Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og leiaren Terje Aasland, frå Framstegspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Torgeir Dahl, frå Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, frå Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og frå Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, viser til Meld. St. 28 (2012–2013) Unike idear, store verdiar – om immaterielle verdiar og rettar.

Komiteen viser til at meldinga handlar om immaterielle verdiar og rettar i eit nærings- og innovasjonspolitisk perspektiv. Meldinga presenterer politikk som skal bidra til strategisk, bevisst og lønsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv, universitet, høgskular, helseføretak, forskingsinstitutt og hos relevante offentlege aktørar.

Komiteen merkjer seg at immaterielle rettar får stadig større plass i næringslivet. Innovasjon er ofte knytt til immaterielle rettar som treng vern mot piratkopiering. Over heile verda er det ein kraftig auke i talet på registrerte rettar. Internasjonal handel basert på immaterielle rettar er i sterk vekst. Samtidig ser ein at handelen med piratkopierte varer aukar sterkt. Eit tidsriktig, harmonisert og oppdatert regelverk for immaterielle rettar er eit viktig rammevilkår for eit moderne og innovativt næringsliv.

Komiteen registrerer at målingar tyder på at norske føretak brukar immaterielle rettar i mindre grad enn verksemder i mange andre land. Nasjonale undersøkingar tyder på at det er eit behov for meir kompetanse og merksemd om immaterielle rettar i Noreg.

Det er likevel ikkje gitt at alle immaterielle verdiar kan eller bør vernast formelt. Mange innovasjonar kjem i form av forbetringar eller ved at eksisterande løysingar blir brukte på ein ny måte som ikkje oppfyller krava til formell registrering. Komiteen merkjer seg at heller ikkje der rettsvern er mogleg, er det nødvendigvis den beste måten å sikre interessene til føretaket eller samfunnet på.

Komiteen merkjer seg at regjeringa vil rette sin innsats inn mot seks område:

  • Slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar.

  • Betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar.

  • Vidareutvikle Patentstyret.

  • Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle rettar og verdiar.

  • Nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar.

  • Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling.

Komiteen viser til nærare omtale av dei enkelte punkta nedanfor.

Slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar

Komiteen viser til at eit velfungerande system for immaterielle rettar krev ei god regulering av rolla til patentmyndigheitene. Tilslutning til internasjonale avtaler og eit oppdatert nasjonalt regelverk er også viktig. Komiteen merkjer seg at regjeringa vil halde fram med å utvikle regelverket for immaterielle rettar for å sikre norsk næringsliv best mogelege konkurransevilkår.

Innafor IKT-næringa er immaterielle rettar viktig. Dette er omtalt i NOU 2013:2 Hinder for digital verdiskaping. Komiteen er kjend med at rapporten blei sendt på høyring våren 2013 og at regjeringa vil vurdere vidare oppfølging i etterkant av høyringa.

London-avtalen er ein tilleggsavtale til Den europeiske patentkonvensjonen, EPC. Avtalen inneber at krava til å omsetje patentsøknadene blir reduserte, noko som reduserer kostnadene for næringslivet. Komiteen merkjer seg at regjeringa vil sende på høyring forslag om norsk tilslutning til London-avtalen, mellom anna eit forslag om at nasjonale patentsøknader til Patentstyret kan sendast på engelsk. Komiteen støttar dette.

Ei mogleg forklaring på den relativt låge patenteringsgraden blant norske verksemder kan vere at små og mellomstore bedrifter opplever det som vanskeleg å forsvare rettane sine i ei eventuell rettssak. Regjeringa vil derfor undersøkje om det er mogleg å få etablert eit privat kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for immaterielle rettar. Komiteen støttar dette. Komiteen ser også positivt på at regjeringa vil vurdere behovet for vitnefritak for patentfullmektigar og innføring av ei nasjonal autorisasjonsordning.

Næringslivet må i dag søkje om varemerke, føretaksnamn og domenenamn under tre ulike ordningar. Regjeringa vil be Patentstyret i samråd med Norid og Brønnøysundregistra å vurdere korleis informasjon og rettleiing kan gjere det enklare for næringslivet å registrere føretaksnamn, varemerke og domenenamn. Komiteen støttar dette.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at EU i 2006 vedtok ei forordning (EF) nr. 1901/2006 om legemiddel til barn. Formålet med forordninga er å fremme utviklinga og godkjenninga av legemiddel til barn, sikre at barns behov blir tekne vare på i utviklinga av nye legemiddel, og at tilgjengeleg informasjon blir kvalitetssikra. Som eit insentiv for det ekstra forskings- og utviklingsarbeidet industrien utfører, blir det, gjennom eit supplerande vernesertifikat, gitt ein rett til å få forlengja patentvernetida for eit legemiddel med seks månader.

Forordninga er ikkje teken inn i EØS-avtala og ikkje gjennomførd i norsk lov. At forordninga enno ikkje er teken inn i EØS-avtalen, kjem av at forhandlingane mellom EFTA- og EU-sida om kva for tilpassingar som skal gjerast ved innlemming av forordninga i EØS-avtala, ikkje er avslutta.

