Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringar i folketrygdlova mv. (enkelte presiseringar i samband med pensjonsreforma)

Dette dokument

  • Innst. 67 L (2010–2011)
  • Kjeldedokument: Prop. 156 L (2009–2010)
  • Dato: 11.11.2010
  • Utgjevar: arbeids- og sosialkomiteen
  • Sidetal: 8

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Det gjeres i proposisjonen framlegg om endringar i folketrygdlova og lova om statstilskott til arbeidstakarar som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottslova).

Det vises i proposisjonen til arbeidet med å reformere pensjonssystemet og dei tilpasninger i folketrygdens regelverk som allereie er gjennomført som følge av pensjonsreformen.

Forslaga i proposisjonen gjeld hovudsakleg presisering, utfylling og oppretting i folketrygdlova, dei to endringslovene til folketrygdlova, og dessutan AFP-tilskottslova. Det vises til at forslaga som gjeld folketrygdlova har vore på høyring, jf. Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) og Prop. 15 L (2009–2010). Forslaget til ny AFP-tilskottslov var ikkje på høyring, fordi det var ei lovfesting av AFP-avtala frå lønnsoppgjeret i privat sektor i 2008, og vart utarbeidt i samråd med partane, jf. Prop. 17 L (2009–2010).

Det blir i tillegg foreslått ei endring i reglane for pensjon til gjenlevande ektefelle frå folketrygda som følgje av ny AFP i privat sektor. Sidan endringa er til gunst for dei ho gjeld, og er ei naudsynt tilpassing til ny AFP, meiner departementet at det ikkje er naudsynt med alminneleg høyring av dette forslaget.

1.2 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Det blir foreslått føljande endringar i folketrygdlova og endringslovene til folketrygdlova:

  • å presisere kva for reglar i dagens alderspensjon dei ulike årskulla skal vere omfatta av når det gjeld særtillegg, pensjonstillegg og minste pensjonsnivå.

  • å føre vidare dagens minste pensjonsnivå for personar med ektefelle som mottek AFP frå offentleg sektor eller AFP etter gamle reglar frå privat sektor.

  • ei presisering i reglane for uttak av dagens alderspensjon slik at einslege og gifte personar med same pensjonsopptening skal vere sikra same retten til tidleguttak.

  • at trygdetid til og med det året som sist vart likna skal leggjast til grunn når garantipensjon, grunnpensjon og pensjonstillegg blir rekna ut, slik at oppteningsperioden blir den same som for inntektspensjon i ny alderspensjon og tilleggspensjon i dagens alderspensjon. Vidare opptening blir lagd til pensjonen ved årlege omrekningar.

  • å presisere i lova at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn ved årleg opptening av inntektspensjon.

  • at den nye avtalefesta pensjonen i privat sektor frå 2011 skal inngå i inntektsprøvinga av pensjon til gjenlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar, på lik linje med andre inntekter.

  • at pensjonstillegget, som erstattar særtillegget, skal kunne betalast ut til personar busette utanfor Noreg på same måte som særtillegget kan i dag.

  • at departementet i forskrift kan gje nærare reglar om kravet til samanhengande periode for pensjonsopptening ved førstegongsteneste.

  • at pensjonistar som før 2011 har forsørgingstillegg eller får pensjonen avkorta på grunn av visse institusjonsopphald, av administrative omsyn får ytinga rekna om etter dei nye reglane frå 2011 i samband med den årlege reguleringa frå 1. mai 2011.

  • at personar som ikkje er omfatta av dei nye fleksible uttaksreglane i folketrygda, framleis skal kunne få alderspensjon etterbetalt etter dei reglane som gjeld i dag (for opptil tre år tilbake i tid).

  • nokre språklege opprettingar i reglane for forsørgingstillegg som tek til å gjelde frå 1. januar 2011. Dette gjeld retten til ektefelletillegg om ektefellen har eigen alderspensjon, ektefelletillegg til uførepensjonistar og fastsetjing av fribeløpet når forsørgingstillegg blir inntektsprøvt.

Når det gjeld reglane for avtalefesta pensjon i privat sektor (AFP-tilskottslova) blir det foreslått:

  • visse presiseringar av utrekningsgrunnlaget for ny AFP slik at det samsvarar med inntektspensjonen i ny alderspensjon. Dette gjeld grunnlaget for år med uførepensjon frå og med 2010 og regulering av grunnlaget i 2010.

  • å presisere 70-prosentsregelen for AFP etter gamle reglar, slik at han skal kunne brukast på nytt dersom sivilstanden blir endra etter AFP-uttaket og at tilhøvet til ektefelletillegg blir klarare.

  • at reglane for gammal AFP ved institusjonsopphald blir tekne ut av lova, fordi det i dag berre er LO/NHO-ordninga som har reglar om at pensjonen skal setjast ned ved institusjonsopphald. Dei to andre ordningane har ikkje hatt slike reglar, og det var ikkje intensjonen å endre på dette.

Det vises til proposisjonens kapitel 5 hvor Merknader til dei enkelte paragrafane er nærmare gjort greie for.

Når det gjelde endringane i folketrygdlova og endringslovene til folketrygdlova samt i lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven) vises det til dei einskilde kapitla i proposisjonen der dette er nærmare gjort greie for.

1.3 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga om endringar i folketrygdlova skal gjelde frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdlova kapittel 20 gjeld likevel straks.

Forslaga om endringar i endringslovar til folketrygdlova (lov 5. juni 2009 nr. 32 og lov 11. desember 2009 nr. 112) trer i kraft straks. Det same gjeld forslaga om endringar i AFP-tilskottslova.

Forslaga har ikkje økonomiske konsekvensar for dei første åra frå 2011 samanlikna med framskrivingane i Ot.prp. nr. 37 (2008–2009), Prop. 15 L (2009–2010) og Prop. 17 L (2009–2010), og har heller ikkje konsekvensar for dei langsiktige økonomiske verknadene av pensjonsreforma. Forslaga har ikkje varige administrative konsekvensar.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Vigdis Giltun og Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, Sylvi Graham og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, fra Senterpartiet, Geir Pollestad, og fra Kristelig Folkeparti, Marion Gunstveit Bojanowski, syner til Prop. 156 L (2009–2010) endringar i folketrygdlova mv. (enkelte presiseringar i samband med pensjonsreforma).

Komiteens fleirtal, alle unntatt medlemmene frå Fremskrittspartiet, syner til at proposisjonen hovudsakeleg gjeld presiseringar, utfyllingar og opprettingar i folketrygdlova med endringslovar og APF-tilskotslova. I tillegg vert det gjort framlegg til ei endring i reglane for pensjon til ektefelle frå folketrygda som følgje av innføringa av ny APF i privat sektor. Prop. 156 L (2009–2010) er etter fleirtalets meining eit uttrykk for kompleksiteten i trygdesystemet.

Fleirtalet har få merknader til framlegget og vil avgrense seg til nokre kommentarar til einskilde paragrafar.

§§ 3-5 og 20-10

Når det gjeld endringane i folketrygdlova §§ 3-5 og 20-10 har fleirtalet merka seg at grunnpensjonen (alderspensjon i dag) og garantipensjon (ny alderspensjon) vert rekna ut med grunnlag av trygdetid på same måte som pensjonstillegget (som i 2011 kjem i staden for særtillegget i alderspensjonen). Regjeringa gjer framlegg om at trygdetid til og med det siste likningsåret som ligg føre, vert lagt til grunn når pensjonen skal reknast ut. Avhengig av uttakstidspunktet, kunne det føre til at nokon taper trygdetid, om ikkje trygdetida vert medrekna i ettertid. Fleirtalet finn difor grunn til å streke under at seinare trygdetid skal reknast med i alderspensjonen med verknad frå januar året etter at skattelikninga ligg føre, jf. § 19-13 første ledd i endringslova og § 20-17 første og tredje ledd i folketrygdlova.

Fleirtalet peiker vidare på at trygdetida blir tent opp etter butid i Noreg mellom 16 og 66 år. Dei fleste vil ha full trygdetid (40 år) sjølv om det berre er år til og med siste avslutta likningsår som vert rekna med når pensjonen skal utreknast. I visse høve kan periodar etter 66 år òg takast med. Dei som ikkje har full trygdetid, vil få trygdetida rekna med i pensjonen når likninga ligg føre.

