Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida
Den høgtidlege opninga av det 164. storting i 2019. H.M. Kong Harald V og H.K.H. Kronprins Haakon. Foto: Stortinget.

Den høgtidlege opninga av det 164. storting i 2019. H.M. Kong Harald V og H.K.H. Kronprins Haakon. Foto: Stortinget.

Høgtidleg opning av Stortinget

Kvart år, i starten av oktober, blir ein høgtideleg seremoni i Stortinget halden: Stortingets opning. Opninga markerer at eit nytt stortingsår startar.

I filmen under kan du sjå alle aktivitetar som skjer i samband med den høgtidelege opninga, alt frå dei praktiske førebuingane til korleis den høgtidelege opninga blir gjennomført. Filmen er laga av Stortinget.

Video om den høgtidlege opninga av Stortinget

Med høgsterettsjustitiarius og ein delegasjon frå Høgsterett på plass i høgsterettslosjen i stortingssalen, er alle dei tre statsmaktene samla i eitt og same arrangement. Ei rekkje sivile og militære embetsmenn, det kongelege hoff og andre inviterte gjester er òg til stades.

Ein grunnlovsfesta seremoni

Kongen, eller den som fungerer som regent, opnar Stortinget kvar haust etter dei faste prosedyrane som har vore nedfelt ei Grunnlova § 74 sidan 1814: 

«Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades.»

Før vart Stortinget òg høgtidleg oppløyst av kongen kvar vår, men denne ordninga fall bort då Grunnlova § 80 vart endra 29. mai 1990. Etter det har Stortinget vore formelt samla heile sommaren. 

Prosedyrane rundt opninga av Stortinget har røter tilbake til kongevalet på Eidsvoll i 1814. Kongen vart der eskortert av trugne embetsmenn, og dette er vidareført i dag ved at regjeringa inviterer ei rekkje sivile og militære embetsmenn til å ta del i embetsmannsprosesjonen. No som den gongen tek kongens adjutantar oppstilling ved kongen oppe på podiet.

Kong Haakon og kronprins Olav på veg inn til opninga av Stortinget i 1930.

Kong Haakon og kronprins Olav på veg inn til opninga av Stortinget i 1930. Foto: Stortinget.

Deputasjon

Dronninga og kronprinsen deltek òg ved opninga. Når kongen med fylgje kjem til Stortinget, vert han ynskt velkomen av ein deputasjon sett saman av sju stortingsrepresentantar. Medlemene av deputasjonen er oppnemnde i det konstituerande møtet og utgår frå den fylkesvise opplistinga av representantane etter representantnummer.

Deputasjonen tek imot kongen og fylgjet hans på Løvebakken og fylgjer dei så lenge dei er i bygningen.

Embetsmannsprosesjonen flankerer den raude løparen i vandrehallen når kongen og regjeringa forlèt stortingssalen.

Stortingssalen vert ommøblert

Stortingssalen vart teken i bruk då stortingsbygningen stod ferdig i 1866. Det fyrste stortinget som vart høgtidleg opna i den nye stortingssalen var det 19., som tredde saman i 1868. Det var dette stortinget som vedtok at det skulle haldast årlege storting. Med unnatak av okkupasjonsåra under andre verdskrigen, har det frå 1871 vore sett nytt storting kvart einaste år. 

Sidan den gongen har talet på stortingsrepresentantar auka frå 111 til 169, og sjølve salen er utvida ved å flytta veggen bak presidentpodiet fire meter. Sjølve seremonien har òg gått gjennom nokre endringar, sjølv om han i det store og heile er den same år etter år.

Til den høgtidlege opninga vert stortingssalen ommøblert og tronstolen vert sett fram der plassen til stortingspresidenten og der talarstolen til vanleg står. Eit bord for stortingspresidenten og sekretæren i presidentskapet vert plassert nede i salen i halvsirkelen framfor plassane til representantane.

Tronstolen med ein dronningstol og ein prinsestol har vore henta fram til den høgtidlege opninga lenger tilbake enn det vi har sikre kjelder om.

Les meir om historia til tronstolen.

Trontala

Under opninga held kongen ei tale, trontala, slik Grunnlova føreskriv. Denne tala er i våre dagar skriven av regjeringa og ikkje av kongen sjølv. Kongen får tala overlevert av statsministeren under seremonien. I trontala les kongen opp planane for politikken til regjeringa for det komande året.

I unionstida vart trontala oftast halden av ein statthaldar eller ein medlem av regjeringa, sett til denne oppgåva av kongen. Fyrst frå 1845 vart ho lesen på norsk. Berre 23 gonger vart Stortinget opna av unionskongen sjølv, og to gonger heldt kong Karl Johan trontala – då på morsmålet fransk. Etter unionsoppløysinga i 1905 har Stortinget alltid vorte opna av anten kongen eller kronprinsregenten.

Les meir om stortingsopningar i unionstida.

Kong Oscar 2. og kronprins Gustav opnar Stortinget i 1903.

Kong Oscar 2. og kronprins Gustav opnar Stortinget i 1903. Foto: Stortinget.

Meldinga om rikets tilstand

Etter trontal vert meldinga om rikets tilstand lesen. Det er regjeringa som avgjer kva for ein statsråd som les denne. Det er tradisjon for at ein av dei yngre regjeringsmedlemene får denne oppgåva. Til skilnad frå trontala vert meldinga om rikets tilstand alltid lesen på nynorsk. Den tradisjonen vart innført i 1932, og har sidan vore halden i hev som ei vedkjenning av at me har to sidestilte målformer.

Ettersom Grunnlova fastset at inga drøfting må skje med kongen til stades, kan ikkje møtet i Stortinget halda fram før etter kongen har forlate bygningen. Fyrst då kan Stortinget vedta at trontala og meldinga om rikets tilstand skal takast opp til handsaming og møtet kan hevast.

Trontaledebatt og regjeringsfråsegn

Ei trontale vert dei fleste år handsama i ein trontaledebatt dagen etter. I valår, når ei regjering har varsla at ho går av på grunn av valnederlag, vert gjerne denne debatten utsett til det ligg føre ei regjeringsfråsegn frå den nye regjeringa. Då kan trontala og regjeringsfråsegna debatterast i Stortinget under eitt.

Kvifor vert det 167. storting opna 3. oktober 2022? Les om nummerering av storting.

Sist oppdatert: 01.09.2023 12:49
: