Denne meldinga handlar om immaterielle verdiar og
rettar i eit nærings- og innovasjonspolitisk perspektiv, og presenterer
ein politikk som skal bidra til ein meir strategisk, bevisst og
lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv,
universitet, høgskular, helseføretak, forskingsinstitutt og hos
relevante offentlege aktørar.
Ulike politikkområde skal ta vare på ulike omsyn som
av og til kan komme i konflikt. Dette er særleg relevant i diskusjonar
om innovasjon og næringsutvikling basert på immaterielle verdiar.
Politikken som har som mål å fremme utvikling av immaterielt innhald
i seg sjølv, til dømes kultur- og kunnskapspolitikken, skil seg
frå politikken som har som mål å fremme utviklinga av tenester som
baserer seg på innhald, gjerne immaterialrettsleg verna materiale. Næringspolitikken
byggjer dermed delvis på andre omsyn enn kultur- eller kunnskapspolitikken
og har ikkje nødvendigvis dei same målsetjingane. Så lenge dei politiske
målsetjingane ikkje er like, kan det oppstå tilfelle der næringspolitiske
interesser ikkje fell saman med kultur- eller kunnskapspolitiske
interesser. På områda der interesser og mål ikkje dekkjer kvarandre
heilt, vil regjeringa ta omsyn til desse forskjellane ved utforming
av politikk og verkemiddel og ved vurdering av måloppnåing.
Spørsmålet om rettar til og rettferdig deling
av gode kan vere aktuelt i samband med bruken av immaterielle rettar,
til dømes ved bruk av rettar som omfattar biologisk materiale og
utnytting av moderne bioteknologi. Vidare kan tilhøvet mellom vern
av immaterielle rettar og helse og utvikling i utviklingsland vere
ei aktuell problemstilling. Slike spørsmål er til dels regulerte
i internasjonale regelverk og er gjenstand for grunnleggjande og
aktuelle debattar i andre samanhengar. Dei blir ikkje behandla i
meldinga. Det blir heller ikkje foreslått konkrete endringar i lover
og forskrifter.
Meldinga er delt inn i fem kapittel. Kapittel
2 beskriv rammeverket for handtering av immaterielle rettar i norsk
næringsliv og norske forskingsinstitusjonar. Mellom anna er Patentstyret,
som er nærare omtala i 2.3, ein sentral aktør i dette biletet. Kapittel 3
beskriv status for immaterielle rettar i Noreg i lys av sentrale
internasjonale utviklingstrekk. Kapittel 4 gjer greie for regjeringa
sin politikk for handtering av immaterielle verdiar og rettar, kva
rolle han speler i næringspolitikken, og korleis regjeringa vil
leggje til rette for at norsk næringsliv betre kan utnytte det verdiskapingspotensialet
som ligg i ei bevisst og strategisk handtering av immaterielle verdiar
og rettar. Det avsluttande kapittel 5 gjer greie for dei økonomiske og
administrative konsekvensane av framlegget.
For å samle erfaringar og kunnskap frå næringslivet
og andre relevante aktørar har departementet i arbeidet med meldinga
lagt vekt på å innhente innspel frå ulike miljø.
Hausten 2011 blei ei ressursgruppe sett saman
av representantar frå nærare 40 ulike aktørar i næringsliv, interesseorganisasjonar,
offentlege myndigheiter, det næringsretta verkemiddelapparatet,
kommersialiseringsaktørar, universitet, høgskolar og helseføretak.
Det har vore halde to innspelsseminar i denne ressursgruppa,
eit rundebordsmøte om import av falske legemiddel, eit innspelsseminar
i regi av Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) og ein større innspelskonferanse.
I tillegg er det gjort fleire intervju, og det
er gjennomført studiebesøk til relevante styresmakter og patentmyndigheiter
i Danmark, Finland og Sverige.
Nærings- og handelsdepartementet sende hausten
2011 ut eit brev til ei rekkje aktørar i det norske innovasjonssystemet
og bad om skriftlege innspel til meldingsarbeidet.
Innspela som kom inn, dekkjer ei rekkje tema.