Fleirtalet har vidare merka seg at personar som fram til 67 år har motteke uførepensjon, får godskrive trygdetid og poengår for alderspensjon, sjølv om likninga for det 66. året ikkje er avslutta. Dette sikrar at alderspensjonen blir utrekna med same opptening som uførepensjonen har vore utrekna med. Fleirtalet er samd i dette.

Grunnbeløpet

Fleirtalet syner til at grunnbeløpet i folketrygda vert fastsett årleg med verknad frå 1. mai. Difor kan grunnbeløpet variere gjennom kalenderåret. I § 3-13 i folkerygdlova er det streka under at om grunnbeløpet endrar seg i løpet av året, skal det gjennomsnittlege grunnbeløpet leggjast til grunn for opptening av pensjonspoeng. I §§ 20-4 til 20-8 vert det foreslått ei tilsvarande presisering. Fleirtalet sluttar seg til dette.

Pensjon til attlevande ektefelle og AFP i privat sektor

I dag kan ein ikkje motta både pensjon til attlevande ektefelle og AFP. AFP-ordninga i privat sektor er lagt om til ein rein tilleggspensjon frå 2011. Regjeringa gjer framlegg om at ny AFP i privat sektor ikkje skal føre til at pensjon til attlevande ektefelle fell bort. Fleirtalet sluttar seg til dette.

Fleirtalet er òg samd i at AFP-påslaget skal inngå i inntektsprøvinga av pensjonen til attlevande ektefelle. Meininga er sjølvsagt å stimulere til at attlevande i størst mogeleg grad skal forsørgje seg sjølv ved eiga inntekt.

Fleirtalet har elles ingen merknader til proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiets medlemmer, som de eneste i Stortinget, har gått imot innføringen av ny alderspensjon i folketrygden. Disse medlemmer finner det derfor ikke riktig eller naturlig støtte forslag til endringer som kommer som en følge av pensjonsreformen. Disse medlemmer vil imidlertid, fra det tidspunkt reformen trer i kraft og får direkte konsekvenser for landets pensjonister, ta stilling til eventuelle forslag og endringer som blir fremlagt. På denne bakgrunn vil disse medlemmer gå imot forslagene i Prop. 156 L (2009–2010). Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader i forbindelse med behandlingen av Ot.prp. nr. 37 (2008–2009), jf. Innst. O. nr. 67 (2008–2009), Prop. 107 L (2009–2010), jf. Innst. 360 L (2009–2010), samt Prop. 17 L (2009–2010), jf. Innst. 129 L (2009–2010).

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova mv.

I

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

I oversynet over korleis lova er bygd opp skal desse endringane gjerast:

Teksten «Kapittel 10 Ytelser under medisinsk rehabilitering» skal endrast til:

Kapittel 10 Stønad for å kompensere for utgifter til bedring av arbeidsevnen og funksjonsevnen i dagliglivet

Teksten «Kapittel 11 Ytelser under yrkesrettet attføring» skal endrast til:

Kapittel 11 Arbeidsavklaringspenger og tilleggsstønader

Teksten «Kapittel 20 Administrative organer» under del VII skal flyttast til del VI etter kapittel 19 og endrast til:

Kapittel 20 Ny alderspensjon

§ 3-3 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Det ytes ikke særtillegg til alderspensjon gitt med virkning etter 2010 for personer født fra og med 1943, se §§ 19-8 og 19-9.

§ 3-3 nytt åttande ledd skal lyde:

Departementet gir forskrifter om beregning av særtillegg og om minste samlede pensjonsnivå til ektepar hvor ektefellenes samlede pensjon består av både uførepensjon og alderspensjon.

§ 3-5 nytt sjuande ledd skal lyde:

Trygdetid i alderspensjoner medregnes fra utløpet av det året ligningen for det aktuelle året er ferdig.

Noverande sjuande til åttande ledd blir nye åttande til niande ledd.

§ 16-8 tredje ledd skal lyde:

Likestilt med arbeidsinntekt er dagpenger etter kapittel 4, sykepenger etter kapittel 8, stønad ved barns og andre nære pårørendes sykdom etter kapittel 9, arbeidsavklaringspenger etter kapittel 11, svangerskapspenger og foreldrepenger etter kapittel 14 og pensjonsytelser etter AFP-tilskottsloven kapitlene 2 og 3.

