Tilrådinga frå komiteen
blir lagd fram av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre,
Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen har elles ingen merknader,
syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
Stortinget ber regjeringa
om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter
at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa
tid.
II
Stortinget ber regjeringa
sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag
er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller
andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.