I meldinga har departementet summert opp dei mest sentrale temaene
slik:
Mange av innspela trekkjer fram behovet for større
kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar både i næringslivet
og i forskingsmiljøa, og foreslår ein forsterka offentleg innsats
på dette området. Det næringsretta verkemiddelapparatet melder også
om aukande behov for rettleiing, rådgiving og kompetanse om immaterielle
rettar og tilhøyrande tenester.
I innspela blir det samtidig streka under at
det er store forskjellar mellom verksemdene. Medan mange av dei
store selskapa i hovudsak handterer immaterielle rettar på ein systematisk
måte, har mindre bedrifter ofte avgrensa føresetnader for å kunne
sikre og forvalte eigne immaterielle verdiar og rettar.
Medan somme gir uttrykk for at dei større universiteta
har god kompetanse når det gjeld å handtere immaterielle rettar,
opplever andre utfordringar i samband med måten forskingsinstitusjonane
og kommersialiseringsaktørane handterer immaterielle rettar på.
Det blir vidare etterlyst enkle og forståelege avtalemalar og hjelp
og rettleiing når det gjeld immaterielle rettar og kommersialisering
som ein del av den forskingsadministrative støtta og infrastrukturen.
I fleire av innspela blir det teke til orde
for ei satsing på immaterielle rettar i utdanningssektoren. Særleg
blir meir og betre undervisning i immaterielle rettar innanfor høgare
utdanning etterlyst. Mellom anna blir det foreslått å inkludere
immaterialrett i pensum innanfor juridiske, tekniske og økonomiske fag.
Vidare blir det teke til orde for at immaterielle rettar også bør
vere eit frittståande fag, og at moglegheitene for å ta mastergrad
og doktorgrad på feltet bør styrkjast.
I enkelte av innspela blir det trekt fram at
kompetansen om samspelet mellom immaterielle rettar og standardar
er heller liten. Ifølgje desse innspela er det difor behov for ei
styrking av kunnskapen på området, spesielt i det offentlege verkemiddelapparatet
og blant ekspertane som er involverte i standardiseringsarbeid.
Mange opplever informasjonen og rettleiinga
om immaterielle rettar i dag som fragmentert, mangelfull og lite
tilgjengeleg. Somme foreslår å etablere eit nasjonalt organ som
gir rettleiing og råd om immaterielle rettar til fleire ulike brukargrupper,
og andre tek til orde for å leggje ein slik funksjon til Patentstyret og/eller
Innovasjon Noreg, basert på deira respektive kompetanse- og ansvarsområde,
medan andre igjen foreslår å leggje ein slik funksjon til eit universitet. Det
blir også foreslått å etablere næringslivsnettverk der verksemdene
kan nyttiggjere seg erfaringane til kvarandre når det gjeld strategisk
bruk av immaterielle rettar.
I mange innspel blir det uttrykt bekymring for
det store omfanget av piratkopiar, varemerkeforfalskingar og import
av falske legemiddel. Utfordringane knyter seg til behov for regelverksendringar,
grensekontroll, haldningsarbeid og lettare tilgjengeleg informasjon.
Mange innspel poengterer behovet for eit tidsriktig
og betra regelverk som i større grad er harmonisert med resten av
verda, og særleg med EU. Mellom anna blir det teke til orde for
norsk tilslutning til London-avtalen, tilknyting til EUs fellesordningar
for immaterielle rettar, høve til å pantsetje immaterielle rettar,
implementering av EUs pediatriforordning, etablering av ein norsk
særdomstol for immaterielle rettar, konkurranserett og marknadsføringsrett.
I enkelte innspel blir det peikt på at patentfullmektigane
og ekspertbransjen møter skarpare konkurranse frå internasjonale
aktørar som har etablert seg i den norske marknaden. Det blir teke
til orde for å innføre eit norsk såkalla patentrådgivarklient-privilegium,
som òg regulerer kven som kan kalle seg patentfullmektig i Noreg,
og fritak frå vitneplikta for fullmektigar, for å gjere patentfullmektigbransjen meir
konkurransedyktig internasjonalt.
Fleire innspel handlar om universitets- og høgskolelova
og arbeidstakaroppfinningslova. Det blir etterlyst større tydelegheit
om rettstilstanden på området og forslag om rettleiings- eller tolkingsdokument
til regelverket. Somme tek til orde for at arbeidstakaroppfinningslova
bør omfatte andre typar immaterielle rettar i tillegg til oppfinningar.
Andre peiker på utfordringar i forhandlingar om avtaletekst om immaterielle
rettar i arbeidsavtalar, tilsetjingskontraktar og studentarbeid.
Enkelte aktørar gir uttrykk for at den grunnleggjande retten universiteta har
til å forske vidare på eigne resultat som har komme fram i samarbeid
med eksterne partar, bør lovfestast. Det har også komme innspel
om potensielle problemstillingar knytte til eit mogleg erstatningsansvar hos
universitet ved brot på andres immaterielle rettar.
Departementet har fått mange innspel som handlar
om samarbeid mellom næringslivet og universitets- og høgskolesektoren.
Enkelte meiner at gjeldande rett på området balanserer akademisk
fridom og behovet for institusjonell kontroll på ein tilfredsstillande
måte. Dei opplever at samarbeidspartnarane i næringslivet er kompetente,
og at samarbeidet er tilfredsstillande. Andre melder at dette samarbeidet
er krevjande, og strekar under kor viktig det er med klare og gode
avtalar og større kompetanse.
Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og
rettar femner breitt. Hovudmålet er at norsk næringsliv og offentlege
aktørar skal bli betre til å utnytte verdiskapingspotensialet som
ligg i ei god handtering av eigne immaterielle verdiar og rettar.
For å nå dette målet vil regjeringa rette innsatsen mot seks område:
Regelverket for immaterielle rettar regulerer
rolla til patentmyndigheitene, kva som blir verna, kor langt vernet
strekkjer seg, og korleis dei immaterielle rettane blir sikra og
handheva. Tilslutning til internasjonale avtalar og eit oppdatert
nasjonalt regelverk er viktig for å sikre eit velfungerande system
for handtering av immaterielle rettar. Eit godt system gjer det mogleg
for norske verksemder å sikre og handheve rettane sine og stimulerer
til utvikling av ny kunnskap i form av nye tekniske løysingar eller
kulturelle uttrykk.
Noreg har i dag eit regelverk som gjennomgåande
er tidsriktig og oppdatert. Som eit ledd i arbeidet med å sikre
norsk næringsliv best moglege konkurransevilkår internasjonalt,
vil regjeringa halde fram med å utvikle og harmonisere regelverket
for immaterielle rettar. Regjeringa meiner at regelverket og systemet
for immaterielle rettar i Noreg bør fungere som insentiv for både
private og offentlege verksemder som vil investere i innovasjon
og verdiskaping.
For å slutte Noreg til internasjonale avtalar
og oppdatere regelverk og ordningar vil regjeringa mellom anna
sende på høyring forslag om norsk tilslutning til
London-avtalen
undersøkje om det er mogleg å få etablert
eit privat, kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for immaterielle
rettar i den norske marknaden
vurdere behovet og moglegheitene for vitnefritak
for patentfullmektigar og innføring av ei norsk autorisasjonsordning
Immaterielle rettar har fått større betyding,
og delar av næringslivet etterspør fleire medarbeidarar og kandidatar
med relevant utdanning. Dette er særlig aktuelt innanfor fag som
jus, teknologi, økonomi og administrasjon. Eit betre utdanningstilbod
vil bidra til å møte det aukande behovet for kompetanse om immaterielle
rettar blant framtidige arbeidstakarar, i næringslivet, i patentekspertbransjen,
i verkemiddelapparatet og i rettsvesenet. Vidare vil eit godt etter- og
vidareutdanningstilbod bidra til å heve og utvikle kompetansenivået
hos dagens arbeidstakarar. Det er også eit behov for auka bevisstheit
om immaterielle rettar blant barn og unge.
Regjeringa er oppteken av at tilbodet om opplæring
i immaterielle rettar må bli betre i heile utdanningsløpet – i grunn-
og vidaregåande opplæring, i høgare utdanning og i relevante etter-
og vidareutdanningar. For å betre opplæringa i immaterielle rettar
vil regjeringa mellom anna
leggje til rette for at deltakarar i Ungt Entreprenørskap
får større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar
be Patentstyret innleie ein dialog med
Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Ungt
Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for immaterielle rettar
i grunn- og vidaregåande opplæring
be Forskingsrådet arbeide for at doktorgradsutdanningar
som blir finansierte med midlar frå Nærings- og handelsdepartementet,
inneheld opplæring i immaterielle rettar der dette er formålstenleg
Patentstyret er den norske nasjonale myndigheita for
behandling av søknader om patent, varemerke og designvern. I tillegg
er Patentstyret eit nasjonalt kompetansesenter for industrielle
rettar. Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar
er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Regjeringa
meiner at eit velfungerande immaterialrettssystem og ei velfungerande
myndigheit er eit sentralt rammevilkår for at verksemder skal velje
å basere den nyskapande verksemda si i Noreg.
Regjeringa ønskjer at Patentstyret skal utvikle seg
vidare, både som forvaltar av og som eit kompetansesenter for industrielle
rettar i Noreg. For at Patentstyret skal lykkast med dette, må etaten
ha god og relevant kompetanse, og gode rutinar for ei effektiv saksbehandling.
Patentstyret må aktivt følgje med og overvake den teknologiske utviklinga
og analysere kva konsekvensar ho kan ha for arbeidet i etaten i
tida framover. Regjeringa ventar også at Patentstyret saman med
dei andre næringsretta verkemiddelaktørane gir myndigheitene råd
i politikkutviklinga på feltet.
For at Patentstyret skal utvikle seg vidare
til nytte for norske aktørar, vil regjeringa mellom anna be Patentstyret
om å
medverke til at næringslivet i større grad
inkluderer bruk av immaterielle rettar i sin eigen forretnings-
og kommersialiseringsstrategi
vere ein pådrivar overfor dei andre verkemiddelaktørane
for å inkludere immaterialrettslege perspektiv i oppgåveløysinga
og tenestetilbodet deira på ein formålstenleg måte
arbeide vidare med å etablere ein nettstad med
informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking
Det næringsretta verkemiddelapparatet består mellom
anna av Innovasjon Noreg, Designrådet, Forskingsrådet, SIVA og Patentstyret.
Dei har ulike roller, ansvar, kompetanse og oppgåver som skal vere
komplementære innanfor ei samla verdikjede frå idé til marknad.
Regjeringa er oppteken av at samarbeidet mellom aktørane skal resultere
i at ulike tenester utfyller kvarandre og framstår på ein heilskapleg
og einsarta måte for verksemdene. Dette er også viktig for å kunne
møte dei endringane som skjer internasjonalt. Det er mellom anna
etablert samarbeidsavtalar mellom Patentstyret og høvesvis Forskingsrådet,
Norsk Designråd og Innovasjon Noreg.
I dag finst det ingen enkeltaktør som kan tilby
informasjon og rettleiing om heile spekteret av immaterielle rettar,
frå opphavsrett til patent, til alle relevante målgrupper. Regjeringa
ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat som bidreg
til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar
i norsk næringsliv.
For å vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet om
immaterielle verdiar og rettar vil regjeringa mellom anna
kartleggje behova nærare og identifisere moglege
løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste om immaterielle
rettar og verdiar
etablere ei rettleiings- og rådgivingsteneste for
små og mellomstore bedrifter
medverke til å utvikle Innovasjon Noreg
si rettleiing til norske bedrifter om immaterielle rettar i særleg
relevante internasjonale marknader og be Innovasjon Noreg vurdere
korleis ei betra rettleiingsteneste kan utformast
Omfanget av piratkopiering og vareforfalsking aukar,
og handelen med falske varer og piratkopiering av programvare, musikk
og film har vakse det siste tiåret. Samtidig viser ei rekkje døme
at omfanget av piratkopiering blir mindre der det blir lagt til rette
for lovlege løysingar.
