Samandrag

Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet foreslår i Prop. 27 S (2023–2024) nokre endringar i løyvingar mv. for programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Posttenester. Det blir òg foreslått ei fullmakt under vegformål, endringar i to fullmakter under jernbaneformål og orientert om konsekvensar av ekstremvêret «Hans».

Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår i Prop. 22 S (2023–2024) endringar for løyvingar mv. for fleire programkategoriar. I denne innstillinga blir endringar på kap. 541 IT- og ekompolitikk og kap. 542 Internasjonalt samarbeid handsama.

Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i Prop. 25 S (2023–2024) endringar for løyvingar mv. for fleire programkategoriar. I denne innstillinga blir endringar på kap. 916 Kystverket og tilsegnsfullmakt III til kap. 916 handsama.