Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål og 21.50 Jernbaneformål.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, er positiv til at regjeringa er godt i gong med si satsing på samferdsle, og dei auka budsjettrammene til dette feltet ved framlegginga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014).

Fleirtalet syner til at dei store utfordringane på samferdslefeltet gjer det naudsynt med solide statlege rammar for infrastrukturbygginga framover.

Fleirtalet syner vidare til at det i regjeringsplattforma er lagt vekt på at det skal byggast ut fleire prosjekt ved bruk av offentleg-privat samarbeid, OPS.

Fleirtalet vil peike på at OPS kan vere eigna til utbygging av mange typar infrastrukturtiltak, sjølv om dei statlege tiltaka til no har vore avgrensa til veg.

Fleirtalet meiner det er naudsynt å ha ei heilskapleg tilnærming til bruken av OPS som verkemiddel i samferdsleutbygginga. Fleirtalet vil difor fremje følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa fremje ein strategi for bruk av offentleg-privat samarbeid i utbygging av infrastrukturtiltak, og orientere Stortinget om denne på eigna måte.»