Regjeringa ser at det må til eit breitt sett
av tiltak for å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking.
Det vil vere behov for regelverksendringar og tiltak for informasjons-
og haldningsarbeid. I tillegg må det leggjast til rette for attraktive
og lovlege løysingar. Utvikling av digitalt berekraftige forretningsmodellar
som forbrukarane faktisk ønskjer å bruke, er eit ansvar som i hovudsak
ligg på aktørane i bransjen. Piratkopiering og varemerkeforfalsking
er samtidig internasjonale utfordringar som tilseier ein samla innsats
gjennom internasjonalt samarbeid.
For å redusere omfanget av piratkopiering og
varemerkeforfalsking vil regjeringa mellom anna
styrkje regelverket for handheving av rettar etter
åndsverklova ved ein revisjon av denne lova
arbeide for å etablere ein nettstad med
informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere
eit tilhøyrande myndigheitssamarbeid
styrkje regelverket mot import av falske
legemiddel
Politikkutviklinga på eit område blir ikkje
betre enn det kunnskapsgrunnlaget ho kviler på. I næringspolitikken
inneber det at regjeringa er avhengig av å ha god kunnskap om samanhengen
mellom innsatsen på eit område og den effekten innsatsen har på
verdiskapinga. Når det gjeld immaterielle rettar, er det stort sett
god kunnskap om kor mange rettar det blir søkt om i verda, medan
kunnskapen er langt dårlegare mellom anna om kva effekt omfanget
av immaterielle rettar har på verdiskapinga i den enkelte bedrifta,
i ei næring eller i eit heilt land.
For offentlege styresmakter vil det difor vere
ønskjeleg med økonomiske analysar som koplar data for immaterielle
rettar mot andre datakjelder. Dette kan bidra til å auke kunnskapen
om samanhengane mellom immaterielle rettar, innovasjon og verdiskaping.
For å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling
vil regjeringa mellom anna
be Patentstyret medverke til eit forbetra datagrunnlag,
mellom anna gjennom å leggje til rette for auka innrapportering
av organisasjonsnummer ved søknader om rettar
vurdere korleis analysar av tilhøvet mellom immaterielle
rettar og verdiskaping kan inngå i utvikling av kunnskapsgrunnlaget
jamleg invitere til konferansar for å
diskutere utvalde problemstillingar om handteringa av immaterielle
verdiar og rettar i det norske innovasjonssystemet
Målet for regjeringa sin næringspolitikk er
å bidra til størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi. I
denne stortingsmeldinga presenterer regjeringa ein langsiktig politikk
som skal fremme større bevisstheit og kompetanse om, og auka strategisk bruk
av immaterielle rettar i norsk næringsliv, i offentleg sektor og
blant andre relevante aktørar. Gjennom å fremme realiseringa av
nye produkt, løysingar og verdiar skal immaterielle rettar bidra
til målet om størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi.
Tiltak i stortingsmeldinga som har økonomiske konsekvensar,
blir dekte innanfor gjeldande rammer.
Etableringa av ein nettstad og eit myndigheitsnettverk
for nedkjemping av piratkopiering, og gjennomføringa av ein tilhøyrande
informasjons- og haldningskampanje, krev midlar. Tiltaka vil bli
dekte innanfor rammene til Nærings- og handelsdepartementet, og
arbeidet med begge tiltaka er i gang.
Generelle føringar til verkemiddelapparatet
om å styrkje den eksterne rettleiinga og rådgivinga til verkemiddelapparatet,
eigen kompetanse og samarbeidet mellom Patentstyret og dei andre
verkemiddelaktørane blir dekte over dei ordinære budsjetta til verkemiddelaktørane.
Det same gjeld forslag om vurderingar og utgreiingar.
Oppfølginga av ei langsiktig strategisk utvikling av
Patentstyret vil inngå som ein del av etatsstyringa til departementet.
Styrking av den ikkje-inntektsgivande delen av Patentstyret vil
føre til auka kostnader. Desse kostnadene vil bli dekte innanfor
løyvinga til Patentstyret.
