Representantforslag om å avslutta alle norske bidrag til Israels krigsbrotsverk og okkupasjon av Palestina

Dette dokument

  • Representantforslag 5 S (2024–2025)
  • Fra: Ingrid Fiskaa, Haitham El-noush, Kari Elisabeth Kaski og Marian Hussein
  • Sidetall: 3

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Den internasjonale domstolen har opna folkemordsak mot Israel og har erklært at det er ein reell fare for folkemord mot palestinarane i Gaza. Alle land som har slutta seg til folkemordkonvensjonen, pliktar å gjera det dei kan for å forhindra og ikkje medverka til folkemord. Uavhengig av om Israel til slutt blir dømt for folkemord, er det klart at landet står bak svært alvorlege brot på humanitærretten.

Israel har okkupert palestinske område på Vestbreidda, i Aust-Jerusalem og i Gaza i snart 60 år. Tidlegare i år vedtok regjeringa å anerkjenna Palestina som stat, og det har lenge vore norsk politikk at dei israelske busettingane må avviklast. Representantane bak dette forslaget merkar seg regjeringa si tydelege stemme internasjonalt for fred og fridom for det palestinske folket, men etterlyser ei meir konsekvent haldning når det gjeld Noregs forpliktingar etter folkeretten til å hindra norsk medverknad til den ulovlege okkupasjonen og brot på humanitærretten.

Den 19. juli 2024 kom Den internasjonale domstolen med ei rådgjevande erklæring som slo fast at Israel må avslutta okkupasjonen, stoppa alle busettingsaktivitetar med ein gong, evakuera alle busettarar og bøta på skadane dei har påført dei palestinske områda. FN-domstolen går såleis lengre i å konstatera Israels folkerettsbrot enn dei gjorde i 2004, då det blei slått fast at den israelske muren bygd på okkupert palestinsk område var ulovleg. Erklæringa Den internasjonal domstolen kom med i sommar, har følgjer for Noreg fordi domstolen slår fast at Israels folkerettsbrot vedgår alle statar, og at alle land er forplikta til å skilja mellom Israels territorium og dei okkuperte palestinske områda i si samhandling med Israel.

Representantane bak dette forslaget meiner at det er nødvendig med ein gjennomgang av norsk samhandling med Israel i lys av den omtalte fråsegna. Utanriksdepartementets gjennomgang av Noregs forpliktingar utført tidlegare i 2024 er ikkje dekkande, då den berre vurderte Noregs forpliktingar etter folkemordskonvensjonen artikkel 1. I tråd med domstolen si fråsegn av 19. juli 2024 må norsk samhandling med Israel vurderast i lys av Genèvekonvensjonen og av at Israel nå okkuperer dei palestinske områda i strid med FN-pakta. Det vil mellom anna vera relevant å sjå på handel til og frå ulovlege busettingar, investeringar i selskap som har tilknyting til busettingane, og direktesal av varer som israelske styresmakter brukar i folkerettsstridige handlingar på okkuperte område. Forslagsstillarane meiner det er fleire døme på at Noreg ikkje skil mellom Israel og dei ulovleg okkuperte områda.

Norsk handel med ulovlege busettingar

Noreg har gjennom EFTA ei frihandelsavtale med Israel og ei bilateral handelsavtale med Israel om landbruksvarer. EFTA-Israel frihandelsavtala inngått i 1992 nemner ikkje dei ulovlege busettingane. Ifølgje Mattilsynet ligg den norske definisjonen av Israel som det territoriet som var underlagt israelsk kontroll før 1967, til grunn for frihandelsavtala, men det er ingenting i verken avtala eller protokoll B som avgrensar Israel på denne måten. EFTA set menneskerettar høgt, og alle nyare frihandelsavtaler har eit eige innleiande kapittel om menneskerettar og miljø. Representantane bak dette forslaget meiner det er på høg tid at EFTA reforhandlar avtala, inkluderer eit kapittel om menneskerettar og humanitærretten og tilføyer ein tydeleg definisjon av opphavsland som skil mellom Israel og dei okkuperte palestinske områda. Regjeringa har innført obligatorisk merking av næringsmiddel frå dei okkuperte palestinske områda, men det er ikkje innført liknande merking av andre varekategoriar.

