Søk

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir lagd fram av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringa om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa tid.

II

Stortinget ber regjeringa sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.