§ 16-10 første ledd bokstav c skal lyde:

c) mottar avtalefestet pensjon (AFP) fra en offentlig pensjonsordning eller avtalefestet pensjon etter AFP-tilskottsloven kapittel 4.

§ 17-8 fjerde ledd skal lyde:

Likestilt med arbeidsinntekt er dagpenger etter kapittel 4, sykepenger etter kapittel 8, stønad ved barns og andre nære pårørendes sykdom etter kapittel 9, arbeidsavklaringspenger etter kapittel 11, svangerskapspenger og foreldrepenger etter kapittel 14 og pensjonsytelser etter AFP-tilskottsloven kapitlene 2 og 3.

§ 17-11 første ledd bokstav c skal lyde:

c) mottar avtalefestet pensjon (AFP) fra en offentlig pensjonsordning eller avtalefestet pensjon etter AFP-tilskottsloven kapittel 4.

§ 19-3 skal lyde:

§ 19-3 Fortsatt medlemskap

Det er et vilkår for rett til alderspensjon at vedkommende er medlem i trygden.

Den som ikke er medlem i trygden, får likevel alderspensjon dersom vedkommende har minst 20 års samlet botid, se § 3-5 åttende ledd. Til den som har mindre enn 20 års botid, ytes det

a) tilleggspensjon,

b) grunnpensjon etter en trygdetid som svarer til det antall poengår tilleggspensjonen er beregnet etter.

Minste pensjonsnivå etter § 19-8 og pensjonstillegg etter § 19-9 beregnes på grunnlag av samme trygdetid som grunnpensjonen ytes etter. Det samme gjelder ektefelletillegg og barnetillegg etter §§ 3-24 og 3-25.

Tilleggspensjon etter bestemmelsene om garantert tilleggspensjon i § 3-22, beholdes bare så lenge pensjonisten er medlem i trygden. Det samme gjelder alderspensjon til en flyktning som får pensjonen beregnet på grunnlag av bestemmelsene i § 3-2 sjette ledd, § 3-9 tredje ledd og § 19-8 sjuende ledd.

Ved endring i medlemskap som påvirker pensjonen, skal pensjonen omregnes. Departementet gir forskrifter med nærmere regler om omregning.

I innhaldslista til kapittel 20 skal nytt åttande strekpunkt lyde:

pensjonsopptjening for uførepensjonister står i § 20-7 a

Noverande åttande til attande strekpunkt blir nye niande til nittande strekpunkt.

§ 20-4 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det er det gjennomsnittlige grunnbeløpet for kalenderåret som legges til grunn.

§ 20-5 nytt tredje punktum skal lyde:

Det er det gjennomsnittlige grunnbeløpet for kalenderåret som legges til grunn.

§ 20-6 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det er det gjennomsnittlige grunnbeløpet for kalenderåret som legges til grunn.

§ 20-6 nytt fjerde ledd skal lyde:

Departementet gir forskrifter om beregning av pensjonsopptjening ved avtjening av førstegangstjeneste, herunder hva som menes med sammenhen-gende periode i første ledd.

§ 20-7 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det er det gjennomsnittlige grunnbeløpet for kalenderåret som legges til grunn.

§ 20-7 a nytt sjette ledd skal lyde:

Ved beregninger etter paragrafen her skal det gjennomsnittlige grunnbeløpet for kalenderåret legges til grunn.

Noverande sjette ledd blir nytt sjuande ledd.

§ 20-8 tredje ledd nytt første punktum skal lyde:

Det er det gjennomsnittlige grunnbeløpet for kalenderåret som legges til grunn for opptjeningen.

Noverande første punktum blir nytt andre punktum.

§ 20-10 nytt tredje ledd skal lyde:

Trygdetid medregnes fra utløpet av det året ligningen for det aktuelle året er ferdig.

Noverande tredje til fjerde ledd blir nye fjerde til femte ledd. Tilvisinga i nytt femte ledd andre punktum skal endrast frå tredje til fjerde ledd.

