Samandrag

Konkurranseutsetting av tårn- og sikringstenester

I dag driv Avinor AS ei samla flysikringsteneste for den sivile og militære luftfarten. Samferdselsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å vurdere kva for tenester innanfor flysikring som eignar seg for konkurranseutsetting. Ved ei opning av den norske marknaden for konkurranse vil det òg vere eit spørsmål om det skal opnast for at flysikringstenesta i Avinor kan konkurrere i andre land.

Omdanning av flysikringstenesta i Avinor til eit dotterselskap

I Meld. St. 38 (2012–2013) Verksemda til Avinor AS, jf. Innst. 492 S (2012–2013), slutta Stortinget seg til at Avinor kunne skilje ut Flysikringsdivisjonen i selskapet som eit dotterselskap der Avinor eig alle aksjane. Ei slik utskiljing vil vere eit viktig skritt på vegen mot å kunne opne for konkurranse om tårntenester.

Samferdselsdepartementet gjennomførte omdanninga gjennom eit vedtak om fisjon og emisjon i ei ekstraordinær generalforsamling i Avinor AS 23. april 2014. Departementet vedtok at Flysikringsdivisjonen blir fisjonert frå morselskapet Avinor AS og lagt inn i eit nytt aksjeselskap eigd av Samferdselsdepartementet. Samstundes blir det nye selskapet overført tilbake til Avinor som eit såkalla tingsinnskot ved ein emisjon.

Endra utbyttepolitikk for Avinor AS

Avinor AS har bedt Samferdselsdepartementet om å få styrkt eigenkapitalen med 2 mrd. kroner. Selskapet har m.a. vist til at ei avklaring av dei finansielle rammevilkåra for konsernet er avgjerande for behandlinga i styret av vidare framdrift for terminal 3-prosjektet på Flesland.

For å gi Avinor betre insentiv til å drive kostnadseffektivt vil Samferdselsdepartementet endre utbyttekravet for selskapet i rekneskapsåra 2014–2017. For desse åra vil det bli teke utbytte på 50 pst. for resultat opp til 1 mrd. kroner, medan det for resultat som overstig dette beløpet ikkje vil bli teke utbytte.

Departementet tek ikkje stilling til enkeltprosjekt i Avinors investeringsplan.

Merknader frå komiteen til luftfartsformål

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, sluttar seg til regjeringa sitt framlegg i dei tre sakene som omhandlar luftfart.

Konkurranseutsetting av tårn- og sikringstenester

Komiteen har merka seg at Samferdselsdepartementet har sett i gong eit arbeid for å vurdere kva for tenester innanfor flysikring som eignar seg for konkurranseutsetting, og vil imøtesjå at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med kva for tenester dette er, på eigna måte.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, er nøgd med at regjeringa med forslaget om konkurranseutsetjing av tårn og sikringstenester følgjer opp regjeringsplattforma på dette punktet. Fleirtalet meiner det er viktig å syte for at meir av tenesteproduksjonen vert organisert på ein slik måte at fleire leverandørar kan få konkurrere om å levere det kvalitativt beste tenestetilbodet.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet har merka seg at det i Sundvolden-erklæringa går fram at Høyre/Fremskrittspartiet-regjeringa ønskjer å konkurranseutsette tårn- og sikringstenestene i luftfarten, og at Samferdselsdepartementet no har sett i gang eit arbeid for å vurdere kva tenester innan flysikring som eignar seg for konkurranseutsetting. Desse medlemene ber om at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med saka på eigna måte, men vil samstundes understreke at eventuelle forslag til konkurranseutsetting av flysikring må vere av fagleg karakter, og ikkje baserast på ideologi aleine.

Desse medlemene sluttar seg elles til dei to andre sakene som omhandlar luftfarten.

Omdanning av flysikringstenesta i Avinor til eit dotterselskap

Komiteen syner til at utskiljing av flysikringstenesta i Avinor AS til eit dotterselskap er ei oppfølging av Meld. St. 38 (2012–2013), jf. Innst.492 S (2012–2013), og sluttar seg til handsaminga av dette.

Utbyttepolitikk

Komiteen har merka seg at regjeringa har endra utbyttepolitikken for Avinor AS. Komiteen har merka seg vidare at målet med endringa er å gje Avinor eit betre insentiv til å drive kostnadseffektivt.

Komiteen har óg merka seg at den endra utbyttepolitikken har ført med seg at Avinor AS har valt å gå vidare med planlegginga av terminal 3-prosjektet på Bergen lufthamn Flesland.