1.1 Om innhaldet i meldinga

Denne meldinga handlar om immaterielle verdiar og rettar i eit nærings- og innovasjonspolitisk perspektiv, og presenterer ein politikk som skal bidra til ein meir strategisk, bevisst og lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv, universitet, høgskular, helseføretak, forskingsinstitutt og hos relevante offentlege aktørar.

Ulike politikkområde skal ta vare på ulike omsyn som av og til kan komme i konflikt. Dette er særleg relevant i diskusjonar om innovasjon og næringsutvikling basert på immaterielle verdiar. Politikken som har som mål å fremme utvikling av immaterielt innhald i seg sjølv, til dømes kultur- og kunnskapspolitikken, skil seg frå politikken som har som mål å fremme utviklinga av tenester som baserer seg på innhald, gjerne immaterialrettsleg verna materiale. Næringspolitikken byggjer dermed delvis på andre omsyn enn kultur- eller kunnskapspolitikken og har ikkje nødvendigvis dei same målsetjingane. Så lenge dei politiske målsetjingane ikkje er like, kan det oppstå tilfelle der næringspolitiske interesser ikkje fell saman med kultur- eller kunnskapspolitiske interesser. På områda der interesser og mål ikkje dekkjer kvarandre heilt, vil regjeringa ta omsyn til desse forskjellane ved utforming av politikk og verkemiddel og ved vurdering av måloppnåing.

Spørsmålet om rettar til og rettferdig deling av gode kan vere aktuelt i samband med bruken av immaterielle rettar, til dømes ved bruk av rettar som omfattar biologisk materiale og utnytting av moderne bioteknologi. Vidare kan tilhøvet mellom vern av immaterielle rettar og helse og utvikling i utviklingsland vere ei aktuell problemstilling. Slike spørsmål er til dels regulerte i internasjonale regelverk og er gjenstand for grunnleggjande og aktuelle debattar i andre samanhengar. Dei blir ikkje behandla i meldinga. Det blir heller ikkje foreslått konkrete endringar i lover og forskrifter.

Meldinga er delt inn i fem kapittel. Kapittel 2 beskriv rammeverket for handtering av immaterielle rettar i norsk næringsliv og norske forskingsinstitusjonar. Mellom anna er Patentstyret, som er nærare omtala i 2.3, ein sentral aktør i dette biletet. Kapittel 3 beskriv status for immaterielle rettar i Noreg i lys av sentrale internasjonale utviklingstrekk. Kapittel 4 gjer greie for regjeringa sin politikk for handtering av immaterielle verdiar og rettar, kva rolle han speler i næringspolitikken, og korleis regjeringa vil leggje til rette for at norsk næringsliv betre kan utnytte det verdiskapingspotensialet som ligg i ei bevisst og strategisk handtering av immaterielle verdiar og rettar. Det avsluttande kapittel 5 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegget.

1.2 Om utarbeidinga av meldinga

1.2.1 Innspelsseminar, møte og skriftlege innspel

For å samle erfaringar og kunnskap frå næringslivet og andre relevante aktørar har departementet i arbeidet med meldinga lagt vekt på å innhente innspel frå ulike miljø.

Hausten 2011 blei ei ressursgruppe sett saman av representantar frå nærare 40 ulike aktørar i næringsliv, interesseorganisasjonar, offentlege myndigheiter, det næringsretta verkemiddelapparatet, kommersialiseringsaktørar, universitet, høgskolar og helseføretak.

Det har vore halde to innspelsseminar i denne ressursgruppa, eit rundebordsmøte om import av falske legemiddel, eit innspelsseminar i regi av Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) og ein større innspelskonferanse.

I tillegg er det gjort fleire intervju, og det er gjennomført studiebesøk til relevante styresmakter og patentmyndigheiter i Danmark, Finland og Sverige.

Nærings- og handelsdepartementet sende hausten 2011 ut eit brev til ei rekkje aktørar i det norske innovasjonssystemet og bad om skriftlege innspel til meldingsarbeidet.