II

I lov 5. juni 2009 nr. 32 om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon) skal desse endringane gjerast:

I endringa av innhaldslista til kapittel 19 skal fjortande strekpunkt lyde:

forholdet til avtalefestet pensjon tilstått før 1. januar 2011 står i § 19-18

§ 19-5 nytt andre ledd skal lyde:

Pensjonspoeng etter §§ 3-13, 3-14 og 3-16 medregnes i tilleggspensjonen fra utløpet av det året ligningen for det aktuelle året er ferdig. Trygdetid medregnes etter reglene i § 3-5.

Noverande andre ledd blir nytt tredje ledd.

§ 19-8 skal lyde:

En person som har minst 40 års trygdetid, se § 3-5, har rett til et uavkortet minste pensjonsnivå ved 67 år. Er trygdetiden mellom 3 og 40 år, avkortes nivået forholdsmessig. Det kreves minst 3 års trygdetid for rett til et minste pensjonsnivå ved 67 år.

Satsene for minste pensjonsnivå ved 67 år for ugradert pensjon fastsettes i forbindelse med den årlige reguleringen av alderspensjoner, se § 19-14 åttende ledd. Nivået fastsettes med flere satser som avhenger av sivilstatus og størrelsen på ektefellens inntekt og pensjon. Satsene for minste pensjonsnivå i paragrafen her gjelder uavhengig av når alderspensjon ble innvilget.

Lav sats ytes til den som lever sammen med en ektefelle som mottar foreløpig uførepensjon, uførepensjon, alderspensjon eller avtalefestet pensjon etter kapittel 4 i AFP-tilskottsloven.

Ordinær sats ytes til samboere som har levd sammen i 12 av de siste 18 månedene, og til personer som lever sammen med en ektefelle som ikke mottar foreløpig uførepensjon, uførepensjon, alderspensjon eller avtalefestet pensjon etter kapittel 4 i AFP-tilskottsloven.

Høy sats ytes til personer som ikke omfattes av tredje eller fjerde ledd. Det kan likevel gis høy sats til personer som nevnt i fjerde ledd dersom ektefellen eller samboeren har en årlig inntekt, inkludert kapitalinntekt, som ikke overstiger to ganger grunnbeløpet og ektefellen eller samboeren ikke mottar avtalefestet pensjon fra offentlig pensjonsordning.

Det fastsettes en særskilt sats for personer som fyller vilkårene for rett til ektefelletillegg for forsørget ektefelle over 60 år.

En flyktning (§ 1-7) som er medlem i trygden har rett til et pensjonsnivå som nevnt i første til sjette ledd uten hensyn til bestemmelsene om trygdetid.

Dersom summen av grunnpensjon og tilleggspensjon er lavere enn pensjonsnivået vedkommende har rett til i henhold til denne bestemmelsen, skal differansen utbetales som et pensjonstillegg, se § 19-9.

Departementet gir forskrifter om minste samlede pensjonsnivå til pensjonistektepar og kan herunder gjøre unntak fra reglene i tredje ledd.

§ 19-11 første ledd nytt fjerde punktum skal lyde:

Grunnpensjonen i basispensjonen, se § 19-5, skal beregnes med satsen etter § 3-2 tredje ledd.

Noverande fjerde punktum blir nytt femte punktum.

III

I lov 11. desember 2009 nr. 112 om endringer i folketrygdloven mv. (tilpasninger i folketrygdens regelverk som følge av pensjonsreformen) blir desse endringane gjort:

I endringa av folketrygdloven § 3-24 skal første ledd første punktum lyde:

Til en person som mottar uførepensjon og som forsørger ektefelle, ytes det ektefelletillegg med 50 prosent av grunnpensjonen.

I endringa av folketrygdloven § 3-24 skal tredje ledd bokstav d lyde:

d) mottar alderspensjon eller har rett til hel alderspensjon, eller

I endringa av folketrygdloven § 3-26 skal sjette ledd bokstav b lyde:

b) Dersom pensjonisten har rett til barnetillegg for barn som bor sammen med begge foreldrene, skal fribeløpet svare til fribeløpet etter bokstav a tillagt 20 prosent av minste pensjonsnivå med høy sats, se § 19-8, for hvert barn. Dette fribeløpet gjelder også for et eventuelt ektefelletillegg.

