Bakgrunn
Den internasjonale domstolen har opna folkemordsak
mot Israel og har erklært at det er ein reell fare for folkemord
mot palestinarane i Gaza. Alle land som har slutta seg til folkemordkonvensjonen,
pliktar å gjera det dei kan for å forhindra og ikkje medverka til
folkemord. Uavhengig av om Israel til slutt blir dømt for folkemord,
er det klart at landet står bak svært alvorlege brot på humanitærretten.
Israel har okkupert palestinske område på Vestbreidda,
i Aust-Jerusalem og i Gaza i snart 60 år. Tidlegare i år vedtok
regjeringa å anerkjenna Palestina som stat, og det har lenge vore
norsk politikk at dei israelske busettingane må avviklast. Representantane
bak dette forslaget merkar seg regjeringa si tydelege stemme internasjonalt
for fred og fridom for det palestinske folket, men etterlyser ei
meir konsekvent haldning når det gjeld Noregs forpliktingar etter
folkeretten til å hindra norsk medverknad til den ulovlege okkupasjonen
og brot på humanitærretten.
Den 19. juli 2024 kom Den internasjonale domstolen
med ei rådgjevande erklæring som slo fast at Israel må avslutta
okkupasjonen, stoppa alle busettingsaktivitetar med ein gong, evakuera
alle busettarar og bøta på skadane dei har påført dei palestinske
områda. FN-domstolen går såleis lengre i å konstatera Israels folkerettsbrot
enn dei gjorde i 2004, då det blei slått fast at den israelske muren
bygd på okkupert palestinsk område var ulovleg. Erklæringa Den internasjonal
domstolen kom med i sommar, har følgjer for Noreg fordi domstolen
slår fast at Israels folkerettsbrot vedgår alle statar, og at alle
land er forplikta til å skilja mellom Israels territorium og dei
okkuperte palestinske områda i si samhandling med Israel.
Representantane bak dette forslaget meiner at
det er nødvendig med ein gjennomgang av norsk samhandling med Israel
i lys av den omtalte fråsegna. Utanriksdepartementets gjennomgang
av Noregs forpliktingar utført tidlegare i 2024 er ikkje dekkande,
då den berre vurderte Noregs forpliktingar etter folkemordskonvensjonen
artikkel 1. I tråd med domstolen si fråsegn av 19. juli 2024 må
norsk samhandling med Israel vurderast i lys av Genèvekonvensjonen
og av at Israel nå okkuperer dei palestinske områda i strid med
FN-pakta. Det vil mellom anna vera relevant å sjå på handel til
og frå ulovlege busettingar, investeringar i selskap som har tilknyting til
busettingane, og direktesal av varer som israelske styresmakter
brukar i folkerettsstridige handlingar på okkuperte område. Forslagsstillarane
meiner det er fleire døme på at Noreg ikkje skil mellom Israel og
dei ulovleg okkuperte områda.