Med bakgrunn i den alvorlege opptrappinga av busettingar og vald i dei okkuperte palestinske områda det siste året kom regjeringa med eit råd til norsk næringsliv om ikkje å samhandla med dei ulovlege busettingane. Regjeringa viser i den offisielle frårådinga til norske bedrifter sitt ansvar etter åpenhetsloven, men sidan internasjonale normer for kor vidt ein stat har rett til å føre krig, ikkje er eksplisitt nemnde i lova, er norske bedrifter sitt ansvar noko uklart. Forslagsstillarane meiner eit forbod mot handel med selskap som støttar opp om dei ulovlege busettingane, vil vera meir treffsikkert i denne samanhengen.

Indirekte sal av forsvarsmateriell

Etter eksportkontrollregelverket skal ikkje forsvarsmateriell eksporterast til Israel. Som Sosialistisk Venstreparti gjentekne gonger har påpeikt, er det fleire hol i regelverket, og det siste året har ein sett fleire døme på at forsvarsmateriell produsert av norske bedrifter har blitt brukt av Israel i den brutale krigen mot Gaza. Komponentar til F-35-flya og olje til Hellfire-rakettar produserte i Noreg kan enda opp i Israel via USA, som donerer og eksporterer store mengder våpen til Israel. Utan krav om sluttbrukarerklæring med reeksportklausul til allierte kan Noreg ikkje forsikre seg mot at norskprodusert forsvarsmateriell blir brukt av Israel. Tvert imot har avsløringar i media det siste året vist at tiltru ikkje er tilstrekkeleg når Noregs allierte har ei heilt anna haldning til våpeneksport enn Noreg. Den internasjonale Røde Kors-komiteen har uttalt at statar er forplikta til å vurdera fare for reeksport av våpen til statar der det er ein risiko for at varene blir brukte i brot på humanitærretten.

Vidare har ein i dag ingen garanti mot at forsvarsmateriell produsert av norske bedrifter i utlandet endar opp i Israel. På gjentekne spørsmål frå Stortinget det siste året har regjeringa svart at norske våpenprodusentar sine dotterselskap i utlandet må retta seg etter regelverket i det landet dei opererer i, men at det blir forventa at selskapa rettar seg etter åpenhetsloven og eigarskapsmeldinga. Ifølgje desse skal norske selskap gjera skjerpa aktsemdsvurderingar når det gjeld brot på humanitærretten. Men åpenhetsloven avgrensar ansvaret til fyrste nedstraums ledd. Om forsvarsmateriell blir vidareselt til land der det er risiko for at varene blir brukte i brot på humanitærretten, er såleis ikkje å forstå som selskapet sitt ansvar. Her bryt den norske lova med retningslinjene for ansvarleg næringsliv i OECD og FN. Det er derfor naudsynt å revidera åpenhetsloven slik at han er i tråd med bestestandard.

Oljefondets investeringar

Oljefondet er investert i fleire av dei selskapa som FN har svartelista for å støtta opp om dei ulovlege busettingane. Erklæringa frå Den internasjonale domstolen tilseier at fondet må selja seg ut av desse selskapa. Det siste året har ein likevel vore vitne til ei ballkasting mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Etikkrådet som har ført til fullstendig ansvarsfråskriving. Som Etikkrådet skreiv i sitt brev til Finansdepartementet i august 2024, har det skjedd ei rettsutvikling dei siste åra der næringslivsaktørar har fått eit langt større ansvar for å hindra brot på menneskerettane. Denne utviklinga er ikkje reflektert i dei etiske retningslinjene til fondet, og det er grunn til å spørja om retningslinjene har gått ut på dato.

Eit døme som er talande for situasjonen i okkuperte palestinske område, er dei etiske retningslinjene § 4 c om utelukking av selskap som sel våpen til krigførande partar. Terskelen for utelukking av våpenselskap frå oljefondet er langt høgare enn det folkeretten tilseier, fordi det krevst både alvorlege og systematiske brot på humanitærretten før Etikkrådet kan anbefale utelukking. I sommar kom ei ekspertgruppe i FN med ei åtvaring om at finansinstitusjonar som investerer i selskap som leverer våpen til Israel, kan bli medskuldige i krigsbrotsverk.

Eit anna døme er åtferdskriteriet i dei etiske retningslinjene § 4 b om alvorleg krenking av folks rettar i krig og konflikt, der det blir lagt til grunn at det må vera ein nær relasjon mellom selskapet si verksemd og folkerettsbrotet. Selskap som sel generiske varer, vil såleis ikkje bli omfatta av kriteriet sjølv om dei støttar opp om dei ulovlege busettingane. Forslagsstillarane meiner at finansministeren bør ta ansvaret og gje same instruks til Noregs Bank som ved Russlands fullskala invasjon av Ukraina i 2022. Vidare har dette året vist at tida er inne for ei oppdatering av dei etiske retningslinjene til oljefondet.