Fleirtaletmerkjer seg atregjeringa gjer arbeidet med å finne ei løysing høg prioritet og har som mål at forordningane 1901/2006 og 469/2009 skal takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk rett så raskt som mogleg. Fleirtaletstøttar dette.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at EU i 2006 vedtok en forordning (EF) nr. 1901/2006 om legemiddel til barn, og at regjeringen i Meld. St. 28 (2012–2013) varsler at den har som mål at forordningen skal gjennomføres i norsk rett så raskt som mulig. Disse medlemmer mener det er positivt at regjeringen nå signaliserer en rask implementering av pediatriforordningen, noe Høyre har engasjert seg for. Disse medlemmer finner grunn til å vise til at det på tross av 6 år med forhandlinger mellom EU og EØS, ikke synes å være noen snarlig løsning på utfordringene knyttet til hvem som skal ha den økonomiske sanksjonsmyndigheten knyttet til denne forordningen. I påvente av nasjonal juridisk implementering mener disse medlemmer derfor det bør vurderes å innføre midlertidige tiltak for å vise at norske myndigheter anerkjenner intensjonen i regelverket og viktigheten av markedseksklusivitet som et nødvendig insitament for forskning og utvikling. En løsning kan være at legemidler som har gjennomført studieprogram iht. Pediatric Investigation Program (PIP) ikke oppføres på bytteliste/trinnpris før 6 måneder etter patentutløp (inkludert Supplementary Patent Certificate (SPC)).

Disse medlemmer viser for øvrig til at det i forbindelse med Høyres forslag om en langsiktig strategi for biomedisin (Dokument 8:48 S (2010–2011)) ble foreslått at det skulle legges frem «en sak for Stortinget om rettstilstanden ved bytte av legemidler, og biologiske legemidler spesielt, hvor saksfremlegget blant annet redegjør for hvordan regjeringen mener rettstilstanden er og bør være fremover».

Betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar

Komiteen viser til at immaterielle rettar stadig får meir å seie. Derfor er det viktig å auke kunnskapen om immaterielle rettar både i næringslivet og i resten av samfunnet. Vi opplever ein auka etterspurnad etter kandidatar med kunnskap om immaterielle rettar, og vi treng å styrkje dette faget i heile utdanningsløpet.

Regjeringa foreslår å legge til rette for at deltakarane i Ungt Entreprenørskap får betre kompetanse innan immaterielle rettar. Vidare vil regjeringa be Patentstyret innleie ein dialog med Utdanningsdirektoratet, KS og Ungt Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande opplæring, noko komiteen støttar.

Komiteen merker seg også at regjeringa vil arbeide for at relevante doktorgradsutdanningar finansiert av NHD, inneheld opplæring/undervisning i immaterielle rettar der det er naturleg, og at det vil bli vurdert å opprette gåveprofessorat med tilhøyrande stipendiatstillingar.

Vidareutvikle Patentstyret

Komiteen viser til at Patentstyret mellom anna er ein reiskap for å fremme innovasjon. Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Eit velfungerande immaterialrettssystem og ei velfungerande myndigheit er eit sentralt rammevilkår for innovative verksemder.

Patentstyret har i dag mål om å behandle søknader om industrielle rettar med riktig kvalitet og behandlingstid, samt bidra til å auke kunnskapen om industrielle rettar i Noreg. Komiteen merkjer seg at regjeringa ønskjer å utvikle Patentstyret vidare både som forvaltar og som kompetansesenter, og støttar dei tiltaka som er foreslått på dette området.

Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle rettar og verdiar

Komiteen merkjer seg at regjeringa ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat som kan informere om og gi råd om immaterielle rettar og medverke til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar i norsk næringsliv.

Fleire aktørar som SIVA, Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd, og Norsk Designråd er mellom dei som i dag driv informasjonsarbeid på dette området.

Regjeringa foreslår fleire tiltak for å vidareutvikle rettleiings- og rådgivingstenesta. Det blir mellom anna foreslått å kartlegge behovet for og moglege løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste. Vidare foreslår regjeringa å etablere ei rettleiings- og rådgivingsteneste for små og mellomstore bedrifter. Komiteen støttar dette.

Nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar

Komiteen viser til at omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking aukar. Toll- og avgiftsetaten har sidan 2007 intensivert innsatsen for å hindre import av piratvarer til Noreg. Regjeringa har også lagt fram forslag til endringar i lovgivinga om industrielt rettsvern og i åndsverklova.

Komiteen har merka seg at regjeringa vil arbeide vidare for å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere eit tilhøyrande myndigheitssamarbeid. Komiteen støttar dei tiltaka som blir foreslått for å nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar.

Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling

Komiteen syner til at politikkutvikling er avhengig av god og relevant kunnskap. Vi har i dag mykje informasjon om omfanget av rettar. Derimot har vi mindre informasjon om kva omfanget av registrerte rettar betyr for innovasjon og verdiskaping. Dette vil nok variere frå bransje til bransje. For politikkutvikling er det ønskjeleg med meir systematiske analyser som koplar omfanget av immaterielle rettar med andre parametrar som innovasjon og verdiskaping. Komiteen merkjer seg at regjeringa vil bidra til å utvikle kompetansen på dette området. Komiteen foreslår at medlinga vert å leggje ved møteboka.