I
Stortinget ber regjeringa
om å utgreie ei påskjøningsordning i samband med rullering av Nasjonal transportplan,
der fylkeskommunen etter ein forpliktande plan kan søkje om medfinansiering
frå staten etter gitte kriterium.
II
Stortinget ber regjeringa
i samband med rullering av Nasjonal transportplan å kartleggje kva
strekningar av fylkesvegane og riksvegane som er dei viktigaste
eksportvegane, og i denne forbindelse vurdere korleis viktige eksportvegar
betre kan opprustast til å dekkje næringslivet sitt behov.