Offentleg innkjøp

Sporveiens kjøp av trikkar frå selskap som også leverer trikkane til den nye ruta som knytter israelske ulovlege busettingar i Aust-Jerusalem med israelske Vest-Jerusalem, er eit av døma på korleis offentleg sektor i Noreg handlar med selskap som støttar opp om okkupasjonen. Dei siste par åra har fleire kommunar fatta vedtak som skal hindra slike kjøp, men det vil vera langt meir effektivt om ny lov om offentlege innkjøp tar Noregs medansvar for okkupasjon på alvor. I den andre delutgreiinga til ny lov om offentlege innkjøp viser utvalet til at EUs innkjøpsdirektiv gir avvisingsrett overfor selskap som kan knytast til folkerettsbrot. Forslagsstillarane meiner at det bør forskriftsfestast ei plikt til at offentlege etatar avviser leverandørar som kan knytast til folkerettsbrot.

Vidare framstår det som uklart om Forsvaret er forplikta til å gjera aktsemdsvurderingar av om leverandøren bidrar til brot på humanitærretten ved innkjøp av forsvarsmateriell. Regelverket for innkjøp i forsvarssektoren viser til EØS-avtala artikkel 123 og slår fast at ein avtalepart ikkje skal hindrast i å treffa tiltak «som angår produksjon av eller handel med våpen, ammunisjon og krigsmateriell eller andre varer som er uunnværlige for forsvarsformål». Sidan Israel har ein forsvarsindustri som produserer relevante varer for det norske Forsvaret, meiner forslagsstillarane at det er behov for ei revidering av regelverket for innkjøp i forsvarssektoren som gjer det tydeleg at også forsvarssektoren må gjera vurderingar av om leverandørar bidrar til brot på humanitærretten.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa setja ned ei gruppe med uavhengige folkerettsekspertar for å gjennomgå norsk samhandling med Israel i lys av Den internasjonale domstolen si erklæring av 19. juli 2024.

  • 2. Stortinget ber regjeringa reforhandla EFTAs frihandelsavtale med Israel slik at avtala tydeleg skil mellom Israel og okkuperte palestinske område.

  • 3. Stortinget ber regjeringa legga fram eit forslag til forbod mot handel med varer og tenester med selskap som støttar opp om dei ulovlege israelske busettingane.

  • 4. Stortinget ber regjeringa inngå ei bilateral avtale med USA om at norskproduserte komponentar i F-35-programmet ikkje skal inngå i fly som blir eksporterte eller donerte til Israel.

  • 5. Stortinget ber regjeringa revidera åpenhetsloven slik at norske selskap blir pålagde å gjera aktsemdsvurderingar av nedstraums aktivitetar i tråd med UNGP (UN Guiding Principles on Business and Human Rights) og OECDs retningslinjer for ansvarleg næringsliv.

  • 6. Stortinget ber regjeringa gje instruks til Noregs Bank om raskt nedsal i oljefondet av selskap som svartelista av FN, og våpenselskap som bidrar til Israels krigsbrotsverk og ulovlege okkupasjon av palestinske område.

  • 7. Stortinget ber regjeringa revidera dei etiske retningslinjene til oljefondet i tråd med rettsutviklinga innan ansvarleg næringsliv og menneskerettar og humanitærretten.

  • 8. Stortinget ber regjeringa oppdatera regelverket om offentlege innkjøp slik at det blir ei plikt å avvisa selskap som blir knytte til folkerettsbrot.

  • 9. Stortinget ber regjeringa sørga for at Forsvaret ikkje inngår avtaler om kjøp av forsvarsmateriell med israelske leverandørar.

  • 10. Stortinget ber regjeringa revidera regelverket for innkjøp i forsvarssektoren slik at også Forsvaret blir pålagt ei plikt til å vurdera om leverandørar bidrar til brot på humanitærretten, og setja i verk tiltak dersom dette skulle vera tilfelle.

  • 11. Stortinget ber regjeringa sørga for at norske bidrag til EUs forskingsmidlar ikkje går til israelsk sikkerheitsforsking.

3. oktober 2024

Ingrid Fiskaa

Haitham El-noush

Kari Elisabeth Kaski

Marian Hussein