Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemane frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

Komiteen viser til representantforslaget og sine merknader og rår Stortinget til å gjere følgende

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringa om å utgreie ei påskjøningsordning i samband med rullering av Nasjonal transportplan, der fylkeskommunen etter ein forpliktande plan kan søkje om medfinansiering frå staten etter gitte kriterium.

II

Stortinget ber regjeringa i samband med rullering av Nasjonal transportplan å kartleggje kva strekningar av fylkesvegane og riksvegane som er dei viktigaste eksportvegane, og i denne forbindelse vurdere korleis viktige eksportvegar betre kan opprustast til å dekkje næringslivet sitt behov.