at de positive virkningene som var forutsatt i investeringsbudsjettet, var overvurdert. Disse medlemmer mener det er det eneste fornuftige at byggingen nå er stoppet og utsatt etter at det er brukt kr 700 000 på det opprinnelige, ikke gjennomførbare prosjektet.

Forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre:

Stortinget gir Regjeringen fullmakt til et nedsalg av statens eierinteresser i Entra Eiendom A/S til 0 pst.

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

903

Norsk Akkreditering

1

Driftsutgifter, blir auka med

5 000 000

frå kr 25 320 000 til kr 30 320 000

904

Brønnøysundregistra

1

Driftsutgifter, blir auka med

17 200 000

frå kr 243 300 000 til kr 260 500 000

22

Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast, blir auka med

62 000 000

frå kr 247 200 000 til kr 309 200 000

907

Sjøfartsdirektoratet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

3 500 000

frå kr 302 700 000 til kr 299 200 000

909

Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

73

Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med

80 000 000

frå kr 1 810 000 000 til kr 1 730 000 000

922

Romverksemd

70

Kontingent i European Space Agency (ESA), blir auka med

1 100 000

frå kr 137 500 000 til kr 138 600 000

71

Internasjonal romverksemd, blir auka med

4 900 000

frå kr 278 300 000 til kr 283 200 000

73

Galileo, blir auka med

400 000

frå kr 19 000 000 til kr 19 400 000

950

Forvalting av statleg eigarskap

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

24 800 000

frå kr 10 700 000 til kr 35 500 000

90

Ansvarleg lån, blir redusert med

1 000 000 000

frå kr 1 000 000 000 til kr 0

953

Kings Bay AS

70

Tilskot blir redusert med

24 300 000

frå 40 000 000 til 15 700 000

960

Raufoss ASA

71(ny)

Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med

11 600 000

2421

Innovasjon Norge

90

Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med

6 400 000 000

frå kr 35 600 000 000 til kr 42 000 000 000

2428

Eksportfinans ASA

90

Statlege lån til Eksportfinans ASA, overslagsløyving, blir redusert med

30 000 000 000

frå kr 30 000 000 000 til kr 0

2460

Garanti-instituttet for eksportkreditt

91(ny)

Utbetaling iflg. trekkfullmakt – garantiordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien, blir løyvd med

104 000 000

Inntekter

3903

Norsk Akkreditering

1

Gebyrinntekter og andre inntekter, blir auka med

5 000 000

frå kr 19 300 000 til kr 24 300 000

3904

Brønnøysundregistra

1

Gebyrinntekter, blir auka med

35 000 000

frå kr 326 300 000 til kr 361 300 000

2

Refusjonar, oppdragsinntekter og andre inntekter, blir auka med

17 200 000

frå kr 17 800 000 til kr 35 000 000

3

Refusjonar og inntekter knytt til forvaltinga av Altinn-løysinga, blir auka med

40 000 000

frå kr 100 000 til kr 40 100 000

3907

Sjøfartsdirektoratet

1

Gebyr for skip og offshoreinnstallasjoner i NOR, blir redusert med

3 500 000

frå kr 134 300 000 til kr 130 800 000

6 (ny)

Gebyr for brot på skipssikkerheitslova (overtredingsgebyr), blir løyvd med

3 000 000

3950

Forvalting av statleg eigarskap

70

Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidligare Raufoss-tilsette, blir auka med

7 750 000

frå kr 7 750 000 til kr 15 500 000

5325

Innovasjon Norge

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med

4 200 000 000

frå kr 35 100 000 000 til kr 39 300 000 000

5614

(nytt)

Renter frå Garanti-instituttet for eksportkreditt

80

Renter, blir løyvd med

1 255 000

5625

Renter og utbyte frå Innovasjon Norge

80

Renter på lån frå statskassa, blir redusert med

45 000 000

frå kr 360 000 000 til kr 315 000 000

5656

Aksjar i selskap under NHD si forvalting

85

Utbyte, blir redusert med

3 000 000

frå kr 10 983 700 000 til kr 10 980 700 000

II

Overførbar løyving

Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 2421 Innovasjon Norge, post 73 Tilskot til innkjøpskonsortium for kjøp av kraft, blir gjort overførbar ved tilføying av stikkordet "kan overførast".

III

Garantifullmakt

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 2009 kan gi Innovasjon Norge fullmakt til å gi tilsegn om nye garantiar for inntil 100 mill. kroner, men slik at totalramma for nytt og gammalt ansvar ikkje overstig 240 mill. kroner.

IV

Lånefullmakt

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 2009 kan gi Innovasjon Norge fullmakt til å gi tilsegn om nye landsdekkande innovasjonslån innafor ei ramme på 1 470 mill. kroner.

Det vises til oversendte proposisjon. På vedtakssiden, under kap. 904, post 01 har det ved en inkurie oppstått en feil i teksten. Riktig tekst skal være:

904

Brønnøysundregistra

01

Driftsutgifter, blir auka med

17 200 000

frå kr 243 300 000 til kr 260 500 000

Oslo, i næringskomiteen, den 8. desember 2009

Terje Aasland

Per Roar Bredvold

leder

ordfører