I endringa av folketrygdloven § 17-3 skal sjuande ledd andre punktum lyde:

Med «ytelse på grunnlag av tidligere opptjening» menes en ytelse beregnet etter reglene for alderspensjon etter kapittel 3 på grunnlag av poengår og perioder som medlem av folketrygden før dødsfallet.

I endringa av folketrygdloven § 18-2 skal sjuande ledd andre punktum lyde:

Med «ytelse på grunnlag av tidligere opptjening» menes en ytelse beregnet etter reglene for alderspensjon etter kapittel 3 på grunnlag av poengår og perioder som medlem av folketrygden før dødsfallet.

Del III første ledd nye andre og tredje punktum skal lyde:

Endringene i § 3-24 andre ledd, § 3-25, § 3-26 femte og sjette ledd og § 3-28 første og andre ledd gjøres likevel gjeldende fra 1. mai 2011 for alderspensjonister som med virkning før 1. januar 2011 får pensjonen eller forsørgingstillegg til pensjonen beregnet etter disse bestemmelsene. Endringen i § 22-13 fjerde ledd gjøres gjeldende for personer født i 1943 eller senere.

IV

I lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor skal desse endringane gjerast:

§ 6 første ledd skal lyde:

Grunnlaget for avtalefestet pensjon skal være summen av vedkommendes inntekt i de enkelte år med registrert pensjonsgivende inntekt i folketrygden, inkludert beløp det beregnes opptjening av etter folketrygdloven §§ 20-6, 20-7, 20-7 a og 20-8. For år før 2010 det er godskrevet pensjonspoeng for omsorgsarbeid etter folketrygdloven § 3-16, omregnes de godskrevne pensjonspoengene til inntekt og medregnes i grunnlaget. For år før 2010 det er godskrevet pensjonspoeng ved uførhet, skal summen av opptjente og godskrevne pensjonspoeng etter folketrygdloven §§ 3-14 og 3-19 omregnes til inntekt og medregnes i grunnlaget.

§ 6 tredje ledd skal lyde:

Inntekten i det enkelte år før 2010 skal oppjusteres i samsvar med forholdet mellom grunnbeløpet per 1. januar 2010 og gjennomsnittlig grunnbeløp i opptjeningsåret. Oppjustering i 2010 skjer i samsvar med endring i grunnbeløpet. Ved oppjustering i 2011 og senere gjelder reglene i fjerde ledd.

§ 14 skal lyde:

§ 14 Pensjonen

For å gi rett til tilskott må pensjonen bestå av grunnpensjon, tilleggspensjon og særtillegg og skal tilsvare ugradert uførepensjon beregnet etter reglene i folketrygdloven kapittel 3, men uten poengtillegg etter § 7-3 nr. 3 i tidligere lov om folketrygd 17. juni 1966 nr. 12. Det skal heller ikke tas hensyn til avdød ektefelles poengopptjening eller trygdetid.

Pensjon etter første ledd, med vedtektsfestede tillegg, må ikke overstige 70 prosent av tidligere inntekt.

Regulering av avtalefestet pensjon under utbetaling skjer årlig med virkning fra 1. mai. Pensjonen, unntatt forsørgingstillegg og vedtektsfestede tillegg, reguleres i samsvar med lønnsveksten og fratrekkes deretter 0,75 prosent. Reguleringsfaktoren etter folketrygdloven § 19-14 andre ledd legges til grunn. Ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månedene juni til april settes fratrekket forholdsmessig ned ut fra når i denne perioden pensjonen ble tatt ut.

Ved endring i sivilstand mv. som påvirker pensjonen, skal pensjonen omregnes.

Forsørgingstillegg ytes etter reglene for alderspensjon i folketrygdloven § 3-24, men slik at det bare ytes tillegg for forsørging av ektefelle som er 60 år eller eldre.

§ 16 andre ledd blir oppheva.

V

Del I trer i kraft 1. januar 2011. Endringane i folketrygdloven kapittel 20 trer likevel i kraft straks.

Delane II til IV trer i kraft straks.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 11. november 2010

Robert Eriksson

Steinar Gullvåg

leder

ordfører