For å bidra til auka strategisk og lønnsam bruk
av immaterielle verdiar og rettar i norske verksemder presenterer
regjeringa i denne stortingsmeldinga ei rekkje tiltak som skal gi
større kompetanse om immaterielle rettar i det norske innovasjonssystemet. Tiltaka
vil bli dekte innanfor rammene til Nærings- og handelsdepartementet.
Kostnadene Patentstyret og dei andre verkemiddelaktørane
har i samband med forvaltninga av dei ulike oppdraga dei er pålagde,
skal dekkjast av oppdragsgivaren innanfor løyvinga til oppdraget
eller gjennom ei særskild løyving. Det inneber at etatane ikkje
får oppdrag dei ikkje har ressursar til å gjennomføre, og at det
ikkje er behov for å tilføre etatane særskilde ressursar til administrasjon
og gjennomføring av oppdraga.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og leiaren
Terje Aasland, frå Framstegspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik
og Torgeir Trældal, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten
og Torgeir Dahl, frå Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid,
frå Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og frå Kristeleg Folkeparti,
Steinar Reiten, viser til Meld. St. 28 (2012–2013) Unike
idear, store verdiar – om immaterielle verdiar og rettar.
Komiteen viser til at meldinga
handlar om immaterielle verdiar og rettar i eit nærings- og innovasjonspolitisk
perspektiv. Meldinga presenterer politikk som skal bidra til strategisk,
bevisst og lønsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norsk
næringsliv, universitet, høgskular, helseføretak, forskingsinstitutt
og hos relevante offentlege aktørar.
Komiteen merkjer seg at immaterielle
rettar får stadig større plass i næringslivet. Innovasjon er ofte
knytt til immaterielle rettar som treng vern mot piratkopiering.
Over heile verda er det ein kraftig auke i talet på registrerte
rettar. Internasjonal handel basert på immaterielle rettar er i
sterk vekst. Samtidig ser ein at handelen med piratkopierte varer
aukar sterkt. Eit tidsriktig, harmonisert og oppdatert regelverk
for immaterielle rettar er eit viktig rammevilkår for eit moderne
og innovativt næringsliv.
Komiteen registrerer at målingar
tyder på at norske føretak brukar immaterielle rettar i mindre grad
enn verksemder i mange andre land. Nasjonale undersøkingar tyder
på at det er eit behov for meir kompetanse og merksemd om immaterielle
rettar i Noreg.
Det er likevel ikkje gitt at alle immaterielle
verdiar kan eller bør vernast formelt. Mange innovasjonar kjem i
form av forbetringar eller ved at eksisterande løysingar blir brukte
på ein ny måte som ikkje oppfyller krava til formell registrering. Komiteen merkjer
seg at heller ikkje der rettsvern er mogleg, er det nødvendigvis
den beste måten å sikre interessene til føretaket eller samfunnet
på.
Komiteen merkjer seg at regjeringa
vil rette sin innsats inn mot seks område:
Slutte Noreg til
internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar.
Betre opplæringa i immaterielle verdiar
og rettar.
Vidareutvikle Patentstyret.
Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet
innanfor immaterielle rettar og verdiar.
Nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar.
Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling.
Komiteen viser til nærare omtale
av dei enkelte punkta nedanfor.
Komiteen viser til
at eit velfungerande system for immaterielle rettar krev ei god
regulering av rolla til patentmyndigheitene. Tilslutning til internasjonale
avtaler og eit oppdatert nasjonalt regelverk er også viktig. Komiteen merkjer
seg at regjeringa vil halde fram med å utvikle regelverket for immaterielle rettar
for å sikre norsk næringsliv best mogelege konkurransevilkår.
Innafor IKT-næringa er immaterielle rettar viktig.
Dette er omtalt i NOU 2013:2 Hinder for digital verdiskaping. Komiteen er
kjend med at rapporten blei sendt på høyring våren 2013 og at regjeringa
vil vurdere vidare oppfølging i etterkant av høyringa.
