Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Vigdis Giltun og Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, Sylvi Graham og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, fra Senterpartiet, Geir Pollestad, og fra Kristelig Folkeparti, Marion Gunstveit Bojanowski, syner til Prop. 156 L (2009–2010) endringar i folketrygdlova mv. (enkelte presiseringar i samband med pensjonsreforma).

Komiteens fleirtal, alle unntatt medlemmene frå Fremskrittspartiet, syner til at proposisjonen hovudsakeleg gjeld presiseringar, utfyllingar og opprettingar i folketrygdlova med endringslovar og APF-tilskotslova. I tillegg vert det gjort framlegg til ei endring i reglane for pensjon til ektefelle frå folketrygda som følgje av innføringa av ny APF i privat sektor. Prop. 156 L (2009–2010) er etter fleirtalets meining eit uttrykk for kompleksiteten i trygdesystemet.

Fleirtalet har få merknader til framlegget og vil avgrense seg til nokre kommentarar til einskilde paragrafar.

§§ 3-5 og 20-10

Når det gjeld endringane i folketrygdlova §§ 3-5 og 20-10 har fleirtalet merka seg at grunnpensjonen (alderspensjon i dag) og garantipensjon (ny alderspensjon) vert rekna ut med grunnlag av trygdetid på same måte som pensjonstillegget (som i 2011 kjem i staden for særtillegget i alderspensjonen). Regjeringa gjer framlegg om at trygdetid til og med det siste likningsåret som ligg føre, vert lagt til grunn når pensjonen skal reknast ut. Avhengig av uttakstidspunktet, kunne det føre til at nokon taper trygdetid, om ikkje trygdetida vert medrekna i ettertid. Fleirtalet finn difor grunn til å streke under at seinare trygdetid skal reknast med i alderspensjonen med verknad frå januar året etter at skattelikninga ligg føre, jf. § 19-13 første ledd i endringslova og § 20-17 første og tredje ledd i folketrygdlova.

Fleirtalet peiker vidare på at trygdetida blir tent opp etter butid i Noreg mellom 16 og 66 år. Dei fleste vil ha full trygdetid (40 år) sjølv om det berre er år til og med siste avslutta likningsår som vert rekna med når pensjonen skal utreknast. I visse høve kan periodar etter 66 år òg takast med. Dei som ikkje har full trygdetid, vil få trygdetida rekna med i pensjonen når likninga ligg føre.

Fleirtalet har vidare merka seg at personar som fram til 67 år har motteke uførepensjon, får godskrive trygdetid og poengår for alderspensjon, sjølv om likninga for det 66. året ikkje er avslutta. Dette sikrar at alderspensjonen blir utrekna med same opptening som uførepensjonen har vore utrekna med. Fleirtalet er samd i dette.

Grunnbeløpet

Fleirtalet syner til at grunnbeløpet i folketrygda vert fastsett årleg med verknad frå 1. mai. Difor kan grunnbeløpet variere gjennom kalenderåret. I § 3-13 i folkerygdlova er det streka under at om grunnbeløpet endrar seg i løpet av året, skal det gjennomsnittlege grunnbeløpet leggjast til grunn for opptening av pensjonspoeng. I §§ 20-4 til 20-8 vert det foreslått ei tilsvarande presisering. Fleirtalet sluttar seg til dette.

Pensjon til attlevande ektefelle og AFP i privat sektor

I dag kan ein ikkje motta både pensjon til attlevande ektefelle og AFP. AFP-ordninga i privat sektor er lagt om til ein rein tilleggspensjon frå 2011. Regjeringa gjer framlegg om at ny AFP i privat sektor ikkje skal føre til at pensjon til attlevande ektefelle fell bort. Fleirtalet sluttar seg til dette.

Fleirtalet er òg samd i at AFP-påslaget skal inngå i inntektsprøvinga av pensjonen til attlevande ektefelle. Meininga er sjølvsagt å stimulere til at attlevande i størst mogeleg grad skal forsørgje seg sjølv ved eiga inntekt.

Fleirtalet har elles ingen merknader til proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiets medlemmer, som de eneste i Stortinget, har gått imot innføringen av ny alderspensjon i folketrygden. Disse medlemmer finner det derfor ikke riktig eller naturlig støtte forslag til endringer som kommer som en følge av pensjonsreformen. Disse medlemmer vil imidlertid, fra det tidspunkt reformen trer i kraft og får direkte konsekvenser for landets pensjonister, ta stilling til eventuelle forslag og endringer som blir fremlagt. På denne bakgrunn vil disse medlemmer gå imot forslagene i Prop. 156 L (2009–2010). Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader i forbindelse med behandlingen av Ot.prp. nr. 37 (2008–2009), jf. Innst. O. nr. 67 (2008–2009), Prop. 107 L (2009–2010), jf. Innst. 360 L (2009–2010), samt Prop. 17 L (2009–2010), jf. Innst. 129 L (2009–2010).