Innspela som kom inn, dekkjer ei rekkje tema. I meldinga har departementet summert opp dei mest sentrale temaene slik:

Kompetanse og bevisstheit

Mange av innspela trekkjer fram behovet for større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar både i næringslivet og i forskingsmiljøa, og foreslår ein forsterka offentleg innsats på dette området. Det næringsretta verkemiddelapparatet melder også om aukande behov for rettleiing, rådgiving og kompetanse om immaterielle rettar og tilhøyrande tenester.

I innspela blir det samtidig streka under at det er store forskjellar mellom verksemdene. Medan mange av dei store selskapa i hovudsak handterer immaterielle rettar på ein systematisk måte, har mindre bedrifter ofte avgrensa føresetnader for å kunne sikre og forvalte eigne immaterielle verdiar og rettar.

Medan somme gir uttrykk for at dei større universiteta har god kompetanse når det gjeld å handtere immaterielle rettar, opplever andre utfordringar i samband med måten forskingsinstitusjonane og kommersialiseringsaktørane handterer immaterielle rettar på. Det blir vidare etterlyst enkle og forståelege avtalemalar og hjelp og rettleiing når det gjeld immaterielle rettar og kommersialisering som ein del av den forskingsadministrative støtta og infrastrukturen.

I fleire av innspela blir det teke til orde for ei satsing på immaterielle rettar i utdanningssektoren. Særleg blir meir og betre undervisning i immaterielle rettar innanfor høgare utdanning etterlyst. Mellom anna blir det foreslått å inkludere immaterialrett i pensum innanfor juridiske, tekniske og økonomiske fag. Vidare blir det teke til orde for at immaterielle rettar også bør vere eit frittståande fag, og at moglegheitene for å ta mastergrad og doktorgrad på feltet bør styrkjast.

I enkelte av innspela blir det trekt fram at kompetansen om samspelet mellom immaterielle rettar og standardar er heller liten. Ifølgje desse innspela er det difor behov for ei styrking av kunnskapen på området, spesielt i det offentlege verkemiddelapparatet og blant ekspertane som er involverte i standardiseringsarbeid.

Mange opplever informasjonen og rettleiinga om immaterielle rettar i dag som fragmentert, mangelfull og lite tilgjengeleg. Somme foreslår å etablere eit nasjonalt organ som gir rettleiing og råd om immaterielle rettar til fleire ulike brukargrupper, og andre tek til orde for å leggje ein slik funksjon til Patentstyret og/eller Innovasjon Noreg, basert på deira respektive kompetanse- og ansvarsområde, medan andre igjen foreslår å leggje ein slik funksjon til eit universitet. Det blir også foreslått å etablere næringslivsnettverk der verksemdene kan nyttiggjere seg erfaringane til kvarandre når det gjeld strategisk bruk av immaterielle rettar.

I mange innspel blir det uttrykt bekymring for det store omfanget av piratkopiar, varemerkeforfalskingar og import av falske legemiddel. Utfordringane knyter seg til behov for regelverksendringar, grensekontroll, haldningsarbeid og lettare tilgjengeleg informasjon.

Regelverk og ordningar

Mange innspel poengterer behovet for eit tidsriktig og betra regelverk som i større grad er harmonisert med resten av verda, og særleg med EU. Mellom anna blir det teke til orde for norsk tilslutning til London-avtalen, tilknyting til EUs fellesordningar for immaterielle rettar, høve til å pantsetje immaterielle rettar, implementering av EUs pediatriforordning, etablering av ein norsk særdomstol for immaterielle rettar, konkurranserett og marknadsføringsrett.

I enkelte innspel blir det peikt på at patentfullmektigane og ekspertbransjen møter skarpare konkurranse frå internasjonale aktørar som har etablert seg i den norske marknaden. Det blir teke til orde for å innføre eit norsk såkalla patentrådgivarklient-privilegium, som òg regulerer kven som kan kalle seg patentfullmektig i Noreg, og fritak frå vitneplikta for fullmektigar, for å gjere patentfullmektigbransjen meir konkurransedyktig internasjonalt.