London-avtalen er ein tilleggsavtale til Den
europeiske patentkonvensjonen, EPC. Avtalen inneber at krava til
å omsetje patentsøknadene blir reduserte, noko som reduserer kostnadene
for næringslivet. Komiteen merkjer seg at regjeringa
vil sende på høyring forslag om norsk tilslutning til London-avtalen,
mellom anna eit forslag om at nasjonale patentsøknader til Patentstyret
kan sendast på engelsk. Komiteen støttar dette.
Ei mogleg forklaring på den relativt låge patenteringsgraden
blant norske verksemder kan vere at små og mellomstore bedrifter
opplever det som vanskeleg å forsvare rettane sine i ei eventuell
rettssak. Regjeringa vil derfor undersøkje om det er mogleg å få
etablert eit privat kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for
immaterielle rettar. Komiteen støttar dette. Komiteen ser
også positivt på at regjeringa vil vurdere behovet for vitnefritak
for patentfullmektigar og innføring av ei nasjonal autorisasjonsordning.
Næringslivet må i dag søkje om varemerke, føretaksnamn
og domenenamn under tre ulike ordningar. Regjeringa vil be Patentstyret
i samråd med Norid og Brønnøysundregistra å vurdere korleis informasjon og
rettleiing kan gjere det enklare for næringslivet å registrere føretaksnamn,
varemerke og domenenamn. Komiteen støttar dette.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at EU i 2006 vedtok ei forordning (EF) nr. 1901/2006 om
legemiddel til barn. Formålet med forordninga er å fremme utviklinga
og godkjenninga av legemiddel til barn, sikre at barns behov blir
tekne vare på i utviklinga av nye legemiddel, og at tilgjengeleg
informasjon blir kvalitetssikra. Som eit insentiv for det ekstra forskings-
og utviklingsarbeidet industrien utfører, blir det, gjennom eit
supplerande vernesertifikat, gitt ein rett til å få forlengja patentvernetida
for eit legemiddel med seks månader.
Forordninga er ikkje teken inn i EØS-avtala
og ikkje gjennomførd i norsk lov. At forordninga enno ikkje er teken
inn i EØS-avtalen, kjem av at forhandlingane mellom EFTA- og EU-sida
om kva for tilpassingar som skal gjerast ved innlemming av forordninga
i EØS-avtala, ikkje er avslutta.
Fleirtaletmerkjer
seg atregjeringa gjer arbeidet med å
finne ei løysing høg prioritet og har som mål at forordningane 1901/2006
og 469/2009 skal takast inn i EØS-avtala og gjennomførast i norsk
rett så raskt som mogleg. Fleirtaletstøttar
dette.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser
til at EU i 2006 vedtok en forordning (EF) nr. 1901/2006 om legemiddel
til barn, og at regjeringen i Meld. St. 28 (2012–2013) varsler at
den har som mål at forordningen skal gjennomføres i norsk rett så raskt
som mulig. Disse medlemmer mener det er positivt
at regjeringen nå signaliserer en rask implementering av pediatriforordningen,
noe Høyre har engasjert seg for. Disse medlemmer finner grunn
til å vise til at det på tross av 6 år med forhandlinger mellom
EU og EØS, ikke synes å være noen snarlig løsning på utfordringene
knyttet til hvem som skal ha den økonomiske sanksjonsmyndigheten knyttet
til denne forordningen. I påvente av nasjonal juridisk implementering
mener disse medlemmer derfor det bør vurderes å innføre
midlertidige tiltak for å vise at norske myndigheter anerkjenner intensjonen
i regelverket og viktigheten av markedseksklusivitet som et nødvendig
insitament for forskning og utvikling. En løsning kan være at legemidler
som har gjennomført studieprogram iht. Pediatric Investigation Program
(PIP) ikke oppføres på bytteliste/trinnpris før 6 måneder etter
patentutløp (inkludert Supplementary Patent Certificate (SPC)).
Disse medlemmer viser for øvrig
til at det i forbindelse med Høyres forslag om en langsiktig strategi
for biomedisin (Dokument 8:48 S (2010–2011)) ble foreslått at det
skulle legges frem «en sak for Stortinget om rettstilstanden ved
bytte av legemidler, og biologiske legemidler spesielt, hvor saksfremlegget
blant annet redegjør for hvordan regjeringen mener rettstilstanden
er og bør være fremover».
