Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag om å utarbeide ein heilskapleg plan for Forsvaret for å nå målsetjingane som er nedfelte i FN sin agenda for kvinner, fred og sikkerheit, lov om likestilling og forbod mot diskriminering samt arbeidsmiljølova

Til Stortinget

Bakgrunn

Hausten 2020 markerte regjeringa at det var 20 år sidan FN vedtok resolusjon 1325, den fyrste av dei ti resolusjonane som utgjer agendaen for kvinner, fred og sikkerheit. Noreg har hatt ein politisk ambisjon om å vere internasjonalt leiande i implementeringa av denne agendaen sidan den fyrste nasjonale interdepartementale handlingsplanen (NAP) kom i 2005. Den har seinare vore følgd opp med tre nye interdepartementale handlingsplanar. Desse adresserer mellom anna førebygging og vern mot overgrep, inkludert kjønnsbasert og seksualisert vald i krig og konflikt, kvinner si rettmessige deltaking der avgjerder vert tekne, behovet for eit kjønnsperspektiv i alle delar av verksemda – internt og eksternt, kjønnsintegrering og kjønnsbalanse.

Kvinner, fred og sikkerheit er også eit av regjeringas uttalte prioritetsområde for Noreg som medlem i FNs sikkerheitsråd. Likestilling mellom kjønna er i tillegg eit av FNs berekraftsmål og vert sett på som ein føresetnad for å kunne nå fleire av dei andre måla.

Forsvaret har fått mange og omfattande oppdrag med bakgrunn i agendaen for kvinner, fred og sikkerheit som krev endringar i både strukturar, prosessar og kultur, både internt i organisasjonen og eksternt i operasjonar. I tillegg er Forsvaret, som statens største arbeidsgivar, forplikta til å jobbe aktivt for likestilling og ikkje-diskriminering i høve til lov om likestilling og forbod mot diskriminering av 1. januar 2018.

Statsråden uttalte ved lanseringa av den siste nasjonale handlingsplanen at kjønnsperspektiv er ein naturleg del av alt Forsvaret gjer, og at dette sit i ryggmargen til alle som jobbar der. Samstundes viser forsking at Forsvaret ikkje løyser oppdraga dei har fått når det gjeld kvinner, fred og sikkerheit, at fagområdet og stillingar til å jobbe med tematikken er nedprioriterte, at det vert rapportert misvisande på måloppnåing, samt at Forsvaret heller ikkje følger NATO si tilråding om tematikken. Forsvaret har fått i oppdrag å lage ein heilskapleg implementeringsplan for agendaen om kvinner, fred og sikkerheit. Dette oppdraget er heller ikkje løyst.

I tillegg syner resultat frå undersøkinga om mobbing og seksuell trakassering (MOST) i Forsvaret at fleire framleis vert utsett for kriminelle handlingar, seksuelle overgrep, mobbing og trakassering – og at det som oftast er kvinner som vert mobba eller trakassert av menn. Resultata frå dei siste MOST-undersøkingane avdekka ei rekke alvorlege hendingar i Forsvaret. Forslagsstillarane merkar seg at Ombudsmannsnemnda gjennom arbeidet sitt dei siste åra særleg har vektlagt innsyn og innsamling av kunnskap om korleis Forsvaret har tatt tak i dei utfordringane og problemstillingane som undersøkingane har avdekka. Det er likevel urovekkjande lesing å sjå på resultata.

Den siste undersøkinga viser ein generell nedgang i mobbing og trakassering på to prosentpoeng i forhold til førre undersøking. Nedgangen er størst i arbeidsrelatert mobbing og truande åtferd. Mellom anna svarar 11 prosent av dei som har svart på undersøkinga, at dei har opplevd ei eller anna form for mobbing. Vidare har 22 prosent av dei spurde opplevd ei eller anna form for seksuell trakassering i løpet av det siste året. Kvinner opplever betydeleg meir av dette enn menn, med 46 prosent av kvinner og 14 prosent av menn. Uavhengig av kjønn opplever også yngre meir seksuell trakassering enn eldre, og menige/studentar (38 prosent) opplever meir av det enn tilsette (19 prosent). Undersøkinga avdekkjer at den seksuelle trakasseringa inneber kjønnstrakassering og uynskt seksuell merksemd samt tilfelle av seksuelt press og seksuelle overgrep.

Ein dårleg kultur i Forsvaret vil ha negative konsekvensar for forsvarsevna og nasjonal tryggleik, og difor må arbeidet med å legge til rette for ein god kultur, samt å rette opp i eksisterande utfordringar, vere ein prioritet. Dette viser tydeleg at arbeidet med kvinner, fred og sikkerheit, samt likestilling og mangfald, krev grundig oppfølging frå departementet si side for å sikre at Forsvaret når måla som er sette.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utarbeide ein heilskapleg plan for Forsvaret for å nå målsetjingane som er nedfelte i FN sin agenda for kvinner, fred og sikkerheit, lov om likestilling og forbod mot diskriminering samt arbeidsmiljølova. Planen må inkludere alle operative domene, HR og utdanning, deira strukturar, prosessar og kultur og innehalde delmål og tidsfristar for gjennomføring.

8. april 2021

Liv Signe Navarsete

Per Olaf Lundteigen

Åslaug Sem-Jacobsen