Fleire innspel handlar om universitets- og høgskolelova og arbeidstakaroppfinningslova. Det blir etterlyst større tydelegheit om rettstilstanden på området og forslag om rettleiings- eller tolkingsdokument til regelverket. Somme tek til orde for at arbeidstakaroppfinningslova bør omfatte andre typar immaterielle rettar i tillegg til oppfinningar. Andre peiker på utfordringar i forhandlingar om avtaletekst om immaterielle rettar i arbeidsavtalar, tilsetjingskontraktar og studentarbeid. Enkelte aktørar gir uttrykk for at den grunnleggjande retten universiteta har til å forske vidare på eigne resultat som har komme fram i samarbeid med eksterne partar, bør lovfestast. Det har også komme innspel om potensielle problemstillingar knytte til eit mogleg erstatningsansvar hos universitet ved brot på andres immaterielle rettar.

Departementet har fått mange innspel som handlar om samarbeid mellom næringslivet og universitets- og høgskolesektoren. Enkelte meiner at gjeldande rett på området balanserer akademisk fridom og behovet for institusjonell kontroll på ein tilfredsstillande måte. Dei opplever at samarbeidspartnarane i næringslivet er kompetente, og at samarbeidet er tilfredsstillande. Andre melder at dette samarbeidet er krevjande, og strekar under kor viktig det er med klare og gode avtalar og større kompetanse.

1.3 Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar

Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar femner breitt. Hovudmålet er at norsk næringsliv og offentlege aktørar skal bli betre til å utnytte verdiskapingspotensialet som ligg i ei god handtering av eigne immaterielle verdiar og rettar. For å nå dette målet vil regjeringa rette innsatsen mot seks område:

  • 1. Slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar

Regelverket for immaterielle rettar regulerer rolla til patentmyndigheitene, kva som blir verna, kor langt vernet strekkjer seg, og korleis dei immaterielle rettane blir sikra og handheva. Tilslutning til internasjonale avtalar og eit oppdatert nasjonalt regelverk er viktig for å sikre eit velfungerande system for handtering av immaterielle rettar. Eit godt system gjer det mogleg for norske verksemder å sikre og handheve rettane sine og stimulerer til utvikling av ny kunnskap i form av nye tekniske løysingar eller kulturelle uttrykk.

Noreg har i dag eit regelverk som gjennomgåande er tidsriktig og oppdatert. Som eit ledd i arbeidet med å sikre norsk næringsliv best moglege konkurransevilkår internasjonalt, vil regjeringa halde fram med å utvikle og harmonisere regelverket for immaterielle rettar. Regjeringa meiner at regelverket og systemet for immaterielle rettar i Noreg bør fungere som insentiv for både private og offentlege verksemder som vil investere i innovasjon og verdiskaping.

For å slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar vil regjeringa mellom anna

    • sende på høyring forslag om norsk tilslutning til London-avtalen

    • undersøkje om det er mogleg å få etablert eit privat, kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for immaterielle rettar i den norske marknaden

    • vurdere behovet og moglegheitene for vitnefritak for patentfullmektigar og innføring av ei norsk autorisasjonsordning

  • 2. Betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar

Immaterielle rettar har fått større betyding, og delar av næringslivet etterspør fleire medarbeidarar og kandidatar med relevant utdanning. Dette er særlig aktuelt innanfor fag som jus, teknologi, økonomi og administrasjon. Eit betre utdanningstilbod vil bidra til å møte det aukande behovet for kompetanse om immaterielle rettar blant framtidige arbeidstakarar, i næringslivet, i patentekspertbransjen, i verkemiddelapparatet og i rettsvesenet. Vidare vil eit godt etter- og vidareutdanningstilbod bidra til å heve og utvikle kompetansenivået hos dagens arbeidstakarar. Det er også eit behov for auka bevisstheit om immaterielle rettar blant barn og unge.