Komiteen viser til
at immaterielle rettar stadig får meir å seie. Derfor er det viktig
å auke kunnskapen om immaterielle rettar både i næringslivet og
i resten av samfunnet. Vi opplever ein auka etterspurnad etter kandidatar
med kunnskap om immaterielle rettar, og vi treng å styrkje dette
faget i heile utdanningsløpet.
Regjeringa foreslår å legge til rette for at
deltakarane i Ungt Entreprenørskap får betre kompetanse innan immaterielle
rettar. Vidare vil regjeringa be Patentstyret innleie ein dialog
med Utdanningsdirektoratet, KS og Ungt Entreprenørskap med sikte
på å skape interesse for immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande
opplæring, noko komiteen støttar.
Komiteen merker seg også at regjeringa
vil arbeide for at relevante doktorgradsutdanningar finansiert av
NHD, inneheld opplæring/undervisning i immaterielle rettar der det
er naturleg, og at det vil bli vurdert å opprette gåveprofessorat
med tilhøyrande stipendiatstillingar.
Komiteen viser til
at Patentstyret mellom anna er ein reiskap for å fremme innovasjon.
Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar
er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Eit velfungerande
immaterialrettssystem og ei velfungerande myndigheit er eit sentralt
rammevilkår for innovative verksemder.
Patentstyret har i dag mål om å behandle søknader
om industrielle rettar med riktig kvalitet og behandlingstid, samt
bidra til å auke kunnskapen om industrielle rettar i Noreg. Komiteen merkjer
seg at regjeringa ønskjer å utvikle Patentstyret vidare både som
forvaltar og som kompetansesenter, og støttar dei tiltaka som er
foreslått på dette området.
Komiteen merkjer seg
at regjeringa ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat
som kan informere om og gi råd om immaterielle rettar og medverke
til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar
i norsk næringsliv.
Fleire aktørar som SIVA, Innovasjon Noreg, Noregs
forskingsråd, og Norsk Designråd er mellom dei som i dag driv informasjonsarbeid
på dette området.
Regjeringa foreslår fleire tiltak for å vidareutvikle
rettleiings- og rådgivingstenesta. Det blir mellom anna foreslått
å kartlegge behovet for og moglege løysingar for ei samla informasjons-
og rettleiingsteneste. Vidare foreslår regjeringa å etablere ei
rettleiings- og rådgivingsteneste for små og mellomstore bedrifter. Komiteen støttar
dette.
Komiteen viser til
at omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking aukar. Toll-
og avgiftsetaten har sidan 2007 intensivert innsatsen for å hindre
import av piratvarer til Noreg. Regjeringa har også lagt fram forslag
til endringar i lovgivinga om industrielt rettsvern og i åndsverklova.
Komiteen har merka seg at regjeringa
vil arbeide vidare for å etablere ein nettstad med informasjon om
piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere eit tilhøyrande
myndigheitssamarbeid. Komiteen støttar dei tiltaka
som blir foreslått for å nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar.
Komiteen syner til
at politikkutvikling er avhengig av god og relevant kunnskap. Vi
har i dag mykje informasjon om omfanget av rettar. Derimot har vi
mindre informasjon om kva omfanget av registrerte rettar betyr for
innovasjon og verdiskaping. Dette vil nok variere frå bransje til
bransje. For politikkutvikling er det ønskjeleg med meir systematiske
analyser som koplar omfanget av immaterielle rettar med andre parametrar
som innovasjon og verdiskaping. Komiteen merkjer
seg at regjeringa vil bidra til å utvikle kompetansen på dette området. Komiteen foreslår
at medlinga vert å leggje ved møteboka.
Tilrådinga frå komiteen vert fremma av ein samla komité.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere
følgjande
vedtak:
Meld. St. 28 (2012–2013) – om unike idear,
store verdiar – om immaterielle verdiar og rettar – vert å leggje
ved møteboka.
Oslo, i næringskomiteen, 28. mai 2013
Terje Aasland |
Alf Egil Holmelid |
leiar |
ordførar |