NATO var i 2010 prega av operasjonen i Afghanistan
og førebuingane til og gjennomføringa av toppmøtet i Lisboa 19.
og 20. november 2010.
NATO-toppmøtet vedtok å starte overføringa av ansvaret
for tryggleiken i Afghanistan til afghanske styresmakter i 2011.
Dette markerer innleiinga på ein ny fase for den NATO-leidde internasjonale
stabiliseringsstyrken (ISAF) i Afghanistan. Toppmøtet slutta seg
òg til målsetjinga til den afghanske presidenten om at afghanske styresmakter
skal ha ansvaret for tryggleiken i heile landet innan utgangen av
2014. Oppfølginga av desse vedtaka vil prege tilnærminga NATO har
til Afghanistan i 2011 og dei neste åra.
Overføringa av tryggingsansvaret vil verte ein gradvis
prosess der provinsar og distrikt vert overførte etter kvart som
dei vert funne klare til dette. Det har vore semje om at situasjonen
på bakken må vere avgjerande når ein skal vurdere ansvarsoverføring
for eit område.
Det er på det reine at NATO vil vere i Afghanistan
òg etter 2014, men med ei anna rolle. Under toppmøtet i Lisboa signerte
president Karzai og generalsekretær Fogh Rasmussen ei erklæring som
skisserte rammene for eit langsiktig og ikkje-operasjonelt samarbeid
mellom NATO og Afghanistan.
I pkt. 3 til meldinga er det gjeve detaljert
informasjon om ISAF-operasjonane til NATO i Afghanistan, NATO-innsatsen
mot piratverksemd utanfor Afrikas horn, operasjonane i Kosovo, i Irak
og i Middelhavet. Det vert og gjeven ein statusrapport for gjennomføringa
og handlingsplanen for praktisk integrering av Tryggingsrådsresolusjon
1325 om kvinner, fred og tryggleik i NATO-leidde operasjonar.
Avgjerda om å utvikle eit nytt strategisk konsept for
alliansen vart teken på NATO-toppmøtet i Strasbourg/Kehl 3.–4. april
2009. Arbeidet starta hausten 2009 og varte heilt fram til Lisboa-toppmøtet.
I motsetning til arbeidet med det førre strategiske konseptet frå
1999, som gjekk føre seg i lukka forhandlingar mellom dei allierte, vart
arbeidet denne gongen lagt opp for å sikre brei fagleg og politisk
deltaking frå ei rekkje land, i og utanfor alliansen.
Det nye konseptet slår fast at hovudpilarane
i NATO-samarbeidet står støtt. Solidariteten allierte imellom, slik
han er nedfelt i artikkel 5 i Atlanterhavspakta, er sjølve kjernen
i samarbeidet. Verdigrunnlaget til NATO og forankringa i FN-charteret
ligg fast. Døra inn til NATO står framleis open for europeiske land
med demokratisk styresett som oppfyller krava til medlemskap.
Det nye konseptet er behandla i pkt. 2 til meldinga
og i det nye konseptet er hovudoppgåvene til alliansen definerte
som:
I arbeidet med nytt strategisk konsept har Regjeringa
hatt tre prioriterte område: 1) ei tydeliggjering av balansen mellom
NATOs kjerneoppgåver og operasjonar langt borte, 2) nedrusting og
3) samarbeidet med Russland. Regjeringa har allereie frå hausten
2009 og heile vegen fram til toppmøtet delteke aktivt i prosessen
med å utforme alliansens nye strategiske konsept.
Det norske nærområdeinitiativet har vore Regjeringas
viktigaste prioritering i arbeidet med nytt strategisk konsept.
Og i arbeidet med å utvikle det nye konseptet vaks det fram ei forståing
blant øvrige allierte av at operasjonar langt borte ikkje må gå
ut over NATOs første hovudoppgåve, nemleg kollektivt forsvar. Kjernefunksjonane
og nærområda til NATO må takast vare på, og oppslutninga om alliansen
må vere solid forankra i eiga befolkning.
Konseptet gjev stor merksemd til såkalla nye truslar,
mellom anna digitale angrep, spreiing av masseøydeleggingsvåpen
og terrorisme. Også slike angrep kan i visse situasjonar utløyse
forpliktingane i artikkel 5 om kollektivt forsvar. Omstillinga til
å kunne møte også nye truslar er viktig for å sikre at alliansen
bevarar truverdet sitt og forsvarsevna si.
Regjeringa har arbeidd målretta for at nedrustingsspørsmål
skal kome høgare på dagsordenen i alliansen og er nøgd med at desse
spørsmåla har fått ein sentral plass i det nye konseptet. NATO forpliktar
seg med dette for første gong til å arbeide for ei verd utan atomvåpen.
Det strategiske konseptet og toppmøteerklæringa legg opp til ein
gjennomgang av forsvars- og avskrekkingspolitikken til NATO fram
mot neste toppmøte, i USA våren 2012. Frå norsk side har ein mellom anna
lagt vekk på behovet for gjensidig openheit mellom NATO og Russland
med omsyn til kortrekkjande kjernevåpen. Noreg og Polen har tatt eit
felles initiativ om dette, og det har fått brei støtte.
Med bakgrunn i trusselen frå spreiing av masseøydeleggingsvåpen
og ballistiske missil vedtok alliansen på toppmøtet å etablere eit
territorialt missilforsvar. NATO vil søkje samarbeid med Russland
og andre partnarland i dette arbeidet. Regjeringa har lagt stor
vekt på at NATO samarbeider med Russland på dette området.
Utgangspunktet for samarbeidet i NATO–Russland-rådet
(NRC) er ei gjensidig erkjenning av at NATO og Russland deler mange
praktiske utfordringar som best kan løysast i fellesskap. Regjeringa
har arbeidd aktivt for å styrkje samarbeidet og den tillitsskapande
funksjonen NRC har.
NRC-toppmøtet i Lisboa vart eit viktig vegskilje i
samarbeidet med Russland, og for første gong sidan 2002 lukkast
det òg stats- og regjeringssjefane i NRC å verte samde om ei felles
fråsegn frå toppmøtet. Erklæringa slår fast at NATO og Russland
ikkje utgjer truslar for kvarandre, men snarare står overfor ei
rekkje av dei same tryggingsutfordringane. Vedtaket om å starte
konkrete drøftingar om eit mogeleg samarbeid om missilforsvar i
Europa var eit viktig skritt vidare, sjølv om det her er mange spørsmål
som vil krevje nærare avklaring.
Arbeidet med reform av alliansen stod sentralt
i 2010. Ei samla pakke med reformtiltak var ei hovudsak på NATO-toppmøtet
i Lisboa, og dette temaet vil stå sentralt på dagsordenen i NATO også
i 2011.
Eit viktig tiltak i reformarbeidet er innsatsen
for å etablere ein ny militær kommandostruktur. Hausten 2010 slutta
forsvarsministrane seg til ein ny overordna modell for kommandostrukturen
som inneber færre hovudkvarter og ein vesentleg reduksjon i talet
på stillingar (frå over 13 000 til under 9 000). Samtidig er det
lagt opp til at den reviderte strukturen vil få ei betre evne til
å utplassere hovudkvarter for å leie militære operasjonar.
Vidare har arbeidet med å reformere komitéstrukturen
og dei interne arbeidsprosessane i NATO halde fram gjennom 2010.
Det er gjennomført ei omfattande rasjonalisering i komitéstrukturen.
Vidare er det sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje arbeidet
med ressursplanlegging og ressursstyring i alliansen.