Regjeringa er oppteken av at tilbodet om opplæring i immaterielle rettar må bli betre i heile utdanningsløpet – i grunn- og vidaregåande opplæring, i høgare utdanning og i relevante etter- og vidareutdanningar. For å betre opplæringa i immaterielle rettar vil regjeringa mellom anna

    • leggje til rette for at deltakarar i Ungt Entreprenørskap får større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar

    • be Patentstyret innleie ein dialog med Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Ungt Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande opplæring

    • be Forskingsrådet arbeide for at doktorgradsutdanningar som blir finansierte med midlar frå Nærings- og handelsdepartementet, inneheld opplæring i immaterielle rettar der dette er formålstenleg

  • 3. Vidareutvikle Patentstyret

Patentstyret er den norske nasjonale myndigheita for behandling av søknader om patent, varemerke og designvern. I tillegg er Patentstyret eit nasjonalt kompetansesenter for industrielle rettar. Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Regjeringa meiner at eit velfungerande immaterialrettssystem og ei velfungerande myndigheit er eit sentralt rammevilkår for at verksemder skal velje å basere den nyskapande verksemda si i Noreg.

Regjeringa ønskjer at Patentstyret skal utvikle seg vidare, både som forvaltar av og som eit kompetansesenter for industrielle rettar i Noreg. For at Patentstyret skal lykkast med dette, må etaten ha god og relevant kompetanse, og gode rutinar for ei effektiv saksbehandling. Patentstyret må aktivt følgje med og overvake den teknologiske utviklinga og analysere kva konsekvensar ho kan ha for arbeidet i etaten i tida framover. Regjeringa ventar også at Patentstyret saman med dei andre næringsretta verkemiddelaktørane gir myndigheitene råd i politikkutviklinga på feltet.

For at Patentstyret skal utvikle seg vidare til nytte for norske aktørar, vil regjeringa mellom anna be Patentstyret om å

    • medverke til at næringslivet i større grad inkluderer bruk av immaterielle rettar i sin eigen forretnings- og kommersialiseringsstrategi

    • vere ein pådrivar overfor dei andre verkemiddelaktørane for å inkludere immaterialrettslege perspektiv i oppgåveløysinga og tenestetilbodet deira på ein formålstenleg måte

    • arbeide vidare med å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking

  • 4. Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle verdiar og rettar

Det næringsretta verkemiddelapparatet består mellom anna av Innovasjon Noreg, Designrådet, Forskingsrådet, SIVA og Patentstyret. Dei har ulike roller, ansvar, kompetanse og oppgåver som skal vere komplementære innanfor ei samla verdikjede frå idé til marknad. Regjeringa er oppteken av at samarbeidet mellom aktørane skal resultere i at ulike tenester utfyller kvarandre og framstår på ein heilskapleg og einsarta måte for verksemdene. Dette er også viktig for å kunne møte dei endringane som skjer internasjonalt. Det er mellom anna etablert samarbeidsavtalar mellom Patentstyret og høvesvis Forskingsrådet, Norsk Designråd og Innovasjon Noreg.

I dag finst det ingen enkeltaktør som kan tilby informasjon og rettleiing om heile spekteret av immaterielle rettar, frå opphavsrett til patent, til alle relevante målgrupper. Regjeringa ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat som bidreg til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar i norsk næringsliv.

For å vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet om immaterielle verdiar og rettar vil regjeringa mellom anna

    • kartleggje behova nærare og identifisere moglege løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste om immaterielle rettar og verdiar

    • etablere ei rettleiings- og rådgivingsteneste for små og mellomstore bedrifter

    • medverke til å utvikle Innovasjon Noreg si rettleiing til norske bedrifter om immaterielle rettar i særleg relevante internasjonale marknader og be Innovasjon Noreg vurdere korleis ei betra rettleiingsteneste kan utformast

  • 5. Nedkjempe piratkopiar og varemerkeforfalskingar

Omfanget av piratkopiering og vareforfalsking aukar, og handelen med falske varer og piratkopiering av programvare, musikk og film har vakse det siste tiåret. Samtidig viser ei rekkje døme at omfanget av piratkopiering blir mindre der det blir lagt til rette for lovlege løysingar.

Regjeringa ser at det må til eit breitt sett av tiltak for å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking. Det vil vere behov for regelverksendringar og tiltak for informasjons- og haldningsarbeid. I tillegg må det leggjast til rette for attraktive og lovlege løysingar. Utvikling av digitalt berekraftige forretningsmodellar som forbrukarane faktisk ønskjer å bruke, er eit ansvar som i hovudsak ligg på aktørane i bransjen. Piratkopiering og varemerkeforfalsking er samtidig internasjonale utfordringar som tilseier ein samla innsats gjennom internasjonalt samarbeid.

For å redusere omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking vil regjeringa mellom anna

    • styrkje regelverket for handheving av rettar etter åndsverklova ved ein revisjon av denne lova

    • arbeide for å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere eit tilhøyrande myndigheitssamarbeid

    • styrkje regelverket mot import av falske legemiddel

  • 6. Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling

Politikkutviklinga på eit område blir ikkje betre enn det kunnskapsgrunnlaget ho kviler på. I næringspolitikken inneber det at regjeringa er avhengig av å ha god kunnskap om samanhengen mellom innsatsen på eit område og den effekten innsatsen har på verdiskapinga. Når det gjeld immaterielle rettar, er det stort sett god kunnskap om kor mange rettar det blir søkt om i verda, medan kunnskapen er langt dårlegare mellom anna om kva effekt omfanget av immaterielle rettar har på verdiskapinga i den enkelte bedrifta, i ei næring eller i eit heilt land.

For offentlege styresmakter vil det difor vere ønskjeleg med økonomiske analysar som koplar data for immaterielle rettar mot andre datakjelder. Dette kan bidra til å auke kunnskapen om samanhengane mellom immaterielle rettar, innovasjon og verdiskaping.

For å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling vil regjeringa mellom anna

    • be Patentstyret medverke til eit forbetra datagrunnlag, mellom anna gjennom å leggje til rette for auka innrapportering av organisasjonsnummer ved søknader om rettar

    • vurdere korleis analysar av tilhøvet mellom immaterielle rettar og verdiskaping kan inngå i utvikling av kunnskapsgrunnlaget

    • jamleg invitere til konferansar for å diskutere utvalde problemstillingar om handteringa av immaterielle verdiar og rettar i det norske innovasjonssystemet

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Målet for regjeringa sin næringspolitikk er å bidra til størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi. I denne stortingsmeldinga presenterer regjeringa ein langsiktig politikk som skal fremme større bevisstheit og kompetanse om, og auka strategisk bruk av immaterielle rettar i norsk næringsliv, i offentleg sektor og blant andre relevante aktørar. Gjennom å fremme realiseringa av nye produkt, løysingar og verdiar skal immaterielle rettar bidra til målet om størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi.

Tiltak i stortingsmeldinga som har økonomiske konsekvensar, blir dekte innanfor gjeldande rammer.

Etableringa av ein nettstad og eit myndigheitsnettverk for nedkjemping av piratkopiering, og gjennomføringa av ein tilhøyrande informasjons- og haldningskampanje, krev midlar. Tiltaka vil bli dekte innanfor rammene til Nærings- og handelsdepartementet, og arbeidet med begge tiltaka er i gang.

Generelle føringar til verkemiddelapparatet om å styrkje den eksterne rettleiinga og rådgivinga til verkemiddelapparatet, eigen kompetanse og samarbeidet mellom Patentstyret og dei andre verkemiddelaktørane blir dekte over dei ordinære budsjetta til verkemiddelaktørane. Det same gjeld forslag om vurderingar og utgreiingar.

Oppfølginga av ei langsiktig strategisk utvikling av Patentstyret vil inngå som ein del av etatsstyringa til departementet. Styrking av den ikkje-inntektsgivande delen av Patentstyret vil føre til auka kostnader. Desse kostnadene vil bli dekte innanfor løyvinga til Patentstyret.

For å bidra til auka strategisk og lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norske verksemder presenterer regjeringa i denne stortingsmeldinga ei rekkje tiltak som skal gi større kompetanse om immaterielle rettar i det norske innovasjonssystemet. Tiltaka vil bli dekte innanfor rammene til Nærings- og handelsdepartementet.

Kostnadene Patentstyret og dei andre verkemiddelaktørane har i samband med forvaltninga av dei ulike oppdraga dei er pålagde, skal dekkjast av oppdragsgivaren innanfor løyvinga til oppdraget eller gjennom ei særskild løyving. Det inneber at etatane ikkje får oppdrag dei ikkje har ressursar til å gjennomføre, og at det ikkje er behov for å tilføre etatane særskilde ressursar til administrasjon og gjennomføring av oppdraga.